Høyringssvar frå Volda kommune v/eigedomsskattekontoret

Dato: 30.06.2019

Vi ønskjer ei klargjering på om vi kan følgje vår vedtekne økonomiplan når det gjeld skattesats for eigedomsskatt.

Vårt konkrete døme gjeld for Volda kommune og Hornindal kommune som skal slåast saman til nye Volda kommune 1.1.2020. Volda har i dag eigedomskatt på all eigedom med skattesats på 2,0 promille. Hornindal har ikkje eigedomsskatt. I gjeldande økonomiplan for gamle Volda kommune ligg det inne skattesats på 3,0 promille frå 2021, men ingen meir auke i 2022. Det betyr at skattesatsen vil vere harmonisert i løpet av 3 år og vere 3,0 promille for begge dei gamle kommunane i 2022.

Det står i høringsnotatet at harmoniseringa skal skje raskast mogleg og at det ikkje er mogleg å oppjustere satsen siste året i overgangsperioden. Samstundes står det i anmodningsvedtaket frå Stortinget at regjeringa skal kome med eit lovforslag som gir kommunar som slår seg saman til ein ny kommune føreseielegheit for eigedomsskatteinntektene.

Auken i skattesatsen har i fleire år vore inne i økonomiplanen til gamle Volda kommune. Det er planlagt store utbyggingsprosjekt som må utsettast om ein ikkje kan auke eigedomsskatten som planlagt. Til dømes er det planlagt bygging av ny svømmehall og ny ungdsomsskule. Svømmehallen er i dag stengt og ein slit med å oppfylle krava i opplæringslova til forsvarleg symjeundervisning. Ungdomsskulen er gamal med dårleg inneklima og skal rivast. Det gir lite føreseielegheit for oss om ikkje vi kan auke skattesatsen og da ikkje gjennomføre prosjekt som planlagt.

Ut frå sjølve lovforslaget meiner vi at gjeldande økonomiplan for Volda kommune kan verte gjennomført som planlagt sidan:

  • Overgangsperioden vert på 3 år
  • Overgangsperioden vert nytta til å samordne skattesatsane
  • Det er ikkje lagt opp til større auke enn 1,0 promille per år
  • Auken vil starte første året og fordelast jamnt over heile overgangsperioden
  • Første året etter utløpet av overgangsperioden vil eigedomsskatten vere lik, 3 promille, i heile kommunen.
  • Sjå tabell som viser planlagt harmonisering og jamn auke i skattesatsen:

Volda

Hornindal

2020

2,0

1,0

2021

3,0

2,0

2022

3,0

3,0

Vi meiner at dette er i tråd med sjølve lovforslaget og ikkje minst intensjonen om føreseielegheit, harmonisering og jamn auke av skattesatsane, men ønskjer altså ei klargjering av dette.

Mvh

Eigedomsskattekontoret i Volda kommune v/Jørgen Vestgarden