Historisk arkiv

A-32/2007 Rundskriv om kommunale og fylkeskommunale eldreråd

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Arbeids- og inkluderingsdepartementet

Rundskriv A-32/2007 om kommunale og fylkeskommunale eldreråd gjeld ikkje lenger frå og med valgperioden 2019–2023 som følgje av at eldrerådslova blir oppheva.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet har laga ei ny rettleiing som frå og med valgperioden 2019–2023 vil erstattea rundskriv A-32/2007, sjå veileder for eldreråd.

Innleiing

Formålet med dette rundskrivet er å gje ei orientering om reglane som gjeld for verksemda i eldreråda etter lov 8. november 1991 nr. 76  om kommunale og fylkeskommunale eldreråd. Rundskrivet avløysar tidlegare rundskriv I-26/98.

Formålet med lov om kommunale og fylkeskommunale eldreråd er å sikre eldre innverknad i saker som gjeld levekåra for eldre. Eldreråd er eit rådgjevande organ.

Lov om råd eller anna representasjonsordning i kommunar og fylkeskommunar for menneske med nedsett funksjonsevne m.m. vart vedteke av Stortinget 17. juni 2005. Etter denne lova skal alle kommunane og fylkeskommunane ha eit råd eller ei anna representasjonsordning for menneske med nedsett funksjonsevne m.m. Lova trer i kraft 10. september 2007. Rundskriv A-28/07 gjev rettleiing til lov om råd eller anna representasjonsordning i kommunar og fylkeskommunar for menneske med nedsett funksjonsevne.

Eldreråda og felles råd for eldre og menneske med nedsett funksjonsevne er kommunale/fylkeskommunale organ. Reglane i kommunelova gjeld verksemda i råda, så langt ikkje anna går fram av lov om kommunale og fylkeskommunale eldreråd, jf. kommunelova § 2. Viktig for verksemda i eldreråda er særleg reglane i kommunelova kap. 6 om sakshandsamingsreglar i folkevalde organ og reglane i kap. 7 om rettar og plikter for dei folkevalde.

Eldreråda og felles råd for eldre og menneske med nedsett funksjonsevne er forvaltningsorgan etter forvaltningslova. Reglane i forvaltningslova gjeld verksemda i råda så langt ikkje anna følgjer av lov om kommunale og fylkeskommunale eldreråd, lova om råd eller anna representasjonsordning i kommunar og fylkeskommunar for menneske med nedsett funksjonsevne m.m., eller kommunelova.

Lov om kommunale og fylkeskommunale eldreråd er av 8. november 1991 nr. 76. Forarbeida til lova er Ot. prp. nr. 68 (1990-91) og Innst. O. nr. 4 (1991-92). Lova vart endra med lov 11. juni 1993 nr. 85 og lov 17. juni 2005 nr. 58.

Dette rundskrivet er også lagt ut på departementet sine nettsider på www.regjeringa.no.

 

Rettleiande merknader 

1. Skiping av eldreråd 

 

§ 1. (Skiping av kommunale eldreråd)

       I kvar kommune skal det vere eit eldreråd som skal veljast av kommunestyret for valperioden.

       Departementet kan gjere unnatak frå regelen i første leden når kommunen vil ha eldreråd for geografisk avgrensa område innan kommunen. I kommunar der oppgåvene som gjeld eldre er overført til kommunedelsutval, skal det vere eldreråd i alle kommunedelar. For slike eldreråd ivaretek kommunedelsutvala dei rettar og plikter som etter denne lov er lagt til kommunestyret. Eldreråd for geografisk avgrensa område skal ha same arbeidsområde som omhandla i § 3. I slike høve skal det og veljast eit sentralt eldreråd.

 

§ 5. (Skiping av fylkeskommunale eldreråd)

       I kvar fylkeskommune skal det vere eit eldreråd som skal veljast av fylkestinget for valperioden.

 

 

 

 

1.1.   Plikt til å opprette eldreråd

§ 1 første ledd og § 5

Kommunen og fylkeskommunen har plikt til å opprette eldreråd. Eldrerådet skal veljast av kommunestyret og fylkestinget og blir valt for den kommunale/fylkeskommunale valperioden.

