Høring - Utkast til ny jordskiftelov

Status: Ferdigbehandlet

Høringsfrist: 15.01.2010

Resultat:

Landbruks- og matdepartementet sender med dette eit høyringsnotat med forslag til ny lov om jordskifte ut på høyring.

Vår ref.: 200901279-/TSA

Landbruks- og matdepartementet sender med dette eit høyringsnotat med forslag til ny lov om jordskifte ut på høyring.

Høyringsnotatet er lagt ut på: http://www.regjeringen.no/nb/dep/lmd/dok/horinger/horingsdokumenter/2009/horing---utkast-til-ny-jordskiftelov-.html?id=575898

Landbruks- og matdepartementet ber om uttaler  innan 15. januar 2010.

Vi ber om at uttalene blir sendt elektronisk til postmottaket@lmd.dep.no, eventuelt i papirversjon til  Landbruks- og matdepartementet, Postboks 8007 Dep, 0030 Oslo

Arbeidet med lovutkastet

Høyringsnotatet er utarbeidd av ei arbeidsgruppe, hovudsakleg med folk frå Landbruks- og matdepartementet, og med utgangspunkt i det mandatet som går fram av høyringsnotatet kapittel 3.1.

Arbeidet har blitt følgd opp av ei referansegruppe. Gruppa si samansetting og møteverksemd er beskriven i høyringsnotatet kapittel 3.3. Saksdokument og referat frå referansegruppemøta er lagt ut på: http://www.regjeringen.no/nb/dep/lmd/tema/landbrukseiendommer/jordskifte/jordskiftelovrevisjonen.html?id=446515

Arbeidsgruppa har i tillegg mottatt ei rekkje innspel om korleis lova bør bli, sjå høyringsnotatet kapittel 3.4. Arbeidsgruppa har m.a. vore til stades på fleire samlingar for jordskifterettsleiarar og jordskiftedommarar, og har mottatt ei rad innspel frå desse. I 2007 hadde medlemmer frå arbeidsgruppa også eit møte med førstelagmennene. I tillegg har arbeidsgruppa henta inn kunnskap om tilsvarande regelverk i Sverige. Ei samanfatting av dei svenske reglane er tatt inn som vedlegg 4. Domstoladministrasjonen er beden om å gjere særleg greie for administrative og organisatoriske konsekvensar av dei ulike forslaga til rettsmiddelordning. Utgreiinga er tatt inn som vedlegg 3.

Oversikt over innhaldet i høyringsnotatet

Den nye lova skal avløyse lov 21. desember 1979 nr 77 om jordskifte o.a. (jordskifteloven). Sida 1979 er det gjennomført ei rekkje enkeltståande endringar, slik at lova av mange no blir rekna som uoversiktleg. Arbeidsgruppa har gjort ei brei gjennomgang av lova. Gruppa har tatt sikte på å lage ei lov som er meir systematisk og lettare tilgjengeleg, ikkje minst for dei grunneigarane og bruksrettshavarane som kjem i kontakt med lova, samstundes som ein i all hovudsak vidarefører dei verkemidla jordskifterettane rår over etter gjeldande lov. I høyringsnotatet gjer gruppa nærare greie for forslaget til ny jordskiftelov og forslaga til endringar i andre lover med reglar som har samanheng med jordskiftelova.

Høyringsnotatet er delt inn i åtte kapittel. I kapittel 2 finn ein eit samandrag av dei viktigaste forslaga. I kapittel 3 er det gjort greie for arbeidet med høyringsnotatet, m.a. for mandatet og korleis arbeidet er gjennomført. I kapittel 4 er det gjort greie for jordskifteordninga slik ho var før lova frå 1979 og slik ho er i dag. I kapittel 5 er det gjort greie for arbeidsgruppa sine vurderingar og behovet for ny jordskiftelov. Kapittel 6 omhandlar dei administrative og økonomiske konsekvensane av forslaga. I kapittel 7 er det gitt merknader til dei enkelte kapitla og paragrafane. Vedlegga er samla i kapittel 8.

