Meld. St. 3 (2015–2016)

Statsrekneskapen 2015

Til innhaldsliste

2 Utgifter under departementa

Dette kapittelet inneheld ei kort omtale av rekneskapen til kvart einskilt departement og av statlege utlån. Kapittelet syner utviklinga på programområde dei seinare åra. Under kvart programområde vert rekneskapen for 2013, 2014 og 2015 synt i ein tabell saman med nysaldert budsjett for 2015. Samla lånetransaksjonar kjem fram på ei særskild rad i tabellen. Tabellane i avsnitta 2.1 til 2.16 nedanfor er ordna i ein rekkefølgje som er avleia av departementa sine kapittelnummer i statsbudsjettet. Avsnitt 2.17 inneheld ei kort omtale av statlege utlån gjennom Statens lånekasse for utdanning, Husbanken, bustadlånsordninga i Statens pensjonskasse, Innovasjon Noreg og Eksportkreditt Noreg AS. Tabell 2.1 syner utgifter sorterte etter programområde og gjev referanse til avsnitt i meldinga med nærare omtale

Tabell 2.1 Utgifter 2015 etter programområde (tal i mill. kroner)

Programområde

Referanse til omtale

Nysaldert løyving

Rekneskap

Avvik løyving og rekneskap

00 Konstitusjonelle institusjonar

2.1

2 643

2 515

128

02 Utanriksforvaltning

2.2

8 249

8 346

-97

03 Internasjonal bistand

2.2

30 009

30 579

-570

04 Militært forsvar

2.15

43 414

45 339

-1 925

06 Justissektoren

2.5

35 455

35 593

-138

07 Kunnskapsdepartementet

2.3

64 028

64 082

-54

08 Kulturføremål

2.4

12 734

12 790

-57

09 Arbeid og sosiale føremål

2.7

35 103

35 524

-421

10 Helse og omsorg

2.8

147 537

147 936

-400

11 Barn, likestilling og inkludering

2.9

37 766

37 252

514

12 Klima og miljø

2.13

8 140

8 323

-183

13 Kommunal, bustad og modernisering

2.6

179 337

179 310

27

15 Landbruk og mat

2.11

17 456

17 496

-40

17 Nærings- og fiskeriføremål

2.10

12 183

12 152

31

18 Olje- og energiføremål

2.16

35 345

35 501

-156

21 Innanlands transport

2.12

54 880

53 291

1 589

22 Post og telekommunikasjonar

2.12

788

772

15

23 Finansadministrasjon

2.14

35 577

35 898

-321

24 Statleg gjeld og fordringar, renter og avdrag

4.2

11 208

11 304

-96

26 Ymse utgifter

50

0

50

28 Foreldrepengar, folketrygda

2.9

19 458

19 304

154

29 Sosiale føremål, folketrygda

2.7

357 201

356 958

243

30 Stønad ved helsetenester

2.8

29 465

29 546

-81

33 Arbeidsliv, folketrygda

2.7/2.10

14 520

14 654

-134

34 Statens pensjonsfond utland

1.7/3.1

228 682

218 256

10 426

Sum utgifter utan lånetransaksjonar1)

1 421 227

1 412 721

8 507

Lånetransaksjonar

1.5/2.17

227 153

222 159

4 994

Sum utgifter med lånetransaksjonar

1 648 380

1 634 880

13 500

1) Tabell 1.6 i kapittel 1 syner ei meirutgift på 1 964 mill. kroner utan lånetransaksjonar, statleg petroleumsverksemd og overføring til Statens pensjonsfond utland. Medrekna mindreutgifter for statleg petroleumsverksemd under programområde 18 på 45 mill. kroner og mindreutgifter under programområde 34 SPU på 10 426 mill. kroner, vert mindreutgiftene utan lånetransaksjonar 8 507 mill. kroner.

Rekneskapen vert i utgangspunktet gjord opp på kapittel- og postnivå. Overføringar frå eit år til det neste vert vedtekne på postnivå. Unytta beløp kan overførast på postar merkte «kan overførast», medan vanlege driftspostar berre kan overførast med opp til fem prosent av løyvinga. Eit programområde inneheld mange postar, og summen av overførte beløp er difor ikkje den same som summen av unytta løyvingar på programområdet sett under eitt. Tabell 1.10 i vedlegg 1 syner utgiftsløyvingar, rekneskap og overførte løyvingar utanom lånetransaksjonar per programområde og gjev eit oversyn over samla meirinntekter knytte til områda.

Det er to forhold som er viktig å vere klår over ved samanlikning av rekneskapstala for 2015 med tidlegare år. Standardrefusjonar for løn under fødselspermisjon og løn under sjukdom m.m. er frå 2015 bokførte som utgiftsreduksjonar i rekneskapen, medan slike refusjonar tidlegare var førte som inntekter. Slike refusjonar utgjer om lag 2,5 mrd. kroner i 2015. Vidare vart nettoordninga for statleg betalt meirverdiavgift innført frå 2015. Verksemder som er med i ordninga bokfører betalt meirverdiavgift på kap. 1633, post 01 for meirverdiavgift knytte til postane 01 til 49. Det vart i 2015 rekneskapsført 5,4 mrd. kroner på kap. 1633 post 01. Sjå omtale i kapittel 2.14 under programområde 23 Finansadministrasjon. Som følgje av ordninga vil utgiftene i 2015 vere noko lågare under dei einskilde programområda.

Det kan vere avvik mellom sumtala i tabellane og dei avrunda tala som står ovanfor summane. Sumtala skal vere i samsvar med rekneskapen.

2.1 Konstitusjonelle institusjonar

Programområde 00 Konstitusjonelle institusjonar

(i mill. kr)

Program-kategori

Rekneskap 2013

Rekneskap 2014

Budsjett 2015

Rekneskap 2015

00.10

Kongehuset

196,2

210,6

227,6

227,6

00.30

Regjeringa

343,8

346,1

347,5

346,7

00.40

Stortinget og underliggjande institusjonar

1 677,2

1 785,7

2 067,5

1 940,7

Sum før lånetransaksjonar

2 217,2

2 342,4

2 642,6

2 515,0

Lånetransaksjonar

0,0

0,0

0,0

0,0

Sum Konstitusjonelle institusjonar

2 217,2

2 342,4

2 642,6

2 515,0

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 127,6 mill. kroner. Overført løyving frå 2014 aukar disponibel løyving med 34,8 mill. kroner, frå 2 642,6 mill. kroner til 2 677,4 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 162,4 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.

På programområdet er det i 2015 ikkje knytte nokre meirinntekter. Det er overført til saman 98,7 mill. kroner til 2016 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar.

Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar om overføringar og meirinntekter på programområdet er spesifiserte.

Trenden i rekneskapen i perioden 2013–2015

På programområde 00 Konstitusjonelle institusjonar har utgiftene før lånetransaksjonar auka nominelt med 0,3 mrd. kroner, frå 2,2 mrd. kroner til 2,5 mrd. kroner. Frå 2013 til 2014 auka utgiftene med 5,6 prosent, og frå 2014 til 2015 auka dei med 7,4 prosent.

Under programkategori 00.10 Kongehuset har utgiftene auka med 31 mill. kroner, frå 196 mill. kroner til 228 mill. kroner. Frå 2013 til 2014 auka utgiftene med 7,4 prosent, og frå 2014 til 2015 auka dei med 8,1 prosent. Auken frå 2013 til 2015 er i hovudsak knytt til sikringstiltak for kongefamilien.

Under programkategori 00.30 Regjeringa har utgiftene auka med 3 mill. kroner, frå 344 mill. kroner til 347 mill. kroner. Frå 2013 til 2014 auka utgiftene med 0,7 prosent, og frå 2014 til 2015 auka dei med 0,2 prosent.

Under programkategori 00.40 Stortinget og underliggjande institusjonar har utgiftene auka med 264 mill. kroner, frå 1 677 mill. kroner til 1 941 mill. kroner. Frå 2013 til 2014 auka utgiftene med 6,5 prosent, og frå 2014 til 2015 auka dei med 8,7 prosent.

Båe åra var det særleg utgiftene til større ombyggings- og vedlikehaldsarbeid som vaks. I 2014 gav grunnlovsjubileet ekstra utgifter.

2.2 Utanriksdepartementet

Utanriksdepartementet har ansvaret for to budsjettområde: programområde 02 Utanriksforvaltning og programområde 03 Internasjonal bistand (den offisielle utviklingshjelpa, ODA).

Programområde 02 Utanriksforvaltning

(i mill. kr)

Program-kategori

Rekneskap 2013

Rekneskap 2014

Budsjett 2015

Rekneskap 2015

02.00

Administrasjon av utanrikstenesta

2 028,7

2 067,8

2 067,4

2 160,3

02.10

Utanriksføremål

3 617,6

5 120,0

6 181,9

6 185,7

Sum før lånetransaksjonar

5 646,3

7 187,8

8 249,4

8 346,0

Lånetransaksjonar

0,1

0,2

0,4

0,1

Sum 02 Utanriksforvaltning

5 646,4

7 188,1

8 249,7

8 346,0

Programområde 03 Internasjonal bistand

03.00

Administrasjon av utviklingshjelpa

1 451,4

1 594,8

1 589,4

1 678,6

03.10

Bilateral hjelp

3 800,6

3 950,0

3 419,9

3 480,5

03.20

Globale ordningar1)

14 729,7

15 230,8

19 171,0

19 526,4

03.30

Multilateral hjelp

7 136,5

7 003,8

5 828,9

5 893,3

Sum før lånetransaksjonar

27 118,2

27 779,4

30 009,2

30 578,9

Lånetransaksjonar

911,0

922,5

1 110,0

1 110,0

Sum 03 Internasjonal bistand

28 029,2

28 701,9

31 119,2

31 688,9

Sum Utanriksdepartementet

33 675,6

35 890,0

39 368,9

40 034,9

1) På programkategori 03.20 Globale ordningar vart tal for 2013 justerte ned med 2 189,5 mill. kroner, jf. Meld. St. 3 (2014–2015). Dette som følgje av endra departementsstruktur frå 1.1.2014, og for å presentere samanliknbare tal. Reklassifiseringa omfatta kapittel 166, postane 01 og 73 (skogsatsinga) som vart flytta til programkategori 12.70 Internasjonalt klimaarbeid under Klima- og miljødepartementet.

Programområde 02 Utanriksforvaltning

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei meirutgift på 96,6 mill. kroner. Overført løyving frå 2014 aukar disponibel løyving med 309,5 mill. kroner, frå 8 249,4 mill. kroner til 8 558,9 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 212,9 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.

På programområdet er det inntektsført meirinntekter på i alt 6,6 mill. kroner. Det er overført til saman 203,6 mill. kroner til 2016 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar.

Lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 0,3 mill. kroner.

Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar om overføringar og meirinntekter på programområdet er spesifiserte.

Trenden i rekneskapen i perioden 2013–2015

På programområde 02 Utanriksforvaltning har utgiftene før lånetransaksjonar auka nominelt med 2,7 mrd. kroner, frå 5,6 mrd. kroner til 8,3 mrd. kroner. Frå 2013 til 2014 auka utgiftene med 27,3 prosent, og frå 2014 til 2015 auka dei med 16,1 prosent.

Under programkategori 02.00 Administrasjon av utanrikstenesta har utgiftene auka med 132 mill. kroner, frå drygt 2,0 mrd. kroner til knapt 2,2 mrd. kroner. Frå 2013 til 2014 auka utgiftene med 1,9 prosent, og frå 2014 til 2015 auka dei med 4,5 prosent.

Under programkategori 02.10 Utanriksføremål har utgiftene auka med 2,6 mrd. kroner, frå 3,6 mrd. kroner til 6,2 mrd. kroner. Frå 2013 til 2014 auka utgiftene med 41,5 prosent, og frå 2014 til 2015 auka dei med 20,8 prosent. Dei store variasjonane i utbetalt beløp per år heng saman med utbetalingar under EØS-finansieringsordningane.

Programområde 03 Internasjonal bistand

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei meirutgift på 569,7 mill. kroner. Overført løyving frå 2014 aukar disponibel løyving med 700,9 mill. kroner, frå 30 009,2 mill. kroner til 30 710,1 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 131,2 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.

På programområdet er det inntektsført meirinntekter på i alt 27,0 mill. kroner. Det er overført til saman 157,3 mill. kroner til 2016 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar.

Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar om overføringar og meirinntekter på programområdet er spesifiserte.

Trenden i rekneskapen i perioden 2013–2015

På programområde 03 Internasjonal bistand har utgiftene før lånetransaksjonar auka nominelt med 3,5 mrd. kroner, frå 27,1 mrd. kroner til 30,6 mrd. kroner. Frå 2013 til 2014 auka utgiftene med 2,4 prosent, og frå 2014 til 2015 auka dei med 10,1 prosent.

Under programkategori 03.00 Administrasjon av utviklingshjelpa har utgiftene auka med 0,2 mrd. kroner, frå knapt 1,5 mrd. kroner til knapt 1,7 mrd. kroner. Frå 2013 til 2014 auka utgiftene med 9,9 prosent, og frå 2014 til 2015 auka dei med 5,3 prosent.

Under programkategori 03.10 Bilateral hjelp har utgiftene minka med 0,3 mrd. kroner, frå 3,8 mrd. kroner til 3,5 mrd. kroner. Frå 2013 til 2014 auka utgiftene med 3,9 prosent, og frå 2014 til 2015 minka dei med 11,9 prosent. Noko av nedgangen den siste perioden kjem av at tiltak innanfor utdanning i 2015 er løyvde på eigen post (kapittel 169, post 73) under programkategori 03.20.

Under programkategori 03.20 Globale ordningar har utgiftene auka med 4,8 mrd. kroner, frå 14,7 mrd. kroner til 19,5 mrd. kroner. Frå 2013 til 2014 auka utgiftene med 3,4 prosent, og frå 2014 til 2015 auka dei med 28,2 prosent. Det er særleg utgifter innanfor humanitær bistand (kapittel 163, post 70), flyktningutgifter i Norge (kapittel 167, post 21) og utdanning (kap. 169, post 73) som har auka monaleg. Sjå òg forklaring under programkategori 03.30 om overføring mellom kategoriane.

Under programkategori 03.30 Multilateral hjelp har utgiftene minka med drygt 1,2 mrd. kroner, frå 7,1 mrd. kroner til 5,9 mrd. kroner. Frå 2013 til 2014 minka utgiftene med 1,9 prosent, og frå 2014 til 2015 minka dei med 15,9 prosent. Den store nedgangen siste perioden kjem mellom anna av at fleire tiltak innan utdanning og miljø er overført til programkategori 03.20 Globale ordningar.

Utbetalingar av utviklingshjelp i perioden 2011–2015

For 2015 er samla offisiell utviklingshjelp utrekna til 34 657 mill. kroner. I denne summen inngår 31 689 mill. kroner på Utanriksdepartementet sitt budsjett, 2 907 mill. kroner på Klima- og miljødepartementet sitt budsjett (kap. 1482, post 01 og 73), 21,5 mill. kroner på Riksrevisjonen sitt budsjett (kap. 51, post 75) og 39,3 mill. kroner1 i nettoført meirverdiavgift på Finansdepartementet sitt budsjett (kap. 1633, post 01).

