Forsida

Prop. 55 S (2011–2012)

Samtykke til å setje i kraft ein overeinskomst mellom Kongeriket Noreg og Republikken Mauritius om opplysningar i skattesaker underskriven i Paris 1. desember 2011

Til innhaldsliste

1 Innleiing

Den 1. desember 2011 blei ein overeinskomst mellom Kongeriket Noreg og Republikken Mauritius om opplysningar i skattesaker underskriven i Paris. Samtykke til underskriving blei gitt ved kongeleg resolusjon av 16. september 2011. Overeinskomsten blei på vegne av Noreg underskriven av ambassadør Tarald O. Brautaset og på vegne av Republikken Mauritius av ambassadør Jaques Chasteau de Balylon. Overeinskomsten vil tre i kraft 30 dager etter at begge partane har gitt kvarandre melding om at nødvendige skritt er tekne for at avtala kan tre i kraft. Avtala får verknad for straffbare skattesaker frå denne dato og for andre saker frå og med det skatteår som byrjar på eller etter 1. januar i det kalenderåret som fylgjer etter det året da avtala trer i kraft.