Høringssvar fra Sel kommune

Dato: 02.10.2023

Vedtak fra Sel kommunestyre 25.09.2023:

· Kommunestyret ser det som viktig at generalistkommuneprinsippet blir vidareført, og at oppgåvedifferensiering ikkje blir brukt som eit tiltak/verkemiddel for å løyse utfordringane som kommunar står overfor.

· Kommunestyret ser det som viktig at eventuelle kommunesamanslåingar er basert på frivilligheit.

· Kommunestyret støttar utvalet si tilråding om at oppgåveansvar ikkje blir flytta bort frå kommunar og over til fylkeskommunar eller staten.

· For å imøtekomme utfordringar med rekruttering, mangel på kapasitet og kompetanse kan interkommunalt samarbeid vere eit alternativ.

· Interkommunalt samarbeid kan vere utfordrande å styre på ein god måte (dette på grunn av demokratisk underskot), men kan bidra til å styrke fagmiljø og redusere sårbarheit i kommunane sin tenesteproduksjonen og aukande krav til kompetanse.

· Kommunane må sikrast større friheit i oppgåveløysing og mindre statleg styring.

· Det må avklarast kva som er meint med rettleiingsoppgåvene til fylkeskommunen overfor kommunane.

· Sel kommunestyre meiner god tilrettelegging for bustadbygging i heile landet er særs viktig. Statlege ordningar som i større grad legg til rette for nybygging i område der byggekostnaden er større enn marknadsverdien, vil vere viktig får å oppretthalde busetting i heile landet.

Utvalet meiner det er spesielt viktig at staten har eit særskilt fokus på dei mest perifere og sårbare kommunane i nord. Sel kommunestyre meiner at staten også må ha fokus på innlandskommuner med store samfunnsmessige utfordringer. Tilgang på ressursar er viktig for at kommunane kan gje innbyggjarane likeverdige tenester, og at kommunar kan halde fram som generalistkommunar.