Høringssvar fra Vestlandsrådet

Dato: 29.09.2023

1. Vestlandsrådet støttar kravet om nullutsleppsløysingar for båt og ferje. Kravet bør vere heimla i anskaffingsforskrifta, ikkje skipssikkerheitslova. Ein legg til grunn at dieseldrift er tillaten for å opprettehalde beredskap, og ved nedetid i nullutsleppsløysinga.

2. Vestlandsrådet ber regjeringa vurdere å utforme unntaksreglar slik at hybridelektriske løysingar er eit alternativ der tekniske og økonomiske tilhøve tilseier det.

3. Vestlandsrådet ber om føreseieleg kompensasjon for nullutsleppskravet til fylkeskommunane i tråd med føresetnadene i Hurdalsplattformen til regjeringa. Kompensasjonsordninga må byggje på realistiske kostnadsestimat for dei teknologiske løysingane det vert stilt krav om. Rammevilkåra må vere kjend når fylkeskommunane førebur anskaffingar, men også ha tilbakeverkande kraft for nullutsleppsløysingar som vart og vert innført før forskrifta trår i kraft, slik at fylkeskommunane ikkje må stoppe den allereie pågåande overgangen til nullutsleppsløysingar.

4. Vestlandsrådet føreset at staten meir aktivt finansierer og forenklar utbygginga av overføringsnett og produksjon av alternative energiberarar til elektrifisering av transportsektoren.

5. Vestlandsrådet ber om statleg støtte til innovasjonsprosjekt, som til dømes Fremtidens hurtigbåt, for å drive teknologiutviklinga vidare.

Vedlegg