Historisk arkiv

Ein raudgrøn jernbanepolitikk

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Samferdselsdepartementet

Artikkel av samferdselsminister Liv Signe Navarsete

Ein raudgrøn jernbanepolitikk

Av samferdselsminister Liv Signe Navarsete (Sp)
Publisert i Jernbanemagasinet nr 6 - 2006

Etter fleire år med nedgang i persontrafikken på jernbanen, er det svært triveleg at vi i dei to siste åra har hatt ei positiv utvikling. Eg registrerer òg at kundane i 2005 var meir nøgde med jernbana, mellom anna på grunn av meir punktelege tog og meir nytt togmateriell. Det er viktig å byggje vidare på denne positive utviklinga.

Denne regjeringa ønskjer å byggje landet, og ta heile landet i bruk. Samferdsel er ein viktig føresetnad for busetjing, næringsutvikling og ressursutnytting. Ein samferdselspolitikk for framtida inneber auka satsing på kollektive transportløysingar både for menneske og gods. I og rundt dei største byane må kollektivtilbodet vere så godt at fleire vel å reise kollektivt, og her spelar jernbana ei nøkkelrolle. Erfaringane med Trängselsskatten i Stockholm viser at overgangen til kollektive alternativ ikkje kom på det tidspunktet då kollektivtilbodet vart utvida, men først fire månader seinare då rushtidsavgifta på biltrafikken blei innført. Det viktige for næringsliv og folk er ikkje at det vert bygd fleire vegar, men at vi i sum gjennomfører tiltak som gjer at folk og gods faktisk kjem raskare og tryggare fram.

Vinterberedskap
Togtrafikken sist vinter var ikkje punkteleg nok og regulariteten var for dårleg. Store snømengder og ein ikkje god nok beredskap førte til store forseinkingar i togtrafikken mellom anna på Austlandet. Dette kan lett føre til at den positive trafikkutviklinga stopper opp og jernbana får eit dårlegare omdøme. Vinteren er no over, men vi kan ikkje lukke auga og stole på at ein slik vinter ikkje kjem igjen. Det er viktig å vere godt førebudd til neste vinter og gjennomføre tiltak og betre rutinar for å handtere ein liknande situasjon.

Omstillingsarbeidet i Jernbaneverket
Regjeringa har i tråd med Soria Moria-erklæringa stoppa privatiseringa og konkurranseutsetjinga av drifts- og vedlikehaldsoppgåvene i Jernbaneverket. Eg er ikkje berre skeptisk til den omfattande konkurranseutsettinga den førre Regjeringa sette i gang i høve til Jernbaneverket. Eg synest også måten endringane vart gjennomførde på, var problematiske. Den omfattande bruken av sluttpakker har vore ressurskrevjande og medverka til at mange dyktige medarbeidarar har slutta. Eg har bedt om at Jernbaneverket sjølv utviklar ein plan for korleis verksemda kan effektiviserast. Stans i konkurranseutsetjing betyr ikkje stans i effektiviseringa.

Prosjektfinansiering
For ein togoperatør er det viktig med ei føreseieleg utvikling av jernbanenettet. På grunn av det norske statsbudsjettsystemet kan det vere vanskeleg å føreseie framdrift for det einskilde prosjekt. Det er òg viktig for oss å vurdere ein meir heilskapleg utbyggingsstrategi, der heile strekningar, i staden for enkeltparsellar og enkeltprosjekt, blir vurderte samla for gjennomføring. Dette vil regjeringa gjere noko med, og er vi i ferd med å utgreie prosjektfinansiering som eit alternativ til dagens form for finansiering.

Utfordringar framover
Etter åtte-ni månader i stolen som samferdselsminister er det nokre utfordringar i jernbanepolitikken som blir tydelegare for meg ettersom tida har gått. Det er viktig å vere merksam på at ei oppfylling av den ramma Stortinget har vedteke, og som er på line med Soria Moria-erklæringa, byggjer på ein strategi der berre 10 prosent av banenettet vil bli opprusta i nær framtid. Likevel vil det ta svært mange år før vi når ein standard med samanhengjande dobbeltspor. Dersom vi vel å prioritere ei meir samanhengjande utbygging, vil dette føre til ei konsentrering av ressursane. Dette står i kontrast til dagens røyndom der både lokale styresmakter og ulike krefter på Stortinget stadig kjempar om planmidlar og oppstartsløyvingar til ”sitt prosjekt” i von om å binde opp framtidig ressursbruk.

Ei utfordring knytt til eventuelle høgfartsbaner (i tillegg til dei enorme kostnadane) er at så høg fart krev lange og rette strekningar og få stopp. Det vil truleg bli krevjande å kombinere svært høg fart med fullt trafikktilbod for alle dei viktigaste byane og knutepunkta. Samferdselsdepartementet skal saman med Jernbaneverket, greie ut potensialet for høgfartstog i Noreg. Så langt har dei fleste jernbaneutbyggingar ikkje hatt som utgangspunkt at det skal drivast høgfartstrafikk over 200 km/t. Mellom anna basert på resultata av det arbeidet som er sett i gang, tek departementet sikte på å omtale potensialet for eventuell utbygging av høgfartsbaner (over 200 km/t) overfor Stortinget i samband med neste revisjon av Nasjonal transportplan, som etter planen skal leggjast fram i 2008.

For å få til ei auka satsing på jernbana i åra som kjem, er eg avhengig av god støtte frå aktørane i jernbanesektoren.