Nivået på samla utbetalingar til utviklingshjelp tilsvarar 1,05 pst. av faktisk BNI for 2015, slik BNI for 2015 er venta no. Det høge nivået på utviklingshjelpa i prosent av BNI kjem mellom anna av at BNI vart lågare enn overslaget i nasjonalbudsjettet for 2015, og auka flyktningeutgifter i samband med nysalderinga av statsbudsjettet for 2015. Det har òg vore ein nedgang på 557 mill. kroner i unytta løyving overført til neste termin, frå 727 mill. kroner i 2014 til 170 mill. kroner i 2015.

Oversikta nedanfor syner tal for offisiell utviklingshjelp (nominelle tal) i perioden 2011–2015.

År

Utbetalt i mill. kroner

Utbetalt i prosent av BNI1)

Unytta løyving overført til neste termin (i mill. kroner)

Unytta løyving overført neste budsjettermin, i prosent av budsjett

2011

27 049

0,96

556

2,0

2012

27 760

0,93

636

2,3

2013

30 219

0,97

1 357

4,4

20142)

32 136

0,98

727

2,2

20152)

34 657

1,05

170

0,5

1) Tal for BNI frå nasjonalrekneskapen per 8. mars 2016. Tal for BNI i 2014 og 2015 er førebels. BNI-delen er rekna ut på bakgrunn av faktisk BNI det aktuelle året. I budsjettsamanheng vert bistandsdelen av BNI rekna ut på bakgrunn av forventa BNI komande budsjettår.

2) Inkl. tiltak under Klima- og miljødepartementet, kap. 1482.

2.3 Kunnskapsdepartementet

Programområde 07 Kunnskapsdepartementet

(i mill. kr)

Program-kategori

Rekneskap 2013

Rekneskap 2014

Budsjett 2015

Rekneskap 2015

07.10

Administrasjon

272,4

282,0

268,7

272,1

07.20

Grunnopplæring

7 514,8

9 033,0

9 793,3

9 764,4

07.30

Barnehagar

321,2

369,0

453,2

430,7

07.50

Vaksenopplæring m.m.

1 482,0

1 705,9

1 865,4

1 836,2

07.60

Høgare utdanning og fagskuleutdanning

28 797,5

30 742,0

32 675,0

32 588,8

07.70

Forsking

5 427,6

5 712,1

7 219,9

7 216,8

07.80

Utdanningsfinansiering

11 532,0

11 556,3

11 752,6

11 972,9

Sum før lånetransaksjonar

55 347,5

59 400,4

64 028,1

64 081,7

Lånetransaksjonar

21 404,7

22 204,9

23 262,1

23 371,7

Sum Kunnskapsdepartementet

76 752,2

81 605,3

87 290,1

87 453,4

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei meirutgift på 53,6 mill. kroner. Overført løyving frå 2014 aukar disponibel løyving med 293,3 mill. kroner, frå 64 028,1 mill. kroner til 64 321,4 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 239,7 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.

På programområdet er det inntektsført meirinntekter på i alt 26,3 mill. kroner. Det er overført til saman 415,3 mill. kroner til 2016 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar.

Lånetransaksjonar syner ei meirutgift på 109,6 mill. kroner. Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar om overføringar og meirinntekter på programområdet er spesifiserte.

Trenden i rekneskapen i perioden 2013–2015

På programområde 07 Kunnskapsdepartementet har utgiftene før lånetransaksjonar auka nominelt med 8,7 mrd. kroner, frå 55,3 mrd. kroner til 64,1 mrd. kroner. Frå 2013 til 2014 auka utgiftene med 7,3 prosent, og frå 2014 til 2015 auka dei med 7,9 prosent.

Under programkategori 07.20 Grunnopplæring har utgiftene auka med knapt 2,3 mrd. kroner, frå 7,5 mrd. kroner til 9,8 mrd. kroner. Frå 2013 til 2014 auka utgiftene med 20,2 prosent, og frå 2014 til 2015 auka dei med 8,1 prosent.

Grunnopplæringavert stort sett finansiert gjennom dei frie inntektene til kommunane og fylkeskommunane. Einstor del av løyvingane over programkategori 07.20er tilskot til frittståande skular, kvalitetsutviklingi grunnopplæringa og vidareutdanning for lærarar og skuleleiarar. Utgiftsauken frå 2013 til 2015 kjem mellomanna av satsinga på vidareutdanning for lærarar, og at tilskot til rentekompensasjon til rehabilitering av skule- og symjeanlegg vart overført frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet til Kunnskapsdepartementet i statsbudsjettet for 2014. I tillegg har det vorte fleire elevar i dei frittståande skulane. Eit nytt tilskot til auka lærarinnsats på første til fjerde trinn medverka til auken frå 2014 til 2015.

Under programkategori 07.30 Barnehagar har utgiftene auka med 0,1 mrd. kroner, frå 0,3 mrd. kroner til 0,4 mrd. kroner. Frå 2013 til 2014 auka utgiftene med 14,9 prosent, og frå 2014 til 2015 auka dei med 16,7 prosent. Det meste av auken i utgifter frå 2013 til 2015 kjem av auka løyvingar til satsing på kvalitet og kompetanseheving til personalet i barnehagen.

Under programkategori 07.50 Vaksenopplæring m.m. har utgiftene auka med knapt 0,4 mrd. kroner, frå 1,5 mrd. kroner til drygt 1,8 mrd. kroner. Frå 2013 til 2014 auka utgiftene med 15,1 prosent, og frå 2014 til 2015 auka dei med 7,6 prosent. Det meste av auken i treårsperioden kjem av auka kontingent for norsk deltaking i EUs program for livslang læring. Løyvingane til Program for basiskompetanse i arbeidslivet vart òg auka.

Under programkategori 07.60 Høgare utdanning og fagskuleutdanning har utgiftene auka med 3,8 mrd. kroner, frå 28,8 mrd. kroner til 32,6 mrd. kroner. Frå 2013 til 2014 auka utgiftene med 6,8 prosent, og frå 2014 til 2015 auka dei med 6,0 prosent. Det meste av auken i perioden kjem av at studieplassar oppretta frå 2009 til 2012 og i 2014 er førte vidare. Nye studieplassar i 2015 har òg auka utgiftene. Studiepoengproduksjonen i perioden har auka som følgje av auken i talet på studieplassar, og som følgje av at studentane jamt over har teke fleire studiepoeng. Dette gir utslag i den resultatbaserte utteljinga i finansieringssystemet. Andre årsaker til auken i utgifter er nye stipendiatstillingar som vart oppretta i 2014 og 2015, og løyvingar til brukarutstyr og husleige i nybygg.

Under programkategori 07.70 Forsking har utgiftene auka med 1,8 mrd. kroner, frå 5,4 mrd. kroner til 7,2 mrd. kroner. Frå 2013 til 2014 auka utgiftene med 5,2 prosent, og frå 2014 til 2015 auka dei med 26,3 prosent. Auken kjem for det meste av auka løyvingar til mellom anna forskingsinfrastruktur, fri prosjektstøtte og deltaking i europeisk forskingssamarbeid.

Under programkategori 07.80 Utdanningsfinansiering har utgiftene auka med drygt 0,4 mrd. kroner, frå 11,5 mrd. kroner til knapt 12,0 mrd. kroner. Frå 2013 til 2014 auka utgiftene med 0,2 prosent, og frå 2014 til 2015 auka dei med 3,6 prosent. Årsaka til auken frå 2013 er høgare studenttal og høgare gjennomsnittleg støtte til den einskilde student.

Utgiftene til lånetransaksjonar har auka med 2 mrd. kroner, frå 21,4 mrd. kroner til 23,4 mrd. kroner. Frå 2013 til 2014 auka utgiftene med 3,7 prosent, og frå 2014 til 2015 auka dei med 5,3 prosent. Årsaka til auken frå 2013 er høgare studenttal og høgare gjennomsnittleg støtte til den einskilde student. Sjå òg kapittel 2.17, der detaljar kring utlåna frå Lånekassa er nærare spesifiserte.

2.4 Kulturdepartementet

Programområde 08 Kulturføremål

(i mill. kr)

Program-kategori

Rekneskap 2013

Rekneskap 2014

Budsjett 2015

Rekneskap 2015

08.10

Administrasjon

120,3

143,5

141,0

138,9

08.15

Samfunns- og frivilligheitsføremål

1 539,6

1 965,5

2 086,3

2 076,9

08.20

Kulturføremål

6 892,0

7 213,8

7 274,3

7 283,5

08.30

Medieføremål

1 207,1

1 224,2

1 222,8

1 240,8

08.40

Den norske kyrkja1)

1 714,0

1 913,4

2 009,1

2 050,3

Sum før lånetransaksjonar

11 473,0

12 460,4

12 733,5

12 790,4

Lånetransaksjonar1)

0,1

0,0

0,0

0,0

Sum Kulturdepartementet

11 473,1

12 460,4

12 733,5

12 790,4

1) Programkategori 08.40 Den norske kyrkja vart frå 1.1.2014 etablert under Kulturdepartementet. Samanliknbare tal for 2013 kjem frå tidlegare programkategori 01.90 under Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet. Sjå omtale i Meld. St. 3 (2014–2015).

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei meirutgift på 56,9 mill. kroner. Overført løyving frå 2014 aukar disponibel løyving med 221,1 mill. kroner, frå 12 733,5 mill. kroner til 12 954,6 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 164,2 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.

På programområdet er det inntektsført meirinntekter på i alt 49,9 mill. kroner. Det er overført til saman 188,5 mill. kroner til 2016 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar.

Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar om overføringar og meirinntekter på programområdet er spesifiserte.

Trenden i rekneskapen i perioden 2013–2015

På programområde 08 Kulturføremål har utgiftene før lånetransaksjonar auka nominelt med 1,3 mrd. kroner, frå 11,5 mrd. kroner til 12,8 mrd. kroner. Frå 2013 til 2014 auka utgiftene med 8,6 prosent, og frå 2014 til 2015 auka dei med 2,6 prosent.

Under programkategori 08.10 Administrasjon har utgiftene auka med 19 mill. kroner, frå 120 mill. kroner til 139 mill. kroner. Frå 2013 til 2014 auka utgiftene med 19,2 prosent, og frå 2014 til 2015 minka dei med 3,2 prosent. Størstedelen av auken frå 2013 til 2014 kjem av at kyrkjeavdelinga vart flytta frå det tidlegare Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet til Kulturdepartementet.

Under programkategori 08.15 Samfunns- og frivilligheitsføremål har utgiftene auka med 537 mill. kroner, frå 1 540 mill. kroner til 2 077 mill. kroner. Frå 2013 til 2014 auka utgiftene med 27,7 prosent, og frå 2014 til 2015 auka dei med 5,7 prosent. Størst auke i 2015 hadde kompensasjonsordninga for meirverdiavgift ved bygging av idrettsanlegg, med 59 mill. kroner, og tilskot til Ungdoms-OL med 101 mill. kroner.

Under programkategori 08.20 Kulturføremål har utgiftene auka med 0,4 mrd. kroner, frå 6,9 mrd. kroner til 7,3 mrd. kroner. Frå 2013 til 2014 auka utgiftene med 4,7 prosent, og frå 2014 til 2015 auka dei med 1,0 prosent. Størst prosentvis auke i 2015 hadde biletkunstfeltet, med 14 prosent.

Under programkategori 08.30 Medieføremål har utgiftene over perioden vore stabile rundt 1,2 mrd. kroner. Frå 2013 til 2014 auka utgiftene med 1,4 prosent, og frå 2014 til 2015 auka dei med 1,4 prosent.

Under programkategori 08.40 Den norske kyrkja har utgiftene auka med 336 mill. kroner, frå 1 714 mill. kroner til 2 050 mill. kroner. Frå 2013 til 2014 auka utgiftene med 11,6 prosent, og frå 2014 til 2015 auka dei med 7,2 prosent. Størstedelen av auken frå 2014 til 2015 kjem av særskilt løyving til kyrkjevalet i 2015, auke i løyvingane til Kyrkjerådet for å førebu eit tydeleg skilje mellom kyrkje og stat frå 2017 og løyving som kompenserte prestane økonomisk for at bustadordninga vart avvikla 1. september 2015.

2.5 Justis- og beredskapsdepartementet

Programområde 06 Justissektoren

(i mill. kr)

Program-kategori

Rekneskap 2013

Rekneskap 2014

Budsjett 2015

Rekneskap 2015

06.10

Administrasjon

436,7

425,1

424,0

423,3

06.20

Rettsstell

2 371,4

2 450,7

2 547,3

2 559,3

06.30

Kriminalomsorg

4 084,2

4 264,2

4 279,6

4 264,9

06.40

Politi- og påtalemakt

14 367,1

15 401,5

15 674,9

15 797,1

06.50

Redningstenesta, samfunnstryggleik og beredskap

3 543,0

3 707,8

3 869,7

3 870,7

06.60

Andre verksemder

1 274,5

1 530,4

1 433,0

1 427,8

06.70

Fri rettshjelp, erstatningar, konfliktråd m.m.

1 618,0

1 661,1

1 406,9

1 480,2

06.80

Svalbardbudsjettet

176,1

1 512,2

310,7

261,5

06.90

Beskyttelse og innvandring

3 854,4

3 881,8

5 509,0

5 508,4

Sum før lånetransaksjonar

31 725,4

34 834,9

35 455,1

35 593,1

Lånetransaksjonar

0,0

0,0

0,0

0,0

Sum Justis- og beredskapsdepartementet

31 725,4

34 834,9

35 455,1

35 593,1

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei meirutgift på 138,0 mill. kroner. Overført løyving frå 2014 aukar disponibel løyving med 788,0 mill. kroner, frå 35 455,1 mill. kroner til 36 243,1 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 650,0 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.

På programområdet er det inntektsført meirinntekter på i alt 75,1 mill. kroner. Det er overført til saman 698,4 mill. kroner til 2016 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar.

Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar om overføringar og meirinntekter på programområdet er spesifiserte.

Trenden i rekneskapen i perioden 2013–2015

På programområde 06 Justissektoren har utgiftene før lånetransaksjonar auka nominelt med 3,9 mrd. kroner, frå 31,7 mrd. kroner til 35,6 mrd. kroner. Frå 2013 til 2014 auka utgiftene med 9,8 prosent, og frå 2014 til 2015 auka dei med 2,2 prosent.

Under programkategori 06.10 Administrasjon har utgiftene minka med 13 mill. kroner, frå 437 mill. kroner til 423 mill. kroner. Frå 2013 til 2014 minka utgiftene med 2,7 prosent, og frå 2014 til 2015 minka dei med 0,4 prosent. Nedgangen frå 2013 til 2014 kjem mellom anna av at Kriminalomsorga si sentrale forvaltning vart flytta ut frå departementet 1. juli 2013.

Under programkategori 06.20 Rettsstell har utgiftene auka med om lag 0,2 mrd. kroner, frå 2,4 mrd. kroner til 2,6 mrd. kroner. Frå 2013 til 2014 auka utgiftene med 3,3 prosent, og frå 2014 til 2015 auka dei med 4,4 prosent. Auken har mellom anna samanheng med ei regelendring med verknad frå 1.1.2014 som inneber at dei fleste kostnadane knytte til sakkyndige i barnesaker dekkes av staten.

