Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Historisk arkiv

Vegføremål: Statlege løyvingar aukar med 1,2 milliardar - til 14,85 milliardar kroner i 2007 -

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Pressemelding

Nr.: 82/06
Dato: 06.10.06

Statsbudsjettet 2007:

Vegføremål: Statlege løyvingar aukar med 1,2 milliardar - til 14,85 milliardar kroner

Regjeringa foreslår ei samla løyving på 14,85 milliardar kroner til vegføremål over statsbudsjettet for 2007. Dette er 1,2 milliardar kroner eller 8,7 prosent meir enn saldert budsjett for 2006.

- Innanfor denne sterke veksten i vegbudsjettet har regjeringa prioritert vedlikehalds- og utbyggingstiltak som fører til tryggare, meir effektiv og miljøvennleg transport i heile landet. Forslaget gir eit kraftig løft av vegløyvingane, og innfrir løfta i Soria Moria-erklæringa for 2007. For Statens vegvesen betyr forslaget at ramma til veg for 2007 er løfta i tråd med vedtaket i Stortinget ved handsaminga av Nasjonal transportplan 2006-2015, seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete.

- For å snu den uønskte utviklinga med aukande etterslep i vedlikehaldet er det for neste år sett av meir midlar til vedlikehald på vegnettet enn i vedtak i Stortinget om Nasjonal transportplan. Etter fleire år med redusert standard for vegdekket vil dette forslaget føre til at den negative utviklinga no blir snudd, slik at det i 2007 vil vere mogeleg å kome i gang med å ta igjen etterslepet når det gjeld vegdekket, seier samferdselsministeren.

I tillegg til løyvingane over statsbudsjettet kjem 4 800 millionar kroner som bompengeselskapa neste år vil stille til rådvelde for å finansiere delar av utbygginga av riksvegnettet.

Den foreslåtte løyvinga på 14 849,5 millionar kroner over statsbudsjettet for 2007 er fordelt slik:

  • 6 770,4 millionar kroner til trafikktilsyn, drift og vedlikehald av riksvegnettet
  • 6 274,7 millionar kroner til veginvesteringar. Beløpet omfattar ordinære riksveginvesteringar og særlege budsjettpostar for rassikring, forsøksordningar og vegutbygging i Bjørvika i Oslo
  • 1 464,4 millionar kroner til statleg kjøp av riksvegferjetenester
  • 340 millionar kroner til ”Vederlag til OPS-prosjekt” (utbygging etter modellen ”offentleg-privat samarbeid”)

Trafikktilsyn, drift og vedlikehald: Nær 6,8 milliardar kroner
Til trafikktilsyn, drift og vedlikehald av riksvegar har regjeringa foreslått i alt 6 770,4 millionar kroner. Dette er ein auke på 681,2 millionar kroner eller 11,2 prosent i forhold til saldert budsjett for 2006.

Denne vesentlege auken går i hovudsak til å styrkje vegvedlikehaldet, særleg asfaltlegging og tiltak som gjer vegkroppen sterkare. For 2007 er det lagt til grunn at 800 millionar kroner skal nyttast til asfaltlegging. Dette er ein auke på om lag 200 millionar kroner, samanlikna med saldert budsjett 2006.

Drifts- og vedlikehaldsoppgåver som er viktige for trafikktryggleiken har høgaste prioritet. Dette gjeld særleg vinterdrifta, med brøyting, salting og strøing.

Innanfor området ”tilsyn med køyretøy og trafikant” gir budsjettframlegget rom for at arbeidet med trafikktryggleik kan styrkjast gjennom auka aktivitet når det gjeld kontroll-, informasjons- og kampanjeverksemd.

Statlege løyvingar til veginvesteringar: 6,3 milliardar kroner
I alt 6 274,7 millionar kroner er foreslått som statlege løyvingar til veginvesteringar. Dette er 322 millionar kroner eller 5,4 prosent meir enn for 2006.

I tillegg til ”ordinære riksveginvesteringar” omfattar desse løyvingane mellom anna midlar frå den særlege budsjettposten ”rassikring”. Beløpet omfattar dessutan midlar frå nokre særlege budsjettpostar som gjeld utbygging av E18 Bjørvika i Oslo, ”forsøksordningane for alternativ forvaltningsorganisering av transportsystemet" og ”forsøk med oppgåvedifferensiering” i enkelte fylkeskommunar.

Dei statlege midlane til ”ordinære riksvegveginvesteringar” og ”forsøk” er fordelte slik:

  • 3 192 millionar kroner til utbygging på stamvegnettet.
  • 1 921millionar kroner til fylkesfordelt ramme. Dette er midlar som skal nyttast til utbygging av såkalla ”øvrige riksvegar”, det vil seie riksvegar utanom stamvegnettet. Midlane blir løyvde over budsjettpostar for både ordinære riksveginvesteringar og budsjettpost for ”forsøksordningar”.

