Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Historisk arkiv

Staten og NSB AS:

Ny trafikkavtale gir eit betre og meir attraktivt togtilbod

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Samferdselsdepartementet

- Den nye trafikkavtalen mellom staten og NSB om kjøp av persontransporttenester, sikrar togpassasjerane eit betre og meir attraktivt tilbod i åra som kjem. Nye tog og betre kapasitet på sporet gjer det mogleg med fleire avgangar, auka setekapasitet, redusert reisetid og betre punktlegheit, seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa.

- Den nye trafikkavtalen mellom staten og NSB om kjøp av persontransporttenester, sikrar togpassasjerane eit betre og meir attraktivt tilbod i åra som kjem. Nye tog og betre kapasitet på sporet gjer det mogleg med fleire avgangar, auka setekapasitet, redusert reisetid og betre punktlegheit, seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa. 

Trafikkavtalen har ein samla verdi på 15,42 milliardar kroner og gjeld for seks år, frå 1. januar 2012 til 31. desember 2017. Avtalen imøtekjem utfordringa med det auka transportbehovet i åra framover. I seksårsperioden som avtalen dekkjer, skal nye tog og eit nytt og betre ruteopplegg på Austlandet gradvis fasast inn. Dette gjeld ikkje minst for InterCity-trafikken og for lokaltrafikken i Oslo-området. I resten av landet er det lagt opp til å vidareføra dei 20 eksisterande togtilboda.  
 
Trafikkavtalen inneheld føresegner om produksjon, økonomi og krav til NSB. Avtalen er utforma for å sikra ein god kvalitet på togtilbodet til dei reisande. Nytt i avtalen er mellom anna krav knytt til ein ”kundetilfredshetsindeks” og at NSB ikkje kan overstiga eit visst tal på forseinkingstimar som selskapet er årsak til. Krava til NSB har ein gitt kvalitet på infrastrukturen som føresetnad.

Store infrastrukturprosjekt vest for Oslo mogeleggjer ny ruteplan og utnytting av nytt togmateriell. Dette betyr omlegging til eit oversiktleg togtilbod med auka og jamn frekvens. Nesten alle passasjerar på Austlandet vil oppleva ei betring i tilbodet:

• Eit meir kundevennleg og enklare togtilbod. Passasjerane treng ikkje å sjå på  klokka -  det kjem alltid eit tog!
• Betre driftsstabilitet ved at nye tog blir sett i trafikk. 
• Betre koordinering ved overgang til annan kollektivtransport i knutepunkta.

Frå desember 2012 skal togtilbodet på Austlandet bli stadig betre, med fleire avgangar, auka setekapasitet og redusert reisetid. Frå desember 2014 trappast satsinga ytterligare opp, mellom anna med  fleire togavgangar og dermed fleire sete.  

For fleire opplysningar – sjå:
"Trafikkavtalen" om utførelse av persontransport med tog 2012-2017 - Avtale mellom Samferdselsdepartementet og NSB AS (pdf)

For meir informasjon– ta kontakt via:
Pressevakta i Samferdselsdepartementet, tlf.: 919 14 777 (kvardagar kl. 08-16)

Til toppen