Under programkategori 06.30 Kriminalomsorg har utgiftene auka med om lag 0,2 mrd. kroner, frå 4,1 mrd. kroner til 4,3 mrd. kroner. Frå 2013 til 2014 auka utgiftene med 4,4 prosent, og frå 2014 til 2015 vart det inga auke. Auken over perioden 2013–2015 har samanheng med kapasitetsutvidande tiltak i sektoren.

Under programkategori 06.40 Politi- og påtalemakt har utgiftene auka med 1,4 mrd. kroner, frå 14,4 mrd. kroner til 15,8 mrd. kroner. Frå 2013 til 2014 auka utgiftene med 7,2 prosent, og frå 2014 til 2015 auka dei med 2,6 prosent. Ei viktig årsak er at løyvingane til politiet er auka slik at nyutdanna frå Politihøgskulen kan tilsetjast i politiet. Det er òg gjeve løyving til å tilsetje fleire sivile og fleire påtalejuristar i politietaten. Utgifter til beredskap, gjennomføring av politireforma og IKT-tiltak, og handteringa av den store tilstrøyminga av asylsøkjarar hausten 2015 har òg medverka til auken.

Under programkategori 06.50 Redningstenesta, samfunnstryggleik og beredskap har utgiftene auka med drygt 0,3 mrd. kroner, frå drygt 3,5 mrd. kroner til knapt 3,9 mrd. kroner. Frå 2013 til 2014 auka utgiftene med 4,7 prosent, og frå 2014 til 2015 auka dei med 4,4 prosent. Det meste av auken kjem av løyvingar til Nødnett.

Under programkategori 06.60 Andre verksemder har utgiftene auka med knapt 0,2 mrd. kroner, frå knapt 1,3 mrd. kroner til drygt 1,4 mrd. kroner. Frå 2013 til 2014 auka utgiftene med 20,1 prosent, og frå 2014 til 2015 minka dei med 6,7 prosent. Svingingar i rekneskapstala mellom åra kjem av variasjonar i særskilde straffesaksutgifter. Nedgangen frå 2014 til 2015 kjem mellom anna av at straffesaksutgiftene var særskild høge i 2014. Dei høge asylankomstene i 2015 er venta å medføre auka utgifter til representantordninga for einslege mindreårige asylsøkjarar. Desse utgiftene kjem fyrst i 2016.

Under programkategori 06.70 Fri rettshjelp, erstatningar, konfliktråd m.m. har utgiftene minka med 0,1 mrd. kroner, frå 1,6 mrd. kroner til 1,5 mrd. kroner. Frå 2013 til 2014 auka utgiftene med 2,7 prosent, og frå 2014 til 2015 minka dei med 10,9 prosent. Nedgangen har samanheng med at det er utbetalt mindre til fri rettshjelp og til Stortingets rettferdsvederlagsordning.

Programkategori 06.80 Svalbardbudsjettet syner netto utgifter på 262 mill. kroner for 2015. Tilskotet til svalbardbudsjettet kjem fram av kapittel 480, post 50 i statsrekneskapen og utgjer eit netto tilskot, som òg inneheld skatteinntekter til Svalbard. Skatteinntektene på Svalbard i 2015 vart noko høgare enn venta. Rekneskapstalet i 2014 vart påverka av ei enkeltståande skattesak. Sjå òg tabellane 5.1–5.3 i vedlegg 5 Andre rekneskapar og spesifikasjonar, der detaljar kring Svalbardrekneskapen er nærare spesifiserte.

Under programkategori 06.90 Beskyttelse og innvandring har utgiftene auka med 1,6 mrd. kroner, frå knapt 3,9 mrd. kroner til 5,5 mrd. kroner. Frå 2013 til 2014 auka utgiftene med 0,7 prosent, og frå 2014 til 2015 auka dei med 41,9 prosent. Auka på utlendingsfeltet kjem i hovudsak av at det hausten 2015 kom svært mange asylsøkjarar til Noreg. Til samanlikning kom det i 2014 om lag 11 500 asylsøkjarar, medan det i 2015 kom drygt 31 000.

Frå 2016 vart programkategori 11.05 Integrering og mangfald overført frå Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet til Justis- og beredskapsdepartementet.

2.6 Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Programområde 13 Kommunal, bustad og modernisering

(i mill. kr)

Program-kategori1)

Rekneskap 2013

Rekneskap 2014

Budsjett 2015

Rekneskap 2015

13.00

Administrasjon og fellestenester m.m.

1 942,4

1 933,2

1 887,3

1 952,5

13.25

Fylkesmannsembeta

1 657,2

1 791,2

1 718,5

1 755,2

13.30

Statlege byggeprosjekt og eigedomsforvaltning

3 252,4

3 392,2

4 384,9

4 480,1

13.40

Forvaltningsutvikling og IKT-politikk

396,3

435,1

399,8

394,6

13.45

Personvern

40,2

43,0

42,2

40,8

13.50

Distrikts- og regionalpolitikk

2 664,5

2 243,4

2 026,3

2 115,7

13.60

Samiske føremål

291,7

300,0

310,8

311,2

13.67

Nasjonale minoritetar

18,2

21,1

27,9

22,1

13.70

Rammeoverføringar til kommunesektoren m.m.

149 913,8

158 486,3

162 664,5

162 607,9

13.80

Bustad, bustadmiljø og bygg

7 053,6

4 835,5

5 039,6

4 781,2

13.90

Planlegging, byutvikling og geodata

732,8

942,7

835,3

848,9

Sum før lånetransaksjonar

167 963,2

174 423,8

179 337,2

179 310,1

Lånetransaksjonar

16 499,1

17 467,7

18 486,0

17 870,8

Sum Kommunal- og moderniseringsdepartementet

184 462,3

191 891,5

197 823,2

197 180,9

1) For ei oversikt over samansetjinga av programkategoriar ved samanslåinga av Kommunal- og regionaldepartementet og Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet frå 2014, sjå omtale i Meld. St. 3 (2014–2015).

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 27,1 mill. kroner. Overført løyving frå 2014 aukar disponibel løyving med 1 154,9 mill. kroner, frå 179 337,2 mill. kroner til 180 492,1 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 1 182,0 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.

På programområdet er det inntektsført meirinntekter på i alt 178,9 mill. kroner. Det er overført til saman 1 310,1 mill. kroner til 2016 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar.

Lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 615,2 mill. kroner. Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar om overføringar og meirinntekter på programområdet er spesifiserte.

Trenden i rekneskapen i perioden 2013–2015

På programområde 13 Kommunal, bustad og modernisering har utgiftene før lånetransaksjonar auka nominelt med 11,3 mrd. kroner, frå 168,0 mrd. kroner til 179,3 mrd. kroner. Frå 2013 til 2014 auka utgiftene med 3,8 prosent, og frå 2014 til 2015 auka dei med 2,8 prosent.

Under programkategori 13.25 Fylkesmannsembetene har utgiftene auka med 0,1 mrd. kroner, frå knapt 1,7 mrd. kroner til knapt 1,8 mrd. kroner. Frå 2013 til 2014 auka utgiftene med 8,1 prosent, og frå 2014 til 2015 minka dei med 2,0 prosent. Auken frå 2013 til 2014 kjem av at fylkesmannsembeta har fått eit fast løns- og driftsansvar for den einskilde nasjonalpark-/ verneområdeforvaltar. Midlar til dette vart overført frå kapittel 1420 Miljøverndirektoratet. Årsaka til nedgangen frå 2014 til 2015 er i hovudsak innføring av ordninga med netto meirverdiavgift i staten og avbyråkratiserings- og effektiviseringsreforma.

Under programkategori 13.30 Statlege byggeprosjekt og eigedomsforvaltning har utgiftene auka med 1,2 mrd. kroner, frå 3,3 mrd. kroner til 4,5 mrd. kroner. Frå 2013 til 2014 auka utgiftene med 4,3 prosent, og frå 2014 til 2015 auka dei med 32,1 prosent. Auken frå 2013 til 2015 er i hovudsak knytt til igangsetjing og vidareføring av byggjeprosjekt, mellom anna den store utbygginga på Campus Ås.

Under programkategori 13.40 Forvaltningsutvikling og IKT-politikk har utgiftene lege rundt 0,4 mrd. kroner over treårsperioden. Frå 2013 til 2014 auka utgiftene med 9,8 prosent, og frå 2014 til 2015 minka dei med 9,3 prosent. Auken frå 2013 til 2014 kjem mellom anna av auka løyvingar til utvikling og drift av ein sams infrastruktur for elektronisk ID og sikker digital post, styrking av IKT-tryggleiken i statleg sektor og etablering av ein tilsynsfunksjon for universell utforming av IKT-løysingar i Direktoratet for forvaltning og IKT. Nedgangen frå 2014 til 2015 kjem mellom anna av at e-handelssatsinga i si noverande form vart avslutta i 2014, og at delar av utgiftene til etablering av sikker digital post fyrst kjem til utbetaling i 2016.

Under programkategori 13.50 Distrikts- og regionalpolitikk har utgiftene minka med drygt 0,5 mrd. kroner, frå knapt 2,7 mrd. kroner til 2,1 mrd. kroner. Frå 2013 til 2014 minka utgiftene med 15,8 prosent, og frå 2014 til 2015 minka dei med 5,7 prosent. Nedgangen frå 2013 til 2015 kjem av at midlar frå programkategori 13.50 er omprioriterte for å gje rom for auka løyvingar til fysisk infrastruktur, mellom anna vedlikehald av fylkesvegar, vekstfremmande skattelettar og forsking.

Under programkategori 13.70 Rammeoverføringar til kommunesektoren m.m. har utgiftene auka med 12,7 mrd. kroner, frå 149,9 mrd. kroner til 162,6 mrd. kroner. Frå 2013 til 2014 auka utgiftene med 5,7 prosent, og frå 2014 til 2015 auka dei med 2,6 prosent. Utgiftene under denne programkategorien må sjåast i samanheng med det samla økonomiske opplegget for kommunesektoren i statsbudsjettet. Auken frå 2013 til 2015 heng saman med den generelle styrkinga av dei frie inntektene.

Under programkategori 13.80 Bustad, bustadmiljø og bygg har utgiftene minka med 2,3 mrd. kroner, frå knapt 7,1 mrd. kroner til 4,8 mrd. kroner. Frå 2013 til 2014 minka utgiftene med 31,4 prosent, og frå 2014 til 2015 minka dei med 1,1 prosent. Nedgangen frå 2013 til 2014 kjem av at fleire tilskot vart flytta til dei departementa som har det faglege ansvaret for ordningane. Dette gjeld løyvingane til rentekompensasjon for skule-, symjeanlegg og kyrkjebygg og løyvingane til omsorgsbustader og sjukeheimsplassar. Ordningane vart overførte til høvesvis Kunnskapsdepartementet, Kulturdepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet. Nedgangen frå 2014 til 2015 kjem av at tilsegn på tilskotsordningar i Husbanken vert utbetalte seinare enn det som var lagt til grunn i budsjetteringa.

Under programkategori 13.90 Planlegging, byutvikling og geodata har utgiftene auka med 0,1 mrd. kroner, frå 0,7 mrd. kroner til drygt 0,8 mrd. kroner. Frå 2013 til 2014 auka utgiftene med 28,6 prosent, og frå 2014 til 2015 minka dei med 10,0 prosent. Auken frå 2013 til 2014 kjem i hovudsak av auka løyving til elektronisk tinglysing og overføring av midlar frå det tidlegare Miljøverndepartementet i samband med overføring av Planavdelinga til Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Nedgangen frå 2014 til 2015 kjem mellom anna av at programmet Framtidas Byer vert avslutta, og av flytting av løyvingar frå programkategorien til ein felles post for departementet.

Lånetransaksjonane syner ein auke på 1,4 mrd. kroner frå 16,5 mrd. kroner til 17,9 mrd. kroner. Det var ein auke på 5,9 prosent frå 2013 til 2014 og ein auke på 2,3 prosent frå 2014 til 2015. Auken frå 2013 til 2014 kjem mellom anna av innfasing av auka låneramme i Husbanken i 2011, 2012 og 2013. Nedgangen frå 2014 til 2015 kjem av lågare låneramme i 2014 og 2015 enn i 2013. Heile låneramma til Husbanken vart disponert i 2014 og 2015. Sjå òg kapittel 2.17, der detaljar kring utlåna frå Husbanken er nærare spesifiserte.

2.7 Arbeids- og sosialdepartementet

Arbeids- og sosialdepartementet har ansvaret for tre budsjettområde: programområde 09 Arbeid og sosiale føremål, programområde 29 Sosiale føremål, folketrygda og programområde 33 Arbeidsliv, folketrygda.

Programområde 09 Arbeid og sosiale føremål

(i mill. kr)

Program-kategori

Rekneskap 2013

Rekneskap 2014

Budsjett 2015

Rekneskap 2015

09.00

Administrasjon

419,1

421,1

435,2

429,1

09.10

Administrasjon av arbeids- og velferdspolitikken

12 227,2

12 694,4

11 975,7

12 290,9

09.20

Tiltak for betra levekår m.m.

298,2

324,2

326,2

337,6

09.30

Arbeidsmarknad

7 403,2

7 280,6

7 727,1

7 783,5

09.40

Arbeidsmiljø og tryggleik

890,5

1 520,5

975,5

980,8

09.50

Pensjonar mv. under Statens pensjonskasse

10 202,4

10 433,3

11 274,6

11 318,1

09.60

Kontantytingar

2 938,0

2 599,5

2 389,0

2 384,0

Sum før lånetransaksjonar

34 378,5

35 273,6

35 103,3

35 523,9

Lånetransaksjonar

36 358,5

27 245,9

8 400,0

7 844,0

Sum Arbeid og sosiale føremål

70 737,0

62 519,5

43 503,3

43 367,8

Programområde 29 Sosiale føremål, folketrygda

29.20

Einslege forsørgjarar

3 744,5

3 683,0

3 689,2

3 665,6

29.50

Inntektssikring ved sjukdom, arbeidsavklaring og uførleik

134 832,3

137 741,3

151 301,7

151 186,3

29.60

Kompensasjon for meirutgifter ved nedsett funksjonsevne m.m.

8 590,3

9 016,3

9 158,0

9 119,7

29.70

Alderdom

164 602,1

179 196,6

190 635,0

190 563,4

29.80

Forsørgjartap m.m.

2 627,5

2 468,6

2 416,6

2 422,6

Sum før lånetransaksjonar

314 396,7

332 105,7

357 200,5

356 957,6

Lånetransaksjonar

0,0

0,0

0,0

0,0

Sum Sosiale føremål, folketrygda

314 396,7

332 105,7

357 200,5

356 957,6

Programområde 33 Arbeidsliv, folketrygda

33.30

Arbeidsliv

11 136,7

12 386,2

14 430,0

14 573,7

Sum før lånetransaksjonar

11 136,7

12 386,2

14 430,0

14 573,7

Lånetransaksjonar

0,0

0,0

0,0

0,0

Sum Arbeidsliv, folketrygda

11 136,7

12 386,2

14 430,0

14 573,7

Sum Arbeids- og sosialdepartementet

396 270,4

407 011,5

415 133,8

414 899,2

Programområde 09 Arbeid og sosiale føremål

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei meirutgift på 420,6 mill. kroner. Overført løyving frå 2014 aukar disponibel løyving med 912,5 mill. kroner, frå 35 103,3 mill. kroner til 36 015,8 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 491,9 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.

