Historisk arkiv

Delta i Brekk sin sommarquiz

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Landbruks- og matminister Lars Peder Brekk inviterer til quiz i sommar. Kvar veke fram til 8. august kan du sjekke kunnskapane dine om landbruk og mat på nettsidene til Landbruks- og matdepartementet. Kvar veke blir det trekt ein vinnar som får eit kokkeforklede av høg kvalitet.

Brekks sommerquiz logo

Kva er det mest vanlege treslaget i Noreg? Når blei EØS-avtalen sett i verk? Kor mange mjølkekyr var det i Noreg 1.1.2011?

- Dette er ein quiz som viser kor mangfaldig og innhaldsrikt ansvarsområde eg har som landbruks- og matminister, seier Lars Peder Brekk. Han minner om at du kan finne svara på alle spørsmåla på nettsidene til Landbruks- og matdepartementet eller ei av verksemdene som departementet har ansvar for.

- Her får alle høve til å bryne seg, og ikkje minst delta i trekkinga av flotte kokkeforklede. På slutten av sommaren trekk vi vinnaren av ein skikkeleg tursekk. Alle som har delteke i quizen er med i trekkinga, seier Brekk.

Siste frist for å delta på denne vekas quiz er fredag kl. 12.00.

Hugs!!! For å delta i trekkinga må du skrive inn di epost-adresse i svarskjemaet.