M-4/2009 - Om forskrift om seter og tilleggsjord m.m. i statsallmenningane

Ved kgl.res. av 22. juni 1984 blei det med heimel i lov av 6. juni 1975 nr. 31 om utnytting av rettar og lunnende m.m. i statsallmenningane (fjellova) § 38 fastsett forskrift om seter og tilleggsjord m.m. i statsallmenning. Forskrifta er endra fleire gonger; 1 november 1985 nr. 1899, 6 oktober 1989 nr. 1033, 4. april 2000 nr. 346, 14. desember 2000 nr. 1296, 27. mars 2007 nr. 358 og no seinast 26. august 2009. Landbruks- og matdepartementet sender med dette ut eit nytt rundskriv om praktiseringa av føresegnene i forskrifta.