Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Klage på Norsk kulturminnefond sitt avslag på søknaden om tilskott til prosjektet Skeie-mylna - trebukkdam og vassrenne i Ulvik kommune, Hordaland

Saka gjeld bygginga av ein ny trebukkdam. Det skal gravast og leggjast ned røyr frå dammen til vassrenna, om lag ti meter. Det skal byggjast ei ny vassrenne frå det eksisterande røyret gjennom Tysso-brua og dammen skal plastrast langs den venstre sida. Dammen som skal setjast opp i Tyssoelva, er ein del av det store restaureringsprosjektet Skeie-mylna, den einaste attståande bygdemylna i Hardanger. Restaureringsarbeidet har vore delt opp i fleire delprosjekt. Kulturminnefondet har vore inne med middel i to tidlegare delprosjekt – restaureringa av bygningskroppen og arbeidet med å setje i stand turbin, kverner, drivverk, heis, siktemaskin og den nedste delen av vassrenna. Det andre delprosjektet er i ferd med å bli sluttført. I vurderinga av søknaden la kulturminnefondet til grunn at søknaden gjeld arbeidet med å sluttføre prosjektet med å setje i stand mølla. For å få den til å fungere ordentlig, må det vatn til turbinen. Derfor må det ein byggjast ny dam og vassrenne. Prosjektet har vore planlagt grundig over lengre tid, og det er gjeve løyve til oppføring. Prosjektet blir finansiert frå ulike hald. Kulturminnefondet prioriterer normalt ikkje gjenoppbygging av kulturminne. Vidare har fondet avgrensa økonomiske middel som skal fordelast ut frå omsyn til geografi, type kulturminne og ulke målgrupper blant søkjarane. På grunn av ei stor søknadsmengd, må fondet prioritere strengt. Etter ei konkret vurdering av saka, fann ikkje fondet grunnlag til å prioritere søknaden, som blei avslått. Klima- og miljødepartementet har stadfesta avslaget.

Klima- og miljødepartementet viser til klagen, datert 4. april 2018, på vedtaket frå Norsk kulturminnefond, datert 22. juni 2018, om å avslå søknaden om tilskott til å byggje ein trebukkdam i Tyssoelva i Ulvik kommune i Hordaland

Klima- og miljødepartementet har vurdert alle sidene ved saka og har, etter ei samla vurdering, kome til at det ikkje er feil ved rettsbruken eller ved saksbehandlinga, feil som kan ha verka inn på innhaldet i vedtaket, jf. forvaltningslova paragraf 41. Departementet har heller ingen merknadar til kulturminnefondet si skjønnsutøving i sakan. Klima- og miljødepartementet har derfor ikkje funne grunn til å gjere om Norsk kulturminnefond sitt vedtak av 4. april 2018.

Klagen blir ikkje tatt til følgje.

Bakgrunn

Saka gjeld bygginga av ein ny trebukkdam. Det skal gravast og leggjast ned røyr frå dammen til vassrenna, om lag ti meter. Det skal byggjast ei ny vassrenne frå det eksisterande røyret gjennom Tysso-brua og dammen skal plastrast langs den venstre sida.

Klagaren søkte om eit tilskott på 879 870 kroner, noko som utgjorde 42,3 prosent av den totale kostnaden på 2 079 870 kroner. Eigendelen var førd opp med 1 050 000 kroner, eller 50,5 prosent av totalsummen. Ulvik kommune/Hordaland fylkeskommune hadde løyvd 150 000 kroner til prosjektet.

Dammen som skal setjast opp i Tyssoelva, er ein del av det store restaureringsprosjektet Skeie-mylna, den einaste attståande bygdemylna i Hardanger. Restaureringsarbeidet har vore delt opp i fleire delprosjekt. Kulturminnefondet har vore inne med middel i to tidlegare delprosjekt – restaureringa av bygningskroppen og arbeidet med å setje i stand turbin, kverner, drivverk, heis, siktemaskin og den nedste delen av vassrenna. Det andre delprosjektet er i ferd med å bli sluttført.

Renna er konstruert etter det ein har sett på av andre, restaurerte vassrenner og ser ut til å liggje nær opp til den opphavlege rennekonstruksjonen.

