Historisk arkiv

Postdirektivet gjer leveringspliktige posttenester dyrare for staten

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Ein ny rapport viser at innføringa av postdirektivet vil gjera dei leveringspliktige posttenestene dyrare for staten.

Ein ny rapport viser at innføringa av postdirektivet vil gjera dei leveringspliktige posttenestene dyrare for staten.

I Noreg er Posten i konsesjonen pålagt omdeling av post 6 dagar i veka i heile landet – med krav til framsendingstider, tilbod om banktenester og andre krav knytt til omdelingsstruktur. Meirkostnadane ved desse pålagte tenestene vert betalt gjennom statleg kjøp over statsbudsjettet.

EU-direktivet om postliberalisering seier at EU-landa ikkje kan oppretthalda eineretten på posttenester etter 1. januar 2011. I Noreg har vi førebels ikkje teke stilling til om vi vil innføra direktivet eller ei.

Samferdselsdepartementet utgreier no moglege følgjer av ei innføring. Som eit ledd i dette, har analyse- og rådgjevingsfirmaet Oslo Economics utarbeidd rapporten ”Leveringsplikt på postområdet”.

Effekten av å innføra direktivet er avhengig av kva ulike (typar) aktørar som etablerer seg i den norske marknaden. Oslo Economics ser for seg tre alternative scenario.  
 

Scenario  OE si vurdering Effekt på statleg kjøp i 2020
Potensiell konkurranse Sannsynleg  23 millionar kroner
”Fløyteskumming”  ”Usikkert” 322 millionar kroner
Fullskala konkurranse  Lite sannsynleg 739 millionar kroner


Effekten på Posten sine inntekter vil vera større jo meir konkurranse det vert. Det samme gjeld effekten på statleg kjøp.

Samstundes peikar rapporten på at den største auken i statleg kjøp av posttenester er uavhengig av direktivet. Dette skuldast marknadsutviklinga med fallande brevvolum.

- Dette er ein viktig rapport som vi vil ta med vidare i arbeidet med innføringa av direktivet, seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa.


For fleire opplysningar – sjå:
• Rapporten Leveringsplikt på postområdet av Oslo Economics 
• Konsesjonen til Posten Norge AS


For meir informasjon – ta kontakt via:
• Pressevakta i Samferdselsdepartementet, tlf.: 919 14 777 (kvardagar 08-16)