Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Prop. 1 S (2015–2016)

FOR BUDSJETTÅRET 2016 — Utgiftskapittel: 200–288 og 2410 Inntektskapittel: 3200–3288, 5310 og 5617

Til innhaldsliste

1 Tilsetjingsvilkår for leiarar i heileigde statlege føretak

CESSDA AS

I 2014 vart det utbetalt 316 666 kroner i lønn og anna godtgjeringar til dagleg leiar. Selskapet har tenestepensjon i Statens pensjonskasse for alle tilsette.

HiST kompetanse AS

Dagleg leiar fekk 268 918 kroner i lønn i 2014. Selskapet har tenestepensjonsordning i tråd med lov om obligatorisk tjenestepensjon.

Høgskolen i Ålesund maritime operasjoner AS

I 2014 vart det utbetalt til saman 890 850 kroner. Selskapet har tenestepensjonsordning i tråd med lov om obligatorisk tjenestepensjon.

Norsk samfunnsvitenskapelig datatjeneste AS

Administrerande direktør fekk 1 077 886 kroner i lønn og 5 456 kroner i andre godtgjeringar i 2014. Pensjonskostnader vart dekte med 20 429 kroner.

Administrerande direktør har ikkje rett til bonus, overskottsdeling eller opsjonar, og heller ikkje særlege ytingar ved opphør av tilsetjingsforholdet.

NTNU Samfunnsforskning AS

Det vart utbetalt til saman 1 197 400 kroner i lønn til dagleg leiar i 2014. Pensjonsutgifter vart dekte med 146 503 kroner.

NTNU Technology Transfer AS

Dagleg leiar fekk 1 308 911 kroner i lønn og 111 562 kroner i andre godtgjeringar i 2014. Selskapet har ei pensjonsordning for alle tilsette som fyller krava i lov om obligatorisk tenestepensjon.

Sem gjestegård AS

Dagleg leiar fekk 686 699 kroner i lønn og 93 465 kroner i andre godtgjeringar i 2014. Dei tilsette i selskapet er omfatta av lov om obligatorisk tenestepensjon, og dei samla pensjonsutgiftene var 156 655 kroner.

Senter for innovasjon og bedriftsøkonomi AS

Det er ikkje betalt lønn til dagleg leiar i 2014.

Senter for økonomisk forskning AS

Dagleg leiar har fått utbetalt godtgjering på 470 884 kroner i 2014.

Simula Research Laboratory AS

Administrerande direktør fekk 2 078 546 kroner i lønn og 161 852 kroner i andre godtgjeringar i 2014. Selskapet har ei pensjonsordning for administrerandre direktør som er kostnadsført med 391 674 kroner.

Unifond AS

Det er utbetalt 184 234 kroner i lønn til dagleg leiar i 2014. Selskapet har ei ytingsbasert pensjonsordning i Statens pensjonskasse, men har ikkje plikt til å ha tenestepensjonsordning etter lov om obligatorisk tenestepensjon.

UNINETT AS

Administrerande direktør fekk 1 252 600 kroner i lønn og 22 993 kroner i andre godtgjeringar i 2014. Netto kostnadsført pensjonsforplikting i 2014 er 4 377 157 kroner.

Unirand AS

Det er utbetalt 312 040 kroner i lønn og 6 137 kroner i naturalgodtgjering til dagleg leiar i 2014.

Universitetssenteret på Svalbard AS

Lønn til direktør er 1 011 003 kroner i 2014. Arbeidsgiverens del av pensjon for direktør er utgiftsført med 173 387 kroner.

Selskapet har tenestepensjonsordning i Statens pensjonskasse. Pensjonsordninga er ein ytingsplan for selskapet. Det er ikkje rekna eit eige fiktivfond for selskapet.

Vangslund AS

Dagleg leiar fekk 205 390 kroner i lønn og 4 392 kroner i andre godtgjeringar i 2014. Selskapet er ikkje pliktig til å ha tenestepensjonsordning etter lov om obligatorisk tenestepensjon.

Følgjande heileigde selskap har ingen lønte tilsette som dagleg leiar

Rya gods og skoger AS og Universitetet i Bergen eiendom AS.

Til toppen
Til forsida av dokumentet