Bygningskroppen og tilkomsten var ferdig restaurerte i 2006. Med istandsetting av turbin, drivverk, kverner, sikt og heis, har mylna fått tilbake den opphavelege funksjonen sin og vil kunne formidle produksjonen frå korn til mjøl.

I vurderinga av søknaden la kulturminnefondet til grunn at søknaden gjeld arbeidet med å sluttføre prosjektet med å setje i stand mølla. For å få den til å fungere ordentlig, må det vatn til turbinen. Derfor må det ein byggjast ny dam og vassrenne. Prosjektet har vore planlagt grundig over lengre tid, og det er gjeve løyve til oppføring. Prosjektet blir finansiert frå ulike hald. Kulturminnefondet prioriterer normalt ikkje gjenoppbygging av kulturminne. Vidare har fondet avgrensa økonomiske middel som skal fordelast ut frå omsyn til geografi, type kulturminne og ulke målgrupper blant søkjarane. På grunn av ei stor søknadsmengd, må fondet prioritere strengt. Etter ei konkret vurdering av saka, fann ikkje fondet grunnlag til å prioritere søknaden, som blei avslått.

Klagaren sine merknader, datert 4. april 2018

Klagaren viser til at ho forstår avslaget slik at det er grunngjeve med at kulturminnefondet normalt ikkje prioriterer å gjenoppbyggje kulturminne og at fondet i avgjerda må fordele midla ut frå omsyn til geografi, type kulturminne og ulike målgrupper.

Til det første viser klagaren til at Skeie-mylna er eit stort prosjekt, og at ho derfor valde å dele arbeidet opp i tre delprosjekt. Da ho søkte om støtte til prosjekt 2, gjorde ho det klart at det, bortsett frå nokre få restar av damstokkar, ikkje var nok att av demninga og vassrennene. Dette går fram av søknaden frå 2013. Delprosjekt 2 fekk støtte frå kulturminnefondet, inkludert den nedste delen av vassrennene som nå er gjenoppbygd.

Vidare viser klagaren til at ho ved fleire høve har vore i kontakt med fondet utan at det har blitt signalisert at fondet normalt ikkje gjev støtte til å gjenoppbyggje kulturminne. Ho peikar også på at fondet har gjeve føringar på bruken av adla furu til dammen og vassrennene, og at det er gjeve løyve til å tinga dette materialet på førehand, på eige ansvar.

Ho hevdar også at ho vurderte det som svært sannsynleg at kulturminnefondet òg ville støtte del 3 av prosjektet, og viser til at tiltaket har vore med då planen blei gjort kjend allereie i 2013. Det er ein del av det store prosjektet Skeie-mylna, der kulturminnefondet har gjeve støtte til dei to første delprosjekta. Ved den siste tildelinga fekk klagaren støtte til å gjenoppbyggje ei vassrenne utan at fondet kommenterte at det ikkje var i tråd med dei normale prioriteringane. Kva skal ein med ei vassrenne som ikkje har tilgang til vatn, spør ho, og meiner at dei tre delprosjekta må sjåast på som eitt.

Når det gjeld det andre punktet med geografisk fordeling, meiner ho det må gjelde for Hordaland, kor det i Hardanger er gjeve støtte til seks tiltak, medan det i Bergen er gjeve støtte til ti tiltak.

Vidare viser ho til at Skeie-mylna er definert som eit teknisk kulturminne. Då ho søkte om støtte til det første delprosjektet, fekk ho signal om at det var positivt for søknaden at det var få søknadar om støtte til slike tiltak.

Ho hevdar at det er vanskelig å fullføre prosjektet utan støtte frå kulturminnefondet. I tillegg sett det henne i ein vanskeleg situasjon. Det at saksbehandlaren ikkje tidlegare har gjeve signal om at fondet normalt ikkje støttar gjenoppbygging av kulturminne, er det fremste ankepunktet for klagen hennar. Ho meinar at ho ikkje har fått slik åtvaring, men heller har fått positive signal og melding om at planane for trebukkdammen ser bra ut. Derfor blei det opna for å tinga adla material på førehand fordi det tek lang tid å skaffe eit hundre prosents adla furu i store mengder og grove dimensjonar. Desse utgiftene kunne takast med i kostnadene som danna grunnlaget for søknaden om støtte. Dette meiner ho samsvarar dårleg med det som er grunngjeve i det første punktet. Ho meiner også at det er feil å definere prosjektet som gjenoppbygging. Kulturminnet er ei bygdemylne med ei lang og interessant historie. Dammen og vassrenna er ein del av dette. Damanlegget er avgjerande for å få mylna i drift og lære nye generasjonar om korleis ein kan nytta vasskrafta til å gjere korn til mjøl. Til slutt skriver ho at dei no har eit staseleg bygg med restaurerte kverner, siktemaskin, heis, turbin og vassrenne, men dei har ikkje vatn til  å drive anlegget.

