Historisk arkiv

Statens vegvesen si leiarsamling

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Politisk leiing - prioriteringar og forventningar

Statens vegvesen si leiarsamling

Statsråd Liv Signe Navarsete
Samferdselsdepartementet
7. mars 2006, Hotell Arena, Lillestrøm

Politisk leiing - prioriteringar og forventingar

Først vil eg takke for invitasjonen og for høvet til å kome hit og møte dyktige leiarar innanfor ein stor etat som utfører eit viktig arbeid for å betre infrastrukturen i det langstrakte landet vårt.

Trafikktryggleik
Ei overordna målsetting er å sikre og betre trafikktryggleiken i alle transportsektorane. Eg ønskjer å halde fram med målretta satsing på tiltak som kan betre trafikktryggleiken, jf. og Soria Moria-erklæringa der det går fram at dette arbeidet skal styrkjast.

Statens vegvesen har sektoransvar for trafikktryggleiken i dag. Det er oppnådd gode resultat innafor trafikktryggleik, med nedgang i ulukkene i mange år, sjølv om det har vore ein sterk auke i trafikken.

Som det går fram av Soria Moria-erklæringa vil Regjeringa styrkje arbeidet med nullvisjonen. På eit besøk i Søgne i Vest Agder for nokre veker sidan fekk eg innføring i Statens vegvesen sitt arbeid med null-visjonen. Dette arbeidet er svært viktig.

Eg vil i denne samanhengen og vise til Nasjonal handlingsplan for trafikktryggleik på veg 2006-2009. Arbeidet har vore leia av Statens vegvesen i samarbeid med Trygg Trafikk, Politidirektoratet og Sosial- og helsedirektoratet. Ei slik samordning av trafikktryggleiksarbeidet er eineståande i internasjonal samanheng. Handlingsplanen er eit godt grunnlag for ei målretta og sterk satsing for å oppnå reduksjon i talet omkomne og hardt skadde i vegtrafikken. Betre etterleving av fartsgrenser og reduksjon i dei alvorlegaste brota på trafikkreglane, er to av fleire viktige tiltak i planen.

I tida framover vil det bl.a. vere viktig å leggje sterkare vekt på å unngå alvorlege møte- og utforkøyringsulukker og ulukker med mjuke trafikantar. Det er elles nødvendig å styrkje bruken av verkemidlar som viser seg å gi positivt resultat, f.eks. bruk av bilbelte, betre sikring av passasjerar i bil og buss og effektive trafikkontrollar. Andre viktige tiltak som kan medverke til å redusere ulukkestala er målretta informasjonstiltak og god trafikkopplæring, rassikring og bygging av nye og meir trafikksikre vegar.

Styrkje samferdsel
Regjeringa ynskjer, i tråd med Soria Moria, å utvikle og styrkje samferdsel i heile landet.

Veg i distrikta
Auka satsing på samferdsel vil for distrikta innebere at utbygging og vedlikehald av vegnettet skal prioriterast, at vi skal oppretthalde eit godt riksvegferjetilbod og at hamner og farleier skal utbetrast. Godt utbygde vegar er ein naudsynt føresetnad for å kunne oppretthalde strukturen i busetjinga og næringslivet. For å få større verdiskaping, må det satsast meir offensivt på det sekundære riksvegnettet. Det er og behov for opprusting av fylkesvegane. Riksvegferjene er å rekne som ein del av vegnettet, og utgiftene for dei som nyttar desse bør reduserast. Regjeringa vil betre rabattordningane og eg har sett i gang ei utgreiing for å vurdere alle sider ved gratis ferjer og vil når den er klar vurdere om enkelte strekningar skal bli gratis.

Kollektiv i by
Vi vil auke satsinga i byar og bynære område ved å styrkje vegnettet og kollektivtrafikken, inkl. jernbana, for å løyse utfordringane knytt til å skape eit godt bymiljø og ei trygg trafikkavvikling, jf. og Soria Moria-erklæringa. Kollektivtrafikken må bli eit reelt alternativ til privatbil og ein sentral del av transportsystemet. Det må og bli lønsamt å velje kollektive løysningar og det må satsast på godt utbygde knutepunkt. I samband med samferdselsinvesteringar i dei store byområda skal derfor framkommelegheit for kollektivtransporten bli prioritert. Vi vil og auke satsinga på gang- og sykkelvegar.

Vidare vil Regjeringa stille krav om å leggje til rette for funksjonshemma på offentleg transport.

