Historisk arkiv

Samferdselsdepartementet: 140 millionar kroner til transport- og teleforsking i 2006

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Samferdselsdepartementet

Pressemelding

- Auka løyvingar til samferdselsforsking gjer det mogeleg å styrkje forskinga innanfor områda telekommunikasjon, samfunnstryggleik og miljø, seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete i samband med at Samferdselsdepartementet no har fordelt midlar til forskingsføremål for 2006. (20.01.06)

Pressemelding

Nr.: 06/06
Dato: 20.01.06

Samferdselsdepartementet: 140 millionar kroner til transport- og teleforsking i 2006

- Auka løyvingar til samferdselsforsking for 2006 gjer det mogeleg å styrkje forskinga innanfor områda telekommunikasjon, samfunnstryggleik og miljø. I 2006 vil Samferdselsdepartementet blant anna for første gong støtte forskingsprosjektet "Robuste nett", som blir gjennomført av Simulasenteret. Prosjektet har som mål å utvikle ein meir robust teleinfrastruktur ved at det blir lettare å finne og rette opp feil i telenettet. Samferdselsdepartementet vil elles vere med på å finansiere eit forskingsprogram som tar for seg klimaendringane og moglege verknader for natur og samfunn, mellom anna verknader for samferdselsnettet.

Dette seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete i samband med at Samferdselsdepartementet no har fordelt midlar til forskingsføremål for 2006.

Over budsjettet til Samferdselsdepartementet for i år er det sett av i alt 140 millionar kroner til forskingsprogram og -prosjekt som omfattar transport- og teleforsking.

Størstedelen av beløpet - i alt 132,2 millionar kroner - går til Norges forskningsråd. Midlane frå Samferdselsdepartementet til Forskningsrådet er fordelte slik:

  • 70,1 millionar kroner til teleforsking
  • 57,6 millionar kroner til transportforsking
  • 5,5, millionar kroner til stønadsordningar for forskingsprosjekt i regi av EU

Av beløpet på 132,2 millionar kroner frå Samferdselsdepartementet blir 110,9 millionar kroner dekt over budsjettposten for samferdselsforsking, medan 22,3 millionar kroner blir dekt over ein eigen budsjettpost for tilskot til rasjonell og miljøvennleg transport.

I tillegg til midlar som går til Forskningsrådet, kjem 7,8 millionar kroner som er sett av til forskingsaktivitetar utanfor Norges forskningsråd.

Nærmare opplysningar om forskingsprogram og -prosjekt som får støtte frå Samferdselsdepartementet finn du på nettsidene til departementet ( http://odin.dep.no/sd/norsk/tema/fou/). Her finn du òg opplysningar om utgreiingsprosjekt- og oppdrag som er finansierte over Samferdselsdepartementet sin budsjettpost for kjøp av utgreiingstenester. Ved å gå inn på nettsidene kan du også laste ned rapportar frå ulike forskings- og utgreiingsprosjekt. Dokumentet "Strategi for tele- og transportforskning 2006-2009" er også tilgjengeleg på nettsidene.



Til redaksjonen
For fleire opplysningar – sjå: Brev av 10.01.06 frå Samferdselsdepartementet til Norges forskningsråd. (pdf, 353 kb)