Kulturminnefondet sine merknader, jf. oversendelsen datert 22. juni 2018

Norsk kulturminnefond understrekar at anlegget er eit interessant kulturminne, som fondet har gjeve støtte til gjennom to tidlegare prosjekt. Fondet viser også til at mylna no er sett i stand og har fått tilbake den opphavelege funksjonen sin. Vidare skriv fondet at dei tiltaka det no vert søkt om støtte til, inneber at heilt nye konstruksjonar blir bygde etter gamle bilete av dammen og vassrenna.

Vidare viser kulturminnefondet til at dei mottar ei stor mengde søknadar og at dei derfor må prioritere strengt  blant alle prosjekta det blir søkt støtte til. Dei har etablert ein praksis der dei som hovudregel først prioriterer å støtte prosjekt som ikkje inneber ein stor grad av kopibygging.

Fondet beklagar også at dei ikkje har vore tydelege nok når det gjeld omtala av tilskott til ei gjenoppbygging, men viser vidare til at det er styret som tek den endelige avgjerda etter å ha vurdert alle søknadane. I vurderinga  blir det mellom anna lagt vekt på å støtte eit representativt utval kulturminne med ei god geografisk fordeling. I vurderinga i denne omgangen blei det ikkje funne grunnlag for å prioritere denne søknaden.

Kulturminnefondet viser vidare til at dei i samtale med klagaren oppmoda ho til å bruke adla furu i staden for impregnerte materialar. Dei meiner også at dei tydeleg sa frå at ho måtte tinge materialet på eige ansvar. Dei meiner dei gav ho eit råd og ikkje ein lovnad om støtte.

Etter ei ny, konkret behandling av saka, meiner fondet at det ikkje er kome fram nye moment i saka som kan gje grunnlag for å prioritere søknaden. Dei ser derfor ingen grunn til å endre avgjerda. Klagen blir ikkje tatt til følgje.

Klima- og miljødepartementet sine merknader

Etter gjeldande forskrift for Norsk kulturminnefond paragraf 14, kan søkjaren klage til Klima- og miljødepartementet på vedtak i saker om tildeling av tilskott.

I vurderinga av klagen kan departementet prøve alle sidene av saka og ta omsyn til nye omstende, jf. forvaltningslova paragraf 34 andre ledd. Departementet skal i behandlinga av klagen vurdere synspunktene som klagaren fremjar.

Med ei særs stor mengde søknadar og avgrensa tilskottmiddel, må kulturminnefondet prioritere strengt mellom dei søknadane som kjem inn. Det inneber å prioritere ned nokre søknadar, sjølv om objektet det blir søkt om støtte til, har ein klar kulturminneverdi, og sjølv om tiltaket vil ta vare på kvalitetane knytte til kulturminnet. Norsk kulturminnefond skal fordele dei begrensa midla i samsvar med målet om å tilgodesjå eit representativt utval av kulturminne, kor den geografiske, sosiale, etniske, næringsmessige og tidsmessige breidda blir tatt vare på.

Når det gjeld gjenoppbygging som ein kopi, er det ei type antikvarisk istandsetjing som kulturminnefondet sine middel ikkje er meinte for.

Klima- og miljødepartementet stør Norsk kulturminnefond si avgjerd. Departementet har ingen merknadar til fondet si skjønnsutøving i denne saka og kan for øvrig ikkje sjå at det er feil ved rettsbruken, feil som kan ha vore avgjerande for innhaldet i vedtaket, jf. forvaltningslova paragraf 41.

Vi kan heller ikkje sjå at klagaren sine merknader datert 4. april 2018 bringar nye moment inn i saka.

Klagen blir derfor ikkje tatt til følgje

Med helsing

Mathys Truyen (e.f.)
avdelingsdirektør

Marianne Moltke-Hansen
seniorrådgjevar

Kopi til Norsk  kulturminnefond