Historisk arkiv

MC-treff og MC-ulykker

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Samferdselsdepartementet

MC-treff og MC-ulykker

Samferdselsminister Liv Signe Navarsete
Pressetreff – tiltak for tryggare MC-trafikk
Regjeringskvartalet 04.08.06

Tiltak for enda tryggare motorsykkeltrafikk er hovudemne for denne markeringa.

Men først nokre ord om ulykkesutviklinga for all vegtrafikk hittil i år:

30 menneske blei drepne i trafikken i juli. Dette er sjølvsagt alt for mange. Likevel er det verdt å merkje seg at i dei fyrste sju månadene i år har 122 personar mista livet i trafikken, ifølgje tal frå Trygg Trafikk, Dette er eit tal som er på linje med det vi opplevde i fjor, eit år som blei det ”beste” året på 50 år når det gjeld tal på omkomne i vegtrafikken.

Den positive utviklinga er eit resultat av jamt og målretta arbeid med bruk av tiltak over eit breitt felt: Rassikring og bygging av nye og meir trafikksikre vegar, målretta informasjonstiltak og god trafikkopplæring, bruk av bilbelte og betre sikring av alle i bil og buss, effektive kontrollar i regi av politi og Statens vegvesen - alt dette er med på å forklare kvifor Noreg er i verdstoppen når det gjeld trafikktryggleik.

Ei trafikantgruppe som i liten grad har hatt ein reduksjon i talet på ulukker dei siste åra er motorsyklistane. Tar vi for oss motorsykkelulykker, er biletet slik:

  • Sidan 2000 har i gjennomsnitt 33 motorsyklistar årleg omkome i trafikken.
  • Så langt i år er talet 19, av dei 16 i dei siste to månadene.
  • At det ikkje har vore nokon reduksjon i talet på alvorlege motorsykkelulukker i dei siste åra kan sjølvsagt ha si årsak i at det har blitt fleire motorsyklar på vegane.
  • Dette er likevel ikkje eit argument for å slå seg til ro med situasjonen, snarare bør det skjerpe alle til enda sterkare for ytterlegare innsats.

Vi veit at ulykkesrisikoen for motorsykkeltrafikk er stor, ja altfor stor: Risikoen for å miste livet i trafikken som førar eller passasjer på motorsykkel er over 20 gonger større enn for reisande med personbil. Samanlikna med buss er det bortimot 100 gonger farligare å ta seg fram med motorsykkel. Tala viser at det framleis er mykje ugjort for å få til ein vesentleg reduksjon i ulykkesrisikoen for MC-trafikken.

Viktige tiltak i tida framover vil vere:

  • Å halde fram med opplæring og tiltak for å gjere MC-førarar enda tryggare trafikantar
  • sørgje for at motorsyklistane synest i trafikken
  • og utbetre og forbetre infrastrukturen slik at denne også fungerer på ein sikker måte, også for motorsyklistane.

I arbeidet for tryggare MC-trafikk er det viktig for Samferdselsdepartementet, Statens vegvesen og politiet å ha god kontakt og godt samarbeid med motorsyklistane. Her har Norsk Motorsykkelunion ei viktig rolle: NMCU har vore og er ein svært viktig og positiv medspelar i arbeidet for tryggare vegtrafikk. Organisasjonen her sterkt engasjement, god kontakt med motorsyklistane ut på vegen og er flink til å formidle nyttig innsikt og råd som er med på å styrkje arbeidet for tryggare trafikk. Eg vil blant anna trekkje fram det gode og fruktbare samarbeidet mellom NMCU og Statens vegvesen i samband med den nye føraropplæringa for motorsyklistar og det arbeidet NMCU gjer for at motorsyklistane frivillig gjennomfører ulike kurs og opplæringsopplegg for å bli betre og tryggare motorsyklistar. Organisasjonen har også vore ein verdifull samarbeidspartnar for vegvesenet i arbeidet til etaten med rettleiarar og retningslinjer for korleis vegsystemet best kan utformast for også å ta omsyn til motorsyklistane sin tryggleik.

Oppsetting og bruk av wirerekkverk er ei sak som NMCU og MC-folket har sterke meiningar om, og som NMCU har tatt opp med meg og med Statens vegvesen.

Meldingane frå Mc-hald har vore klare:

For motorsyklistane blir kjøring på strekningar med wirerekkverk opplevd som utrygt. Denne opplevinga gjer så i neste omgang at motorsyklistar blir urolege og dermed også ein fare for seg sjølv, og andre trafikantar på vegen.

Eg har - i samarbeid med Statens vegvesen - gått gjennom innvendingane frå NMCU, og sett nærmare på saka.

I dag har eg denne tilbakemeldinga til NMCU og motorsykkelfolket:

Staten vegvesen skal i framtida nytte rekkverkstypar som gir høg tryggleik og vern for alle trafikantgrupper. Dette fører til at det heretter ikkje skal bli nye strekningar med wirerekkverk utover dei som i dag alt har slikt rekkverk.