Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Historisk arkiv

Statsbudsjettet 2014:

Vegformål: 22,7 milliardar kroner – aukar med 1,7 milliardar kroner

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

– Ein sterk vekst i vegløyvingane betyr tryggare trafikk, betre vegstandard og kortare reisetid for folk og næringsliv. 17 større riksvegprosjekt blir ferdige neste år, alle med kostnadsoverslag over 100 millionar kroner, seier samferdselsminister Marit Arnstad.

– Ein sterk vekst i vegløyvingane betyr tryggare trafikk, betre vegstandard og kortare reisetid for folk og næringsliv. 17 større riksvegprosjekt blir ferdige neste år, alle med kostnadsoverslag over 100 millionar kroner, seier samferdselsminister Marit Arnstad.

86 kilometer ny riksveg blir opna for trafikk i 2014. Av dette er 65 kilometer firefelts veg med fysisk skilde køyrebanar.

Elleve større, nye prosjekt (med kostnadsoverslag meir enn 100 millionar kroner) får i 2014 statlege midlar til anleggsstart eller førebuande arbeid.

For neste år tek regjeringa i tillegg sikte på anleggsstart med bompengar  på tre prosjekt, med atterhald om tilslutnad frå Stortinget.  Regjeringa vurderer det dessutan som aktuelt med bompengeproposisjon og eventuell anleggsstart eller førebuande arbeid på to større prosjekt i 2014.

- Neste år kan det dermed bli oppstart av til saman 16 nye, større vegprosjekt, seier samferdselsministeren.

Regjeringa foreslår i alt 22,7 milliardar kroner til vegformål i 2014. Samanlikna med 2013 er dette ein auke på om lag 1,7 milliardar kroner eller 8,1 prosent. 

I tillegg til løyvingane over statsbudsjettet  er det rekna med om lag 9,3 milliardar kroner i bompengar og anna ekstern finansiering til investeringstiltak innanfor ansvarsområdet til Statens vegvesen.

Som ein del av oppfølginga av Nasjonal transportplan 2014-2023 foreslår regjeringa dessutan at det over budsjettet til Kommunal- og regionaldepartementet skal vere ein auke på 500 millionar kroner i dei statlege løyvingane til fylkesvegane.

Den foreslåtte løyvinga på 22,7 milliardar kroner til vegformål over budsjettet til Samferdselsdepartementet er fordelt slik:

• Om lag 9,3 milliardar  kroner til drift og vedlikehald av riksvegar, trafikant- og køyretøytilsyn og vegforvaltning  – ein auke på  5,7 prosent

• 11,7 milliardar kroner til investeringar på riksvegnettet, medrekna midlar til rassikring – ein auke på 10,8  prosent

• 564 millionar kroner som statleg tilskott til skredsikring på fylkesvegnettet 

• 16 millionar kroner til  Vegtilsynet – statleg tilsyn med veginfrastrukturen for offentleg veg

• 516 millionar kroner til statleg kjøp av riksvegferjetenester

• 433 millionar kroner til ”Vederlag for OPS-prosjekt” (årleg statleg godtgjersle til tre  vegutbyggingar i perioden 2005-09  etter modellen ”offentleg-privat-samarbeid, OPS”)

• 176  millionar kroner til ”Rentekompensasjon for transporttiltak i fylka”

Drift og vedlikehald av riksvegar, trafikant- og køyretøytilsyn og vegforvaltning: Vel 9,3 milliardar kroner

Vel 9,3 milliardar kroner er foreslått til drift og vedlikehald av riksvegar, trafikant- og køyretøytilsyn og forvaltning av riks- og fylkesvegar.  Dette er ein auke på vel 502 millionar kroner eller 5,7 prosent i forhold til  2013.

Om lag tre milliardar kroner er sett av til drift av riksvegnettet. I drifta inngår mellom anna brøyting, strøing med salt og sand, vegoppmerking, vask og reingjering, oppsetting av skilt, skjøtsel av grøntareal, trafikkstyring og trafikantinformasjon.   

Til vedlikehald av riksvegnettet er det lagt opp til å nytte om lag to milliardar kroner. Av dette beløpet skal om lag ein milliard kroner nyttast til vedlikehald av vegdekke og vegfundament. Dette vil gi nye vegdekke på om lag 950 kilometer riksveg.

Innanfor det foreslåtte beløpet på vel 9,3 milliardar kroner går drygt 1,8 milliardar kroner til  trafikant- og køyretøytilsyn, noko som mellom anna omfattar tenester som blir utførte ved trafikkstasjonane og ulike kontroll- og tilsynsoppgåver.  2,4 milliardar kroner  går til forvaltning av riks-  og fylkesvegnettet og 355 millionar kroner er sett av til byggherrekostnader innanfor drift og vedlikehald av fylkesvegar.   

