Høyring Forslag til nye forskrifter om barnehageverksemd og og grunnskole og vidaregåande opplæring i Longyearbyen

Kunnskapsdepartementet har høyring om nye reglar for barnehageverksemd, grunnskole og vidaregåande opplæring i Longyearbyen på Svalbard. Departementet foreslår to nye forskrifter: forskrift om barnehageverksemd i Longyearbyen og forskrift om grunnskoleopplæring og vidaregåande opplæring i Longyearbyen. Forslaga er utarbeidde med utgangspunkt i norsk svalbardpolitikk, slik han går fram av Meld. St. 32 (2015–2016) Svalbard. Det er viktig at barn og unge i Longyearbyen har eit barnehage- og skoletilbod av god kvalitet og at tilbodet kan danne grunnlag for deira vidare utdanning og arbeidsliv. Samstundes krev svalbardpolitikken at tilbodet og rettane i Longyearbyen er avgrensa samanlikna med i Fastlands-Noreg. Høyringsnotatet uttrykk ei balanse mellom disse omsyna.

Status: På høring

Høringsfrist: 15.08.2021

Vår ref.: 21/1751

Høyring om forslag til nye forskrifter om barnehageverksemd og grunnskole og vidaregåande opplæring i Longyearbyen

Kunnskapsdepartementet sender på høyring nye reglar for barnehageverksemd, grunnskole og vidaregåande opplæring i Longyearbyen. Regjeringa har i Meld. St. 32 (2015–2016) Svalbard lova å gjere ei gjennomgang av rekkevidda til barnehagelova og opplæringslova på Svalbard.

I høyringsnotatet foreslår departementet to nye forskrifter:

  • forskrift om barnehageverksemd i Longyearbyen
  • forskrift om grunnskoleopplæring og vidaregåande opplæring i Longyearbyen

Høyringa er lagt ut på regjeringen.no og er open for alle. Vi ber dykk sende oss høyringssvar elektronisk ved å nytte den digitale løysninga for høyringssvar på www.regjeringen.no/id2839428 . Vi ber dykk sende høyringa vidare til dykkar underordna verksemder om det er relevant.

Høyringsfristen er 15. august 2021.

Forslaga i høyringsnotatet er utarbeidde med utgangspunkt i norsk svalbardpolitikk, slik han går fram av Meld. St. 32 (2015–2016). Det er viktig at barn og unge i Longyearbyen, har eit barnehage- og skoletilbod av god kvalitet og som kan danne grunnlag for deira vidare utdanning og arbeidsliv. Samstundes krev svalbardpolitikken at tilbodet og rettane der er betydeleg avgrensa samanlikna med i Fastlands-Noreg.

Høyringsnotatet uttrykk ei balanse mellom disse omsyna, og legg til rette for at barn og unge i Longyearbyen har eit godt, men tydeleg avgrensa, tilbod.

Departementet tek sikte på at dei nye forskriftene kan tre i kraft 1. januar 2022.

 

 

Med helsing 


Kristin Ryan (e.f.)
avdelingsdirektør                                                     Clara Hasselberg 
                                                                                     seniorrådgjevar 

  • Departementa
  • Barneombodet
  • Foreldreutvalget for barnehager (FUB)
  • Foreldreutvalget for grunnopplæringen (FUG)
  • Likestillings- og diskrimineringsombodet
  • Norges nasjonale institusjon for menneskerettigheter
  • Sametinget
  • Sivilombudsmannen
  • Statens råd for likestilling av funksjonshemmede
  • Statped
  • Statsforvaltaren i Troms og Finnmark
  • Sysselmannen på Svalbard
  • Utdanningsdirektoratet

  • Longyearbyen lokalstyre
  • Troms og Finnmark fylkeskommune

  • Dysleksi Norge
  • Elevorganisasjonen
  • Fagforbundet
  • Hørselshemmedes Landsforbund
  • KS
  • Norsk Lektorlag
  • Redd Barna
  • Samarbeidsforumet av funksjonshemmedes organisasjoner
  • Skolelederforbundet
  • Skolenes landsforbund
  • Unge funksjonshemmede
  • UNICEF Norge
  • Utdanningsforbundet