Rassikring
Rassikring er eit anna prioritert område, og vi vil auke satsinga på rassikringstiltak. Mange føler seg utrygge i samband med reiser langs rasutsette strekningar. Uvéret og rasproblema på Vestlandet i haust/vinter viste behovet for å ha eit sterkt fokus på flom og rassikring. Etter flaumen i fjor haust bad eg om at det at vart sett i gang eit arbeid i Statens vegvesen for å vurdere om ein skal endre krava til skredsikring, nyanlegg, vedlikehald og drift av vegar, bruer og ferjekaier som følgje av endring i klimatiske tilhøve.

Miljø
Det er behov for å redusere klimagassutslippene fra transportsektoren.

Vi vil arbeide aktivt for å utvikle og auke bruken av miljøvennlege køyretøy, utskifting av riksvegferjer med nye gassferjer og støtte til utvikling av hydrogen som energibærer i transportsektoren.

Eit godt kollektivtilbod, ikke minst i byane, og overføring av gods fra veg til bane og sjø, er viktig for å redusere miljøproblema. I tettbygde områd må det leggjast til rette for auka bruk av sykkel og gange.

Eg har nå gått gjennom dei viktigast prioriteringane våre. Prioriteringane må liggje til grunn for Statens vegvesen sitt arbeid framover.

Det er og viktig at Statens vegvesen har nærleik til brukarne, dvs. at tenester som er viktige for trafikantar, fylkeskommunar, kommunar og andre samarbeidspartnere skal vere lett tilgjengelege.

Regionreform
Så over til eit anna viktig tema – regionreforma

Generelt om regionreforma
Eg vil starte med å fortelje kort om bakgrunnen for regionreforma og Regjeringa sitt arbeid med reforma.

Bakgrunnen for reforma er mellom anna at den offentlege forvaltinga på fylkesnivået er prega av fragmentering. Dagens fylkeskommune, fylkesmannen og statlege sektoretatar (med ulik geografisk inndeling) utgjer til saman den offentlege regionforvaltninga. Denne organiseringa er uoversiktleg for kommunar, innbyggjarar og næringsliv. Dette svekker legitimiteten til det regionale leddet. Det kan og ofte vere ei uklar oppgåvedeling. Dessutan har fylkeskommunen mista mange av dei tunge velferdsoppgåvene dei siste åra (sjukehus, barnevern). Fylkeskommunen er lite synleg, folk får liten kjennskap til den og fylkeskommunen får liten legitimitet. Konsekvensen er låg valgdeltaking.

Regjeringa ønskjer å desentralisere fleire oppgåver til regionane. Med fleire og viktige nok oppgåver, vil regionane bli interessante samarbeidspartnere for andre aktørar, og få meir merksemd. Desentralisering betyr ei styrking av lokaldemokratiet.

Regjeringa har i Soria Moria-erklæringa lagt opp til at ansvars- og oppgåvefordelinga mellom forvaltningsnivåa skal avklarast før ein ser på den geografiske inndelinga av regionane. Det skal leggjast fram ei stortingsmelding med hovudfokus på oppgåvefordelinga hausten 2006.

Diskusjonen om den geografiske inndelinga vil skje hausten 2006 og våren 2007. Det er så lagt opp til at det skal leggjast fram ein odelstingsproposisjon om inndeling av eit framtidig regionalt nivå våren 2008. Reforma skal etter planen bli sett i verk frå 1. januar 2010.

Regjeringa har lagt opp til ein inkluderande prosess i det vidare arbeidet. Det er arrangert regionale høyringsmøte med alle kommunane i landet. Seinare i dag skal eg på Regjering sin kontaktkonferanse med fylkeskommunane der regionreforma er eit sentralt tema. Kommunal- og regionaldepartementet skal og arrangere møte med ulike interesseorganisasjonar.

Samferdselssektoren og regionreform
Samferdsel er hyppig nemnt i debatten om regionreform og fleire oppgåver innafor samferdselssektoren er frå ulike hald foreslått overført til dei nye regionane. Samferdselssektoren blir opplevd som fragmentert når det gjeld ansvarsdeling, og spørsmålet om ein meir heilskapleg handtering av sektoren har vore diskutert og blir diskutert i ulike samanhengar og på ulike måtar. Samferdsel er dessutan generelt eit viktig spørsmål i den regionale politiske debatten. Det er truleg og eit poeng at oppgåver relatert til samferdselssektoren framstår som konkrete og difor enkle å forhalde seg til og meine noko om, i motsetning til for eksempel oppgåver knytt til meir diffuse roller som utviklingsaktør eller pådrivar på eit område. Av denne grunn kjem samferdselssektoren lett i fokus i regionaliseringsdebatten.

Særlig har det vore snakk om overføring av ansvaret for øvrige riksvegar til regionane. Det har og vore framme i debatten å flytte vegvesenet sine regionkontor til den fylkeskommunale eller regionale administrasjonen.