Investeringar på riksvegnettet: Nær 11,7 milliardar kroner

Om lag 11,7 milliardar kroner er foreslått som statlege løyvingar til investeringar på riksvegnettet, medrekna midlar til skredsikring på riksvegnettet. Dette er ein auke på vel 1,1 milliardar  kroner eller 10,8 prosent frå saldert budsjett 2013. 

I tillegg går om lag 9,3 milliardar kroner i bompengar og anna ekstern finansiering til investeringstiltak innanfor ansvarsområdet til Statens vegvesen.

Nye, større vegprosjekt

For 2013 er det prioritert statlege midlar til anleggsstart eller førebuande arbeid på desse elleve  nye, større prosjekta på riksvegnettet, alle med kostnadsoverslag over 100 millionar kroner:
 
- E18 Riksgrensa – Ørje i Østfold
- E18  Knapstad – Retvet i Østfold
- E134 Damåsen – Saggrenda i Buskerud (føreset tilslutnad til finansieringsopplegg)
- E18 Bommestad – Sky i Vestfold
- E134 Gvammen – Århus, Telemark
- E39 Hove – Sandved i Rogaland
- Riksveg 509 Sømmevågen i Rogaland
- E39 Svegatjørn – Rådal, Hordaland (føreset tilslutnad til finansieringsopplegg)
- Riksveg 5 Loftesnesbrua i Sogn og Fjordane
- E16 Varpe bru – Otrøosen – Smedalsosen i Sogn og Fjordane
- E6 Indre Nordnes – Skardalen (skredsikring) i Troms

For desse tre prosjekta tek ein sikte på anleggsstart med bompengar i 2014, med atterhald om at Stortinget sluttar seg til eit opplegg for delvis bompengefinansiering:

- E134 Seljord – Åmot i Telemark
- E6 Helgeland nord i Nordland
- Riksveg 13 Joberget i Hordaland (skredsikringsprosjekt som føreset at Stortinget sluttar seg til eit opplegg for delvis bompengefinansiering ved å utvide Vossapakken)

Regjeringa vurderer  bompengeproposisjonar og eventuell anleggsstart eller førebuande arbeid med bompengar for desse større prosjekta i 2014:

- Riksveg 23 Dagslett – Linnes i Buskerud
- E16 Bagn – Bjørgo i Oppland

Regjeringa vurderer bompengeproposisjonar for desse bypakkene i 2014:

- Bypakke Bodø i  Nordland
- Harstadpakken i Troms

2014: 17 større prosjekt blir opna for trafikk

Desse 17 større riksvegprosjekta blir opna for trafikk i 2014, alle med kostnadsoverslag over 100 millionar kroner:

- E18 Melleby- Momarken i Østfold
- E16 Kongsvinger – Slomarka i Hedmark
- E6 Minnesund – Skaberud i Akershus og Hedmark
- Riksveg 3 Åsta bru med tilstøytande veg i Hedmark
- E16 Fønhus – Bagn i Oppland
- Riksveg 7 Sokna – Ørgenvika i Buskerud
- E18 Gulli – Langåker i Vestfold
- E39 Vågsbotn – Hylkje i Hordaland
- E39 Lavik ferjekai i Sogn og Fjordane
- E16 Smedalsosen – Maristova – Borlaug i Sogn og Fjordane
- E136 Vågstrandstunnelen (skredsikring)  i Møre og Romsdal
- Riksveg 70 Oppdølstranda (skredsikring)  i Møre og Romsdal
- E6 Nidelv bru – Grillstad i Sør-Trøndelag
- E6 Harran – Nes bru i Nord-Trøndelag
- E10 Solbjørnneset – Hamnøy (skredsikring)  i Nordland
- E10 Trældal – Leivik (skredsikring) i Nordland
- E6 Jansnes – Halselv i Finnmark

Fornyingstiltak  – utbetringar i vegtunnelar

I forslaget til riksveginvesteringar  er det sett av 280 millionar kroner til fornyingstiltak. Midlane vil i stor grad bli brukte til tiltak for å ta igjen forfall i vegtunnelar på riksvegnettet og for å bidra til å oppfylle krav og reglar for tunnelar. 

Innanfor foreslåtte løyvingar til vedlikehald og utbetringar er det òg sett av midlar til tiltak i vegtunnelar. Saman med dei  foreslåtte midlane til fornying, er det dermed i 2014 budsjettert  med i alt 600 millionar kroner til fornyings-, vedlikehalds- og utbetringstiltak i riksvegtunnelar.

