Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Historisk arkiv

Jordbruk: Seterforskrifta er endra

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Jordbruk: Landbruks- og matdepartementet har med verknad frå 1. september 2009 fastsett endringar i forskrift om seter og tilleggsjord i statsallmenningane av 22. juni 1984.

Jordbruk: Landbruks- og matdepartementet har med verknad frå 1. september 2009 fastsett endringar i forskrift om seter og tilleggsjord m.m. i statsallmenningane av 22. juni 1984. 

- Endringane inneber samla ei modernisering av forskrifta og legg til rette for ei tidsmessig bruk av ressursane i statsallmenningane, seier landbruks- og matminister Lars Peder Brekk.

Bakgrunn
Departementet fastsette i mars 2007 fleire endringar i seterforskrifta. Bakgrunnen var nye bruksområde og nye krav knytt til jorbruksnæringa. Jordbrukarar med bruksrett i statsallmenningane har krav på å kunne nytte fleire av ressursane i utmarka etter ”tida og tilhøva”. Det blei mellom anna lempa på kravet til mjølkeproduksjon på setrene, det blei gitt løyve til å utvise seter som skulle brukast i kombinasjon av jordbruksmessig og småskala turistmessig utnytting, og det blei opna for å byggje om hus som ikkje lenger blei brukt til seterformål, slik at dei kan tene hovudbruket på anna måte.

For å kunne møte dei utfordringar og behov jordbruksnæringa i allmenningsbygdene står overfor, har departementet i etterkant av desse endringane vurdert ytterlegare utviding av bruksrettane knytt til omgrepet ”tida og tilhøva” .

Dei nye bruksrettane
Endringane no slår mellom anna fast at løyve til oppføring av gjetarbu, løyve til oppføring av felles driftsbygning knytt til setring, utvising av areal til gjødselkum, utvising av areal til kultivering av beite, utvising av areal til natthamning, løyve til inngjerding av beiteareal (halde rovdyr ute) etter ”tida og tilhøva” nå skal kunne reknast for å vere innafor bruksretten.

Lokalt skjønn
Departementet har bestemt  at utvising av tilleggsjord blir flytta frå Statskog SF til fjellstyra. Eit siktemål er å gi større rom for lokale vurderingar og skjøn, og sikre ein praksis som opnar for at tilleggsjord blir stilt til rådvelde for dei som er interesserte. 

Setermiljø og kulturverdiar
Mange setermiljø kan ha store kulturverdiar og departementet har derfor lagt vekt på medverknad frå kulturminnestyresmaktene ved revisjon av føresegnene i forskrifta. 

Utvising av tilleggsjord og vasskraft er ikkje bruksrettar
Departementet legg i forskrifta til grunn at utvising av tilleggsjord ikkje er ein bruksrett. LMD meiner spørsmålet i praksis likevel speler lita rolle da Statskog SF utviser tillggsjord til dei som kan vise til eit behov, og det blir ikkje tatt betalt for utvisinga. Departementet legg vidare til grunn at heller ikkje utnytting av vasskraft er ein bruksrett, men meiner det i enkelte høve kan vere rasjonelt at til dømes ei seter eller ei setergrend utnyttar nærliggjande vassfall til produksjon av elektrisk kraft.

Jordbruk: Landbruks- og matdepartementet har med verknad frå 1. september 2009 fastsett endringar i forskrift om seter og tilleggsjord m.m. i statsallmenningane av 22. juni 1984.

Til toppen