Historisk arkiv

Kronikk: Tollvern- fordi norsk mat er viktig

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Av: Landbruks- og matminister Trygve Slagsvold Vedum

Mat er viktig. Trygg mat, pris, kvalitet og mangfald er viktig. Åpne landskap er viktige og levande bygder er viktig. Miljø er viktig. Vi bur i eit av verdas rikaste land og er forbrukarar med samansette interesser og behov.  

Norske bønder produserer omtrent halvparten av energien vi får i oss, på tre prosent av landets areal.  Vi vil auke norsk matproduksjon og ha eit aktivt landbruk over heile landet. Men det er bratt og kaldt og dyrt i Norge. Vi er rike og kostnadane for vareproduserande næringar aukar. Vi må bruke politiske verkemiddel for å nå våre landbrukspolitiske mål. I landbruks- og matpolitikken er importvernet ein bærebjelke.

Regjeringa har lagt fram eit forslag til overgang frå kronetoll til prosenttoll for nokre landbruksvarer:  Faste ostar, biff og filet av storfe og lammeslakt.  Forslaget er sjølvsagt innanfor regelverket i Verdas handelsorganisasjon WTO. Det er heller ikkje i strid med EØS-avtalen.

Over tid har inflasjon redusert  verdien av kronetollen. Når vi nå legg om til prosenttoll,  legg  vi eit grunnlag for at vi over tid kan balansere forbrukaromsyn som pris og mangfald, med bøndene sitt behov for ei prisutvikling på råvarene som står i høve til kostnadsutviklinga i Norge. Det er nødvendig i alle næringar. Bønder må også få ta del i inntektsutviklinga. Det norske folk vil ha jordbruk og matproduksjon i Norge, som eit fundament i vår mat-tryggleik. Vi vil hindre at landet gror att, vi vil ha levande bygder og godt miljø. Det kostar litt meir. Men det meste er dyrt i Norge. For vi er blant verdas rikaste land.

Påstanden om at dette vil gi mindre mat-mangfald og stor prisauke for forbrukarane frå 2013 er feil. Mykje av importen av mat til Norge kjem gjennom importkvoter, dels gitt i internasjonale avtaler, med ingen eller låg toll. Regjeringas forslag endrar ikke desse kvotene. Mykje kjem som bearbeidde varer frå EU. Forslaget endrar heller ikkje denne importen. Det vi gjer er å auke tollen for import utanfor dei fastsette importkvotene for desse råvarene

For ost blir det same tollen for alle mjuke dessertostar (brie, camembert, roquefort mv.). Der blir det ingen endring. I tillegg blir det same tollen for i alt 14 faste og halvfaste ostar som er velkjente merkevarer.   Omlegginga til prosenttoll vil berre omfatte 1600 tonn faste og halvfaste ostar av ein total osteimport på rundt 9000 tonn (2011). Desse 1600 tonna vil neste år truleg bli importert tollfritt innanfor ostekvoten frå EU på 7200 tonn. Denne kvoten vart auka med 2700 tonn frå siste årsskifte.  Forbrukaren vil såleis merke lite til omlegginga ved årsskiftet.  Dersom prisen i butikk aukar nå, kan ingen skulde på Regjeringa sitt vedtak om tollvernet. Hovudeffekten av omlegginga til prosenttoll for ost vil vere at vi vil avgrense framtidig auke i importen av den vanlege kvitosten.

Kva skjer så med importen av biff og filet av storfekjøtt frå u-land?  I dag importerer vi 3700 tonn storfekjøtt gjennom importkvoter frå det sørlege Afrika (Namibia, Botswana og Swaziland). Omlegginga endrar ikkje noko på denne importen. I tillegg blir det importert  rundt 250 tonn biff og filet frå u-land som Brasil, Argentina og Uruguay til ordinær toll. For å kunne vidareføre denne importen etter omlegginga innfører vi ei importkvote frå årsskiftet på 500 tonn med same tollvilkår som dagens import. Biffimporten vil derfor ikkje bli borte frå årsskiftet. Den vil heller ikkje bli dyrare som følgje av meir toll.  Først når importen frå dei tre landa er dobla i høve til dagens nivå vil ein høgare toll kunne få innverknad.