Særskilte tiltak for trafikksikring: 883 millionar kroner

Til særskilte tiltak for trafikksikring langs det eksisterande vegnettet foreslår regjeringa om lag 883 millionar kroner.

Midlane vil i hovudsak gå til tiltak for å hindre dei alvorlegaste ulukkene på riksvegnettet, som møteulukker, utforkøyringsulukker og ulukker med påkjørsel av mjuke trafikantar. Sterkare midtmarkering og bygging av midtrekkeverk er mellom tiltaka. I budsjettforslaget er det lagt opp til å byggje i alt 22 kilometer med midtrekkverk på to- og trefelts riksveg. Andre prioriterte tiltak er mellom anna utbetring av sideterreng, vegbelysning og utbetring av kurvar og kryss.

I tillegg til desse særskilde investeringstiltaka langs eksisterande veg kjem den trafikksikringsgevinsten ein får som følgje av rassikringstiltak og utbygging av nye og tryggare vegar. Løyvingane til drift, vedlikehald og trafikant- og køyretøytilsyn er dessutan med på å gjere vegtrafikken tryggare.  

Skredsikring: 1 714 millionar kroner

Til skredsikring er det føreslått å løyve 1 714  millionar kroner. Av dette går 1 150  millionar kroner til tiltak på riksvegar, medan 564 millionar kroner er statleg tilskott til skredsikring på fylkesvegar.

For skredsikring på riksvegar er dette ein auke på nær 184  millionar kroner eller 19 prosent, samanlikna med 2013.

For tilskott til rassikring på fylkesvegar er dette ein auke på 13,2  millionar kroner frå 2013.

På riksvegnettet vil midlane i hovudsak bli nytta til å vidareføre prosjekt som alt er sette i gang eller vedtekne.

Gang- og sykkelvegar: 591 millionar kroner

Til bygging av gang- og sykkelvegar langs eksisterande vegar er det lagt til grunn å bruke  591  millionar kroner, fordelt med 441 millionar kroner i statlege midlar og 150 millionar kroner i ekstern finansiering, i hovudsak bompengar. Midlane vil for det meste bli nytta for å få til samanhengjande sykkelnett i byar og tettstader og til utbygging langs skolevegar.

I tillegg kjem bygging av gang- og sykkelvegar som del av nyanlegg på vegnettet. Desse vil dermed bli finansierte ved hjelp av ordinære riksvegløyvingar og i somme tilfelle også ved hjelp av bompengar.  

I forslaget til statsbudsjett for 2014 er det lagt opp til å byggje i alt 51 kilometer gang- og sykkelveganlegg. Av dette skal om lag to kilometer byggjast i byar og tettstader. 

Tiltak for kollektivtransporten og universell utforming: 129 millionar kroner

Innanfor ansvarsområdet til Statens vegvesen skal det i 2014 nyttast 129 millionar kroner til tiltak for kollektivtransporten og universell utforming. Av dette er nær 74  millionar kroner statlege løyvingar, medan det er lagt til grunn  55 millionar kroner i ekstern finansiering, i hovudsak  bompengar.   

Midlane vil i hovudsak bli nytta til oppgradering av haldeplassar og trafikknutepunkt. I tillegg er det sett av midlar til mellom anna  bygging av kollektivfelt.

Miljø- og servicetiltak: 93,5 millionar kroner

93,5 millionar kroner går  til miljø- og servicetiltak langs vegnettet, fordelt med 73,5 millionar kroner i statlege løyvingar  og 20 millionar kroner i bompengar.

Ein stor del av midlane skal nyttast til støyskjerming og til tiltak for å følgja opp Statens vegvesen sine forpliktingar når det gjeld internasjonalt regelverk for vasskvalitet 
og biologisk mangfald.

Innanfor den foreslåtte investeringsramma til miljø- og servicetiltak er det elles sett av 14,1 millionar kroner til bygging av fire døgnkvileplassar på desse stadene: E134 Røldal i Hordaland, E39 Sokn i Rogaland, E39 Digernes i Møre og Romsdal og E6 Fauske i Nordland.

Nasjonale turistvegar: 150 millionar kroner

Innanfor framlegget til riksveginvesteringar er det sett av 150 millionar kroner til prosjektet Nasjonale turistvegar. Satsinga på Nasjonale turistvegar omfattar 18 strekningar som skal utviklast til turistattraksjonar som skal vere med på styrkje Noreg som attraktivt feriemål.