På programområdet er det inntektsført meirinntekter på i alt 4,9 mill. kroner. Det er overført til saman 410,8 mill. kroner til 2016 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar.

Lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 556,0 mill. kroner.

Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar om overføringar og meirinntekter på programområdet er spesifiserte.

Trenden i rekneskapen i perioden 2013–2015

På programområde 09 Arbeid og sosiale føremål har utgiftene før lånetransaksjonar auka nominelt med 1,1 mrd. kroner, frå 34,4 mrd. kroner til 35,5 mrd. kroner. Frå 2013 til 2014 auka utgiftene med 2,6 prosent, og frå 2014 til 2015 auka dei med 0,7 prosent.

Under programkategori 09.10 Administrasjon av arbeids- og velferdspolitikken har utgiftene auka med 64 mill. kroner frå 2013 til 2015, frå 12,2 mrd. kroner til 12,3 mrd. kroner. Frå 2013 til 2014 auka utgiftene med 3,8 prosent, og frå 2014 til 2015 minka dei med 3,2 prosent. Frå 2014 til 2015 minka utgiftene med om lag 0,4 mrd. kroner, trass i ein auke på same storleik som følgje av pris- og lønsjustering på kap. 605, post 1 i 2015. Hovudgrunnen til at ein likevel har fått ein nedgang er nettoføring av standardrefusjonar (kap. 605, post 1), at overført beløp til 2014 var betydeleg høgare enn tilsvarande overføringar til dei to etterfølgjande åra (kap. 605, post 1) og nedgang i utgifter til IKT-moderniseringa i Arbeids- og velferdsetaten (kap. 604).

Under programkategori 09.30 Arbeidsmarknad har utgiftene auka med 0,4 mrd. kroner, frå 7,4 mrd. kroner til 7,8 mrd. kroner. Frå 2013 til 2014 minka utgiftene med 1,7 prosent, og frå 2014 til 2015 auka dei med 6,9 prosent.

Auken frå 2014 til 2015 kjem mellom anna av at det er gjennomført fleire tiltaksplassar for arbeidsmarknadstiltak i 2015 enn i 2014.

Under programkategori 09.40 Arbeidsmiljø og tryggleik har utgiftene auka med 0,1 mrd. kroner, frå 0,9 mrd. kroner til 1,0 mrd. kroner. Frå 2013 til 2014 auka utgiftene med 70,7 prosent, og frå 2014 til 2015 minka dei med 35,8 prosent. Hovudgrunnen til endringa frå 2013 til 2014 var at det i 2014 vart gjeve ei løyving på 0,6 mrd. kroner, til å dekkje utbetaling av tilleggskompensasjon til pionerdykkjarar i Nordsjøen. Endringa frå 2014 til 2015 kjem av at utbetalingane av tilleggskompensasjonen i hovudsak vart utført i 2014 og i byrjinga av 2015.

Under programkategori 09.50 Pensjonar mv. under Statens pensjonskasse har utgiftene auka med 1,1 mrd. kroner, frå 10,2 mrd. kroner til 11,3 mrd. kroner. Frå 2013 til 2014 auka utgiftene med 2,3 prosent, og frå 2014 til 2015 auka dei med 8,5 prosent.

Under programkategorien utgiftsfører ein mellom anna statens netto pensjonsutbetalingar gjennom Statens pensjonskasse (SPK). For statlege verksemder som betaler pensjonspremie til SPK, vert premien inntektsført under programkategorien. Auken frå 2014 til 2015 kjem for ein stor del av at pensjonsutbetalingane auka meir enn pensjonspremieinntektene i 2015.

Brutto utlån for bustadlånsordninga (lånetransaksjonar) på kapittel 614 er redusert frå 36,4 mrd. kroner i 2013 til 7,8 mrd. kroner i 2015. Nedgangen kjem av lågare etterspurnad etter lån. Samla utlån for bustadlånsordninga er redusert fordi avdrag og innfriing av gamle lån overstig brutto utlån. Samla utlån i bustadlånsordninga per 31.12.2015 er 74,8 mrd. kroner. Sjå òg kapittel 2.17 der detaljar kring utlåna frå bustadlånsordninga i SPK er nærare spesifiserte.

Under programkategori 09.60 Kontantytingar har utgiftene minka med knapt 0,6 mrd. kroner, frå drygt 2,9 mrd. kroner til knapt 2,4 mrd. kroner. Frå 2013 til 2014 minka utgiftene med 11,5 prosent, og frå 2014 til 2015 minka dei med 8,3 prosent.

Programkategorien omfattar avtalefesta pensjon (AFP), krigspensjon, pensjonstrygda for sjømenn og supplerande stønad til personar over 67 år. Nedgangen frå 2014 til 2015 kjem i hovudsak av at utgiftene til AFP har minka.

Programområde 29 Sosiale føremål, folketrygda

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 242,9 mill. kroner. Overført løyving frå 2014 aukar disponibel løyving med 168,5 mill. kroner, frå 357 200,5 mill. kroner til 357 369,0 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 411,4 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.

Det er ikkje meirinntekter knytte til programområdet, sidan det stort sett inneheld overslagsløyvingar på tilskotspostar. Det er overført til saman 129 mill. kroner til 2016 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar.

Trenden i rekneskapen i perioden 2013–2015

På programområde 29 Sosiale føremål, folketrygda har utgiftene før lånetransaksjonar auka nominelt med 42,6 mrd. kroner, frå 314,4 mrd. kroner til 357,0 mrd. kroner. Frå 2013 til 2014 auka utgiftene med 5,6 prosent, og frå 2014 til 2015 auka dei med 7,5 prosent.

Under programkategori 29.50 Inntektssikring ved sjukdom, arbeidsavklaring og uførleik har utgiftene auka med 16,4 mrd. kroner, frå 134,8 mrd. kroner til 151,2 mrd. kroner. Frå 2013 til 2014 auka utgiftene med 2,2 prosent, og frå 2014 til 2015 auka dei med 9,8 prosent.

Utgiftene til sjukepengar for arbeidstakarar var på 35,3 mrd. kroner i 2015, ein auke på 2,9 mrd. kroner frå 2013. Utgiftene til arbeidsavklaringspengar var på 34,3 mrd. kroner i 2015, ein nedgang på 1,4 mrd. kroner frå 2013. Utgiftene til uføretrygd var på 76,5 mrd. kroner i 2015, ein auke på 14,8 mrd. kroner frå 2013.

Talet på sjukedagar som folketrygda har betalt for, er om lag uendra frå 2014 til 2015, medan betalinga for kvar sjukedag har auka. Talet på sjukepengedagar per sysselsett arbeidstakar som folketrygda har betalt for (korrigert for sjukepengegrad), var òg uendra frå 2014 til 2015, og låg på eit gjennomsnitt på 9,0 arbeidsdagar båe år.

Per desember 2013 var det 163 200 mottakarar av arbeidsavklaringspengar. Ved utgangen av 2014 var talet på mottakarar gått ned til 151 300. Nedgangen heldt fram i 2015. Per desember 2015 var det 148 500 mottakarar av arbeidsavklaringspengar. Hovudgrunnen til nedgangen i utgifter til arbeidsavklaringspengar er færre mottakarar. Samstundes har utbetalinga per mottakar auka grunna regulering av grunnbeløpet i folketrygda.

Talet på uføretrygda har auka frå 305 900 ved utgangen av 2013 til 311 900 ved utgangen av 2014. Ved utgangen av 2015 har talet på uføretrygda auka til 314 700. Viktige grunnar til auken i 2014 og i 2015 er at mange mottakarar av arbeidsavklaringspengar nådde maksimal varigheit i ordninga og at ein stor del av desse gjekk over til uføretrygd. Størstedelen av auken i utgiftene i 2015 kjem av at uføretrygda før skatt er auka for å tilpasse utbetalinga til dei nye skattereglane i samband med uførereforma.

Under programkategori 29.70 Alderdom har utgiftene auka med 26,0 mrd. kroner, frå 164,6 mrd. kroner til 190,6 mrd. kroner. Frå 2013 til 2014 auka utgiftene med 8,9 prosent, og frå 2014 til 2015 auka dei med 6,3 prosent.

Auken frå 2013 til 2014 målt i fast grunnbeløp var på 5,0 prosent, medan auken frå 2014 til 2015 var på 3,8 prosent. Grunnen til auken er i hovudsak at det vart fleire alderspensjonistar. Mesteparten av auken skjedde blant pensjonistar i aldersgruppa 67 år og over.

Ein del av auken frå 2013 til 2015 kjem av at det vart høve til å starte uttak av alderspensjon frå 62 år frå 1. januar 2011. I 2013 var gjennomsnittleg tal på mottakarar mellom 62 og 66 år om lag 65 000, i 2014 var det om lag 77 000 og i 2015 var det om lag 86 000. Gjennomsnittleg tal på alderspensjonistar var om lag 781 500 i 2013, om lag 820 000 i 2014 og om lag 854 000 i 2015.

Programområde 33 Arbeidsliv, folketrygda

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap syner ei meirutgift på 143,7 mill. kroner av ei samla løyving på 14,5 mrd. kroner. Det er ikkje meirinntekter knytte til programområdet, sidan det berre inneheld overslagsløyvingar på tilskotspostar.

Trenden i rekneskapen i perioden 2013–2015

På programområde 33 Arbeidsliv, folketrygda har utgiftene auka med drygt 3,4 mrd. kroner, frå 11,1 mrd. kroner til 14,6 mrd. kroner. Frå 2013 til 2014 auka utgiftene med 11,2 prosent, og frå 2014 til 2015 auka dei med 17,7 prosent.

Endringa for programkategori 33.30 kjem for det meste av at utgiftene til dagpengar har auka som følgje av fleire arbeidsledige med rett til dagpengar.

2.8 Helse- og omsorgsdepartementet

Helse- og omsorgsdepartementet har ansvaret for to budsjettområde: programområde 10 Helse og omsorg og programområde 30 Stønad ved helsetenester.

Programområde 10 Helse og omsorg

(i mill. kr)

Program-kategori

Rekneskap 2013

Rekneskap 2014

Budsjett 2015

Rekneskap 2015

10.00

Helse- og omsorgsdepartementet m.m.

314,5

658,7

710,1

715,4

10.10

Folkehelse

1 902,5

2 089,9

1 920,7

2 130,6

10.20

Helseforvaltning

2 097,9

2 065,5

1 942,7

2 049,8

10.30

Spesialisthelsetenester

112 334,0

118 812,4

134 237,8

134 271,4

10.50

Legemiddel

320,1

333,2

316,6

319,6

10.60

Helse- og omsorgstenester i kommunane

3 659,1

6 440,2

7 420,8

7 495,9

10.70

Tannhelse

164,6

203,2

231,6

235,2

10.80

Kunnskap og kompetanse

750,4

709,4

756,2

718,3

Sum før lånetransaksjonar

121 543,2

131 312,4

147 536,5

147 936,2

Lånetransaksjonar

1,5

0,7

0,0

0,0

Sum Helse og omsorg

121 544,7

131 313,1

147 536,5

147 936,2

Programområde 30 Stønad ved helsetenester

30.10

Spesialisthelsetenester m.m.

4 327,0

4 842,2

5 206,0

5 185,1

30.50

Legehjelp, legemiddel m.m. 1)

20 833,1

22 024,2

24 074,1

24 174,8

30.90

Andre helsetiltak

197,3

190,3

185,0

185,9

Sum før lånetransaksjonar

25 357,4

27 056,7

29 465,1

29 545,8

Lånetransaksjonar

0,0

0,0

0,0

0,0

Sum Stønad ved helsetenester

25 357,4

27 056,7

29 465,1

29 545,8

Sum Helse- og omsorgsdepartementet

146 902,1

158 369,8

177 001,6

177 482,0

1) Tidlegare programkategori 29.90 Diverse utgifter under Arbeids- og sosialdepartementet vart frå 2014 flytta til programkategori 30.50 Legehjelp, legemiddel m.m. under Helse- og omsorgsdepartementet. Samanliknbare tal for 2013 er reklassifiserte med 480,6 mill. kroner.

Programområde 10 Helse og omsorg

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei meirutgift på 399,7 mill. kroner. Overført løyving frå 2014 aukar disponibel løyving med 368,2 mill. kroner, frå 147 536,5 mill. kroner til 147 904,7 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei meirutgift på 31,5 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.

På programområdet er det inntektsført meirinntekter på i alt 310,4 mill. kroner. Det er overført til saman 223,0 mill. kroner til 2016 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar.

Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar om overføringar og meirinntekter på programområdet er spesifiserte.

Trenden i rekneskapen i perioden 2013–2015

På programområde 10 Helse og omsorg har utgiftene før lånetransaksjonar auka nominelt med 26,4 mrd. kroner, frå 121,5 mrd. kroner til 147,9 mrd. kroner. Frå 2013 til 2014 auka utgiftene med 8,0 prosent, og frå 2014 til 2015 auka dei med 12,7 prosent.

Under programkategori 10.00 Helse- og omsorgsdepartementet m.m. har utgiftene auka med 0,4 mrd. kroner, frå 0,3 mrd. kroner til 0,7 mrd. kroner. Frå 2013 til 2014 auka utgiftene med 109,4 prosent, og frå 2014 til 2015 auka dei med 8,6 prosent. Auken frå 2013 til 2014 kjem i hovudsak av større løyvingar til elektronisk samhandling, og at desse løyvingane for 2014 vart flytta frå programkategoriane 10.20 og 10.80. Auken frå 2014 til 2015 kjem i hovudsak av større løyvingar til elektronisk samhandling og auka EU-kontingentar.

Under programkategori 10.10 Folkehelse har utgiftene auka med 0,2 mrd. kroner, frå 1,9 mrd. kroner til 2,1 mrd. kroner. Frå 2013 til 2014 auka utgiftene med 9,8 prosent, og frå 2014 til 2015 auka dei med 1,9 prosent. Avviket mellom budsjett og rekneskap kjem mellom anna av meirutgifter som følgje av opptente meirinntekter, jf. særskilde fullmakter.

Under programkategori 10.20 Helseforvaltning har utgiftene minka med 48 mill. kroner, frå 2,1 mrd. kroner til 2,05 mrd. kroner. Frå 2013 til 2014 minka utgiftene med 1,5 prosent, og frå 2014 til 2015 minka dei med 0,8 prosent. Nedgangen frå 2014 til 2015 kjem mellom anna av ein nedgang i erstatningsutbetalingar til vaksineskadar gjennom NPE.