 

1.2.   Eldreråd for geografisk avgrensa område

§ 1 andre ledd

Departementet kan godkjenne at ein kommune oppretter eldreråd for geografisk avgrensa område innan kommunen. Dette kan være aktuelt for kommunar med geografisk avgrensa lokale vedtaksorgan som til dømes storkommunane. Det skal i slike tilfelle òg opprettast eit sentralt eldreråd for heile kommunen.

Der det er oppretta kommunedelsutval etter § 12 i kommunelova og ansvaret for saker som gjeld eldre er overførde til desse, skal det vere eldreråd i alle bydelar. Det kan ikkje gjerast unnatak frå dette. Råda skal då veljast av kommunedelsutvala.

Kommunedelsutvala ivaretek dei same oppgåver og plikter for kommunedelseldreråd som etter lov om kommunale og fylkeskommunale eldreråd er lagt til kommunestyret.

Eldreråd for geografisk avgrensa område eller  kommunedelseldreråd, vil ha det same arbeidsområdet som eldreråd som ikkje er geografisk avgrensa.

 

2.   Val og samansetjing av eldreråd

 

§ 2. (Val og samansetjing av kommunale eldreråd)

       Kommunestyret avgjer kor mange medlemmer eldrerådet skal ha. Reglane om høvetalsval i §§ 36 og 37 i lov om kommuner og fylkeskommuner av 25. september 1992 nr. 107 gjeld ikkje ved val av eldreråd.

       Pensjonistforeiningar har rett til å koma med framlegg om medlemmer til eldrerådet. Fleirtalet av rådsmedlemmene skal vere alderspensjonistar i kommunen.

       Rådet peikar sjølv ut leiar og nestleiar, som skal veljast ut mellom pensjonistane.

 

§ 6. (Val og samansetjing av fylkeskommunale eldreråd)

       Fylkestinget avgjer kor mange medlemmer eldrerådet skal ha. Reglane om høvetalsval i §§ 36 og 37 i lov om kommuner og fylkeskommuner av 25. september 1992 nr. 107 gjeld ikkje ved val av eldreråd.

       Fylkespensjonistforeiningar har rett til å koma med framlegg om medlemmer til eldrerådet. Fleirtalet av rådsmedlemmene skal vera alderspensjonistar frå fylket.

       Rådet peikar sjølv ut leiar og nestleiar, som skal veljast ut mellom pensjonistane.

 

2.1.   Talet på rådsmedlemmer

§ 2 første ledd og § 6 første ledd

Det er kommunestyret/fylkestinget som oppnemner medlemmer til eldrerådet. Rådsmedlemmer som er tilsette i kommuneadministrasjonen og som arbeider innan saksområde som er sentrale for rådet, vil ofte kunne bli inhabile. Departementet vil derfor ikkje råde til at representantar for kommuneadministrasjonen blir oppnemnte som rådsmedlemmer. Drøfting av saker og kontakt og samarbeid elles bør heller skje i forbindelse med administrasjonens ansvar for saksførebuing og informasjon til rådet.

Oppnemninga skal gjelde for valperioden. Medlem av rådet kan søkje om fritak frå vervet før funksjonstida er ute når vedkommande ikkje “uten uforholdsmessig vanskelighet eller belastning kan skjøtte sine plikter i vervet”, jf. kommunelova § 15 nr. 2. Fritaksgrunn kan til dømes vere dårleg eller svak helse.

Kommunestyret/fylkestinget fastset talet på medlemmer i eldrerådet. Råda bør ikkje vere for store. Departementet rår til at både eldrerådet og pensjonistforeiningar i kommunen/fylkeskommunen får høve til å uttale seg når talet på rådsmedlemmer skal fastsetjast. Det er ein føresetnad i kommunelova § 10 nr. 3 at det òg skal veljast varamedlemmer til rådet.

Reglane om høvetalsval i kommunelova §§ 36 og 37 gjeld ikkje ved val av eldreråd. Kvart kjønn skal vere representert med minst 40 prosent dersom det er fleire enn fire medlemmer, jf. kommunelova § 36 nr. 2.

