Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Historisk arkiv

Statsbudsjettet 2007: Jernbane- og kollektivløft: Meir miljøvennleg transport

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Pressemelding

Nr.: 89/06
Dato: 06.10.06

Statsbudsjettet 2007:

Jernbane- og kollektivløft: Meir miljøvennleg transport

Regjeringa foreslår i statsbudsjettet for 2007 ei rekkje tiltak som skal vere med på å redusere miljøulempene ved transport. Ei historisk satsing på jernbane og auka løyvingar til anna kollektivtransport vil styrkje miljøvennleg gods- og persontransport.

Miljøulempene ved transport er særleg knytt til klimaendringar, luftforureining og støy, vern og bruk av biologisk mangfald, kulturminne og kulturmiljø.

- Kostnadseffektive og samordna verkemiddel er naudsynt for å møte desse miljøutfordringane. Redusert bruk av privatbil i byområda er viktig for å redusere miljøulempene ved transport, og ein større del av persontransporten bør skje med kollektive transportmiddel. Meir transport av personar og gods på bane fører òg til betre forhald når det gjeld miljø, støy og trafikktryggleik, seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete.

Meir til kollektivtransport

Regjeringa gjer framlegg om å auke løyvingane til kollektivtransport med 12,5 prosent i 2007, samanlikna med saldert budsjett 2006. Meir midlar til både investeringar og til drift og vedlikehald av jernbanen vil få stor verknad for både person- og godstransporten.

Regjeringa ønskjer å legge til rette for å få gods over fra veg til bane, og om lag 450 millioner kroner er sett av til tiltak og prosjekt med særleg nytte for godstrafikken. Dette omfatter mellom anna midlar til utbygging Ganddal godsterminal i Rogaland, ombygging av Alnabru godstermimnal i Oslo og utbygging til dobbeltspor Bergen stasjon - Fløen. Forlenging av eksisterande kryssingsspor og utbygginga av nye kryssingsspor fleire stader på jernbanenettet fører til at togtrafikken får større kapasitet, og dette vil også vere til nytte for godstrafikken. Forslag frå regjeringa om å fjerne el-avgifta for skinnegåande transport vil òg styrkje miljøvennleg jernbanetransport.

Lågare utslepp frå vegtrafikken

Vegtrafikken står for mykje av luftforureininga, og regjeringa ønskjer å bruke verkemiddel som kan redusere utsleppa frå biler. Frå 2007 vil CO2-utslepp bli tatt inn i grunnlaget for fastsetjing av eingongsavgifta for bilar. Dette vil mellom anna gjere dieselbilar og andre bilar med små klimagassutslepp billigare. Gjennom finansiering av forsking og utvikling og tilrettelegging av generelle rammevilkår ønskjer styresmaktene å bidra til å framskunde utviklinga med overgang til alternative drivstoff som til dømes naturgass, biodiesel, elektrisitet og hydrogen.

Frå 2007 blir fem nye gassferjer sette i drift på riksvegsamband i Rogaland og Hordaland, og dette vil gje ein reduksjon in NOx-utsleppa fra ferjetrafikken.

Miljøtiltak - i fylkeskommunal og kommunal regi

Kommunane og fylkeskommunane har også eit stort ansvar for å redusere miljøulempene som transport fører med seg. Tidsdifferensierte bompengesatsar, styrking av kollektivtransporten, samordna arealeplanlegging, parkeringsregulering og fartsreduksjonar i byområde med store problem med utslepp fra biltrafikken – alt dette er døme på mogelege tiltak som ligg innanfor ansvarsområdet til lokale styresmakter.

Biologisk mangfald og jordvern

I budsjettforslaget varslar regjeringa dessutan at det, mellom anna innanfor vegsektoren, skal utarbeidast regionale planar for tiltak som kan vere med på å stanse tapet av biologisk mangfald.

Det er eit mål for regjeringa å redusere nedbygging av dyrka jord. I forslaget til statsbudsjett varslar regjeringa at det frå 2007 for første gong skal rapporterast om talet på dekar dyrka jord som vert bygd ned i samband med samferdselsprosjekt. Det skal utarbeidast betre måleparameter til bruk ved planlegging og utbygging av veg og jernbane.

Til redaksjonen

Fleire pressemeldingar om samferdselsbudsjettet for 2007 og fylkesvis oversikt over løyvingar og tiltak – sjå nettsider om SD-budsjett

Til toppen