RNB: Startløyving til Tingvoll Økopark
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgiver: Landbruks- og matdepartementet
Pressemelding | Nr: 3 | Dato: 07.05.2013
Regjeringa hjelper i gang etableringa av Tingvoll Økopark i Møre og Romsdal og føreslår 6 millionar kroner for å delfinansiere kostnadane med å etablere eit slikt senter.
Regjeringa hjelper i gang etableringa av Tingvoll Økopark i Møre og Romsdal og føreslår 6 millionar kroner for å delfinansiere kostnadane med å etablere eit slikt senter.
Tingvoll Økopark skal bli eit senter for formidling og kompetanse innan områda økologi og miljø.
- Tingvoll Økopark kan bidra til både lokal og regional næringsutvikling, seier landbruks- og matminister Trygve Slagsvold Vedum.
Noreg har ikkje noko opplevingssenter for økologi og miljø. Visjonen for senteret på Tingvoll er ”frå undring til begeistring”. Målet er å vere leiande på formidling av innsikt og kunnskap om praktiske løysingar og ei bærekraftig utvikling til barn, unge og vaksne i skule, arbeid og fritid. Tingvoll kommune var ein av dei første kommunane i landet som erklærte seg som økokommune.
Derfor er det føreslått å løyve 6 millionar kroner til delfinansiering av etableringskostnader til Tingvoll Økopark.