Klage på avslaget frå Norsk kulturminnefond på søknaden om tilskott til prosjektet sommarfjøs i Rollag kommune, Buskerud

Saken gjeld eit sommarfjøs på garden Godstad. Det ligg i skogbrynet, om lag 150 meter frå gardstunet. Det utgjer ein viktig del av heilheten i kulturlandskapet. Eigaren søkte om støtte til fleire tiltak, til å montere ein ny midtstolpe under ein golvsvill, ny taktroe, takrenner langs austsida av taket og til å skøyte inn delar av laftestokkar og to nye lafteknutar. I vurderinga av søknaden viser kulturminnefondet til at fjøset står i utkanten av tunet, men er ein viktig del av heilheten. Dei understrekar at det er prisverdig at søkjaren ønskjer å sette i stand sommarfjøset på Godstad. Vidare viser fondet til at dei har avgrensa økonomiske middel som skal fordelast med omsyn til geografi, type kulturminne og ulike målgrupper blant søkjarane. På grunn av ein stor søknadsmengde, må dei prioritere strengt. Etter ei konkret vurderinga av saka, fann dei ikkje grunnlag for å prioritere ho, og søknaden blei avslått. Klima- og miljødepartementet har stadfesta avslaget.

Klima- og miljødepartementet viser til klagen frå 3. april 2018 på Norsk kulturminnefond sitt vedtak datert 7. februar 2018 om å avslå søknaden om tilskott til å utbetre sommarfjøset på garden i Rollag kommune.

Klima- og miljødepartementet har vurdert alle sidene ved saka og har, etter ei samla vurdering, kome til at det ikkje ligg føre feil ved rettsbruken eller ved saksbehandlinga, feil som kan ha verka inn på innhalde i vedtaket, jf. forvaltningslova paragraf 41. Departementet har heller ikkje nokre merknadar til kulturminnefondet si skjønnsutøving i saka. Klima- og miljødepartementet har derfor ikkje funne grunn til å gjere om Norsk kulturminnefond sitt vedtak av 7. februar 2018.

Klagen blir ikkje tatt til følgje.

Bakgrunn

Saka gjeld eit sommarfjøs på garden Godstad. Det ligg i skogbrynet, om lag 150 meter frå gardstunet. Det utgjer ein viktig del av heilheten i kulturlandskapet. Eigaren søkte om støtte til fleire tiltak, til å montere ein ny midtstolpe under ein golvsvill, ny taktroe, takrenner langs austsida av taket og til å skøyte inn delar av laftestokkar og to nye lafteknutar. Han søkte om 62 000 kroner i støtte, noko som utgjer 39,8 prosent av den totale finansieringa på 160 000 kroner. Eigendelen var ført opp med 50 000 kroner, 31,2 prosent av totalsummen. I tillegg har eigaren søkt om 48 000 kroner i smil-tilskott.

Eigaren har også i 2015 søkt om tilskott til den same bygninga. Den gongen blei søknaden avslått. I 2008 fekk han tilskott til ei kjellerbru, og i 2015 til eit lite stabbur på garden. Til saman har han fått 87 500 kroner i støtte til desse tiltaka. I denne søknadsrunden søkte han også om 20 000 kroner i støtte til eit stabbur.

Eigaren viser at han prøver å følgje opp vurderinga som kulturminnefondet gav i avslaget på den førre søknaden. Han peikar også på at det er viktig å ta vare på huset og at mange slike sommarfjøs i dalen har falle ned.

Han vil bruke gammal teglstein på taket, av det same slaget som den som ligg på dei andre, gamle husa på garden.

I vurderinga av søknaden viser kulturminnefondet til at fjøset står i utkanten av tunet, men er ein viktig del av heilheten. Dei understrekar at det er prisverdig at søkjaren ønskjer å sette i stand sommarfjøset på Godstad. Vidare viser fondet til at dei har avgrensa økonomiske middel som skal fordelast med omsyn til geografi, type kulturminne og ulike målgrupper blant søkjarane. På grunn av ein stor søknadsmengde, må dei prioritere strengt. Etter ei konkret vurderinga av saka, fann dei ikkje grunnlag for å prioritere ho, og søknaden blei avslått.

Klagaren sine merknadar, mottatt av kulturminnefondet 3. april 2018

Klagaren meiner til at tiltaka som er beskrive i saksframstillinga ikkje stemmer heilt med det som stod i søknaden. Han meiner at det ikkje kjem fram at hovudtiltaket var å skifte ut heile taket. Vidare grunngjev han kvifor han øskjer å ta vare på sommarfjøset. Han viser til at det står som eit ekte minne frå si tid. Dersom det rotnar og dett ned, kan det ikkje erstattast. Vidare peikar han på at garden er så liten at etterkomarane kan måtte ty til ulike løysingar for å greie seg og for å hindre at garden blir lagd ned. Blant slike løysingar peikar han på anna inntekt, utleige av husvære, rekreasjonsstad for eldre, opplæringsstad for yngre, gardsturisme, auka vedproduksjon, hardføre husdyr og dyrking av hagebær, og han meiner at Godstad da vil bli for liten utan dei gamle husa. På dette grunnlaget håper han at kulturminnefondet vil vurdere søknaden på nytt.

Norsk kulturminnefondet sine merknadar, jf oversendinga datert 20. juni 2018

Kulturminnefondet viser til at gardsbruket er verneverdig og at sommarfjøset har verdi som ein del av tunet i innmarka. Dei viser vidare til at eigaren har tenkt å nytte huset i utviklinga av garden. På bakgrunn av det blei søknaden prioritert høgt da den ble behandla.

Vidare viser fondet til at dei skal styrke arbeidet med å ta vare på verneverdige kulturminne over heile landet, noko som tyder at fondet må prioritere strengt på grunn av ein stor mengde søknadar og avgrensa økonomiske middel. I ei slik prioritering nådde ikkje denne søknaden opp.

Etter ei ny, konkret vurdering av alle sidene av saka, har ikkje fondet funne grunnlag for å gjere om på vedtaket. Klagen blir ikkje tatt til følgje.

Klima- og miljødepartementet sine merknadar

Etter den gjeldende forskriften for Norsk kulturminnefond paragraf 14, kan vedtak i saker om tildeling av tilskott klagast inn for Klima- og miljødepartementet. I vurderinga av klagen kan departementet prøve alle sidene av saka og ta omsyn til nye omstende, jf. forvaltningslova paragraf 34, andre ledd. I behandlinga av klagen skal departementet vurdere synspunkta som klagaren fremjar.

Med ein særs stor søknadsmengde og avgrensa tilskottsmiddel, må kulturminnefondet prioritere strengt. Det inneber å prioritere ned nokre søknader. I gjennomgangen av alle dei innkomne søknadane, nådde denne søknaden ikkje opp.

Klima- og miljødepartementet stør Norsk kulturminnefond si avgjerd. Departementet har ikkje nokre merknadar til fondet si skjønnsutøving i denne saka og kan for øvrig ikkje sjå at det er feil ved rettsbruken eller ved saksbehandlinga, feil som kan ha vore avgjerande for innhaldet i vedtaket, jf. forvaltningslova paragraf 41.

Klagen blir derfor ikkje tatt til følgje.

 

Med helsing

Mathys Truyen (e.f.)
avdelingsdirektør

Marianne Moltke-Hansen
seniorrådgjevar

Kopi til Norsk  kulturminnefond