§ 36- §38: Kjønnsmessig samansetjing av kommunale folkevalde organ

Sak 05/4311

Vi viser til e-post av 23. desember 2005.

Departementet har ikkje gjort noka konkret vurdering av samansetjinga av utval m.v. i Austevoll kommune. Vi vil her gjere greie for dei aktuelle lovreglane. Kommunelova §§ 36 - 38 inneheld føresegner om kjønnsmessig samansetjing av kommunale folkevalde organ. 

Dersom organet er vald ved høvetalsval, gjeld følgjande reglar:
a. dersom ei liste får 2 eller 3 representantar i utvalet, skal begge kjønn vere representert.
b. Dersom ei liste får 4 eller fleire representantar, skal begge kjønn vere
representert med minst 40 % av representantane. 

Dersom organet er vald ved fleirtalsval, gjeld følgjande reglar:

a. Skal det veljast 2 eller 3 representantar i utvalet, skal begge kjønn vere representert.

b. Skal det veljast 4 eller fleire representantar i utvalet, skal begge kjønn vere representert med minst 40 % av representantane.

Lova inneheld to unnatak frå desse reglene:
a. når det gjeld formannskapet (som etter lova berre kan ha medlemer frå
kommunestyret)
b. når det gjeld arbeidsutval for folkevalde

Reglane om kjønnsmessig samansetjing skal likevel følgjast så langt råd er, og når det gjeld desse organa. 

Kommunestyret kan ikkje vedta at folkevalde organ med avgjerdsmynde (styre, råd og utval) berre skal ha medlemer frå kommunestyret, dersom dette fører til at organet ikkje oppfyller lova sine krav om kjønnsmessig samansetjing. Val basert på vedtak om gjennomgåande representasjon vil soleis berre vere gyldig dersom organet oppfyller krava til kjønnsmessig representasjon. 

Verknadane av at eit organ, som ikkje er samansett i samsvar med reglane om kjønnskvotering gjer vedtak, er kommentert i departementet sitt rundskriv H-23/03 om val av formannskap m.m., punkt 5. Feil m.o.t. kjønnsmessig samansetjing fører ikkje utan vidare til at vedtaka i organet blir ugyldige. Det må stillast krav om samanhang mellom resultatet av avgjerda og det at eit medlem som har vore med i organet er vald i strid med føresegnene i kommunelova. I rundskrivet er det peika på to situasjonar som fører til ugyldig vedtak:

a. dersom vedkomande si røystegjeving kan tenkjast å ha påverka resultatet
b. dersom vekomande si røystegjeving ikkje er direkte avgjerande for resultatet, men det kan dokumenterast at vedkomande har hatt innverknad på resultatet (t.d. dersom vedkomande er den som har gjort framlegget til vedtak, eller har talt sterkt for vedtaket).