Statens vegvesen si rolle i regionreforma
Statens vegvesen har vore gjennom ei omfattande omorganisering dei siste åra. Målsettinga med omorganiseringa var å oppnå ei meir heilskapleg utvikling av vegstandarden, meir effektiv unytting av ressursane – meir veg for pengane – og ei betre samordning i høve til utbygginga av transportsystemet meir generelt. Statleg styring av trafikktryggleik, miljøpolitikken og eit einsarta tilbod for publikum, var også argument for endringa av organisasjonen. Eg har inntrykk av at det har vore gjort eit særs godt arbeid i etaten med omorganiseringa.

Den nye organisasjonen skal evaluerast i 2006. Eg har fått opplyst at erfaringane så langt er svært gode. Den regionale samordninga skjer meir effektivt og med kvalitativt betre løysingar enn tidlegare.

Ei omfattande endring av Statens vegvesen si organisering, nå like etter at den omfattande omorganiseringa har funne sted og før denne er ferdig, er problematisk. Dette kan bli kostnadskrevjande og belastande for dei tilsette i vegvesenet. Uansett korleis den nye regioninndelinga blir, må det bli ei samordning av dei ulike regionale etatane. Dersom ein ikkje oppnår ei slik samordning regionalt har regionreforma liten verdi.

Vegdirektoratet har gitt synspunkta sine i høyringsbrevet til Distriktskommisjonen sitt arbeid. Eg har lese brevet og har hatt møte med vegdirektør Søfteland om saka.

Det er som sagt ein omfattande og inkluderande prosess det no blir lagt opp til i spørsmålet om oppgåvefordeling. Det er alt for tidleg for meg å trekkje nokre konklusjonar no.

TØI-rapporten
Som eit ledd i departementet sitt arbeid har Transportøkonomisk institutt, TØI, greidd ut oppgåvefordeling i samferdselssektoren med alternative modellar for det regionale nivå. Rapporten kom i månadsskifte desember/januar. I rapporten blir det lagt vekt på transportsektorane veg, jernbane og luftfart. Postsektoren er ikkje omtalt. Vurderinga av vegsektoren er den grundigaste. Vegsektoren er den største sektoren, den involverer fleire aktørar enn dei andre tansportsektorane og den har som sagt vore mest aktuell i samband med diskusjonar og vurdering av endra ansvarsdeling. Eg vil her gjere greie for nokre av TØI sine konklusjonar i rapporten.

Hovudtemaet i rapporten er spørsmålet om statlege samferdselsoppgåver bør desentraliserast til lokalt nivå. TØI konkluderer med at oppgåver knytt til finansieringsansvar og prioritering av investeringar på stamvegnettet og jernbana, offentleg kjøp av persontransport på jernbane og lufttransport, flytryggleik og flytekniske oppgåver samt tilsynsoppgåver bør liggje på nasjonalt nivå, uansett forvaltningsmodell.

Hovedkonklusjonen til TØI er at sjølv om oppgåver kan delegerast til eit lågare forvaltningsnivå, er ikkje transportsektoren spesielt godt eigna for desentralisering. Etter TØI si oppfatning må det vere andre omsyn enn omsynet til sektoren som eventuelt må liggje til grunn for ei desentralisering av samferdsleoppgåvene.

TØI sine konklusjonar ved endra ansvarsfordeling i vegsektoren

TØI har vurdert fleire modellar for endra ansvarsfordeling for vegnettet. Eg vil her fokusere på TØI sine konklusjonar ved ei løysing der ansvaret for øvrig riksvegnett blir overført til regionane.

Hovudregelen for organisering av ansvar og oppgåver er at det forvaltingsnivået som har prioriteringsansvar for oppgåver innafor eit område, og bør ha det finansielle ansvaret. Dersom fylkeskommunen framleis skal ha avgjerande innverknad på prioriteringane på det øvrige riksvegnettet, taler dette for at den fylkesfordelte ramma til øvrig riksvegnett skal gå inn i fylkeskommunen sine rammetilskot – altså bli løyvd som frie midlar. Ei naturleg følgje av dette vil vere å omklassifisere det øvrige riksvegnettet til fylkesvegar eller eventuelt regionale vegar.

Fylkeskommunen/regionen står da fritt til å vurdere om det er investeringar på det øvrige riksvegnettet eller andre transportpolitiske tiltak som løyser dei problema som fylkeskommunen/regionen står ovanfor best mogeleg. Fylkeskommunen/regionen får og høve til å vurdere innsatsen innanfor transportsektoren opp mot andre samfunnssektorar. Ei slik løysing kan bidra til auka prioriteringseffektivitet og til ei meir effektiv ressursallokering på regionalt nivå. På den andre sida er nokre av dei oppgåvene som vegsektoren skal vurderast opp mot, lovpålagte (slik som skule og helse). TØI skriv at det er god grunn til å tru at dei lovpålagte oppgåvene blir prioriterte framfor dei som ikkje er det, og at dette dermed kan ha konsekvensar for samferdselsoppgåvene.

