Høringssvar fra Fylkesmannen i Rogaland

Dato: 05.05.2020

Høyringssvar mellombels forskriftsendring i reglar om fråværsføring frå og med 13. mars og ut skuleåret 2019/2020

Fylkesmannen i Rogaland støttar ei mellombels endring av reglane for fråværsføring og handheving av fråværsgrensa på 10 %/15 % for rett til vurdering. Det vil vere vanskeleg for den einskilde skole å halde oversikt over fråvær og deltaking når mykje av opplæringa vert gjeven som heimeundervisning.