Høringssvar fra Samarbeidsforum for samferdsel Trøndelag og Møre og Romsdal

Dato: 29.09.2023

Felles uttale frå Samarbeidsforum for samferdsel Trøndelag og Møre og Romsdal til høyring om krav om nullutslepp av klimagassar frå ferjer og hurtigbåtar

Regjeringa har føreslått å innføre nullutsleppskrav til ferjer i 2023 og hurtigbåtar i 2025, og forslaget til forskrift er no ute på høyring. Det er Samferdselsdepartementet i samarbeid med Klima- og miljødepartementet som har utarbeida forslag til forskrift med krav om nullutslepp av klimagassar frå ferjer og hurtigbåtar. Høyringsfrist er 1. oktober i år.

Samarbeidsforum for samferdsel Trøndelag og Møre og Romsdal vil støtte målsettinga med forskrifta, men har innspel til utforminga og finansieringa. Det er uklart om forskrifta skal bidra til «null utslepp» eller «nullutsleppsteknologi», sidan departementet skriv i forslaget at dei meiner at det berre bør opnast for unnatak utanom ordinær drift. Forumet meiner det bør opnast for at hybridelektriske løysingar kan vere relevante, spesielt i samband som har ein viktig beredskapsfunksjon. Enkelte samband er meir utsette for vær og vind. Dette aukar energibehovet, spesielt i vinterhalvåret. Dette, saman med overfartsdistanse, rutefrekvens og kapasitet i straumnettet, gjer at det for ei rekke samband er mest aktuelt med hybridelektrisk drift.

Fylkeskommunane er uansett avhengig av føreseielege økonomiske rammevilkår og finansiering av tiltak som allereie er gjennomført eller skal gjennomførast. Det forventast difor at Samferdselsdepartementet har dialog med fylka om kostnadene. I samband med det syner vi til ein fersk rapport frå Menon om kostnader ved utsleppsfrie ferjer og hurtigbåtar, som eit utgangspunkt for vidare dialog om økonomisk kompensasjon.

Oppsummert har forumet følgande tilbakemelding:

- Vi støttar eit krav om nullutsleppsløysingar for båt og ferje. Kravet bør vere heimla i anskaffingsforskrifta, ikkje skipssikkerheitslova. Ein legg til grunn at dieseldrift er tillaten for å opprettehalde beredskap og open veg, også ved nedetid i nullutsleppsløysinga.

- Vi ber regjeringa vurdere å utforme bestemmelsar slik at hybridelektriske løysingar er eit alternativ der tekniske og økonomiske tilhøve tilseier det.

- Vi ber om forslag til konkretisering av om og under kva vilkår andre type energibærarar, som til dømes biogass, ammoniakk og syntetiske drivstoff basert på produksjon med fornybar energi kan nyttast.

- Vi ber om at fylkeskommunane får føreseieleg kompensasjon for nullutsleppskravet i tråd med politiske lovnader i Hurdalsplattformen, og at kompensasjonen bygger på realistiske kostnadsestimat for dei teknologiske løysingane ein stiller krav om og vil ha tilbakeverkande kraft for nullutsleppsløysingar som vart innført før forskrifta trår i kraft.

- Vi føreset at staten meir aktivt finansierer og forenklar utbygginga av elektrisk overføringsnett og produksjon av alternative energiberarar til elektrifisering av transportsektoren.

- Vi oppmoder til sterkare statleg støtte til innovasjonsprosjekt, som til dømes ZEVS og Fremtidens hurtigbåt, for å drive teknologiutviklinga vidare.

Med venleg helsing

Kristin Sørheim

leiar av samferdselsutvalet i Møre og Romsdal fylkeskommune

Hallgeir Grøntvedt

leiar av hovedutvalg for vei i Trøndelag fylkeskommune

Vedlegg