 

2.2.   Forslag om medlemmer

§ 2 andre ledd og 6 andre ledd

Foreiningar som har rett til å foreslå medlemmer til eldrerådet er pensjonistforeiningar, lag og samarbeidsutval som er representativ for dei pensjonistgruppene dei skal representere i kommunane og fylket. Òg andre typar frivillige organisasjonar og foreiningar som driv aktivt arbeid blant eldre, som til dømes lokallag av landsomfattande frivillige organisasjonar og foreiningar, bør få høve til å føreslå medlemmer.

 

2.3.   Krav til samansetjinga

§ 2 andre ledd og § 6 andre ledd

For å sikre medverknad for dei eldre, skal fleirtalet av medlemmane vere alderspensjonistar. Det politiske styrkeforholdet i kommunen/fylkeskommunen skal ikkje vere avgjerande for samansetjinga. Retten til å krevje høvetalsval gjeld derfor ikkje.

Med alderspensjonist meinast normalt ein person som mottek alderspensjon. Det er ikkje eit krav om at ein må ha alderspensjon frå folketrygdlova. Det vil seie at man òg blir rekna for å vere alderspensjonist om man har gått av med alderspensjon før fylte 67 år. Personar som ikkje har rett til alderspensjon, reknast for å vere alderspensjonist når dei har fylt 67 år.

 

2.4.   Val av leiar og nestleiar

§ 2 tredje ledd og § 6 tredje ledd

Rådet vel sjølv leiar og nestleiar. Desse skal veljast blant alderspensjonistane.

 

3.  Oppgåvene for eldrerådet

§ 3. (Oppgåvene for kommunale eldreråd)

       Eldrerådet er eit rådgjevande organ for kommunen.

       Alle saksdokumenta skal leggjast fram for rådet i god tid før kommunestyret handsamar sakene.

       Eldrerådet skal ha til handsaming alle saker som gjeld levekåra for eldre.

       Eldrerådet kan sjølv ta opp saker som vedkjem eldre i kommunen. Protokollen frå rådsmøtet skal fylgje saksdokumenta til dei kommunale organ som tek endeleg avgjerd i saka.

 

§ 7. (Oppgåvene for fylkeskommunale eldreråd)

       Eldrerådet er eit rådgjevande organ for fylkeskommunen.

       Alle saksdokumenta skal leggjast fram for rådet i god tid før fylkestinget handsamar sakene.

       Eldrerådet skal ha til handsaming alle saker som gjeld levekåra for eldre.

       Eldrerådet kan sjølv ta opp saker som vedkjem eldre i fylket.

       Protokollen frå rådsmøtet skal fylgje saksdokumenta til dei fylkeskommunale organ som tek endeleg avgjerd i saka.

 

 

3.1.   Rådgjevande organ

 

§ 3 første ledd og § 7 første ledd

Eldrerådet skal vere eit rådgjevande organ for kommunen/fylkeskommunen, og skal kunne uttale seg om alle forslag som gjeld levekåra for eldre i kommunen/ fylkeskommunen.

Nokre kommunar har ønskt å sikre brukarmedverknad i plan- eller gjennomføringsprosessar ved at representantar for dei ulike brukargruppene, til dømes dei eldre, sit i prosjekt-, plan-, referansegrupper og liknande. Her kan deltaking frå eldrerådet vere aktuelt. Men slike ordningar er ikkje pålagt etter lov om kommunale og fylkeskommunale eldreråd.

 

3.2.   Sakene skal leggjast fram i god tid

§ 3 andre ledd og § 7 andre ledd

Alle saksdokument skal leggjast fram for rådet i god tid før kommunestyret/ fylkestinget skal behandle dei. Det same vil gjelde for saksdokument der eit anna folkevalt organ har kompetanse til å avgjere sakene.

For å sikre eldre større innverknad i saker som vedkjem dei, er det viktig at kommunane/fylkeskommunane legg sakene fram for eldrerådet på eit tidspunkt i sakshandsaminga der rådet har høve til å påverke sakene. Det følgjer av dette at kommunen/fylkeskommunen må rekne med saksførebuing og sakshandsaming i eldrerådet når den skal fastsetje tidspunkt for når saker skal handsamast i kommunestyret/fylkestinget.

