Historisk arkiv

Opning av "nye" Haugenstua stasjon

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Samferdselsminister Liv Signe Navarsete - Oslo, 21. august 2007

Tale av samferdselsminister Liv Signe Navarsete ved opninga av Haugenstua stasjon i Oslo, 21. august 2007. Haugenstua ligg mellom stasjonane Grorud og Lørenskog på den gamle Hovedbanen.

Godtfolk! Gratulerer med dagen! Det er ei glede for meg å få vere med på opninga av Haugenstua stasjon.

Samanlikna med dei største investeringsprosjekta til Jernbaneverket, som til dømes det nye dobbeltsporet mellom Lysaker og Sandvika, kan ”nye” Haugenstua stasjon ved første augekast framstå som eit nøkternt prosjekt, men likevel. Det er mange som vil ha glede og nytte av investeringane på 32 millionar kroner som har gjort Haugenstua om til ein ny og moderne stasjon.

I første rekkje gjeld dette dei som dagleg reiser til og frå stasjonen. Og det er ikkje få. I følgje NSB dreier det seg om nesten ein million reisande i året, og som gjer at Haugenstua kjem høgt opp på lista over dei 20 mest trafikkerte stasjonane i landet.

Også dei som elles bur og ferdast i nabolaget, vil ha glede av den dei store endringane som stasjonsområdet på Haugenstua har gjennomgått sidan dei første spadetaka blei tekne i midten av september i fjor.

Betre  tilkomst til stasjonen er ikkje det einaste som har stått i fokus. Det er òg lagt vekt på det visuelle uttrykket. Og som vi sjølv kan sjå her i dag framstår Haugenstua etter ombygginga som ein moderne tidsmessig og innbydande stasjon- ikkje minst takka vere dei nye grøntareala som ligg rundt stasjonen. Her vil eg elles nytte høvet til å minne om at Oslo kommune også har gitt løyvingar til å gjennomføre denne delen av prosjektet, som ikkje berre er til glede for dei som bur på Haugenstua, men for alle Groruddølar.

Som samferdselsminister i ei regjering som i handling legg stor vekt på miljøet i Groruddalen er det ei glede å konstatere at forholda for syklistar er godt ivareteke på den nye stasjonen. Opplegget med eiga sykkelparkering er eit lite, men viktig bidrag til å gjere kvardagen enklare for enda fleire kollektivtrafikantar.

Det er heilt i tråd med det overordna målet om å leggje tilhøva til rette for at fleire - både nye og gamle trafikantar – kan velje å reise kollektivt til beste for miljøet.

Det skal vere enkelt å reise kollektivt. God korrespondanse og enkle overgangsløysingar mellom dei ulike transportmidla, som til dømes buss og tog, er viktig.

Vi må nok innrømme at det tidlegare har skorta ein del på evna til å tenkje heilskaplege løysingar på tvers av ulike transportformar, men dette har etter kvart endra seg til det betre. Her har Jernbaneverket vore ein viktig bidragsytar.

I dei siste åra er det gjennomført fleire prosjekt der målet ikkje berre har vore å byggje gode stasjonar, men også velfungerande kollektivknutepunkt i samvirke med andre kollektivtransportmiddel, som buss, trikk, T-bane og drosjer. Skøyen stasjon er eit godt døme på dette - og fleire slike knutepunkt kjem til etter kvart. Til dømes Strømmen stasjon der Jernbaneverket og Statens vegvesen samarbeider om å byggje ein ny topp moderne kollektivterminal som skal stå ferdig i løpet av hausten.

I tillegg til miljøomsyn er Regjeringa naturleg nok oppteken av at det skal vere sikkert og trygt å køyre brukarvenlege tog. Det er difor gledeleg å konstatere at nye Haugenstua stasjon har gjennomtenkte løysingar som som gjer det trygt å reise for alle grupper trafikanter

Den nye rampa ned til den nye plattforma gjer at også omsynet til rørslehemma er ivareteke på ein måte som ikkje berre er god - men som òg oppfyller dei nye krava til universell utforming som etter kvart skal sikre alle tilgjenge til offentlege transportmiddel.

Opninga her i dag markerer avslutninga på første etappe i arbeidet med å byggje om og modernisere Haugenstua stasjon. Eg føler meg trygg på at det arbeidet som til no er utført, ikkje berre har medverka til å betre standarden på stasjonen, men også vil vere med å leggje grunnlaget for framleis vekst i trafikken til og frå Haugenstua stasjon.

Til alle som har deltatt i planlegging og utbygging av nye Haugenstua stasjon vil eg seie: Takk for velgjort arbeid. Takk og til gode medspelarar i Oslo kommune og til alle verksemder, organisasjonar og einskild personar som har engasjert seg, og stått på for å få til ein ny flott stasjon.