Prop. 105 L (2014–2015)

Endringar i lov om stadnamn (om høvet grunneigarar har til å fastsetje skrivemåte av bruksnamn m.m.)

Proposisjonen inneheld framlegg til endringar i stadnamnlova. Hovudframlegget er å gje grunneigarar rett til å fastsetje skrivemåten av bruksnamn (namn på eige gardsbruk eller annan eigedom). Vilkåret er at grunneigaren kan dokumentere at skrivemåten han ønskjer er i offentleg bruk som bruksnamn. Skrivemåten skal brukast i offentleg teneste, men eigarfastsette skrivemåtar er ikkje retningsgivande for skrivemåten på andre namneobjekt som det offentlege tek i bruk.

Les dokumentet

Rettebrev

Følg proposisjonen på Stortinget