Under programkategori 10.30 Spesialisthelsetenester har utgiftene auka med drygt 21,9 mrd. kroner, frå drygt 112,3 mrd. kroner til knapt 134,3 mrd. kroner. Frå 2013 til 2014 auka utgiftene med 5,8 prosent, og frå 2014 til 2015 auka dei med 13,0 prosent. Auken frå 2014 til 2015 kjem mellom anna av vekst i pasientbehandlinga, auka pensjonskostnadar og avvikling av kommunal medfinansiering. Den siste innebar at midlar vart overførte frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Under programkategori 10.60 Helse- og omsorgstenester i kommunane har utgiftene auka med 3,8 mrd. kroner, frå 3,7 mrd. kroner til 7,5 mrd. kroner. Frå 2013 til 2014 auka utgiftene med 76,0 prosent, og frå 2014 til 2015 auka dei med 16,4 prosent. Årsaka til auken frå 2013 til 2014 er særleg at tilskotspostane for investeringstilskot til heildøgns omsorgsplassar og kompensasjon for renter og avdrag for bygging av sjukeheimar og omsorgsbustadar vart flytta frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Årsaka til auken frå 2014 til 2015 er hovudsakleg større løyvingar til tiltak innanfor Omsorgsplan 2015, psykisk helse, rusfeltet og oppfølging av samhandlingsreforma. Mellom anna er 100 mill. kroner av auken knytte til rusarbeid i kommunane.

Under programkategori 10.70 Tannhelse har utgiftene auka med 71 mill. kroner, frå 165 mill. kroner til 235 mill. kroner. Frå 2013 til 2014 auka utgiftene med 23,4 prosent, og frå 2014 til 2015 auka dei med 15,8 prosent. Auken kjem mellom anna av større løyvingar for å styrke innsatsen på tannhelsefeltet og for å heve kompetansen i tannhelsesektoren. 22 mill. kroner av auken frå 2014 til 2015 er omdisponeringar frå stønadsordningane i folketrygda, og utgiftene under programkategori 30.10 har difor minka tilsvarande.

Programområde 30 Stønad ved helsetenester

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei meirutgift på 80,7 mill. kroner av ei samla løyving på 29,5 mrd. kroner. Det er ikkje meirinntekter eller overføringar knytte til programområdet, sidan det berre inneheld løyvingar på tilskotspostar.

Trenden i rekneskapen i perioden 2013–2015

På programområde 30 Stønad ved helsetenester har utgiftene før lånetransaksjonar auka nominelt med 4,2 mrd. kroner, frå 25,4 mrd. kroner til 29,5 mrd. kroner. Frå 2013 til 2014 auka utgiftene med 6,7 prosent, og frå 2014 til 2015 auka dei med 9,2 prosent.

Under programkategori 30.10 Spesialisthelsetenester m.m. har utgiftene auka med knapt 0,9 mrd. kroner, frå 4,3 mrd. kroner til 5,2 mrd. kroner. Frå 2013 til 2014 auka utgiftene med 11,9 prosent, og frå 2014 til 2015 auka dei med 7,1 prosent. Auken frå 2014 til 2015 kjem mellom anna av vekst i utgifter til spesialisthjelp, tannbehandling og laboratorie- og røntgenundersøkingar.

Under programkategori 30.50 Legehjelp, legemiddel m.m. har utgiftene auka med drygt 3,3 mrd. kroner, frå drygt 20,8 mrd. kroner til knapt 24,2 mrd. kroner. Frå 2013 til 2014 auka utgiftene med 5,7 prosent, og frå 2014 til 2015 auka dei med 9,8 prosent. Auken kjem særleg av at folketrygda har fått høgare utgifter til legemiddel. Det er òg ein auke i utgiftene til refusjonar til allmennlegar og fysioterapeutar.

2.9 Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet

Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet har ansvaret for to budsjettområde: programområde 11 Barn, likestilling og inkludering og programområde 28 Foreldrepengar, folketrygda.

Programområde 11 Barn, likestilling og inkludering

(i mill. kr)

Program-kategori

Rekneskap 2013

Rekneskap 2014

Budsjett 2015

Rekneskap 2015

11.00

Administrasjon

171,9

177,2

174,7

173,8

11.05

Integrering og mangfald1)

7 571,2

8 346,1

9 997,8

9 800,6

11.10

Tiltak for familie, likestilling og ikkje-diskriminering

17 275,8

17 389,9

17 683,9

17 710,6

11.20

Tiltak for barn og ungdom

9 404,2

8 710,7

9 689,0

9 343,8

11.30

Forbrukarpolitikk

202,9

200,6

220,5

223,4

Sum før lånetransaksjonar

34 626,0

34 824,6

37 765,9

37 252,2

Lånetransaksjonar

0,0

0,0

0,0

0,0

Sum Barn, likestilling og inkludering

34 626,0

34 824,6

37 765,9

37 252,2

Programområde 28 Foreldrepengar, folketrygda

28.50

Stønad ved fødsel og adopsjon

17 107,5

18 289,3

19 458,0

19 303,6

Sum før lånetransaksjonar

17 107,5

18 289,3

19 458,0

19 303,6

Lånetransaksjonar

0,0

0,0

0,0

0,0

Sum Foreldrepengar, folketrygda

17 107,5

18 289,3

19 458,0

19 303,6

Sum Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet

51 733,5

53 114,0

57 223,9

56 555,8

1) Frå 2016 vart programkategori 11.05 Integrering og mangfald overført frå Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet til Justis- og beredskapsdepartementet.

Programområde 11 Barn, likestilling og inkludering

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 513,7 mill. kroner. Overført løyving frå 2014 aukar disponibel løyving med 146,1 mill. kroner, frå 37 765,9 mill. kroner til 37 912,0 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 659,8 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.

På programområdet er det mindreinntekter på 14,1 mill. kroner. Det er overført til saman 143,4 mill. kroner til 2016 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar.

Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar om overføringar og meirinntekter på programområdet er spesifiserte.

Trenden i rekneskapen i perioden 2013–2015

På programområde 11 Barn, likestilling og inkludering har utgiftene før lånetransaksjonar auka nominelt med 2,6 mrd. kroner, frå 34,6 mrd. kroner til 37,3 mrd. kroner. Frå 2013 til 2014 auka utgiftene med 0,6 prosent, og frå 2014 til 2015 auka dei med 7,0 prosent.

Det meste av auken i perioden kjem frå programkategoriane 11.05 Integrering og mangfald og 11.20 Tiltak for barn og ungdom.

Under programkategori 11.05 Integrering og mangfald har utgiftene auka med 2,2 mrd. kroner, frå 7,6 mrd. kroner til 9,8 mrd. kroner. Frå 2013 til 2014 auka utgiftene med 10,2 prosent, og frå 2014 til 2015 auka dei med 17,4 prosent. Hovudgrunnen er auke i talet på busette flyktningar som utløyser integreringstilskot til kommunane.

Under programkategori 11.10 Tiltak for familie, likestilling og ikkje-diskriminering har utgiftene auka med 0,4 mrd. kroner, frå 17,3 mrd. kroner til 17,7 mrd. kroner. Frå 2013 til 2014 auka utgiftene med 0,7 prosent, og frå 2014 til 2015 auka dei med 1,8 prosent. Hovudgrunnen til auken i utgifter frå 2013 til 2015 er auka utbetalingar av kontantstøtte.

Under programkategori 11.20 Tiltak for barn og ungdom har utgiftene minka med 0,1 mrd. kroner, frå 9,4 mrd. kroner til 9,3 mrd. kroner. Frå 2013 til 2014 minka utgiftene med 7,4 prosent, og frå 2014 til 2015 auka dei med 7,3 prosent. Hovuddelen av nedgangen frå 2013 til 2014 er ein nedgang i refusjon av kommunale utgifter til barneverntiltak knytte til einslege, mindreårige asylsøkjarar og flyktningar.Dette heng saman med endringar i ordninga frå 2014. Om lag halvparten av auken frå 2014 til 2015 kjem av den store auken i einslege mindreårige asylsøkjarar og flyktningar. Det har òg vore ein auke i utgiftene til kommunalt og statleg barnevern.

Programområde 28 Foreldrepengar, folketrygda

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 154,4 mill. kroner av ei samla løyving på 19,5 mrd. kroner. Det er ikkje meirinntekter, refusjonar eller overføringar knytte til programområdet, sidan det berre inneheld overslagsløyvingar på tilskotspostar.

Trenden i rekneskapen i perioden 2013–2015

Under programkategori 28.50 Stønad ved fødsel og adopsjon har utgiftene auka med 2,2 mrd. kroner, frå 17,1 mrd. kroner til 19,3 mrd. kroner. Frå 2013 til 2014 auka utgiftene med 6,9 prosent, og frå 2014 til 2015 auka dei med 5,5 prosent.

Dei viktigaste grunnane er at fleire mødrer enn før har rett til foreldrepengar ved fødsel, at stønadsmottakarane har fått høgare inntekt, og at lengda på foreldrepengeperioden og fedrekvoten vart auka med to veker frå 1. juli 2013. Endringa frå 1. juli 2013 fekk fyrst full verknad i 2015.

2.10 Nærings- og fiskeridepartementet

Nærings- og fiskeridepartementet har ansvar for programområde 17 Nærings- og fiskeriføremål. I tillegg har departementet ansvar for programkategori 33.40 Arbeidsliv, folketrygda.

Programområde 17 Nærings- og fiskeriføremål

(i mill. kr)

Program-kategori1)

Rekneskap 2013

Rekneskap 2014

Budsjett 2015

Rekneskap 2015

17.10

Forvaltning og rammevilkår2) 3)

4 157,1

4 420,9

4 610,4

4 178,0

17.20

Forsking og innovasjon3) 4)

5 837,8

6 726,3

6 905,9

7 316,5

17.30

Marknadsadgang og eksport4)

605,8

504,0

111,3

115,5

17.40

Statleg eigarskap5)

39,7

116,7

555,0

541,9

Sum før lånetransaksjonar

10 640,4

11 767,8

12 182,6

12 151,8

Lånetransaksjonar

71 458,7

75 307,2

65 225,4

62 793,4

Sum Nærings- og fiskeriføremål

82 099,1

87 075,0

77 408,0

74 945,2

1) Det er i samband med 2015-budsjettet gjort ei rydding og omsortering i programkategoriane under NFD, etter samanslåinga av Nærings- og handelsdepartemenet og Fiskeridepartementet frå 2014. Det er difor gjennomført ei omgruppering av tala for 2013 og 2014 for å syne eit konsistent samanlikningsgrunnlag mellom åra. Sjå fotnotar under for nærare spesifikasjon. Sjå òg omtale i Meld. St. 3 (2014–2015) for ei oversikt over samansetjinga av programkategoriar ved samanslåinga av departementa i 2014.

2) Tidlegare programkategori 17.00 Administrasjon er frå 2015 lagt inn i kategorien 17.10. Programkategorien har samstundes skifta namn til Forvaltning og rammevilkår.

3) Patentstyret (kap. 901) og Klagenemnda for industrielle rettar (kap. 914) er frå 2015 flytta frå programkategori 17.10 til 17.20.

4) Internasjonaliseringstiltak (kap. 934) og Eksportkreditt Norge AS (kap. 2429) er flytta frå programkategori 17.20 til 17.30. Sistnemnde programkategori har samstundes skifta namn til Marknadsadgang og eksport.

5) Programkategorien Statleg eigarskap har skifta kategorinummer frå 17.30 til 17.40.

Programområde 33 Arbeidsliv, Folketrygda

33.40

Arbeidsliv

102,0

90,0

90,0

80,0

Sum før lånetransaksjonar

102,0

90,0

90,0

80,0

Lånetransaksjonar

0,0

0,0

0,0

0,0

Sum Arbeidsliv, Folketrygda

102,0

90,0

90,0

80,0

Sum Nærings- og fiskeridepartementet

82 201,1

87 165,0

77 498,0

75 025,2

Programområde 17 Nærings- og fiskeriføremål

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 30,8 mill. kroner. Overført løyving frå 2014 aukar disponibel løyving med 1 366,8 mill. kroner, frå 12 182,6 mill. kroner til 13 549,4 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 1 397,6 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.

På programområdet er det inntektsført meirinntekter på i alt 41,7 mill. kroner. Det er overført til saman 907,2 mill. kroner til 2016 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar.

Lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 2 432,0 mill. kroner.

Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar om overføringar og meirinntekter på programområdet er spesifiserte.

Trenden i rekneskapen i perioden 2013–2015

På programområde 17 Nærings- og fiskeriføremål har utgiftene før lånetransaksjonar auka nominelt med 1,5 mrd. kroner, frå 10,6 mrd. kroner til 12,2 mrd. kroner. Frå 2013 til 2014 auka utgiftene med 10,6 prosent, og frå 2014 til 2015 auka dei med 3,3 prosent.

Under programkategori 17.10 Forvaltning og rammevilkår har utgiftene auka med 21 mill. kroner, frå 4 157 mill. kroner til 4 178 mill. kroner. Frå 2013 til 2014 auka utgiftene med 6,3 prosent, og frå 2014 til 2015 minka dei med 5,5 prosent. Nedgangen frå 2014 til 2015 har mellom anna samanheng med meirverdiavgiftsreforma i staten der utgiftene til betaling av meirverdiavgift er trekt ut frå driftsløyvingane til etatane.

Under programkategori 17.20 Forsking og innovasjon har utgiftene auka med 1,5 mrd. kroner, frå 5,8 mrd. kroner til 7,3 mrd. kroner. Frå 2013 til 2014 auka utgiftene med 15,2 prosent, og frå 2014 til 2015 auka dei med 8,8 prosent. Hovudgrunnen til auken frå 2014 til 2015 er auka løyving til Noregs forskingsråd og auka rammer og utbetalingar frå Innovasjon Noreg.

Under programkategori 17.30 Marknadsadgang og eksport har utgiftene minka med 0,5 mrd. kroner, frå 0,6 mrd. kroner til 0,1 mrd. kroner. Frå 2013 til 2014 minka utgiftene med 16,8 prosent, og frå 2014 til 2015 minka dei med 77,1 prosent. Nedgangen kjem i hovudsak av at det ikkje er utbetalt tilskot under ordninga med støtte til kapitalvareeksport, den såkalla 108-ordninga. Dette følgjer av ei usemje mellom Eksportfinans ASA, som forvaltar ordninga, og Nærings- og fiskeridepartementet.

Under programkategori 17.40 Statleg eigarskap har utgiftene auka med 0,5 mrd. kroner, frå 40 mill. kroner til 542 mill. kroner. Frå 2013 til 2014 auka utgiftene med 193,6 prosent, og frå 2014 til 2015 auka dei med 364,5 prosent. Auken frå 2014 til 2015 har samanheng med at det vart løyva 295 mill. til kjøp av eigedom frå Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS og 205 mill. kroner til tapsavsetjing for lån til same selskap.

Utgiftene under Lånetransaksjonar viste ein auke frå 2013 til 2014 på 3,8 mrd. kroner som mellom anna kom av tilførsel av 5 mrd. kroner i eigekapital til Statkraft SF i 2014. Frå 2014 til 2015 er det ein nedgang på om lag 12,5 mrd. kroner som mellom anna kjem av at utlåna under eksportkredittordninga vart drygt 7 mrd. kroner lågare i 2015 enn i 2014. Sjå òg kapittel 2.17, der detaljar kring utlåna frå Innovasjon Noreg og Eksportkreditt Noreg AS er nærare spesifiserte.

Programområde 33 Arbeidsliv, folketrygda

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 10,0 mill. kroner av ei samla løyving på 90 mill. kroner. Det er ikkje meirinntekter eller overføringar knytte til programområdet, sidan området berre omfattar ein tilskotspost.

Trenden i rekneskapen i perioden 2013–2015

På programområde 33 Arbeidsliv, folketrygda har utgiftene før lånetransaksjonar minka med 22 mill. kroner, frå 102 mill. kroner til 80 mill. kroner. Frå 2013 til 2014 minka utgiftene med 11,8 prosent, og frå 2014 til 2015 minka dei med 11,1 prosent, som følgje av lågare behov.

