Høyring av endringar i Forskrift om seter og tilleggsjord m.m. i statsallmenning

Status: Ferdigbehandlet

Høyringsfrist: 01.11.2008

Resultat:

Landbruks- og matdepartementet foreslår å endre Forskrift om seter og tilleggsjord m.m. i statsallmenning. Forslaga til endring er grunna i råd frå ei arbeidsgruppe nedsett av departementet i 2006, som hadde til oppgåve å vurdere rammene for utøvinga av bruksrettar i statsallmenningar, under dette fjellova si føresegn om at bruksrettane skal kunne nyttast i samsvar med rasjonell bruk og etter tida og tilhøva. Endringane skal gi større rom for næringsutvikling i statsallmenningane.