Forskrift om endring i forskrift om tilskot til avløysing

Fastsett av Landbruks- og matdepartementet 22. oktober 2007 med heimel i lov 12. mai 1995 nr. 23 om jord (jordlova) § 3 og § 18 og etter samråd med Norsk Bonde- og Småbrukarlag og Norges Bondelag.

I forskrift 8. november 2006 nr. 1227 om tilskot til avløysing blir det gjort følgjande endring:

§ 7 skal lyde:

Det kan gjevast tilskot dersom den personen som det vert søkt tilskot for er sjukemeldt frå arbeid i føretaket.

Når den det søkjast tilskot for har vore sjukemeldt i tilsaman 365 dagar dei tre siste åra, opphøyrer retten til tilskot. Tilskotet kan gjevast att når den som det vert søkt tilskot for har vore heilt arbeidsfør i 26 veker.

Ved delvis sjukemelding vert den maksimale dagsatsen for tilskotet og for føretaket redusert etter sjukemeldingsgraden.

II

Endringa trer i kraft frå og med 1. januar 2008.

Følgebrev av 30.10.2007

Se forskriften på lovdata.no

Tilhørende lov

Til toppen