Oversikt over innhaldet i lovutkastet

Lovutkastet er delt inn i ni kapittel. Det er m.a. lagt opp til at det skal vere eit rimeleg klart skilje mellom kompetansereglar på den eine sida, og saksbehandlings¬reglar på den andre sida. Lovutkastet har litt fleire paragrafar enn gjeldande lov, men det er tydelegare kva dei nye reglane går ut på, og lovutkastet inneber dermed ei forenkling.

Kapittel 1 er gitt overskrifta ”Formålet med lova, virkeområde og nokre definisjonar”. Formålsparagrafen slår, i tillegg til formålet, fast dei grunnleggjande prinsippa for rettslege prosessar. Formålsparagrafen er tilpassa at jordskifteretten er ein særdomstol, med avgrensa oppgåver og at det ikkje er ein føresetnad for ei sak for jordskifteretten at det er tvist mellom partane. Utgangspunktet er at lova skal gjelde for all fast eigedom. Nokre omgrep som ein reknar med vil bli mykje brukt, blir definerte.

Kapittel 2 omhandlar organisatoriske spørsmål knytt til jordskifterettane, og er gitt overskrifta ”Jordskifterettane”. Arbeidsgruppa foreslår å endre reglane om retten si samansetting, slik at hovudregelen blir at jordskiftedommaren skal vere einedommar. Jordskifteoverretten blir borte. Arbeidsgruppa foreslår å erstatte ”allment løyve” med ein jordskiftedommar¬fullmektigordning. Jordskiftedommarane sine kvalifikasjonar skal vidare ikkje lenger vere bundne til utdanning ved eit bestemt universitet. Jordskiftedomstolane skal framleis ha nødvendig personale for å utføre det tekniske arbeidet og førebu sakene. Arbeidsgruppa vidarefører ikkje regelen om oppnemning av meddommarar frå to utval ved skjønn i samband med jordskifte. Når det gjeld retten sin samansetting, går arbeidsgruppa inn for at det skal vere mogeleg å veksle mellom jordskifte og skjønn utan at det skal vere nødvendig å starte opp saka heilt på nytt.

Kapittel 3 har overskrifta ”Jordskifte”. Kapitlet er delt inn i fire delar. I utkastet vil ein ikkje finne att den tungt tilgjengelege § 2 i gjeldande jordskiftelov. I staden inneheld kapittel 3 del II ein paragraf for kvart enkelt verkemiddel som fell inn under samleomgrepet jordskifte. Kapittelet inneheld kompetansereglane med avgrensingar og vilkår. Utkastet inneber elles ein meir bevisst bruk av m.a. jordskiftefaglege omgrep for å gjere lova lettare tilgjengeleg for alle brukarane av lova. Arbeidsgruppa foreslår at jordskifte også skal omfatte det å kunne opprette sameige. Arbeidsgruppa går vidare inn for å ta reglane om avskiping og omskiping ut av servituttlova, og erstatte dei med avløysing og endring etter jordskiftelova. Landbruks- og matdepartementet har etter ei nærare vurdering kome til at reglane om avskiping og omskiping framleis bør stå i servituttlova, sjølv om ein gjer dette til jordskifteverkemiddel slik arbeidsgruppa har foreslått.

Kapittel 4 har overskrifta ”Rettsutgreiingssak og grensesak”. Reglane i kapitlet er i hovudsak ei vidareføring av gjeldande reglar om rettsutgreiing og grensegang. Av nye ting er forslag om å innføre ein heimel til å halde rettsutgreiing for utomhusareal til eigarseksjonar. Det er tatt inn heimlar for dei eigedomstypane jordskifteretten kan halde grensesak for. Nytt er også at jordskifteretten skal kunne halde grensesak for anleggseigedom. Arbeidsgruppa foreslår å stramme inn på rommet for grensejustering i grensesak slik at det blir det same som den lokale matrikkelmyndigheita har.