I tillegg er det sett av i alt 450 millionar kroner til ”ikkje rute-/fylkesfordelte tiltak”. Desse midlane skal mellom anna nyttast til oppgradering av eksisterande tunnelar, tiltak innanfor prosjektet ”Nasjonale turistvegar” og tiltak som gjeld forsking og utvikling.

321 millionar kroner er dessutan oppført på den særlege budsjettposten ”Rassikring". Denne løyvinga vil, saman med bruk av ordinære investeringsmidlar og bompengemidlar, føre til at det i 2007 vil bli brukt i alt 560 millionar kroner til vegutbygging med rassikringsgevinst.

I tillegg til riksveginvesteringane over statsbudsjettet vil bompengeselskapa stille til rådvelde 4 800 millionar kroner til utbygging av riksvegnettet, medrekna om lag 870 millionar kroner til investeringstiltak for kollektivtrafikken.

Anleggstart for nye prosjekt
Neste år er det planlagt anleggsstart for desse større riksvegprosjekta:

  • Riksveg 108 Ny Kråkerøyforbindelse, Fredrikstad, Østfold
  • Riksveg 255 Jørstad – Segalstad bru, Lillehammer og Gausdal, Oppland
  • Riksveg 306 Kirkebakken – Re grense, Horten, Vestfold
  • Riksveg 38 Eklund – Sannidal, Kragerø, Telemark
  • Riksveg 7 Hardangerbrua, Ulvik og Ullensvang, Hordaland
  • Riksveg 17 Tverrlandet – Godøystraumen, Bodø, Nordland

På riksveg 5 langs Kjøsnesfjorden (Hammarsgrova – Stølsneset) i Jølster i Sogn og Fjordane vil det bli sett i gang arbeid med eit større prosjekt som gir ein vesentleg rassikringsgevinst.

I tilegg blir det anleggsstart for ei rekkje mindre prosjekt på riksvegnettet.

Tiltak for kollektivtransporten: Vel ein milliard kroner frå ”vegmidlar”
I forslaget til vegbudsjett for 2007 er det lagt opp til at det neste år skal brukast i alt 1 040 millionar kroner frå ”vegmidlar” til særskilte tiltak for kollektivtrafikken. Av dette er 170 millionar kroner statlege midlar som inngår i framlegget til løyvingar til riksveginvesteringar, medan 870 millionar kroner er bompengemidlar.

Dei største prosjekta er er bygging av Bybanen i Bergen og opprusting av Kolsåsbanen i Oslo.

Om lag 200 millionar kroner er elles sett av til arbeid for å få større fart og betre flyt i trafikken for bussar og trikkar, særleg i Oslo og Stavanger. I budsjettframlegget har ein elles prioritert arbeid med å gjere kollektivtransporten meir tilgjengeleg for alle.

I tillegg til desse særskilte tiltaka, vil det - som ledd i arbeid med fleire vegprosjekt - skje utbygging som fører til betre forhold for kollektivtransporten på vegane.

Gang- og sykkelvegar
For 2007 er det lagt til grunn at ein langs eksisterande veg skal bruke i alt 310 millionar kroner innanfor samla vegmidlar til tiltak for gåande og syklande. 240 millionar kroner av dette er statlege midlar. Utbygging av samanhengjande sykkelnett i utvalde byområde blir prioritert, saman med tiltak på skolevegar og andre strekningar der det ferdast mange mindreårige.

I tillegg vil det bli gjennomført bygging av gang- og sykkelvegar som del av utbygginga av nye vegstrekningar på riksvegnettet.

Miljøtiltak
For neste år skal det innanfor vegmidlane brukast om lag 140 millionar kroner til særskilte miljø- og servicetiltak langs eksisterande veg. Av dette er 130 millionar kroner statlege midlar.

”Nasjonale turistvegar”: 100 millionar kroner, aukar med 50 millionar kroner
Innanfor forslaget til riksveginvesteringar er det sett av 100 millionar kroner for å dekkje den statlege delen av utgiftene til prosjektet ”Nasjonal turistvegar.

For 2007 har ein prioritert tiltak som gir E10 i Lofoten og riksveg 550 Jondal – Utne i Hardanger status som nasjonale turistvegar. Innanfor den statlege løyvinga er det elles prioritert tiltak med sikte på at Geiranger – Trollstigen og Aurlandsfjellet skal få turistvegstatus i 2008 og at Rondane og Havøysund skal få slik status i 2009. Midlane vil dessutan bli nytta til tiltak på andre strekningar.