Kjøp av riksvegferjetenester: 516 millionar kroner

Til statleg kjøp av riksvegferjetenester er det føreslått å løyve 516 millionar kroner. Ferjetilbodet i 2014 blir i hovudsak vidareført frå 2013. Det er lagt til grunn at køyretøy- og passasjertakstane skal auke med gjennomsnittleg 3,5 prosent i 2014.  
   
Investeringar – fordelt på transportkorridorar og riksvegstrekningar

I budsjettforslaget er det lagt opp til at det i 2014  skal nyttast om lag  i alt 11,7 milliardar kroner i statlege midlar til  investeringar på riksvegnettet, medrekna rassikring. I tillegg kjem om lag ni milliardar kroner i bompengemidlar og anna ekstern finansiering.

Dei statlege midlane omfattar  ”ordinær budsjettpost for riksveginvesteringar”, posten Rassikring  og tre eigne investeringspostar -  for E18 i Bjørvika i Oslo, E16 over Filefjell og E6 Vest for Alta.

Om lag 585  millionar kroner av dei foreslåtte statlege løyvingane til riksveginvesteringar er sette av til såkalla ”ikkje-rutefordelte tiltak”, mellom anna tiltak innanfor prosjektet ”Nasjonale turistvegar”, innkjøp av reservebruer, forsking og utvikling, etablering av nødkommunikasjon i riksvegtunnelar og utskifting av leidningsnett i riksvegtunnelar.

Dei samla investeringsmidlane til riksvegnettet, medrekna skredsikring, er fordelte slik:   

Korridor/rute

Statlege midlar
- forslag 2014
(mill kr)

Ekstern
finansiering
- overslag 2014
(bompengar m.v.) 
(mill kr)

Totalt til
investeringar
i 2014 
(mill kr)           

  

1. Oslo - Svinesund/Kornsjø

E6 Riksgrensa/Svinesund - Oslo med tilknytingar

153

200

353

2. Oslo - Ørje/Magnor

E18 Riksgrensa/Ørje - Oslo

344,4

450

794

E16 Riksgrensen/Riksåsen -Hønefoss og rv 35 Hønefoss  - Hokksund med tilknytingar

526,0

150

676

3. Oslo - Grenland - Kristiansand – Stavanger 

E18 Oslo - Kristiansand og E39 Kristiansand - Stavanger med tilknytingar 

1298,4

1921

3219

4. Stavanger - Bergen - Ålesund – Trondheim 

E39 Stavanger - Bergen - Ålesund med tilknytingar

974,5

70

1044,5

E39 Ålesund – Trondheim

303,8

22

326

Rv 9 Kristiansand - Haukeligrend og rv 13/rv 55 Jøsendal - Voss - Hella – Sogndal

128,1

90

218

5. Oslo - Bergen/Haugesund med arm via Sogn til Florø

E134 Drammen - Haugesund med tilknytingar

946,3

1311

2257

Rv 7 Hønefoss -Bu og rv 52 Gol – Borlaug

471,5

 

472

E16 Sandvika - Bergen med tilknytingar

969,7

108

1078

6. Oslo Trondheim med armar til Måløy, Ålesund og Kristiansund 

E6 Oslo - Trondheim med tilknytingar

1711,5

4245

5956

Rv 3 Kolomoen – Ulsberg

248,1

 

248

Rv 15 Otta – Måløy

23,5

 

24

E136 Dombås - Ålesund med tilknytingar

335,5

312

648

Rv 70 Oppdal – Kristiansund

276,8

 

277

7. Trondheim - Bodø med armar mot Sverige 

E6 Trondheim - Fauske med tilknytingar

319,3

101

420

8. Bodø - Narvik - Tromsø - Kirkenes med armar til Lofoten og mot Sverige, Finland og Russland 

E6 Fauske  - Nordkjosbotn med tilknytingar

1055

55

1110

E6 Nordkjosbotn - Kirkenes med tilknytingar 

1020,2

7

1027

Sum rutefordelte midlar 

11105

8945

20050

Ikkje-rutefordelte midlar x)

584

 

584

Sum riksveginvesteringar xx)

11689

xxx) 8945

20634

x)  mellom  anna prosjektet ”Nasjonale turistvegar”, innkjøp av reservebruer, forsking og utvikling,etablering av naudkommunikasjon i riksvegtunnelar og utskifting av leidningsnett i tunnelar 

xx) omfattar budsjettposten ”Riksveginvesteringar”, posten Rassikring og særlege budsjettpostar for E16 over Filefjell,  E6 Vest for Alta og E18 i Bjørvika i Oslo

xxx) Ikkje medrekna 433 millionar kroner frå bompengar til ”Vederlag til OPS-prosjekt”

  

Til toppen