Forskrift om endring i forskrift om tilskot til avløysing ved sjukdom og fødsel mv.

Fastsett av Landbruks- og matdepartementet 17.12.2018 med heimel i lov 12. mai 1995 nr. 23 om jord (jordlova) § 3 og § 18.

I

I forskrift 19.12.2014 nr 1821 om tilskot til avløysing ved sjukdom og fødsel mv. skal disse endringene gjøres:

§ 3 andre ledd skal lyde:

Den personen som det vert søkt tilskot for må ha hatt næringsinntekt frå jordbruk, gartneri mv. frå føretaket i dei to siste inntektsåra som vedkomande har fått skatteoppgjer for per 1. januar i det året avløysinga finn stad. Dersom personen ikkje er innehavar må inntekta ha vore minimum ½ G i gjennomsnitt per år. For nye innehavarar som per 1. januar enno ikkje har fått skatteoppgjer for dei to fyrste åra etter oppstart krevst i staden at jordbruks- eller gartneridrifta i føretaket er egna til å gje dei positiv næringsinntekt over tid.

II

Endringane trer i kraft frå 1. januar 2019.