Kapittel 5 er gitt overskrifta ”Skjønn”. Arbeidsgruppa foreslår nokre endringar med omsyn til bruken av omgrepet skjønn. Omgrepet blir foreslått brukt om dei meir tradisjonelle skjønnsmessige vurderingane. Jordskifteretten sin kompetanse til å halde avtaleskjønn er lagt til ein eigen paragraf (utkastet § 5-1). Tingretten sin kompetanse til å halde avtaleskjønn i dei tilfella som er nemnde i jordskifteloven § 6, blir ikkje rokka. Kompetansen jordskifteretten har til å halde skjønn etter jordskifteloven § 6 første og andre ledd, blir lagt til ein eigen paragraf (utkastet § 5-2). Skjønn etter veglova kapittel VII blir foreslått lagt til jordskifteretten aleine. Arbeidsgruppa foreslår at jordskifteretten skal halde skjønn etter beitelova. Den stadlege kompetanseavgrensinga ein finn i enkelte skjønnsheimlar, blir tatt bort. Jordskifteretten skal også vere aleine om å halde skjønn etter reindriftsloven § 70. Ein skal ikkje lenger kunne velje mellom tingrett og jordskifterett i slike tilfelle. Skjønn som jordskifteretten held i samband med jordskifte, skal gå etter jordskiftelova sine reglar, eventuelt supplert med reglar frå skjønnsprosesslova. Skjønn jordskifteretten held som eiga sak, går etter reglane i skjønnsprosesslova.

Kapittel 6 er gitt overskrifta ”Saksbehandlingsreglar”. I dette kapittelet finn ein saksbehandlingsreglar som er felles for alle sakstypar for jordskifterett. Arbeidsgruppa foreslår at tvisteloven, med visse unntak, blir gjort gjeldande så langt den passar. Saksbehandlingsreglane blir vidare gjort meir generelle i forhold til sakstypane for jordskifterett. I den grad det er nødvendig, blir dei supplerte med spesialreglar for den enkelte sakstypen. Arbeidsgruppa går også inn for at tvistelova sine reglar om forliksrådsbehandling ikkje skal gjelde i sak for jordskifteretten. Det skal heller ikkje gjelde krav om oppmålingsforretning forut for behandling av grensesaker. Arbeidsgruppa går vidare inn for å oppheve ordninga med fremmingsvedtak. Det jordskifteretten skal gjere, er å avvise saka dersom det blir klart at dei materielle vilkåra ikkje kan bli oppfylt. Arbeidsgruppa foreslår på den andre sida at gjeldande rett om å trekkje ei sak, blir ført vidare, men med den forskjell at verknadene blir knytt til protokollering av at realitetsbehandlinga har tatt til, ikkje til fremmingsvedtaket.

Kapittel 7 er gitt overskrifta ”Kostnader ved sak for jordskifterett”.  Gjeldande rett blir vidareført i stor grad. Partsgebyret blir ikkje vidareført. I staden kjem  gebyr for rettsmøtedag.

Kapittel 8 er gitt overskrifta ”Rettsmiddel”. Arbeidsgruppa foreslår ei endring av gjeldande ordning, slik at lagmannsretten blir einaste ankeinstans, men at retten blir sett saman ulikt alt etter kva for avgjerd som er kravd overprøvd. Arbeidsgruppa går elles inn for at løysinga med gjennomsyn blir behalde, og tilrår ikkje silingsføresegner basert på ankegjenstanden sin verdi i jordskiftesaker. For jordskiftesakene foreslår arbeidsgruppa at ankeinstansen skal prøve saka som ved overskjønn etter skjønnsprosesslova. Arbeidsgruppa har også utarbeid eit alternativt forslag der jordskifteoverretten blir oppretthalden, sjå vedlegg 2. Dette alternativet, som gruppa ikkje tilrår, er m.a. utarbeidd med sikte på å gje klarare reglar enn i dag om kva for instans som er ankeinstans i forhold til dei ulike avgjerdene jordskifteretten tar.