Vegutbygging i Bjørvika
For prosjektet ”Vegutbygging” i Bjørvika” i Oslo er det for 2007 lagt til grunn ei statleg investeringsramme på 390 millionar kroner. Av dette beløpet er 53 millionar kroner innanfor ramma i Nasjonal transportplan 2006 - 2009. I tillegg er det lagt til grunn at det skal brukast 480 millionar kroner i bompengar frå ”Oslopakke 1” og 165 millionar kroner i tilskott frå Oslo kommune.

Statleg kjøp av riksvegferjetenester
Til statleg kjøp av riksvegferjetenester er det sett av nær 1 464,4 millionar kroner, ein auke på 8,1 prosent samanlikna med saldert budsjett 2006. For riksvegferjene legg Samferdselsdepartementet til grunn ein takstauke på 3,8 prosent frå 1. januar neste år.

Riksveginvesteringar – fordelt på stamvegstrekningar
I budsjettforslaget er det lagt opp til at det i 2007 skal nyttast i alt 4 879 millionar kroner til investeringar på stamvegnettet, fordelt med 3 192 millionar kroner i statlege løyvingar og 1 687 millionar kroner i bompengemidlar.

Midlane er fordelte slik – på dei ulike korridorane og strekningane på stamvegnettet:

Korridor/rute

Forslag statsbudsjett 2007 (mill. kr)

Bompenge-

midlar 2007

(mill. kr.)

1. E 6 Riksgrensa/Svinesund – Oslo

497,0

525,0

2. E 18 Riksgrensa/Ørje - Oslo

52,0

225,0

Rv 2 Riksgrensa/Magnor - Kløfta

90,0

120,0

Rv 35 Jessheim - Hønefoss – Hokksund

35,0

3. E 18 Oslo - Kristiansand

797,0

487,0

Rv 23 Lier - Drøbak - Vassum

9,0

Rv 150 Ulvensplitten – Tjernsmyr

10,0

60,0

4. E 39 Kristiansand - Bergen

156,2

27,0

E 39 Bergen - Ålesund med tilknytningar

103,0

E 39 Ålesund - Trondheim

13,0

9,0

Rv 13 Jøsendal - Voss

10,0

Rv 9 Kristiansand – Haukeligrend

10,0

1,0

5. E 134 Drammen - Haugesund

77,5

44,0

E 16 Sandvika - Bergen

343,0

140,0

Rv 7/52 Hønefoss - Gol - Borlaug

10,0

Rv 36 Seljord – Eidanger

14,0

6. E 6 Oslo – Trondheim

328,1

43,0

Rv 15 Otta – Måløy

28,0

E 136 Dombås – Ålesund

13,0

Rv 3 Kolomoen – Ulsberg

21,0

Rv 4 Oslo – Mjøsbrua

70,0

6,0

Rv 70 Oppdal – Kristiansund

1,0

7. E 6 Trondheim - Fauske med tilknytingar

137,0

8. E 6 Bodø - Nordkjosbotn med tilknytingar

288,0

E6 Nordkjosbotn - Kirkenes med tilknytingar

80,0

I alt

3 192,8

1 687,0


”Øvrige riksvegar”: Fylkesvis fordeling av investeringar
I budsjettforslaget er det lagt opp til at det i 2007 skal brukast i alt 4 750 millionar kroner til investeringar på det ”øvrige riksvegnettet”, det vil seie riksvegar som ikkje inngår i stamvegnettet. Beløpet omfattar både løyvingar over statsbudsjettet og bompengemidlar, og er fordelt slik på dei enkelte fylka:

Forslag

statsbudsjett 2007 (mill. kr)

Bompenge-

midlar 2007

(mill. kr)

Østfold

60,0

20,0

Akershus

152,0

144,0

Oslo

153,0

278,0

Hedmark

50,0

Oppland

50,0

Buskerud

129,0

3,0

Vestfold

59,0

424,0

Telemark

96,0

Aust-Agder

50,0

Vest-Agder

60,0

93,0

Rogaland

162,0

507,0

Hordaland

274,0

1 045,0

Sogn og Fjordane

107,0

Møre og Romsdal

161,0

262,0

Sør-Trøndelag

70,0

Nord-Trøndelag

63,0

Nordland

85,0

Troms

70,0

44,0

Finnmark

70,0

9,0

I alt

1 921,0

2 829,0

Til redaksjonen
Fleire pressemeldingar om samferdselsbudsjettet for 2007 og fylkesvis oversikt over løyvingar og tiltak – sjå nettsider om SD-budsjett

Til toppen