Klage på avslag på søknad om tilskot frå Norsk kulturminnefond Vaskarannaloftet, Lærdal kommune, Sogn og fjordane

Vaskarannaloftet er ei naustbygning på Lærdalsøyri i Lærdal kommune. Eigar søkte om tilskot frå Norsk kulturminnefond for å setje i stand bygnaden til bustad og byggje den saman med Sanden pensjonat, som ligg ved sida av. Fondet avslo søknaden da arbeida det er søkt om delvis er av ein art som ligg utanfor fondet sitt virkeområde. Fondet meiner prosjektet vil kunne føre til at naustet sin opphavlege karakter reduserast, og at det er usikkert om bygningen sin antikvariske verdi blir tilfredsstillande teke vare på. Miljøverndepartementet lar fondet sitt vedtak bli ståande då det ikkje er feil i sakshandsaminga eller ved rettsbruken som kan ha vore avgjerande for fondet si handsaming av søknaden.

Miljøverndepartementet syner til dykkar brev datert 29.06.11 med klage på Norsk kulturminnefond sitt vedtak av 18.05.11 om ikkje å gi tilskot til istandsetjing av Vaskarannaloftet.

 

Miljøverndepartementet kan etter ei samla vurdering av saka ikkje sjå at det er feil i sakshandsaminga eller ved rettsbruken som kan ha hatt betyding for Norsk kulturminnefond si handsaming av søknaden. Klagen blir ikkje teke til følgje.

 

Bakgrunn

Hallvard Trohaug søkte den 30.01.11 om 960 000 kr i tilskot frå Norsk kulturminnefond til istandsetting av Vaskarannaloftet på Lærdalsøyri i Lærdal kommune. Vaskarannaloftet, som er ein naustbygning, skal setjast i stand til bustad og byggast saman med Sanden pensjonat, som ligg ved sida av.

 

Kulturminnefondet avslo søknaden i vedtak av 18.05.11. Vedtaket ble påklaga av Hallvard Trohaug og Jon E. Tamnes (klagar) i brev datert 29.06.11. Klagen er sendt innafor fristen, jf. forvaltningslova (fvl) § 29. Kulturminnefondet har vurdert klagen og held fast på avslaget. Klagen er derfor sendt til Miljøverndepartementet til behandling i brev datert 14.12.11.

 

Departementet har ikkje motteke merknader til kulturminnefondet sin oversending frå klagar.

 

Klagar sine merknader

I brev av 29.06.11 har klagar følgjande merknader:

  1. Klagar meiner avslaget ikkje inneheld ei forståeleg grunngjeving som kan etterprøvast. Klagar meiner dette er ei klar sakshandsamingsfeil, og ber om ei skriftleg grunngjeving for avslaget.
  2. Klagar reagerar på at kulturminnefondet meiner prosjektet ligg utanfor fondet sitt virkeområde og presiserer at det dreier seg om eit privat eigd hus av kulturhistorisk verdi som blir tatt vare på gjennom bruk. Vidare hevdast at prosjektet må være innafor fondet sitt satsingsområde ”kystkultur”, og den kulturhistoriske verdien av Lærdalsøyri som strandsitjarstad blir framheve. Gjennom prosjektet ønskjer klagar å skape ein egna bustad, og samstundes vil bygningen, som er viktig for inntrykket av heilskapen i bevaringsområdet på Lærdalsøyri, bli renovert.
  3. Klagar gjør greie for dei ulike tiltaka som må til for å setje bygningen i stand, og meiner at det einaste som vil endre fasaden ut i frå ein historisk ståstad er at Vaskarannaloftet blir bygd saman med Sanden pensjonat.

 

Norsk kulturminnefond sine merknader

I brev av 14.12.11 har kulturminnefondet sendt saken til Miljøverndepartementet og kommenterer klager sine merknader slik:

  1. Kulturminnefondet meiner at det ikkje har vært feil i sakshandsaminga og at avslaget er godt nok grunngjeve. Det visast til at sakshandsamingsskjemaet, som leggjast ved utsendinga av styret sitt vedtak, gir ein ganske utfyllande grunngjeving og bakgrunn for styret sitt vedtak.
  2. Fondet gir klagar rett i at Vaskarannaloftet, som er eit verneverdig og bygningshistorisk interessant objekt, er innafor fondet sitt satsingsområde. Arbeida det er søkt om er likevel delvis av ein art som ligg utanfor fondet sitt virkeområde, som endring av fasade og tiltak som EL, VVS og isolasjon. Fondet meiner prosjektet i stor grad er prega av ombygging til ny bruk. 
  3. Fondet sitt formål med tilskot til restaurering er å medverke til at ein bygning blir tatt vare på som ein interessant bygning, kulturminnefagleg. Fondet meiner prosjektet vil kunne føre til at naustet sin opphavlege karakter reduserast, og at det er usikkert om bygningen sin antikvariske verdi blir tilfredsstillande teke vare på.


Miljøverndepartementet sine merknader

Av sakshandsamingsskjemaet, vedlagt vedtak av 18.05.11, kjem det fram at kulturminnefondet meiner tiltak som endring av fasade, endring av naust til bustad, nybygg, EL, VVS og isolering ligg utanfor fondet sitt virkeområde. I oversendinga av saka til Miljøverndepartementet uttaler kulturminnefondet i tillegg at det er vanskeleg å sjå at tiltaka det søkast om er egna til å i størst mogleg grad sikre bygningen sin antikvariske verdi. I den samanheng viser Miljøverndepartementet til at enkeltvedtak skal grunngjevast og at forvaltningsorganet skal gi grunngjevinga samtidig med at vedtaket treffast, jf. fvl § 24 første ledd.

 

I denne saka er Miljøverndepartementet likevel av den oppfatning at grunngjevinga for vedtaket av 18.05.11 er i samsvar med forvaltningslova. Slik Miljøverndepartementet ser det har dei nye momenta, som kulturminnefondet legg til i oversendinga av saka, ikkje vore avgjerande for innhaldet i vedtaket.

 

Når det gjeld klagar sine innvendingar til kulturminnefondet sin skjønnsutøving, så kan denne ikkje overprøvast av Miljøverndepartementet. Forskrift for Norsk kulturminnefond § 14 seier at vedtak i saker om tildeling av tilskot bare kan klagast inn til Miljøverndepartementet på grunnlag av feil i sakshandsaminga eller rettsbruken, og ikkje på grunnlag av kulturminnefondet sin skjønnsutøving. Denne avgrensinga i klageretten har heimel i fvl§ 28 femte ledd.  

 

Konklusjon

Miljøverndepartementet har gått igjennom og vurdert alle sider av saka og kome til at det ikkje er feil i sakshandsaminga eller ved rettsbruken som kan ha vore avgjerande for innhaldet i vedtaket, jf. fvl § 41.

 

Norsk kulturminnefond sitt vedtak av 18.05.11 blir ståande.

 

Beste helsing

 

Elisabeth Platou (e.f.)
avdelingsdirektør

Bengta Ryste
rådgjevar

 

Kopi:

Norsk Kulturminnefond, Postboks 253, 7361 RØROS