Historisk arkiv

Opning av riksveg 5 Kjøsnes—Skei i Sogn og Fjordane

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Tale av samferdselsminister Liv Signe Navarsete

Opning av riksveg 5 Kjøsnes–Skei i Sogn og Fjordane

Samferdselsminister Liv Signe Navarsete
Torsdag 15. juni 2006

Godtfolk,
Først vil eg takke for invitasjonen til å opne denne flotte vegstrekninga. Det er alltid både ei stor glede og ære å få vere med på slike festdagar og spesielt kjekt er det å få lov å opne ein veg i mitt eige heimfylke. Ein veg-strekning som eg, saman med alle andre trafikantar, har ergra oss over i lang tid. Eg må og takke for dei flotte kulturinnslaga som verkeleg er med og gjer dagen til ein festdag. Eg er svært glad for at vi endeleg får ein veg som kan avløyse den siste problematiske flaskehalsen på riksveg 5.

Det er stort engasjement kring veg og samferdsle. Knapt no er eit meir synleg teikn på utvikling enn når vi opnar ein ny veg. Slik var det óg då Per A. Sægrov og vegarbeidarane hans bygde den første vegen langs Kjøsnesfjorden, som vart opna i 1938.

På minnesteinen Jølster kommune reiste over Sægrov i 1975 kan ein lesa: ”Soga fortel at gode menn frå heimegrenda garanterte for Per med gard og grunn. Vegen er 8,6 km. lang og 2,5 meter brei og kosta 72000 kroner. Jølster kommune reiste steinen i takksemd for fagnaverket Sægrov og arbeidskameratane gjorde.”

Mykje har endra seg sidan 30-talet. Vegstrekninga me opnar i dag er finansiert av staten, utan at bøndene i Jølster har måtte setje garden i pant. Vegbreidde og standard er ein heilt annan. Kostnaden for prosjektet er 66 millioner kroner, noko som er 5 millioner mindre enn opphaveleg overslag.

Det skjer ei kontinuerlig utbygging og forbetring av transportnettet i Noreg. Tiltak i vegsektoren skjer ikkje berre ved bygging av nye store vegprosjekt, men heldigvis også som her – ved utbetring av eksisterande vegstrekningar. Betre vegar er viktig for å redusere avstandskostnaden for oss som ferdast som privatbilistar, men ikkje minst for å sikre næringslivet betre vilkår for utvikling.

Tidlegare var det lite fokus på estetikk i bygg og anleggsarbeid. Eg er derfor svært glad for at Statens vegvesen no tek estetisk utforming på alvor og legg stor vekt på dette ved planlegging og bygging av nye veganlegg. Eg får ofte positive tilbakemeldingar på nettopp dette. Vi ser her at anlegget har fått ein god estetisk standard – det er nytta solide materialar og god kvalitet som gir reduserte vedlikehaldsutgifter.

Europaveg 39 og riksveg 5 er svært viktige vegar i Sogn og Fjordane. Her på Skei blir vegane kopla saman i ei rundkøyring. Vegane går så vidare til Sogn, Sunnfjord og Nordfjord. Den nye rundkøyringa markerer slik på sett og vis sentrum i fylket. Statens vegvesen har markert dette på ein flott måte ved å nytte stein i rundkøyringa som er særmerkt for dei tre fogderia.

Dette prosjektet vil ikkje berre ha verknad for trafikantane, men også for naboane, for grunneigarane på Kjøsnes som tidlegare hadde stamvegen gjennom gardstuna, og for dei mjuke trafikantane som no kan nytta gang- og sykkelvegar eller strandstien langs vatnet. Prosjektet gir altså store gevinstar både når det gjeld trafikktryggleik, framkomst, miljø, estetikk og trivsel.

Eg har forstått at det har vore godt samarbeid mellom byggherre, entreprenørar, planleggjarar og kommune, noko som er viktig for at sluttresultatet skal bli best mogeleg.

Det har ikkje vore til å unngå at anleggstida har ført til ulemper både for trafikantar og naboar. Men etter det eg har høyrt har det vore forståing for det. Så takk til alle tolmodige trafikantar. Eg er glad for at det ikkje har vore alvorlege ulukker på anlegget.

Eg vil nytte høvet å takke Statens vegvesen med regionvegsjef Ole Christian Torpp i spissen, for godt utført arbeid. Ei stor takk går også til fylkeskommunen, kommunen, konsulentar, entreprenørar og alle i Statens vegvesen som har delteke i planlegginga og bygginga av denne flotte vegen. De kan med rette vere stolte av velgjort arbeid.

Til lokalbefolkning, næringsliv og andre trafikantar som vil få nytte av det nye veganlegget:

Gratulerer med dagen og lykke til!

Eg har dermed gleda av å erklære riksveg 5 Kjøsnes – Skei for opna!