Utgiftene gjeld arbeidsløysestønad til fiskarar og fangstmenn, og løyvinga er ei overslagsløyving. Stønaden vert finansiert innanfor det beløpet som fiskarar betaler i produktavgift ved fyrstehandsomsetjing av fisk og fiskevarer.

2.11 Landbruks- og matdepartementet

Programområde 15 Landbruk og mat

(i mill. kr)

Program-kategori1)

Rekneskap 2013

Rekneskap 2014

Budsjett 2015

Rekneskap 2015

15.00

Administrasjon m.m.

155,7

156,1

220,1

186,8

15.10

Matpolitikk

1 452,3

1 459,2

1 349,5

1 316,6

15.20

Forsking, innovasjon og kunnskapsutvikling

427,4

438,5

561,8

561,8

15.30

Næringsutvikling, ressursforvaltning og miljøtiltak

15 170,6

15 405,4

15 325,0

15 430,7

Sum før lånetransaksjonar

17 206,0

17 459,2

17 456,3

17 495,8

Lånetransaksjonar

0,0

0,0

0,0

0,0

Sum Landbruks- og matdepartementet

17 206,0

17 459,2

17 456,3

17 495,8

1) I samband med opprettinga av Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) frå 1.7.2015, er det gjort omklassifiseringar i budsjettet for 2015, jf. Prop. 119 S (2014–2015). Dette har verknad for samanlikninga av rekneskapstal på dei ulike programkategoriane i 2015 med rekneskapstal for tidlegare år. NIBIO er ei samanslåing av dei tidlegare verksemdene Bioforsk, Norsk institutt for skog og landskap og Norsk institutt for landbruksøkonomisk forsking. Sjå omtale nedanfor.

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei meirutgift på 39,5 mill. kroner. Overført løyving frå 2014 aukar disponibel løyving med 273,5 mill. kroner, frå 17 456,3 mill. kroner til 17 729,8 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 234,0 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.

På programområdet er det inntektsført meirinntekter på i alt 17,9 mill. kroner. Det er overført til saman 346,8 mill. kroner til 2016 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar.

Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar om overføringar og meirinntekter på programområdet er spesifiserte.

Trenden i rekneskapen i perioden 2013–2015

På programområde 15 Landbruk og mat har utgiftene før lånetransaksjonar auka nominelt med 0,3 mrd. kroner, frå 17,2 mrd. kroner til 17,5 mrd. kroner. Frå 2013 til 2014 auka utgiftene med 1,5 prosent, og frå 2014 til 2015 auka dei med 0,2 prosent.

Under programkategori 15.00 Administrasjon m.m. har utgiftene auka med 31 mill. kroner, frå 156 mill. kroner til 187 mill. kroner. Frå 2013 til 2014 auka utgiftene med 0,3 prosent, og frå 2014 til 2015 auka dei med 19,6 prosent. Midlane har gått til drift av Landbruks- og matdepartementet og utgifter i tilknyting til departementet si eigedomsmasse. Auken i 2015 er knytt til sal av eigedom, jf. vedtak i saldert budsjett om sal av eigedom og meirinntektsfullmakt for Landbruks- og matdepartementet.

Under programkategori 15.10 Matpolitikk har utgiftene minka med 136 mill. kroner, frå 1 452 mill. kroner til 1 317 mill. kroner. Frå 2013 til 2014 auka utgiftene med 0,5 prosent, og frå 2014 til 2015 minka dei med 9,8 prosent. Midlane har gått til kunnskapsutvikling og til drift av Mattilsynet. Nedgangen er knytt til ei teknisk flytting av midlar til programkategori 15.20 i samband med opprettinga av Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO).

Under programkategori 15.20 Forsking, innovasjon og kunnskapsutvikling har utgiftene auka med 134 mill. kroner, frå 427 mill. kroner til 562 mill. kroner. Frå 2013 til 2014 auka utgiftene med 2,6 prosent, og frå 2014 til 2015 auka dei med 28,1 prosent. Midlane har gått til forsking, innovasjon, basisløyvingar og kunnskapsutvikling. Auken i 2015 er knytt til ei teknisk flytting av midlar frå programkategoriane 15.10 og 15.30 i samband med opprettinga NIBIO.

Under programkategori 15.30 Næringsutvikling, ressursforvaltning og miljøtiltak har utgiftene auka med knapt 0,3 mrd. kroner, frå knapt 15,2 mrd. kroner til drygt 15,4 mrd. kroner. Frå 2013 til 2014 auka utgiftene med 1,5 prosent, og frå 2014 til 2015 auka dei med 0,2 prosent. Den største delen, om lag 14,5 mrd. kroner, er løyvingar til næringsavtalane for landbruk og reindrift. Resten av midlane er fordelte mellom driftsmidlar og midlar til ulike tilskotsordningar utanfor næringsavtalene. Kunnskapsutviklingsmidlane under kap. 1141 vart frå 1.7.2015 flytta til programkategori 15.20 i samband med opprettinga av NIBIO.

2.12 Samferdselsdepartementet

Samferdselsdepartementet har ansvaret for to budsjettområde: programområde 21 Innanlands transport og programområde 22 Post og telekommunikasjonar.

Programområde 21 Innanlands transport

(i mill. kr)

Program-kategori

Rekneskap 2013

Rekneskap 2014

Budsjett 2015

Rekneskap 2015

21.10

Administrasjon m.m.

449,5

530,5

513,2

520,2

21.20

Luftfartsføremål

932,8

960,3

1 003,0

1 021,7

21.30

Vegføremål

22 285,1

25 004,4

27 107,4

26 660,1

21.40

Særskilde transporttiltak

1 557,4

1 832,8

2 147,9

2 104,8

21.50

Jernbaneføremål

15 041,9

18 862,1

21 385,3

20 411,7

21.60

Kystforvaltning

2 747,7

2 818,8

2 723,4

2 572,2

Sum før lånetransaksjonar

43 014,4

50 008,9

54 880,2

53 290,8

Lånetransaksjonar

10 030,0

20 000,0

40 000,0

40 000,1

Sum Innanlands transport

53 044,4

70 008,9

94 880,2

93 290,9

Programområde 22 Post og telekommunikasjonar

22.10

Post og telekommunikasjonar

682,9

646,5

787,6

772,1

Sum før lånetransaksjonar

682,9

646,5

787,6

772,1

Lånetransaksjonar

0,0

0,0

0,0

0,0

Sum Post og telekommunikasjonar

682,9

646,5

787,6

772,1

Sum Samferdselsdepartementet

53 727,3

70 655,4

95 667,8

94 063,0

Programområde 21 Innanlands transport

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 1 589,4 mill. kroner. Overført løyving frå 2014 aukar disponibel løyving med 1 562,8 mill. kroner, frå 54 880,2 mill. kroner til 56 443,0 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 3 152,2 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.

På programområdet er det inntektsført meirinntekter på i alt 267,0 mill. kroner. Det er overført til saman 3 394,9 mill. kroner til 2016 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar.

Lånetransaksjonar syner ei meirutgift på 0,1 mill. kroner. Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar om overføringar og meirinntekter på programområdet er spesifiserte.

Trenden i rekneskapen i perioden 2013–2015

På programområde 21 Innanlands transport har utgiftene før lånetransaksjonar auka nominelt med 10,3 mrd. kroner, frå 43,0 mrd. kroner til 53,3 mrd. kroner. Frå 2013 til 2014 auka utgiftene med 16,3 prosent, og frå 2014 til 2015 auka dei med 6,6 prosent. Hovudårsaka til auken er at løyvingane under programkategori 21.30 Vegføremål og programkategori 21.50 Jernbaneføremål har auka i heile perioden. Dette heng saman med oppfølginga av Nasjonal transportplan.

Under programkategori 21.10 Administrasjon m.m. har utgiftene auka med 71 mill. kroner, frå 450 mill. kroner til 520 mill. kroner. Frå 2013 til 2014 auka utgiftene med 18,0 prosent, og frå 2014 til 2015 minka dei med 1,9 prosent. Auken frå 2013 til 2014 heng saman med at Samferdselsdepartementet frå 1. januar 2014 fekk ansvaret for kystforvaltninga og samstundes fekk overført tilsette frå Fiskeri- og kystdepartementet. Nedgangen frå 2014 til 2015 heng mellom anna saman med at Transnova vart lagt ned frå 2015 og oppgåvene førte vidare i Enova.

Under programkategori 21.20 Luftfartsføremål har utgiftene auka med 89 mill. kroner, frå 933 mill. kroner til 1 022 mill. kroner. Frå 2013 til 2014 auka utgiftene med 2,9 prosent, og frå 2014 til 2015 auka dei med 6,4 prosent på grunn av auka utbetalingar til kjøp av innanlandske flyruter.

Under programkategori 21.30 Vegføremål har utgiftene auka med 4,4 mrd. kroner, frå 22,3 mrd. kroner til 26,7 mrd. kroner. Frå 2013 til 2014 auka utgiftene med 12,2 prosent, og frå 2014 til 2015 auka dei med 6,6 prosent. Aktivitetsnivået i sektoren har auka, og dei auka utgiftene gjeld drift og vedlikehald og riksveginvesteringar.

Under programkategori 21.40 Særskilde transporttiltak har utgiftene auka med 0,5 mrd. kroner, frå 1,6 mrd. kroner til 2,1 mrd. kroner. Frå 2013 til 2014 auka utgiftene med 17,7 prosent, og frå 2014 til 2015 auka dei med 14,8 prosent. Den største auken gjeld påskjønningsordninga for betre kollektivtransport mv. i byområda, der utgiftene auka med 0,3 mrd. kroner frå 2014 til 2015.

Under programkategori 21.50 Jernbaneføremål har utgiftene auka med 5,4 mrd. kroner, frå 15,0 mrd. kroner til 20,4 mrd. kroner. Frå 2013 til 2014 auka utgiftene med 25,4 prosent, og frå 2014 til 2015 auka dei med 8,2 prosent. Auken gjeld både drift og vedlikehald og investeringar som Jernbaneverket har ansvaret for.

Under programkategori 21.60 Kystforvaltning har utgiftene minka med knapt 0,2 mrd. kroner, frå drygt 2,7 mrd. kroner til knapt 2,6 mrd. kroner. Frå 2013 til 2014 auka utgiftene med 2,6 prosent, og frå 2014 til 2015 minka dei med 8,7 prosent. Nedgangen gjeld både investeringar og vedlikehald. Vidare vart eit tilskot flytta til 21.20 Administrasjon.

Lånetransaksjonar

I 2015 vart det løyvd 40 mrd. kroner som innskot av fondskapital i eit infrastrukturfond, og interimsselskapet Nye Veier AS vart oppretta med ein aksjekapital på 0,1 mill. kroner.

Programområde 22 Post og telekommunikasjonar

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 15,5 mill. kroner.

På programområdet er det ikkje inntektsført meirinntekter. Det er overført til saman 16,3 mill. kroner til 2016 på postar merkte «kan overførast».

Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar om overføringar og meirinntekter på programområdet er spesifiserte.

Trenden i rekneskapen i perioden 2013–2015

På programområde 22 Post og telekommunikasjonar har utgiftene før lånetransaksjonar auka med 89 mill. kroner, frå 683 mill. kroner til 772 mill. kroner. Frå 2013 til 2014 minka utgiftene med 5,3 prosent, og frå 2014 til 2015 auka dei med 19,4 prosent.

Størstedelen av utgiftsendringa heng saman med endra behov for statleg kjøp av bedriftsøkonomisk ulønsame post- og banktenester frå Posten Norge AS.

2.13 Klima- og miljødepartementet

Programområde 12 Klima og miljø

(i mill. kr)

Program-kategori1)

Rekneskap 2013

Rekneskap 2014

Budsjett 2015

Rekneskap 2015

12.10

Fellesoppgåver, regional planlegging, forsking, internasjonalt arbeid m.m.

1 233,3

1 154,5

1 155,0

1 159,9

12.20

Klima, naturmangfald og forureining

2 632,8

2 926,7

3 089,0

3 131,9

12.30

Kulturminne og kulturmiljø

535,6

696,4

645,3

650,6

12.60

Nord- og polarområda

314,3

364,2

345,8

346,0

12.70

Internasjonalt klimaarbeid2)

3 061,8

3 474,5

2 905,0

3 034,8

Sum før lånetransaksjonar

7 777,8

8 616,4

8 140,1

8 323,2

Lånetransaksjonar

0,0

0,0

0,0

0,0

Sum Klima- og miljødepartementet

7 777,8

8 616,4

8 140,1

8 323,2

1) For oversikt over endringar i programkategoriar under Klima- og miljødepartementet frå 2014, og omklassifisering av samanliknbare rekneskapstal for 2013, sjå omtale i Meld. St. 3 (2014–2015).

2) Programkategori 12.70 internasjonalt klimaarbeid vart nyoppretta under KLD frå 2014. Samanliknbare tal for året 2013 er flytta frå programkategori 03.20 Globale ordningar under Utanriksdepartementet (UD) og frå programkategori 23.40 Andre føremål under Finansdepartementet (FIN). Flyttinga frå UD i 2013 gjeld kapittel 166, postane 01 og 73 (skogsatsinga) med 2 189,5 mill. kroner. Flyttinga frå FIN i 2013 på totalt 872,3 mill. kroner gjeld kapittel 1638, postane 21 og 22 (kjøp av klimakvotar) med 867,7 mill. kroner og kapittel 1600, post 01 med 4,6 mill. kroner. Sistnemnde beløp vart ikkje inkludert i 2013-tala i Meld. St. 3 (2014–2015).

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei meirutgift på 183,1 mill. kroner. Overført løyving frå 2014 aukar disponibel løyving med 546,7 mill. kroner, frå 8 140,1 mill. kroner til 8 686,8 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 363,6 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.

På programområdet er det inntektsført meirinntekter på i alt 19,7 mill. kroner. Det er overført til saman 245,7 mill. kroner til 2016 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar.

Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar om overføringar og meirinntekter på programområdet er spesifiserte.

Trenden i rekneskapen i perioden 2013–2015

På programområde 12 Klima og miljø har utgiftene før lånetransaksjonar auka nominelt med 0,5 mrd. kroner, frå 7,8 mrd. kroner til 8,3 mrd. kroner. Frå 2013 til 2014 auka utgiftene med 10,8 prosent, og frå 2014 til 2015 minka dei med 3,4 prosent. Hovudgrunnen til auken er omstruktureringa mellom departementa frå 2014.

Under programkategori 12.10 Fellesoppgåver, regional planlegging, forsking, internasjonalt arbeid m.m. har utgiftene minka med 73 mill. kroner, frå 1 233 mill. kroner til 1 160 mill. kroner. Frå 2013 til 2014 minka utgiftene med 6,4 prosent, og frå 2014 til 2015 auka dei med 0,5 prosent.

Under programkategori 12.20 Klima, naturmangfald og forureining har utgiftene auka med 0,5 mrd. kroner, frå 2,6 mrd. kroner til 3,1 mrd. kroner. Frå 2013 til 2014 auka utgiftene med 11,2 prosent, og frå 2014 til 2015 auka dei med 7,0 prosent. Den viktigaste årsaka til auken er nær ei dobling av utbetalingar for CO2-kompensasjon for industrien samanlikna med 2014. Det har òg vore ein stor auke i utbetalingane i samband med ein ny post som omfattar oppdrags- og gebyrrelatert verksemd.