I dei tilfella der saker skal førebuast av faste utval, kommunedelsutval og komitear før dei skal handsamast av kommunestyret/fylkestinget, kan det vere ønskeleg at eldrerådet får saksdokumenta til handsaming før dei førebuande organa handsamar sakene. Dette vil sikre at eldrerådet får reell innverknad ved at rådet kan kome med innspel tidleg i saksprosessen.

Sjølv i saker der det er lita tid, skal sakene som hovudregel leggjast fram for rådet. I hastesaker der kommunen følgjer regelen i kommunelova § 13, har kommunen/fylkeskommunen ikkje plikt til å leggje saka fram for eldrerådet.

 

3.3.  Saker som skal leggjast fram for rådet

§ 3 tredje og fjerde ledd og § 7 tredje og fjerde ledd

Kommunestyret /fylkestinget har ei plikt til å leggje alle saker som gjeld levekåra for eldre fram for eldrerådet. Rådet kan òg sjølv ta opp andre saker som vedkjem eldre i kommunen/ fylket, men lova gir ikkje eldrerådet høve til å krevje at kommunestyret/fylkestinget handsamar sakene vidare.

Hovudføremålet med lova er at eldrerådet skal behandle ymse overordna planar og vedtak. Eldrerådet er ikkje tiltenkt å skulle behandle saker som gjeld einskildpersonar. Dette vil rådet ofte heller ikkje ha høve til etter anna lovgjeving. Døme på sakstypar som skal leggjast fram for rådet er årsbudsjett, langtidsbudsjett og kommune- og fylkesplanar, tiltak og planar i helse- og sosialsektoren, bustadprogram, reguleringsplanar, samferdselssaker, kommunikasjonsplanar og kulturelle tiltak.

Kommunen og fylkeskommunen bør på egna måte trekkje inn eldrerådet i arbeidet med kommunal og fylkeskommunal planlegging etter plan- og bygningslova. Kommunen/fylkeskommunen  bør vurdere korleis dette best kan gjerast dette når dei organiserer kommunalplanarbeidet etter § 20-2 og fylkesplanarbeidet etter § 19-3. Eldreråd har elles inga samarbeidsplikt med kommunen etter § 9-3 slik ein del andre organ kan ha. Tilsvarande har fylkeskommunale råd inga slik plikt etter § 12-3.

 

3.4.   Møtebok

§ 3 fjerde ledd og § 7 femte ledd

Det skal førast møtebok over saker som er behandla av rådet. Møteboka skal innehalde dei same opplysningane som møtebøker frå andre kommunale eller fylkeskommunale organ. Ei utskrift frå møteboka skal følgje med saka til det organ som avgjer saka.

 

4.  Andre føresegner

§ 4. (Andre føresegner for kommunale eldreråd)

       Kommunen skal skipa høveleg sekretariathjelp for rådet.

       Eldrerådet har rett til å uttale seg før kommunestyret skipar sekretariat, vedtek budsjett for rådet, og gjev utfyllande reglar for saksførehavinga i rådet.

       Reglane i lov 25. september 1992 nr. 107 om kommuner og fylkeskommuner gjeld tilsvarande for verksemda i eldrerådet så langt ikkje anna går fram av denne lova.

       Eldrerådet skal kvart år utarbeide ei melding om verksemda si. Meldinga skal leggjast fram for kommunestyret.

 

§ 8. (Andre føresegner for fylkeskommunale eldreråd)

       Fylket skal skipa høveleg sekretariathjelp for rådet.

       Eldrerådet har rett til å uttale seg før fylkestinget skipar sekretariat, vedtek budsjett for rådet, og gjev utfyllande reglar for saksførehavinga i rådet.

       Reglane i lov 25. september 1992 nr. 107 om kommuner og fylkeskommuner gjeld tilsvarande for verksemda i rådet så langt ikkje anna går fram av denne lova.

       Eldrerådet skal kvart år utarbeide ei melding om verksemda si. Meldinga skal leggjast fram for fylkestinget.

 

 

4.1.  Sekretariathjelp og budsjett

§ 4 første og andre ledd og § 8 første og andre ledd

Kommunane/fylkeskommunane har etter lova plikt til å leggje tilhøva praktisk til rette for at eldreråda skal kunne kome med tilråding før det blir teke viktige avgjerder som vedkjem dei eldre i kommunen/fylkeskommunen. Det følgjer av dette at kommunen/fylkeskommunen skal syte for sekretariathjelp av eit slikt omfang at eldrerådet kan gjennomføra dei oppgåvene lova legg til dei. Det er i forarbeida til lova rekna med at arbeidet vil vere av eit omfang som vil krevje ein tredels stilling.

