Høyringsnotat om lovfesting av plikt for kommunane til å tilby dagaktivitetstilbod til heimebuande personar med demens
Høyring | Dato: 12.10.2018 | Helse- og omsorgsdepartementet
Helse- og omsorgsdepartementet sender i dag på høyring eit framlegg om å lovfeste ei plikt for kommunane til å tilby dagaktivitetstilbod for heimebuande personar med demens. Dagaktivitetstilbod gjev meining, meistring og gode opplevingar for den einskilde og avlasting for dei pårørande. Ein av dei største utfordringane vi står overfor som følgje av auken i levealder og den endra alderssamansetjinga, er at talet på personar med demenssjukdomar også vil auke. Ei lovfest plikt for kommunane til å tilby dagaktivitetstilbod for heimebuande personar med demens vil bidra til å møte desse utfordringane.