Under programkategori 12.30 Kulturminne og kulturmiljø har utgiftene auka med 115 mill. kroner, frå 536 mill. kroner til 651 mill. kroner. Frå 2013 til 2014 auka utgiftene med 30,0 prosent, og frå 2014 til 2015 minka dei med 6,6 prosent. Nedgangen i utbetalingar på dette området kjem av at tiltak har teke lenger tid enn berekna.

Under programkategori 12.60 Nord- og polarområda har utgiftene auka med 32 mill. kroner, frå 314 mill. kroner til 346 mill. kroner. Frå 2013 til 2014 auka utgiftene med 15,9 prosent, og frå 2014 til 2015 minka dei med 5,0 prosent. Inntektene frå tenesteyting til eksterne prosjekt har vore høgare enn budsjettert. Samstundes har lågare aktivitet på andre område, mellom anna fartøyutleige, resultert i lågare utbetalingar enn i 2014.

Under programkategori 12.70 Internasjonalt klimaarbeid har utgiftene svinga noko, og syner over treårsperioden ein netto nedgang på 27 mill. kroner, frå 3 062 mill. kroner til 3 035 mill. kroner. Frå 2013 til 2014 auka utgiftene med 13,5 prosent, og frå 2014 til 2015 minka dei med 12,7 prosent. Det har vore ein auke i utbetalingane til kvotekjøp i 2015 i høve til 2014. Utgiftsauken vert vege opp av ein større nedgang i utbetalingane til Klima- og skogsatsinga. Desse midlane vert utbetalt som eit resultat av internasjonale prosessar og tidspunkt for utbetalingane er ofte uviss.

2.14 Finansdepartementet

Programområde 23 Finansadministrasjon

(i mill. kr)

Program-kategori

Rekneskap 2013

Rekneskap 2014

Budsjett 2015

Rekneskap 2015

23.10

Finansadministrasjon

1 155,8

1 159,8

1 097,4

1 100,8

23.20

Skatte- og avgiftsadministrasjon1)

7 017,1

7 316,8

7 125,6

7 058,3

23.30

Offisiell statistikk

733,7

772,1

743,7

748,5

23.40

Andre føremål1) 2)

18 788,7

20 269,8

26 610,3

26 990,0

Sum før lånetransaksjonar

27 695,3

29 518,5

35 576,9

35 897,7

Lånetransaksjonar

0,0

0,0

0,0

0,0

Sum Finansdepartementet

27 695,3

29 518,5

35 576,9

35 897,7

1) Statens innkrevjingssentral (SI) vart i 2015 innlemma i Skatteetaten som er ein del av programkategori 23.20 Skatte- og avgiftsadministrasjon. SI inngjekk tidlegare i programkategori 23.40 Andre føremål. I tabellen er samanlikningstala for 2013 og 2014 omklassifiserte mellom programkategoriane med høvesvis 305,0 mill. kroner og 324,2 mill. kroner.

2) Arbeid knytt til klimakvotar vart i 2014 flytta frå programkategori 23.40 Andre føremål til programkategori 12.70 Internasjonalt klimaarbeid under Klima- og miljødepartementet. Rekneskapstal for 2013 er difor justerte ned med 872,3 mill. kroner for å syne samanliknbare tal. Dei omklassifiserte beløpa gjeld kjøp av klimakvotar på kap. 1638, postane 21 og 22 (867,7 mill. kroner) og driftsutgifter på kap. 1600, post 01 (4,6 mill. kroner). Sistnemnde beløp vart ikkje inkludert i 2013-tala i Meld. St. 3 (2014–2015).

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei meirutgift på 320,8 mill. kroner. Overført løyving frå 2014 aukar disponibel løyving med 683,4 mill. kroner, frå 35 576,9 mill. kroner til 36 260,3 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 362,6 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.

På programområdet er det inntektsført meirinntekter på i alt 39,4 mill. kroner. Det er overført til saman 758,2 mill. kroner til 2016 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar.

Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar om overføringar og meirinntekter på programområdet er spesifiserte.

Trenden i rekneskapen i perioden 2013–2015

På programområde 23 Finansadministrasjon har utgiftene før lånetransaksjonar auka nominelt med 8,2 mrd. kroner, frå 27,7 mrd. kroner til 35,9 mrd. kroner. Frå 2013 til 2014 auka utgiftene med 6,6 prosent, og frå 2014 til 2015 auka dei med 21,6 prosent. Det meste av auken frå 2013 til 2014 gjeld meirverdiavgiftskompensasjon til kommunesektoren, medan auken frå 2014 til 2015 for det meste kjem av den nye nettoordninga for rekneskapsføring av statleg betalt meirverdiavgift.

Under programkategori 23.10 Finansadministrasjon har utgiftene minka med 55 mill. kroner, frå 1 156 mill. kroner til 1 101 mill. kroner. Frå 2013 til 2014 auka utgiftene med 0,4 prosent, og frå 2014 til 2015 minka dei med 5,1 prosent. Nedgangen i 2015 var om lag lik verknaden av den nye nettoordninga for meirverdiavgift.

Under programkategori 23.20 Skatte- og avgiftsadministrasjon auka utgiftene med 41 mill. kroner frå drygt 7,0 mrd. kroner til knapt 7,1 mrd. kroner. Frå 2013 til 2014 auka utgiftene med 4,3 prosent, og frå 2014 til 2015 minka dei med 3,5 prosent. Frå 2014 til 2015 minka utgiftene med 258 mill. kroner eller 3,5 prosent. Tek ein omsyn til at Skatteetaten og Toll- og avgiftsetaten til saman belasta kap. 1633 Nettoordning, statleg betalt meirverdiavgift, med 325 mill. kroner var det likevel ein liten nominell vekst.

Under programkategori 23.30 Offisiell statistikk som gjeld Statistisk sentralbyrå, har utgiftene auka med knapt 15 mill. kroner, frå 734 mill. kroner til drygt 748 mill. kroner. Frå 2013 til 2014 auka utgiftene med 5,2 prosent, og frå 2014 til 2015 minka dei med 3,1 prosent. Korrigert for ny meirverdiavgiftsordning var utgiftene likevel dei same nominelt båe åra. Gjennom fleire år er verksemda vorten effektivisert og talet på tilsette redusert, utan at det har råka produksjonen.

Under programkategori 23.40 Andre føremål har utgiftene auka med 8,2 mrd. kroner, frå 18,8 mrd. kroner til 27,0 mrd. kroner. Frå 2013 til 2014 auka utgiftene med 7,9 prosent, og frå 2014 til 2015 auka dei med 33,2 prosent. Auken frå 2013 til 2014 heng særleg saman med den generelle utgiftsveksten i kommunane og endra meirverdiavgiftsordning for offentleg veg som båe gav høgare utbetalingar av meirverdiavgiftskompensasjon til kommunesektoren. Det meste av auken frå 2014 til 2015 gjeld nettoordninga for rekneskapsføring av meirverdiavgift som er utgiftsført på kapittel 1633, post 01 med 5,4 mrd. kroner.

2.15 Forsvarsdepartementet

Programområde 04 Militært forsvar

(i mill. kr)

Program-kategori

Rekneskap 2013

Rekneskap 2014

Budsjett 2015

Rekneskap 2015

04.10

Militært forsvar m.m.

43 571,4

46 675,4

43 414,0

45 338,9

Sum før lånetransaksjonar

43 571,4

46 675,4

43 414,0

45 338,9

Lånetransaksjonar

0,0

0,0

0,0

0,0

Sum 04 Forsvarsdepartementet

43 571,4

46 675,4

43 414,0

45 338,9

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei meirutgift på 1 924,9 mill. kroner. Overført løyving frå 2014 aukar disponibel løyving med 2 433,7 mill. kroner, frå 43 414,0 mill. kroner til 45 847,7 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 508,8 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.

På programområdet er det inntektsført meirinntekter på i alt 250,4 mill. kroner. Det er overført til saman 759,3 mill. kroner til 2016 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar.

Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar om overføringar og meirinntekter på programområdet er spesifiserte.

Trenden i rekneskapen i perioden 2013–2015

På programområde 04 Militært forsvar har utgiftene før lånetransaksjonar auka nominelt med knapt 1,8 mrd. kroner, frå 43,6 mrd. kroner til 45,3 mrd. kroner. Frå 2013 til 2014 auka utgiftene med 7,1 prosent, og frå 2014 til 2015 minka dei med 2,9 prosent.

Driftsutgiftene har nominelt auka med 0,4 prosent, frå 33,2 mrd. kroner i 2013 til 33,3 mrd. kroner i 2015. Auken frå 2013 til 2015 var på 0,4 prosent, og auken var lågare enn priskompensasjonane.

Utgifter til investeringar i materiell auka nominelt med 17,8 prosent, frå 8,2 mrd. kroner i 2013 til 9,7 mrd. kroner i 2015. Utgifter til nasjonalfinansierte investeringar i eigedom, bygg og anlegg auka med 8,1 prosent, frå 2,2 mrd. kroner i 2013 til 2,4 mrd. kroner i 2015. Auken i investeringar for samla materiell gjekk opp frå 2013 til 2014 og heng i hovudsak saman med programmet for kjøp av nye kampfly med baseutbygging. Frå 2014 til 2015 auka utgiftene til kampflyinvesteringane, medan dei minka for anna materiell.

I perioden 2013 til 2015 syner rekneskapen at utgifter til norsk deltaking i operasjonar i utlandet har minka med 47,2 prosent, frå 1 074 mill. kroner i 2013 til 567 mill. kroner i 2015. Dette kjem av den planlagde uttrekkinga av styrker frå Afghanistan.

2.16 Olje- og energidepartementet

Programområde 18 Olje- og energiføremål

(i mill. kr)

Program-kategori1)

Rekneskap 2013

Rekneskap 2014

Budsjett 2015

Rekneskap 2015

18.00

Administrasjon

224,1

224,8

213,4

234,3

18.10

Petroleumssektoren

34 371,9

36 263,3

29 830,9

29 754,5

18.20

Energi- og vassressurssektoren

2 017,5

2 194,6

2 528,1

2 634,3

18.30

Forsking og næringsutvikling

711,6

758,5

766,1

764,1

18.40

CO2-handtering

2 790,6

2 048,8

2 006,6

2 114,0

Sum før lånetransaksjonar

40 115,7

41 490,1

35 345,2

35 501,2

Lånetransaksjonar

10 000,0

12 500,0

9 250,0

9 250,0

Sum Olje- og energidepartementet

50 115,7

53 990,1

44 595,2

44 751,2

1) For oversikt over endringar i programkategoriar under Olje- og energidepartementet i 2014 og omklassifisering av samanliknbare rekneskapstal for 2013, sjå omtale i Meld. St. 3 (2014–2015).

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei meirutgift på 156,0 mill. kroner. Overført løyving frå 2014 aukar disponibel løyving med 399,6 mill. kroner, frå 35 345,2 mill. kroner til 35 744,8 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 243,6 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.

På programområdet er det mindreinntekter på i alt 20,6 mill. kroner. Det er overført til saman 163,6 mill. kroner til 2016 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar.

Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar om overføringar og meirinntekter på programområdet er spesifiserte.

Trenden i rekneskapen i perioden 2013–2015

På programområde 18 Olje- og energiføremål har utgiftene før lånetransaksjonar minka nominelt med 4,6 mrd. kroner, frå 40,1 mrd. kroner til 35,5 mrd. kroner. Frå 2013 til 2014 auka utgiftene med 3,4 prosent, og frå 2014 til 2015 minka dei med 14,4 prosent. Endringane heng for det meste saman med endringar i utgifter til investeringar under SDØE under programkategori 18.10 Petroleumssektoren.

Under programkategori 18.00 Administrasjon har utgiftene auka med 10 mill. kroner, frå 224 mill. kroner til 234 mill. kroner. Frå 2013 til 2014 auka utgiftene med 0,3 prosent, og frå 2014 til 2015 auka dei med 4,2 prosent.

Under programkategori 18.10 Petroleumssektoren har utgiftene minka med 4,6 mrd. kroner, frå 34,4 mrd. kroner til 29,8 mrd. kroner. Frå 2013 til 2014 auka utgiftene med 5,5 prosent, og frå 2014 til 2015 minka dei med 17,9 prosent. Hovudgrunnen er endra utgifter til investeringar under SDØE.

Under programkategori 18.20 Energi- og vassressurssektoren har utgiftene auka med 0,6 mrd. kroner, frå 2,0 mrd. kroner til 2,6 mrd. kroner. Frå 2013 til 2014 auka utgiftene med 8,8 prosent, og frå 2014 til 2015 auka dei med 20,0 prosent. Hovudgrunnane til auken er auka løyvingar til NVE sitt arbeid med flaum- og skredførebygging og auka overføringar til Energifondet.

Under programkategori 18.30 Forsking og næringsutvikling har utgiftene auka med drygt 52 mill. kroner, frå 712 mill. kroner til 764 mill. kroner. Frå 2013 til 2014 auka utgiftene med 6,6 prosent, og frå 2014 til 2015 auka dei med 0,7 prosent. Hovudgrunnen til auken er auka overføringar til Noregs forskingsråd.

Under programkategori 18.40 CO2-handtering har utgiftene minka med 0,7 mrd. kroner, frå 2,8 mrd. kroner til 2,1 mrd. kroner. Frå 2013 til 2014 minka utgiftene med 26,6 prosent, og frå 2014 til 2015 auka dei med 3,2 prosent. Hovudgrunnen til nedgangen frå 2013 er at planlegging av fullskala CO2-handtering på Mongstad vart avslutta.

Under lånetransaksjonar vart kapitalen i Fond for klima, fornybar energi og energiomlegging auka med 10,0 mrd. kroner i 2013 og 9,25 mrd. kroner i både 2014 og 2015. I 2014 vart det rekneskapsført 3,25 mrd. kroner i innskotskapital i Statnett SF.

2.17 Statlege utlån

Dette avsnittet gjev eit oversyn over hovudtal frå rekneskapen til statlege verksemder som forvaltar statlege utlån. Detaljar kring utlåna er baserte på opplysningar frå departementa.

Husbanken, Lånekassa og Statens pensjonskasse er ordinære statlege forvaltningsorgan. På vegner av staten forvaltar dei statlege utlån etter reglar og føresetnader fastsette av Stortinget.2 Innovasjon Noreg forvaltar statlege utlån til næringslivet over heile landet og gjev ulike typar lån med høg eller låg risiko. Eksportfinansieringsordninga gjennom Eksportkreditt Noreg AS er omtalt til slutt i avsnittet.

