Høringssvar fra Hareid kommune

Dato: 07.09.2023

Høyringsuttale om generalistkommune- systemet frå Hareid kommune

Vedteke i Hareid formannskap 4. september 2023 sak 81/23

Innleiing

Hareid kommune støttar i det vesentlegaste tilrådingane til fleirtalet slik desse går fram av punkt 1.6 i høyringsnotatet. Kommunen sluttar seg i det vesentlegaste også til høyringsuttalen frå KS. Hareid kommune gir i det følgjande nokre overordna kommentarar til utgreiinga.

Hareid kommune er samd med utvalet si tilråding om at generalistkommuneprinsippet skal vidareførast, og at oppgåvedifferensiering ikkje er eit tiltak som vil løyse utfordringane i dagens kommunar.

Generelt meiner Hareid kommune at kommunane vil ha best føresetnader for å levere gode og likeverdige tenester under generalistkommunesystemet i framtida dersom bemanninga i kommunane vert oppretthalde, oppgåvemengda vert redusert, strukturen vert forenkla og økonomien vert styrka.

Utvalet vart sett ned av førre regjering, og det vert spennande å sjå korleis denne regjeringa vil følgje opp rapporten.

Utvalet erfarer at generealistkommunane fungerer i hovudsak bra, men det er utfordringar. Ingen kommunar tilfredsstiller alle lovkrav, lovoppfylling varierer mellom 50 og 99%.Di færre innbyggarar og meir usentral, di lågare grad av lovoppfylling. Vi har 163 kommunar som har under 5000 innbyggjarar.

Kommunane er best som tenesteytarar. Myndigheitsrolla er det stor variasjon på, og det handlar om mangel på juridisk kompetanse. Her er store forskjellar på samfunnsutviklarrolla. Dette er gjennomgåande dårlegare i små kommunar. Dette påverkar også politikarrolla der dei folkevalde ikkje får godt nok grunnlag for å drive politikk. Rolla som lokaldemokratisk aktør og arena er krevjande. Hovudproblemet er mangel på kapasitet og kompetanse

Utvalet peiker på nokre utfordringar. Dette er demografi, endring i inntekter, klima- og naturendringar, samfunnstryggleik og beredskap, utanforskap og press på demokratiet.

Har du innbyggjarar med god inntekt har du betre vilkår som kommune. Dette gir store og urimelege variasjonar både mellom små og store kommunar.

Hovudfunnet er at dagens system er under press. Mangel på personell og kompetanse er hovudårsaka. Det er behov for tiltak for å styrke kommunane til å møte utfordringane.

Utvalet foreslår:

< ikkje oppgåvedifferensiering då alle innbyggjarane må ha like tenester

< ikkje flytting av oppgåver

< at det må vere ein aktiv politikk for større kommunar. Her er det dissens i utvalet. Dei har ikkje diskutert ein minstestørrelse.

< Å drive meir aktiv politikk for samarbeid. Dei store kommunane har samarbeid, men mange av dei små har det ikkje.

< Å endre statleg styring. Det må vere lokalt handlingsrom. Staten må vere tilretteleggjar

< å utgreie ei oppfølgingsordning for kommunar med store utfordringar – dissens, men fleirtal

< Tilstrekkelege økonomiske rammer

< Vekt på god styring og leiing som ein avgjerande faktor

< Tiltak knytt til store utfordringar for små kommunar med lang avstand

< At fylkeskommunen si rettleiingsrolle må gjerast tydelegare

< At hovudansvaret for samfunnsplanlegging og arealplanlegging skal ligge hos kommunane

Større kommunar

Målsetninga må vere at alle kommunar skal gi gode og likeverdige tenester. Dette let seg vanskeleg gjere med dagens kommunestruktur, då kommunane har ulike føresetnader, for eksempel når det gjeld økonomi, fagmiljø og rekruttering. Med sine 5166 innbyggarar er Hareid kommune å rekne som ei mellomstor norsk kommune. Heile 163 kommunar er mindre enn dette. Sjølv med ei sentral plassering og 5000 innbyggjarar er det utfordrande å drifte tenestene i tråd med lov- og regelverk.

Hareid kommune ynskjer å oppretthalde generalistkommuneprinsippet og styrke generalistkommunane. Dei økonomiske insentiva bør evaluerast med sikte på å avdekke svakheiter og forbetringspunkt i ordningane.

Interkommunale samarbeid

Interkommunale samarbeid er ei mogelegheit for å forbetre kvaliteten og effektiviteten i kommunane, og er nødvendig innanfor dagens kommunestruktur.

Det er likevel ulemper med interkommunale samarbeid, som at samarbeida kan svekke den politiske styringa. Det er heller ikkje alltid tilfellet at slike samarbeid styrkar fagmiljøa i kommunen, men at fagmiljøa på det aktuelle området vert flytta ut av kommunen.

Interkommunale samarbeid kan også skape utfordringar og avstand når det gjeld samhandlingskvaliteten mellom kommunen og det interkommunale samarbeidet. Interkommunale samarbeid kan også komplisere tverrfagleg samarbeid med tenesteområde innad i kommunen, slik det også går fram av utgreiinga s. 208 kapittel 11.7. Ei anna utfordring med dei interkommunale samarbeida er at dei minste kommunane sjeldan er vertskommunar. Sjølv om vi er positive til meir omfattande og langsiktige interkommunale samarbeid i faste konstellasjonar, ser vi ikkje at slike samarbeid åleine kan styrke generalistkommunesystemet i tilstrekkeleg grad.

Reduksjon av statleg detaljstyring og staten som meir aktiv tilretteleggar

Hareid kommune støttar også utvalet sin konklusjon om at statleg detaljstyring bør reduserast. Kommunen stiller her spørsmål ved i kva grad denne konklusjonen tek opp i seg at rettigheitslover er ei utfordring. Dette ettersom kommunane ikkje har tilstrekkeleg med ressursar til å levere tenester på det nivået vi har i dag, ut frå den venta demografiske utviklinga.

Det er nødvendig med ei avgrensing av prosessar og rapporteringskrav til det nødvendigaste, samt at kommunane får ei oversikt over alle lov- og forskriftskrav, slik utvalet føreslår. Dette løyser likevel ikkje ressurssituasjonen i kommunane.

Det vil vere ein fordel med eit meir omfattande samarbeid om ein nasjonal digital infrastruktur, og staten som ein meir aktiv tilretteleggar i det høve.

Tydeleggjering av fylkeskommunen si rolle

Hareid kommune er usikker på om det er føremålstenleg å bruke ressursar på å auke den praktiske bistanden til kommunane frå fylkeskommunen, slik føreslått av utvalet. Vi meiner at kommunane sin eigen kapasitet og kompetanse bør styrkast så langt det let seg gjere, gjennom for eksempel ein styrka kommuneøkonomi.