Verksemda til eldrerådet gjeld alle sektorane i kommunen/fylkeskommunen. Det er derfor ønskeleg at det blir teke omsyn til dette ved plasseringa av sekretariatet. Sekretariatet er ein del av den samla kommunale/fylkeskommunale administrasjon og er underlagt administrasjonssjefen innanfor dei rammer kommunestyret/fylkestinget fastset, jf. kommunelova § 23 nr. 1.

Eldrerådet har rett til å uttale seg før kommunestyret/fylkestinget avgjer organiseringa av sekretariatet. Det gjeld både kor sekretariatet skal leggjast, kva for arbeidsoppgåver det skal ha og kor stor stillingsprosent det skal ha.

Det er ein føresetnad etter lova at kommunestyret/fylkestinget skal løyve dei naudsynte midla til å dekkje drifta i rådet. Dette skal omfatte midlar til sekretariatsfunksjonen, arbeidsgodtgjersle (jf. kommunelova § 42) og dekkje naudsynte utgifter til skyss, kost og overnatting etter dei satsar kommunen har vedteke, jf. kommunelova § 41. Eldrerådet har rett til å uttale seg før kommunestyret/fylkestinget fattar endeleg vedtak om kommunebudsjettet.

Innan dei rammene kommunelova og budsjett- og rekneskapsforskriftene set, har kommunestyret/fylkestinget høve til å delegere budsjettmyndigheit til eldrerådet. Det kan skje ved at eldrerådet får ei rammeløyving å halde seg til eller ved ordinær delegasjon gjennom fullmakt.

Eldrerådet har og rett til å uttale seg før kommunestyret/fylkestinget fastset utfyllande reglar for sakshandsaminga i rådet.

 

4.2.   Aktuelle reglar i kommunelova

§4 tredje ledd, §8 tredje ledd

Så langt ikkje anna går fram av lov om kommunale og fylkeskommunale eldreråd, gjeld reglane i kommunelova tilsvarande for verksemda i eldrerådet. Særlig viktig for verksemda i eldreråde er reglane i kommunelova kap 6 om sakshandsamingsreglar i folkevalde organ og reglane i kap 7 om rettar og plikter for dei folkevalde.

 

4.3.   Årsmelding

§ 4 fjerde ledd og § 8 fjerde ledd

Eldrerådet skal laga ei årsmelding, som skal leggjast fram for kommunestyret/ fylkestinget. Kommunestyret/fylkestinget bør behandle årsmeldinga som ei eiga sak.

  

5.  Felles råd for eldre og menneske med nedsett funksjonsevne

 

§ 4 a (Skiping av felles råd med menneske med nedsett funksjonsevne)

       Kommunane kan vedta å opprette felles råd for eldre og menneske med nedsett funksjonsevne. Kommunestyra vedtek mandatet for og samansetjinga av råda. Ved val av representantar for eldre og menneske med nedsett funksjonsevne skal organisasjonane deira ha rett til å kome med framlegg. Leiaren og nestleiaren for rådet blir oppnemnde av kommunestyret. Elles gjeld reglane i denne lova og lov av om råd eller anna representasjonsordning i kommunar og fylkeskommunar for menneske med nedsett funksjonsevne m.m. så langt dei høver.

 

 

§ 8 a (Skiping av felles råd med menneske med nedsett funksjonsevne)

      Fylkeskommunane kan vedta å opprette felles råd for eldre og menneske med nedsett funksjonsevne. Fylkestinga vedtek mandatet for og samansetjinga av råda. Ved val av representantar for eldre og menneske med nedsett funksjonsevne skal organisasjonane deira ha rett til å kome med framlegg. Leiaren og nestleiaren for rådet blir oppnemnde av fylkestinga. Elles gjeld reglane i denne lova og lov av om råd eller anna representasjonsordning i kommunar og fylkeskommunar for menneske med nedsett funksjonsevne m.m. så langt dei høver.