Eit delegert ansvar vil vere i tråd med nærleikprinsippet. Når det gjeld investeringar i infrastruktur er det likevel ikkje gitt at ”dei det gjeld” er innafor avgrensa geografiske område. Riksvegane er ein del av eit større nettverk, og prioriteringane i ein region vil påvirke nytta av investeringane i ein annan region. TØI meiner at ulike prioriteringar mellom regionane kan skape negative nettverkseffekter og naboregionproblem, dvs. manglande heilskapleg vegpolitikk. Ei effektiv ressursallokering innafor regionane er derfor ikkje nødvendigvis effektiv ressursallokering sett i eit nasjonalt perspektiv.

TØI sin konklusjon er som nemt innleiingsvis at dei øvrige riksvegane ikkje er spesielt godt eigna for ei generell delegering av oppgåver fra nasjonalt til regionalt nivå, sjølv om det er mogeleg. Dette vert med andre ord eit politisk val.

I distriktskommisjonen si innstilling er det tilrådd at ansvaret for riksvegane utanom stamvegane bør overførast til det regionale nivået. Dette nivået bør få eit større ansvar for å samordne utbygging av transportmessig infrastruktur, samferdsle, kollektiv- og arealbruk.

Det er som sagt ikke konkludert kva for oppgåver som skal overførast til dei nye regionane. Dette vil først bli bestemt i samband med stortingsmeldinga til hausten. Det blir særs spanande å følgje det vidare arbeidet med regionreforma.

Forventningar til Statens Vegvesen
Vi forventar eit Statens Vegvesen som til ei kvar tid er fagleg oppdatert.

Norge er eit langstrakt land med store utfordringar innan samferdsle, ikkje minst vegbygging. Det krev at vi er i front på ny teknologi, og at våre ingeniørar er mellom dei fremste i verda. Og det er dei. Ikkje minst innan tunnelldriving der eg er kjend med at våre folk skal til Sveits i april og delta under kongebesøket på ein stor fagleg konferanse om dette tema.

Det er viktig å vidareutvikle forskings- og utviklingsarbeidet både innan politiske område som trafikksikkerheit og dei tekniska områda som bygging av bruer og tunnellar og vegbygging generelt.

Vi forventar eit Statens Vegvesen som hushalderer økonomien forsvarleg og er aktive medspelarar for å finne dei beste løysingane, både fagleg, økonomisk og politisk.

Det er eit spanande skjæringspunkt å arbeide i, politikk er som kjent det muliges kunst. Men utan eit fagleg grunnlag for avgjerdene kjem vi til kort, og her har de ei svært viktig rolle.

Vi forventar eit Statens Vegvesen som er ope mot omverda. SVV er ein mangfaldig aktør. De skal samhandle med lokale og regionale styresmakter samt dei statlege. De møter grunneigarar, pressgrupper, organisasjonar og brukargrupper i ulike samanhengar. Eg er oppteken av av alle desse skal oppleve å møte ein open og lyttande organisasjon som spelar godt på lag med omgjevnadene.

Funksjonskontrakter
Eg saknar av og til vegvaktaren. Han som dreiv førebyggande arbeid og som truleg spara samfunnet for store kostnader i reparasjon.

Funksjonskontraktar er dagens svar. Desse må utformast slik at dei også gir insentiv til eit førebyggande arbeid og slik at kontrakten tek høgde for slike vintrar som vi har på Aust- og Sørlandet i år. Vintervedlikehaldet er eit av dei tema eg har mange førespurnader på, og ikkje alle som tek kontakt har hatt berre positive opplevingar. Godt vedlikehald er viktig for trafikktryggleik og sjølvsagt for framkomelegheit.

Styrings-, kontroll- og sanksjonsmoglegheitene må forbetrast. Vi har hatt ei sterk konkurranseutsetjing og må akseptere ei prøve- og feileperiode. Men vi har store forventningar til at den fasa no er over og til dei forbetra funksjonskontraktene!

Som eg var inne på i starten av innlegget, så ønskjer Regjeringa å ”løfte samferdsel”. Det handlar både om å setje infrastruktur på dagsorden og at regjeringa skal arbeide aktivt for å få meir midlar til viktige og nødvendige prosjekt. Ikkje minst skal eg arbeide for auka trafikktryggleik. I dette arbeidet vil Statens Vegvesen ha ei særs viktig rolle.

Eg ønskjer dykk lukke til med leiarsamlinga her på Lillestrøm og i det vidare arbeidet!