Husbanken

Tabellen nedanfor syner hovudtal i statsrekneskapen for Husbankens utlån:

Balanse 31. desember (tal i mill. kr)

Konto/referanse

2013

2014

2015

Inngåande behaldning

Konto 630005

121 836

129 004

135 672

Utlån i året

Kap. 2412 / 90

16 493

17 468

16 871

Tilbakebetalingar i året

Kap. 5312 / 90

-9 325

-10 799

-11 973

Utgåande behaldning

Konto 630005

129 004

135 672

140 570

Renteinntekter

Kap. 5615 / 80

3 513

3 607

3 499

Samla uteståande lån i Husbanken, medrekna opptente, ikkje betalte renter, var på 140,6 mrd. kroner ved utgangen av 2015. Det er om lag 4,9 mrd. kroner meir enn året før. Av dei uteståande låna var 60,1 mrd. kroner fastrentelån, og 79,0 mrd. kroner var lån med flytande rente. Opptente, ikkje betalte renter utgjorde om lag 0,5 mrd. kroner. Netto overkurs på fastrentelåna er av Husbanken rekna til drygt 1,4 mrd. kroner per 31.12.2015.

Husbanken hadde om lag 51 300 registrerte låntakarar (dellån) ved utgangen av 2015. Om lag 14 800 hadde lån med fast rente, 34 800 hadde lån med flytande rente, medan dei resterande om lag 1 700 låntakarane hadde lån på særvilkår. Av utlåna utgjorde lån til burettslag, stiftingar og liknande 43,5 prosent, lån til kommunar 35,6 prosent og lån til personlege låntakarar 20,9 prosent.

Husbanken inntektsførte i 2015 renter med 3,5 mrd. kroner under kapittel 5615, post 80 i statsrekneskapen. Tilsvarande tal for 2014 og 2013 var høvesvis 3,6 mrd. kroner, og 3,5 mrd. kroner.

Husbanken hadde i 2015 eit brutto tap på utlån på 13,6 mill. kroner. Tilsvarande tal for 2014 var 8,8 mill. kroner. Når ein reknar med tilbakeføring av tap som følgje av innbetalingar eller inngåtte avtalar, var netto tap på utlån 12,5 mill. kroner. Av det samla brutto tapet var om lag 2,4 mill. kroner knytt til personlege låntakarar. Tapa knytte til ikkje-personlege låntakarar var 11,2 mill. kroner i 2015. Tapa for Husbanken vert dekte med ei særskild løyving på kapittel 2412, post 71 Tap på utlånsverksemd, og omfattar tap på hovudstol, tap på opptente, ikkje betalte renter ved inngangen til året, og årets renter knytt til avskrivne tap.

Sjå òg omtale av Husbanken under kapittel 2.6 Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Statens lånekasse for utdanning

Tabellen nedanfor syner hovudtal i statsrekneskapen for utlån frå Lånekassa:

Balanse 31. desember (tal i mill. kr)

Konto/referanse

2013

2014

2015

Inngåande behaldning

Konto 630002

126 147

137 831

146 764

Utlån i året

Kap. 2410 / 90

21 405

22 205

23 372

Tilbakebetalingar i året1)

Kap. 5310 / 90

-7 768

-7 811

-9 097

Konvertering til stipend

Kap. 5310 / 93

-1 953

-5 461

-5 774

Utgåande behaldning

Konto 630002

137 831

146 764

155 266

Renteinntekter2)

Kap. 5617 / 80

3 579

3 753

3 976

1) Tap og avskrivingar løyvde over kapittel 2410, postane 73 og 74 høyrer saman med ordinære tilbakebetalingar på post 90. Avskrivingar på post 73 utgjorde 600 mill. kroner i 2015, 474 mill. kroner i 2014 og 492 mill. kroner i 2013. Tapa på post 74 er nærare spesifiserte i teksten nedanfor.

2) Renteinntekter inneheld òg rentestøtte som i 2015 vart utgiftsført med 1 001 mill. kroner på Lånekassa sitt kapittel 2410, post 72. Rentestøtta var 977 mill. kroner i 2014 og 918 mill. kroner i 2013.

Samla uteståande krav i Statens lånekasse for utdanning var 155,3 mrd. kroner ved utgangen av 2015, ein auke på 8,5 mrd. kroner frå året før. 44,6 mrd. kroner av utdanningslåna er ikkje renteberande. Andre ikkje renteberande krav er opptente, ikkje betalte renter på om lag 250 mill. kroner og ikkje betalte gebyr på om lag 71 mill. kroner. Uteståande renteberande rente er om lag 1,5 mrd. kroner. Lån med fast rente i Lånekassen utgjer om lag 28,9 mrd. kroner. Netto renteerstatning ved innfriing av alle fastrentelån 31.12.2015 vil vere ein overkurs på 418 mill. kroner. Lånekassa har om lag 857 400 registrerte låntakarar ved utgangen av 2015. Av dei har om lag 221 200 ikkje renteberande lån (kundar i tildelingsfasen), medan om lag 147 000 har lån med fast rente. Resten av låntakarane har lån med flytande rente.

Lånekassa inntektsførte i 2015 renter med om lag 4,0 mrd. kroner på kapittel 5617, post 80 i statsrekneskapen. Tilsvarande tal for 2014 og 2013 var høvesvis 3,8 mrd. kroner og 3,6 mrd. kroner. Det vart utgiftsført 300 mill. kroner i tap på utlån i 2015, medan talet i 2014 var 258 mill. kroner. Statens innkrevjingssentral inntektsførte 268 mill. kroner i 2015 (kapittel 4618, post 85) knytt til innkrevjing av misleghaldne lån i Lånekassa. Tilsvarande tal for 2014 og 2013 var høvesvis 307 mill. kroner og 255 mill. kroner (jf. kapittel 4634, post 85).

Sjå òg omtale av Lånekassa under kapittel 2.3 Kunnskapsdepartementet.

Konverteringsordninga i Lånekassa

Lånekassa betalar ut heile basisstøtta som lån for dei som er omfatta av støtteordninga for høgare utdanning m.m. Opptil 40 prosent av støttebeløpet kan konverterast til stipend når mottakaren har gjennomført utdanninga vedkomande har fått støtte til. I statsbudsjetta vert det kvart år løyvd midlar til å dekkje framtidig konvertering frå lån til stipend gjennom ei avsetjing til konverteringsfondet. Denne løyvinga går over kapittel 2410, post 50. Kapittel 5310, post 93 i rekneskapen syner nettobeløpet av lån som vert ettergjevne og trekte frå konverteringsfondet.

Utgiftene til andre stipend under Lånekassa kjem fram på kapittel 2410, postane 70 og 71. For å få oversyn over samla netto utgifter til stipend, må lån som er konverterte til stipend leggjast til stipendutgiftene. Denne summen kjem fram om ein ser kapittel 2410, postane 70 og 71 og kapittel 5310, post 93 i samanheng. For 2015 betalte Lånekassa ut om lag 3,8 mrd. kroner som stipend, ein nedgang på knapt 0,2 mrd. kroner frå 2014. Om lag 5,8 mrd. kroner vart netto konvertert frå lån til stipend under konverteringsordninga. Dette utgjer ein auke på 0,3 mrd. kroner samanlikna med 2014. Auken på 3,5 mrd. kroner frå 2013 til 2014 kjem av ei faseforskyving av konverteringa av lån grunna omlegging av ordninga i 2013. Dei samla netto utgiftene til stipend i 2015 var dermed om lag 9,5 mrd. kroner, ein auke på drygt 0,1 mrd. kroner frå 2014.

Bustadlånsordninga i Statens pensjonskasse (SPK)

Tabellen nedanfor syner hovudtal i statsrekneskapen for utlån frå bustadlånsordninga i SPK:

Balanse 31. desember (tal i mill. kr)

Konto/referanse

2013

2014

2015

Inngåande behaldning

Konto 635106

58 055

83 415

97 052

Utlån i året

Kap. 0614 / 90

36 358

27 246

7 844

Tilbakebetalingar i året

Kap. 3614 / 90

-10 998

-13 609

-30 046

Sum utlån

Konto 635106

83 415

97 052

74 850

Renteinntekter

Kap. 5607 / 80

1 589

2 386

2 367

Samla uteståande krav i bustadlånsordninga i Statens pensjonskasse var på 74,85 mrd. kroner ved utgangen av 2015. Det er om lag 22,2 mrd. kroner mindre enn året før. Ved utgangen av 2015 var det om lag 68 900 lån i ordninga, mot 84 500 året før.

Statens pensjonskasse inntektsførte i 2015 renter med 2,4 mrd. kroner under kapittel 5607, post 80. Tilsvarande tal for 2014 og 2013 var høvesvis 2,4 mrd. kroner og 1,6 mrd. kroner. Bustadlånsordninga i Statens pensjonskasse tilbyd berre lån med flytande rente.

Tap på utlån i Statens pensjonskasse utgjorde i 2015 netto 0,4 mill. kroner.

Det var ei mindreutgift på Statens pensjonskasses lånekapittel 0614, post 90 på 556 mill. kroner. Det kjem av at etterspørselen etter lån vart lågare enn venta siste del av året. Statens pensjonskasse hadde dessutan ei meirinntekt på lånekapittel 3614, post 90 på 1 846 mill. kroner. Grunnen er at talet på innfridde lån auka i siste delen av året.

Sjå òg omtale av bustadlånsordninga i SPK under programkategori 09.50 Pensjonar m.m. under Statens pensjonskasse i kapittel 2.7 Arbeids- og sosialdepartementet.

Innovasjon Noreg

Tabellen nedanfor syner hovudtal i statsrekneskapen for Innovasjon Noregs innlån frå statskassa. I tillegg til innlån frå statskassa nyttar Innovasjon Noreg eigenkapital til å finansiere utlån. Det er difor ikkje ein heilt eintydig samanheng mellom selskapet sine innlån frå statskassa og utlån til lånetakarar.

Balanse 31. desember (tal i mill. kr)

Konto/referanse

2013

2014

2015

Inngåande behaldning

Konto 630009

16 442

17 135

17 283

Netto auke

694

147

-281

Utgåande behaldning

Konto 6300091)

17 135

17 283

17 002

Renteinntekter

Kap. 5625 / 80

246

235

198

1) På konto 630009 i kapitalrekneskapen, Utlån til statsbankar under Nærings- og fiskeridepartementet, inngår i tillegg til Innovasjon Noreg òg SIVA SF med eit mindre beløp. Samla bokført beløp på konto 630009 per 31.12.2015 var 17 702 mill. kroner.

Innovasjon Noregs samla innlån frå statskassa per 31.12.2015 var på 17,0 mrd. kroner. Av dette utgjorde ordinære innlån om lag 14,8 mrd. kroner og lån til såkorn- og investeringsfond om lag 2,2 mrd. kroner.

Innovasjon Noregs samla netto utlån per 31.12.2015 utgjorde 16,9 mrd. kroner etter tapsavsetjingar på 1,1 mrd. kroner, mot 17,2 mrd. kroner per 31.12.2014. Netto nedgang utgjer 0,3 mrd. kroner.

Brutto utlån (før tapsavsetjing) fordelte seg med 13,8 mrd. kroner til lågrisikolån (om lag 8 800 lån), til saman 2,7 mrd. kroner til ordinære innovasjons- og risikolån (om lag 1 400 lån) og om lag 0,9 mrd. kroner til andre utlån. Andre utlån omfattar ansvarlege lån til såkornfond, ansvarlege investeringsfond til Nordvest-Russland og Aust-Europa og bygdeutviklingslån til landbruket. Den sistnemnde ordninga utgjer om lag 5 300 lån og vert forvalta av Innovasjon Noreg for Landbrukets utviklingsfond.

Det vart inntektsført 198 mill. kroner i renter frå Innovasjon Noreg på kapittel 5625, post 80 i statsrekneskapen 2015. Tilsvarande tal for 2014 og 2013 var høvesvis 235 mill. kroner og 246 mill. kroner.

Rekneskapen til Innovasjon Noreg for 2015 syner eit netto utlånstap på 20,7 mill. kroner, som er 7,1 mill. kroner høgare enn i 2014. Brutto bokført tap på utlån og garantiar i 2015 utgjer 91 mill. kroner, mot 157 mill. kroner i 2014.

Statleg eksportfinansieringsordning

Tabellen nedanfor syner hovudtal i statsrekneskapen for den statlege eksportfinansieringsordninga. Den kom til i 2011 som ei mellombels ordning og vart frå 1. juli 2012 permanent ved skipinga av det heileigde statlege selskapet Eksportkreditt Noreg AS:

Balanse 31. desember (tal i mill. kr)

Konto/referanse

2013

2014

2015

Inngåande behaldning

Konto 635109

29 852

44 372

54 467

Netto auke

14 520

10 095

9 365

Utgåande behaldning

Konto 6351091)

44 372

54 467

63 831

Renteinntekter

Kap. 5629 / 80

987

1 159

1 557

1) På konto 635109 i kapitalrekneskapen, Andre utlån under Nærings- og fiskeridepartementet, inngår i tillegg til statlege eksportfinansieringslån ved utgangen av 2015 òg 205 mill. kroner i lån til Store Norske Spitsbergen Kulkompani A/S og 6,2 mill. kroner i ekstraordinært lån til tørrfisknæringa. Samla bokført beløp på konto 635109 per 31.12.2015 var 64 043 mill. kroner.

Låna under eksportfinansieringsordninga er hovudsakleg gjevne i NOK, USD og i nokre andre valutaer. Fordelinga ved utgangen av 2014 og 2015 er slik:

Valuta

Talet på lån 2014

Totalt uteståande per 31.12.14 (tal i mrd.)

Talet på lån 2015

Totalt uteståande per 31.12.15 (tal i mrd.)

NOK

107

25,41

112

24,24

USD

74

4,54

93

5,71

EUR

6

0,12

14

0,13

GBP

9

0,05

12

0,06

Som det går fram av den fyrste tabellen, utgjorde uteståande statlege eksportfinansieringslån til saman 63,8 mrd. kroner ved utgangen av 2015. Omrekninga av valuta til norske kroner er basert på kursen då låna vart utbetalte. For å oppnå same beløp i norske kroner ved innbetalingar av avdrag, er det gjeve fullmakt til å utgiftsføre valutatap under kapittel 2429, post 89 og inntektsføre valutavinst under kapittel 5329, post 89. Det er i 2015 bøkført ein samla valutavinst på 1,3 mrd. kroner. Tilsvarande tal for 2014 og 2013 var høvesvis ein netto vinst på 0,3 mrd. kroner og eit netto tap på 0,1 mrd. kroner.

Det vart inntektsført renteinntekter frå ordninga med 1 557 mill. kroner under kapittel 5629, post 80 i statsrekneskapen 2015. Tilsvarande tal for 2014 og 2013 var høvesvis 1 159 mill. kroner og 987 mill. kroner.

Alle eksportfinansieringslåna er garanterte 100 prosent av GIEK og/eller andre finansinstitusjonar, slik at tapsrisikoen i låneordninga er svært låg.

Fotnotar

1.

UD 21,5 mill. kroner, KLD 5,9 mill. kroner, Norad 10,2 mill. kroner og Fredskorpset 1,7 mill. kroner

2.

Frå 2010 vart det teke i bruk eit meir einskapleg system for bokføring av utlån og renteinntekter i statsrekneskapen for Husbanken, Lånekassa og Statens pensjonskasse, jf. Prop. 1 S (2009–2010) kapittel 9.4. Desse verksemdene skal bokføre alle renteinntekter i statsrekneskapen ut frå prinsippet om opptente renter basert på kalenderåret. Det inneber òg at behaldningane av utlån som er aktiverte i kapitalrekneskapen, skal innehalde opptente, men enno ikkje betalte renter.

Til forsida av dokumentet