Historisk arkiv

Den raud-grøne regjeringas syn på anbodsutsetjing

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Artikkel av samferdselsminister Liv Signe Navarsete

Den raud-grøne regjeringas syn på anbodsutsetjing

Av samferdselsminister Liv Signe Navarsete (Sp)
Publisert i LO-aktuelt nr 10-2006

Den raud-grøne regjeringa har eit vakent og kritisk blikk på anbodspolitikken som vart framskunda av forgjengarane våre. Som samferdselsminister har eg allereie sett grenser for vidare anbodsutlysing av persontrafikk på jernbanen. Eg har òg gjort det klart at eg ikkje vil konkurranseutsetje den delen av postmarknaden som gjeld lukka brev under 50 gram. Tryggingsspørsmål og kundeomsyn har vore dei viktigaste omsyna. Eg meiner likevel det er rett å vurdere desse spørsmåla innanfor kvar transportsektor. Eg har til dømes varsla at eg ikkje vil stanse anbodsutsetjinga i ferjesektoren. Eg vil derimot styre tempoet betre og unngå opphoping av for mange utlysingar på ein gong, då dette kan føre til dyrare tilbod og høgare utgifter over statsbudsjettet og for dei reisande.

EUs forslag til kollektivforordning kan føre til at løn – og arbeidsvilkår blir svakt når blant anna busstransport vert satt ut på anbod. Som ledd i ein aktiv Europa-politikk bruker vi mykje krefter på å påverke formuleringane i denne forordninga. Forordninga slår til dømes fast at berre lokale styresmakter, ikkje Staten, kan stille krav ved anbodsutlysing i kollektivtransporten. Dette meiner eg er uhaldbart. Staten må blant anna kunne krevje at anbod følgjer reglane som tar for seg overdraging av verksemder. Det tyder til dømes at ein ny aktør pliktar å tilsette folk som arbeider for dei som hadde anbodet tidlegare. Det tyder og at alle tilsette må behandlast likt i tilfelle nedbemanning, og at tilsette som får ny arbeidsgjevar skal få med seg ansiennitet, lønns- og pensjonsvilkår frå den tidlegare arbeidsgjevaren.

Soria Moria-erklæringa slår fast at vi ” vil skaffe betre kunnskap om effektene av anbudsuttsetting av lokal kollektivtransport og kunnskap om hvordan ulike kjøpsformer og kontraktsformer kan legge til rette for at også bredere samfunnsinteresser blir ivaretatt. Regjeringa vil vurdere å gå i dialog med fylkeskommunene om å avvente videre anbudsutsettelse inntil denne kunnskapen foreligger. Arbeidstakerne skal sikres samme rettigheter ved anbudsoverdragelse som ved virksomhetsoverdragelse.”

Når det gjeld røynslene i fylkeskommunal sektor, ønskjer Regjeringa å få på bordet dei reelle følgjene av anbodsutsetjing i kollektivtrafikken. Den førre regjeringa tinga ei rapport frå Transportøkonomisk institutt (TØI). Denne rapporten omhandla fyrst og fremst innsparingssida. Men samstundes peiker rapporten på at tilbodet hadde vorte dårlegare, særleg i distrikta. Vi veit også at arbeidstakarane sine rettar fleire stader er svakt. Desse tilhøva skal Regjeringa få kartlagt nærmare.