 

Kommunen og/ eller fylkeskommunen kan vedta å opprette felles råd for eldre og menneske med nedsett funksjonsevne.

Skal ei representasjonsordning fungere godt, må ho ha legitimitet. Dersom menneske med nedsett funksjonsevne og eldre ikkje opplever å ha sterke nok felles interesser og dermed ikkje vil medverke til eit felles råd, så vil ikkje eit felles råd oppfylle formålet med lova. Departementet ser det som avgjerande for ordninga at både organisasjonane, etablerte frivillige råd for menneske med nedsett funksjonsevne og eldreråda vert høyrde før kommunen/fylkeskommunen tek stilling til kva for representasjonsordning dei skal ha.

Saksområdet for eit eventuelt felles råd vil være saker som er særleg viktige for menneske med nedsett funksjonsevne og alle saker som gjeld levekåra for eldre. Departementet viser til  rundskriv A-28/07 for omtale av saksområdet for råd for menneske med nedsett funksjonsevne. Departementet meiner at felles råd berre bør veljast i særskilde høve.

Kommunestyret og fylkestinget vedtek samansetninga av rådet, og fastset sjølv talet på representantar. Departementet rår til at aktuelle organisasjonar i kommunen/fylket får høve til å uttale seg når talet på rådsmedlemmer skal fastsetjast. Det er ein føresetnad i kommunelova § 10 nr. 3 at det og skal veljast varamedlemmer til rådet. Leiaren og nestleiaren for felles råd for eldre og menneske med nedsett funksjonsevne skal oppnemnast av kommunestyret/ fylkestinget.

Reglane om forholdstalsval i kommunelova gjeld ikkje ved val av felles råd for eldre og menneske med nedsett funksjonsevne. Etter § 36 nr. 2 i kommunelova skal kvart kjønn vere representert med minst 40 prosent dersom det er fleire enn fire medlemmer.

Oppnemninga av medlemmer skal gjelde for valperioden. Medlem av rådet kan søkje om fritak frå vervet før funksjonstida er ute når vedkommande ikkje “uten uforholdsmessig vanskelighet eller belastning kan skjøtte sine plikter i vervet”, jf. kommunelova § 15 nr. 2. Dårleg eller svak helse er eit døme på kva som kan vere fritaksgrunn.

 

6.  Andre relevante sakshandsamingsreglar

6.1.  Opent rådsmøte

Dersom ikkje anna følgjer av teieplikt fastsett i lov eller vedtak etter kommunelova

§ 31, skal møta i eldrerådet vere opne for alle. Møta må kunngjerast slik at dei som er interesserte kan få kjennskap til tid, stad og dagsordenen, jf. kommunelova § 32.

 

6.2.   Forvaltningslova

Det visast til at rådet ikkje skal handsame einskildsaker som gjeld personar. Av reglane i forvaltningslova vil det særleg vere fråsegnene i kap. 2 om ugilde som er aktuelle for medlemma av rådet/representasjonsordninga ved handsaming av saker, med dei særreglane som følgjer av § 40 punkt 3 i kommunelova.

 

6.3.   Offentleglova

Lov om rett til innsyn i dokument i offentleg verksemd (offentleglova) skal etter planen tre i kraft 1. januar 2008. Formålet med lova er mellom anna å leggje til rette for at offentleg verksemd er open og gjennomsiktig. Lova regulerer retten til innsyn. Inntil denne lova trer i kraft, gjeld lov om offentlighet i forvaltningen (offentlighetsloven).

 

6.4.   Plan- og bygningslova

Kommunen og fylkeskommunen bør på eigna måte trekkje inn rådet i arbeidet med kommunal og fylkeskommunal planlegging etter plan- og bygningslova, jf. plan- og bygningslova § 16-1 Samråd, offentlighet og informasjon der det bl.a. står at ”Berørte enkeltpersoner og grupper skal gis anledning til å delta aktivt i planprosessen”.

Kommunen/fylkeskommunen bør vurdere korleis dette best kan gjerast når dei organiserer kommuneplanarbeidet etter § 20-2 og fylkesplanarbeidet etter §19-3.

Med hilsen
Ulf Pedersen (e.f.)
ekspedisjonssjef

Øystein Haram
avdelingsdirektør