Sogn og Fjordane fylkesdelplan for klima og energi

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgiver: Miljøverndepartementet

Godkjenning

Sogn og Fjordane fylkeskommune
Askedalen 2
6863 LEIKANGER

Dato

02.06.2005

Sogn og Fjordane fylkesdelplan for klima og energi – Godkjenning

Miljøverndepartementet viser til brev 27.11.2003 frå Sogn og Fjordane fylkeskommune og til e‑post 06.05.2004, der fylkeskommunen peikar på mål og strategiar i planen som i sers grad krev statleg godkjenning.

Planen er handsama i samråd med Kommunal- og regionaldepartementet og Olje- og Energidepartementet. Miljøverndepartementet viser òg til Stortinget sitt vedtak om supplering av Verneplan for vassdrag, jf. Innst. S. nr. 116 (2004-2005).

Vedtak:

Miljøverndepartementet godkjenner fylkesdelplan for klima og energi, vedteke i fylkestinget 3. juni 2003, med atterhald om punkt 5.3.6 og 5.3.5 i planen, jf. departementa sine merknader nedanfor.

Vedtaket er gjort i medhald av § 19‑4 i plan- og bygningslova og kongeleg resolusjon av 16. mars 1990.

Bakgrunn for planen

Miljøverndepartementet/Statens forureiningstilsyn (SFT) inviterte i år 2000 fylkeskommunar og kommunar til å søkje tilskot til å utarbeide lokale klima- og energiplanar. Sogn og Fjordane fylkeskommune søkte, og SFT løyvde kr. 532 500 til arbeidet. Planen er utarbeidd som fylkesdelplan og vedteke av fylkestinget 3. juni 2003.

Gjennom planarbeidet tek fylkeskommunen sikte på å få fram ein samla og forpliktande energi- og klimapolitikk for Sogn og Fjordane fylke som:

  1. omset nasjonale mål til regionalt og lokalt nivå
  2. er til støtte og hjelp for kommunane i deira arbeid med liknande spørsmål
  3. kommuniserer synspunkt frå regionalt og lokalt nivå mot nasjonale styresmakter.

Konkret trekk planen opp mål og strategiar for:

  • Utslepp av klimagassar (kapittel 3)
  • Stasjonær energibruk og nye, fornybare energikjelder (kapittel 4)
  • Vasskraft (kapittel 5)
  • Bruk av naturgass (kapittel 6).

Desse måla og strategiane skal kommunar, kraftselskap, industri- og næringsverksemder, ressurseigarar, byggeigarar, organisasjonar, forbrukarar mfl. gjere sitt til å oppfylle - kvar for seg og i fellesskap. Planen har ingen definert tidshorisont og gjeld til den vert revidert eller eventuelt erstatta av ein ny plan.

Departementa sine merknader

Departementa sluttar seg i hovudsak til fylket sine mål og strategiar. Miljøverndepartementet set pris på at Sogn og Fjordane fylkeskommune har teke initiativ til regionalt samarbeid om klima og energi. Planen vil vonleg skape grunnlag for eit vidare og forpliktande samarbeid mellom viktige aktørar på dette området. Også Olje- og energidepartementet noterer seg at Sogn og Fjordane har arbeidd aktivt med både mål, strategiar og verkemiddel på energi- og miljøområdet.

Miljøverndepartementet godkjenner mål og strategiar i kapittel 3: Utslepp av klimagassar og kapittel 4: Stasjonær energibruk og nye, fornybare energikjelder.

Miljøverndepartementet kan derimot ikkje utan atterhald godkjenne punkt 5.3.6 og punkt 5.3.5. i kapittel 5: Vasskraft.

5.3.6 Ny vasskraftutbygging

Fylket sine delmål:

  • Verneplanarbeidet for Ålfotbreen m.m. (vassdragsvern for Skjerdalselva og landskaps-vern for Ålfotbreen) skal ikkje få konsekvensar for opprustings- og utvidingsprosjekt i Åskåravassdraget. Mogleg potensiale er her i storleik 160 - 200 GWh.
  • Sikre utbygging i Nordalsfjorden, Kjøsnesfjorden og Østerbøvassdraget mot Sognefjorden.
  • Få Nausta, Gjengedalsvassdraget, Sørebøelva i Guddalsvassdraget, Skjerdalselva og Årøyelva ut av listene over vassdrag som skal supplere Verneplan for vassdrag og Nasjonale laksevassdrag.
  • Arbeide for tilskotsordningar for opprusting/fornying av eksisterande kraftanlegg.

Miljøverndepartementet
peikar på at fleire av fylket sine mål for ny utbygging av vasskraft er i strid med nasjonale omsyn.

Departementet minner om at fylkesplanlegginga skal samordne måla som ulike styresmakter og private interesser arbeider etter i fylket. I denne planen fremmer fylkeskommunen, etter departementet sitt syn, einsidige kraftutbyggingsinteresser. Det er ikkje gjort noko forsøk på å drøfte ønsket om utbygging av vasskraft i høve til regionale mål på andre område – t.d. for kultur‑, natur- og miljøutviklinga i fylket.

Verneplanarbeidet for Ålfotbreen m.m.

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har i brev 07.09.2004 til Direktoratet for naturforvaltning primært tilrådd å gå bort frå framlegget om vern av Ålfotbreen landskapsvernområde, sekundært å opprette eit landskapsvernområde på ca. 220 km2. Fylkesmannen si tilråding bygger på at dei tre kommunane i området og fylkeskommunane går imot vern.