Kapittel 9 er gitt overskrifta ”Ymse føresegner”. I dette kapitlet foreslår arbeidsgruppa reglar om utbetaling av pengevederlag, skyldnad som ligg på ein eigedom for anlegg som er sett i verk med offentleg tilskott, og om meldeplikt etter lov 9 juni 1978 nr. 50 om kulturminner. Vidare har kapitlet reglar om jordskifteretten sin kompetanse til å ta avgjerder etter skogbrukslova og om straff for brot på reglane gitt i medhald av utkastet § 3-30. Kapitlet inneheld også utkast til nødvendige endringar i andre lover:

  • lov 13. august 1915 om domstolene (domstolloven).
  • lov 23. oktober 1959 nr 3 om oreigning av fast eigedom
  • lov 5. mai 1961 om grannegjerde 
  • lov 16. juni 1961 om ymse beitespørsmål
  • lov 21. juni 1963 nr 23 Veglov
  • lov 29. juni 1968 um særlege råderettar over framand eigedom
  • lov 12. desember 1975 nr 59 om dokumentavgift
  • lov 17. desember 1982 nr 86 om rettsgebyr
  • lov 15. mai 1992 nr 47 om laksefiske og innlandsfiske m.v.
  • lov 19. juni 1992 nr 59 om bygdeallmenningar
  • lov 19. juni 1992 nr 60 om skogsdrift m.v. i statsallmenningane
  • lov 15. juni 2007 nr 40 om reindrift (reindriftsloven)

Arbeidsgruppa har ikkje utarbeidd utkast til overgangsreglar eller reglar om ikraftsetjing. Dette er reglar departementet vil utarbeide i samband med lovproposisjonen.

Høyringsinstansane

Høyringsnotatet er send dei instansane som går fram av vedlagte adresseliste. Vi ber høyringsinstansane gjere eventuelle underordna organ som ikkje står på adresselista, merksame på høyringa. Vi ber også om at uttalene blir sett opp etter kapitla i lovutkastet, eventuelt med ei innleiing og avsluttande merknader.

 

Med helsing


Pål Vidar Sollie (e.f.)
ekspedisjonssjef
                                                                                             Henrik Valeur
                                                                                             underdirektør

Departementa
Fylkeskommunane
Fylkesmennene
Jordskifterettane
Jordskifteoverrettane
Kommunane
Lagmannsrettane

Avinor as
Den norske Advokatforening
Den norske Dommerforening
Direktoratet for naturforvaltning
Domstoladministrasjonen
Finnmarkseiendommen
Friluftsrådenes Landsforbund
Huseiernes Landsforbund
Innovasjon Norge
Jernbaneverket
Kommunenes Sentralforbund
Kystverket
Likestillingsrådet
Norges Bondelag
Norges Eiendomsmeglerforbund
Norges Ingeniør- og Teknologorganisasjon, NITO
Norges Jeger- og Fiskerforbund
Norges Jordskiftekandidatforening
Norges kart- og Landmålerforening
Norges Lensmanns- og Politilederlag
Norges Naturvernforbund
Norges Skogeierforbund
Norges Takseringsforbund
Norges vassdrags- og energidirektorat
NORSKOG
Norsk Almenningsforbund
Norsk Bonde- og Småbrukarlag
Norsk forening for landbruksrett
Norsk institutt for landbruksøkonomisk forskning
Norsk senter for bygdeforskning
Norsk Tjenestemannslag
Norske Reindriftsamers Landsforbund
Næringslivets Hovedorganisasjon
Opplysningsvesenets fond
Parat
Reindriftsforvaltningen
Riksantikvaren
Statens landbruksforvaltning
Sametinget
Statens kartverk
Statens landbruksforvaltning
Statskog SF
Tekna - Teknisk-naturvitenskapelig forening
Universitetet for miljø- og biovitenskap
Universitetet i Oslo
Universitetet i Bergen
Universitetet i Tromsø
Vegdirektoratet, Statens vegvesen

Til toppen