Forskrift om endring i Forskrift om skogfond o.a.

Fastsett av Landbruks- og matdepartementet 11. januar 2007 i medhald av §§ 8, 14, 15 og 16 i lov av 27. mai 2005 nr. 31 om skogbruk (skogbrukslova).

I

I Forskrift om skogfond o.a. fastsett 3. juli 2006 (FOR 2006-07-03 nr. 881) blir det gjort følgjande endringar:

§ 11 skal lyde:

§ 11 Formål skogfondet kan brukast til

Midlane frå skogfondet kan brukast til følgjande formål:

  1. Skogkulturtiltak, under dette planlegging, administrasjon og gjennomføring.
    1.1. Forynging og etablering av skog. Dette omfattar planting og såing, samt nødvendige for- og etterarbeid (markriving, vegetasjonskontroll, suppleringstiltak o.a.). Dette omfattar òg etablering av felt for juletre- og pyntegrøntproduksjon.
    1.2. Kvalitets- og produksjonsfremmande tiltak, bortsett frå i felt for juletre og pyntegrønt. Dette omfattar ungskogpleie, førehandsrydding for tynning, underskott ved tynning, stammekvisting, gjødsling, skadeførebyggjande tiltak, grøftereinsk og suppleringsgrøfting.
  2. Bygging, ombygging og opprusting av skogsvegar o.a. Dette omfattar utgifter til planlegging og bygging av nye skogsvegar og ombygging og opprusting av eksisterande skogsvegar, under dette velteplassar, som er godkjente etter den til kvar tid gjeldande forskrifta om planlegging og godkjenning av vegar for landbruksformål fastsett av Landbruks- og matdepartementet.
  3. Vedlikehald av skogsbilvegar som inngår i det permanente vegnettet, under dette velteplassar for skogsvirke. For årleg vedlikehald kan kostnader på inntil kr. 4,- pr. løpemeter godkjennast. Dette gjeld ikkje ved istandsetjing etter store skadar på vegen ved flom, ras eller andre uventa hendingar. Ved større vedlikehaldsprosjekt, der kostnaden overstig kr. 4,- pr. løpemeter, skal kommunen godkjenne bruk av skogfond før arbeidet blir starta opp.
  4. Miljøtiltak. Dette omfattar utgifter når det i samband med skogbrukstiltak blir teke konkrete miljøomsyn knytt til biologisk mangfald, landskapsverdiar, kulturminne og friluftsliv i område der det blir drive skogbruk.
  5. Skogbruksplanlegging med miljøregistrering. Dette omfattar utarbeiding og ajourføring av planar for skogforvaltning og anna næringsutvikling knytt til skogressursane, og tiltak for betre utnytting av planane, under dette kjøp av dataprogram for ajourføring.
  6. Investeringar i bioenergitiltak. Dette omfattar anlegg og utstyr, men ikkje faste utgifter, som blir brukte i produksjon av ferdig varme for levering. Investeringane og produksjonen skal vere knytt til eigedommen. Produksjonen må vere basert på råstoff frå eigedommen eller lokale skogressursar, og minst 75 prosent av produksjonskapasiteten må vere egna til å bli levert som ferdig varme til andre. Produksjon av ved og anna brensel basert på trevirke for levering, blir ikkje rekna som produksjon av vame. Kommunen skal godkjenne bruk av skogfond til bioenergitiltak før investeringane blir gjorde.
  7. Forsikring mot stormskadar og brann på skog.
  8. Kompetansehevande tiltak knytt til miljøomsyn, skogetablering og skogproduksjon, samt verdiskaping knytt til trebaserte produkt.
  9. Oppmerking av eigedomsgrenser og nødvendige handlangarutgifter ved jordskifte i skog.
  10. Meirverdiavgift.

For dei formåla som er nemnde i første ledd nr. 1-9 gjeld reglane om skattefordel fastsette i § 8-2 andre ledd bokstav a og b i Lov om skatt av formue og inntekt (skatteloven) med tilhøyrande forskrift. Det er ikkje skattefordel ved bruk av skogfondsmidlar til å dekkje meirverdiavgift etter første ledd nr. 10. For skogbruksplanar gjeld særskilde reglar knytt til avskrivinga, jf. § 8-2, andre ledd bokstav b i skattelova.

Dersom det på eigedommen er klare behov for foryngingstiltak eller ungskogpleie etter
1. ledd nr. 1, kan kommunen avgrense utbetalingar frå skogfondet til andre formål for å sikre nok midlar til å finansiere skogkulturinvesteringane.

II

Endringa trer i kraft med verknad frå og med året 2007.

Se forskriften på lovdata.no

Tilhørende lov

Til toppen