Fylkesmannen konstaterer likevel at verneverdiane er store, med spesiell geologi (devonsk sandstein), ein ubroten overgang frå fjord til isbre, sjeldne landskapsformer og interessante fossilførande lag. Etter fylkesmannen si vurdering er dei konkrete konfliktane i høve til aktuelle brukarinteresser relativt små, sett bort frå kraftutbygging. Dei øvre delane av Storelva i Skjerdalen er med i det subsidiære framlegget. Storelva i Skjerdalen er ikkje verna i suppleringa av Verneplan for vassdrag, sjå Innst. S. nr. 116 (2004-2005).

Vernesaka for Ålfotbreen ligg til handsaming i Direktoratet for naturforvaltning og vil bli sendt over til Miljøverndepartementet i løpet av sommaren 2005. Endeleg avgjerd i vernespørsmålet vil venteleg ligge føre i løpet av inneverande år. Miljøverndepartementet kan difor ikkje godkjenne fylkesplanen på dette punktet no.

Utbygging iNordalsfjorden, Kjøsnesfjorden og Østerbøvassdraget

Utbyggingsprosjekta i Kjøsnesfjorden er gitt konsesjon. Østerbøvassdraget er plassert i kategori I i Samla plan for vassdrag. Prosjekt i denne kategorien kan konsesjonsbehandlas etter kvart som dei vert framlagt.

Søknaden om bygging av Pollen kraftverk i Nordalsfjorden vart avslått av Olje- og energidepartementet 08.04.2004. Dette punktet i planen kan ikkje godkjennast.

Verneplan for vassdrag og nye nasjonale laksevassdrag

Når det gjeld supplering av Verneplan for vassdrag, har Stortinget i Innst. S. nr. 116 (2004-2005) berre gjort vedtak om å verne Sørebøelva og Nausta. Gjengedalsvassdraget og Storelva i Skjerdalen er ikkje verna i suppleringa av Verneplan for vassdrag. Vern etter naturvernloven vil kunne sikre verneverdiane og hindre inngrep.

I høve til nasjonale laksevassdrag gjorde Stortinget alt i februar 2003 vedtak om å opprette Årøyelva som nasjonalt laksevassdrag. Nausta er eit av 27 vassdrag som er aktuelle når regjeringa etter planen skal legge fram eit forslag til ferdigstilling av ordninga hausten 2005. Gjengedalsvassdraget er ikkje aktuelt som nasjonalt laksevassdrag. Status som nasjonalt laksevassdrag inneber elles ikkje noko absolutt forbod mot vasskraftutbygging, berre forbod mot utbygging til skade for laksebestanden.

Miljøverndepartementet må såleis ta atterhald om fylket sine delmål også på dette punktet.

5.3.5 Kompensasjon for vern

Fylket sin strategi:

  • Bidra til arbeid med ordningar som gir distrikta skikkeleg vederlag for vern gjennom kraftfylkesamarbeidet.

Kommunal- og regionaldepartementet
viser til at staten si ordning med kompensasjon til kommunar for ikkje-utbygging av vassdrag vart avvikla i 1999, med ein overgangsperiode på 2 år, jf. St.prp. nr. 1 (1997-1998). Nokre få kommunar søkte om kompensasjon før overgangsperioden gjekk ut, men ingen i Sogn og Fjordane.

Miljøverndepartementet
viser til at strategien byggjer på ei oppfatning av motsetnad mellom vekst og vern, der ein ser vekst på den eine sida og vern på den andre, og slik at ei side kan vinne berre så mykje som den andre taper (dvs. for å få vekst i eit område, må verneinteressene vike).

Miljøverndepartementet er oppteken av å skape samspel mellom bruk og vern – at vern skal styrke utviklinga og verte ein utviklingsstrategi i seg sjølv. Til dømes kan ein tenkje seg strategiar for verdiskaping som nettopp byggjer på kvalitetane i landskapet i Sogn og Fjordane.

Med omsyn til dei andre punkta under kapittel 5, viser Miljøverndepartementet til gjeldande lov- og regelverk på området.

Miljøverndepartementet har elles merka seg fylket sine mål og strategiar i kapittel 6: Bruk av naturgass.

Avslutning

Miljøverndepartementet gjer merksam på at godkjenninga av fylkesdelplanen for klima og energi i Sogn og Fjordane ikkje omfattar konkret bruk av ressursar frå staten si side. Prioritering og tildeling av ressursar skjer gjennom dei årlege budsjettprosessane.

Miljøverndepartementet vil minne om § 19‑6 i plan- og bygningslova, som fastslår at fylkesplanen, her også fylkesdelplanar, skal leggjast til grunn for fylkeskommunal verksemd, og gje retning for kommunal og statleg verksemd i fylket. Plan- og bygningslova føreset at statlege organ som ønskjer å fråvike godkjent fylkesplan, skal ta dette opp med fylkeskommunen. Dersom fylkeskommunen og vedkomande sektorstyresmakt ikkje vert samde, skal saka takast opp med planstyresmaktene sentralt.

Med helsing
Øyvind Håbrekke

Kopi:
Fylkesmannen i Sogn og Fjordane
Kommunane i Sogn og Fjordane
Kommunal- og regionaldepartementet
Olje- og energidepartementet