Høringssvar fra Samnanger kommune

Dato: 21.09.2023

Samnanger kommune sluttar seg til utvalet sine vurderingar om at generalistkommunesystemet er under aukande press, stør utvalet si tilråding om å halda på generalistkommunesystemet og deler utvalet si vurdering av at oppgåvedifferensiering mellom kommunane ikkje er tilrådeleg.

I samband med kommunereforma for nokre år sidan vart det gjennomført ei rådgjevande folkerøysting i Samnanger kommune, der eit klårt fleirtal ynskte at Samnanger framleis skal stå som eigen kommune. Samnanger kommune vil difor uttrykkja ei uro over at utvalets fleirtal peiker på større kommunar som det tiltaket som best opprettheld generalistkommunesystemet, og vil peika på at små kommunar på dei fleste område har dei same føresetnadene for å lukkast med å gje god kvalitet i tenestene. Det er eit viktig demokratisk prinsipp at nye kommunesamanslåingar kjem frå folkedjupet, og det er ei overkøyring av lokaldemokratiet om staten også i framtida legg opp til eit straff- og belønningssystem for å tvinga fram større kommunar. Små kommunar har også føremoner i form av liten avstand mellom innbyggjarane og dei folkevalde og tenester nær folk.

Samnanger kommune sluttar seg derimot til utvalet sine tilrådingar når det gjeld endra statleg styring, med redusert detaljstyring og ei meir aktiv tilretteleggjarrolle for at alle kommunar skal kunna vareta lovpålagte oppgåver. Det må blant anna innebera å leggja til rette for gode samarbeid mellom kommunane, statsforvaltar og fylkeskommunar.

Som utvalet peiker på, kan små og spesialiserte tenester — t.d. renovasjon, brannvesen og IKT — som krev eit visst fagmiljø vera utfordrande i mange kommunar. Samnanger kommune deler samstundes utvalet si vurdering av at det ville vera lite treffsikkert å flytta slike oppgåver vekk frå kommunane, då det vil påverka både kommunane sitt breie oppgåveansvar og den folkevalde styringa.

I møte med denne utfordringa vil interkommunale samarbeid ofte vera ei god løysing. Gode samarbeid på tvers av kommunegrenser vil vera naudsynte også frametter, og kan bidra til å løysa mindre kommunar sine utfordringar knytt til kapasitet og rekruttering av rett kompetanse.

Det kan samstundes vera fleire utfordringar knytt til slikt samarbeid, blant anna kan dei gjera det vanskelegare å gjera politiske prioriteringar på tvers av oppgåver og tenester, og det kan gje mindre gjennomsiktigheit og svekkja demokratisk styring og kontroll. Samnanger kommune sluttar seg til utvalet si vurdering av at faste, langsiktige samarbeid med faste partnarar kan gjera det enklare og betre å samarbeida, og sluttar seg til utvalet si vurdering av at ein samarbeidsmodell særleg tilpassa slike samarbeid også bør vera lovheimla.

Samnanger kommune vil også understreka viktigheita av tilstrekkelege og føreseielege økonomiske rammer, i form av frie inntekter, for ivaretaking av generalistkommunesystemet. Både eit rettvist inntektssystem tilpassa kommunestorleiken og kompensasjon for naturressursar som vert avsett til storsamfunnet, er viktig for dette.

Vedlegg