Historisk arkiv

Underteikning av avtale om togsamband Oslo- Karlstad- Örebro- Stockholm

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Av samferdselsminister Liv Signe Navarsete

Underteikning av avtale om togsamband Oslo- Karlstad- Örebro- Stockholm

Samferdselsminister Liv Signe Navarsete
Karlstad 27. juni 2006

Gode vener,
Å få vere med på denne markeringa er ei spesiell oppleving: Vi er på historisk grunn, i norsk-svensk samanheng. Og vi skal i dag skal leggje fram noko som er eit samferdselspolitisk fellesløft, med positive og konkrete resultat for dei reisande.

Den samarbeidsavtalen som vi underteiknar her i Karlstad fortener ei markering – og det av fleire grunnar:

For det første er det no klart for å starte opp igjen tilbodet med dagleg persontog mellom hovudstadene Oslo og Stockholm. Dette vil skje frå og med januar neste år.

Avtalepartane frå begge sider av grensa vil etterpå komme med fleire opplysningar om det nye togtilbodet.

På begge sider av riksgrensa er det frå mange hald kome sterke krav og ønske om få tilbake dette togtilbodet. Sentrale og lokale styresmakter, verksemder og organisasjonar i transportsektoren, reiselivsnæringane og anna næringsliv har sagt klart frå at dei ønskjer eit godt togtilbod mellom dei to hovudstadene. Same "melding" er kome tydeleg fram frå kulturlivet - og frå mange einkskildpersonar, altså frå dei vi på norsk kallar Ola og Kari Nordmann eller "Medelsvensson", som dei seier her i Sverige.

Dei mange og sterke røystene har gjort inntrykk - og har vore med på å løfte denne saka opp på den politiske dagsorden. I Noreg har dette mellom anna gitt seg utslag i at det i plattforma for det noverande regjeringssamarbeidet er teke inn eit eige punkt om at regjeringa skal arbeide for gode togsamband mellom hovudstadene i Skandinavia.

Den avtalen som nå er komen i stand fører også til at ein på begge sider av riksgrensa får et langt betre lokalt og regionalt togtilbod, med større kapasitet og fleire avgangar. Dette er med på å styrkje miljøvennleg lokal og regional kollektivtransport, i konkurransen med personbilen.

Avtalen er eit flott uttrykk for norsk-svensk samarbeid i praksis, og viser at sterke ønske kan omsetjast til konkrete løysingar, som alle er vel tente med. Avtalen er mellom anna eit resultat av positive og godt førebudde tiltak frå regionale styresmakter. Denne typen initiativ helsar vi frå regjeringshald i Noreg velkommen!

Samarbeidsavtalen om togtilbodet har ikkje komme av seg sjølv: Jernbanedrift er kompliserte greier, og lettare blir det ikkje når trafikken skal krysse riksgrenser. I tillegg handlar førebuingane om mange partar, både på sentralt og lokalt hald, på begge sidene av riksgrensa.

Dei som har vore med i forhandlingane har ikkje hatt eit enkelt utgangspunkt, men med hardt arbeid, godt handlag og store porsjonar godvilje, er resultatet blitt bra! Ein særleg takk til dykk alle som har arbeidd med å få fram denne avtalen og spesielt til prosjekt Gränstrafiken som har tatt initiativet til det vi ser resultatet av her i Karlstad i dag!

Pressemelding av 26.06.06