Forsida

Prop. 21 S (2022–2023)

Endringar i statsbudsjettet 2022 under Kunnskapsdepartementet

Til innhaldsliste

2 Forslag til endringar i statsbudsjettet 2022

Kap. 225 Tiltak i grunnopplæringa

Post 63 Tilskot til samisk i grunnopplæringa, kan overførast

Departementet foreslår å redusere løyvinga med 10,9 mill. kroner på grunnlag av oppdaterte anslag for utgiftsbehov på posten. Reduksjonen i løyvingsbehovet kjem særleg av at færre elevar i grunnskulen utløyser tilskot enn lagt til grunn i Saldert budsjett 2022.

Post 64 Tilskot til opplæring av barn og unge som søker opphald i Noreg

Departementet foreslår å redusere løyvinga med 11 mill. kroner som følge av at færre elevar utløyser tilskot enn lagt til grunn i gjeldande budsjett.

Post 65 Rentekompensasjon for skule- og symjeanlegg, kan overførast

Departementet foreslår å redusere løyvinga med 39,8 mill. kroner som følge av at rentesatsane i ordninga blei lågare enn renteføresetnaden i revidert budsjett for 2022.

Post 67 Tilskot til opplæring i kvensk eller finsk

Departementet foreslår å redusere løyvinga med 0,6 mill. kroner på grunnlag av oppdaterte anslag for utgiftsbehovet på posten.

Post 69 Tiltak for fullføring av vidaregåande opplæring

I Prop. 1 S (2021–2022) for Kunnskapsdepartementet står det at det innanfor løyvinga vil kunne bli gitt tilskot til private skular. Gjennom ei mellombels forskrift er det lagt til rette for at private skular, uavhengig av fastsett elevtal, kan ta inn ulike grupper av elevar utan rett til vidaregåande opplæring, for skuleåret 2021–22. Tilskot til private skular blir utbetalt over kap. 228, post 71 og 75. Til saman er det utbetalt tilskot for 19 elevar for våren 2022. Departementet foreslår derfor å redusere løyvinga med 1,4 mill. kroner mot ein tilsvarande samla auke under kap. 228, post 71 og 75.

Post 74 Prosjekttilskot

I 2022 er ordninga for prosjekttilskot retta mot tiltak som skal betre læringsmiljøet gjennom tiltak mot mobbing. Utdanningsdirektoratet har tildelt tilskot på totalt 3,6 mill. kroner til ti prosjekt i 2022. Det gir eit mindrebehov på 3,3 mill. kroner, og departementet foreslår derfor å redusere løyvinga tilsvarande.

Kap. 3225 Tiltak i grunnopplæringa

Post 04 Refusjon av ODA-godkjente utgifter

Ein del av løyvinga på kap. 225, post 64 blir rapportert som utviklingshjelp og refusjon frå Utanriksdepartementet blir ført på posten. Departementet foreslår å auke løyvinga med 36 mill. kroner. Auken skuldast særleg at det i revidert budsjett for 2022 ikkje blei skilt mellom flyktningar frå Ukraina og andre flyktningar. Det blir lagt til grunn full ODA-refusjon av utgifter til opplæring av flyktningar frå Ukraina.

Kap. 228 Tilskot til private skular o.a.

Post 70 Private grunnskular, overslagsløyving

Departementet foreslår å auke løyvinga med 155 mill. kroner som følge av høgare elevtal enn det som er lagt til grunn for Saldert budsjett 2022.

Post 71 Private vidaregåande skular, overslagsløyving

Departementet foreslår å auke løyvinga med 36,1 mill. kroner som følge av høgare elevtal enn det som er lagt til grunn for Saldert budsjett 2022.

Departementet foreslår å auke løyvinga med 1,2 mill. kroner som følge av at skulane har teke inn elevar utan rett til opplæringa, mot ein tilsvarande reduksjon under kap. 225, post 69.

I statsbudsjettet for 2022 er det løyvd 6,2 mill. kroner på posten til meir fleksible og tilpassa opplæringsløp i vidaregåande opplæring i samband med fullføringsreforma. Privatskulelova avgrensar fleksibiliteten som dei godkjende private vidaregåande skulane har til å gjere løpande endringar i opplæringsløpa, i tråd med intensjonen bak tilskotsmidlane. Det vil derfor vere krevjande for dei private vidaregåande skulane å bruke midlane på den måten Stortinget har lagt til grunn. Departementet foreslår derfor å redusere løyvinga med 6,2 mill. kroner. Av dette foreslår departementet å rammeoverføre 5 mill. kroner til kap. 571, post 64 til ein eingongsutbetaling til Lavangen kommune grunna ekstraordinære utgifter til barnevernstiltak og opplæring.

Samla foreslår departementet å auke løyvinga med 31 mill. kroner.

Post 72 Diverse skular som gir yrkesretta opplæring, overslagsløyving

Departementet foreslår å redusere løyvinga med 12,5 mill. kroner som følge av lågare elevtal enn lagt til grunn for Saldert budsjett 2022.

Post 73 Private grunnskular i utlandet, overslagsløyving

Departementet foreslår å auke løyvinga med 19,4 mill. kroner, i hovudsak som følge av høgare elevtal enn lagt til grunn for Saldert budsjett 2022.

Post 74 Private vidaregåande skular i utlandet, overslagsløyving

Løyvingsbehovet aukar med 4,1 mill. kroner som følge av høgare elevtal enn lagt til grunn for Saldert budsjett 2022, medan tilskotet til spesialundervisning er redusert med 1,3 mill. kroner.

Departementet foreslår å redusere løyvinga med 38 000 kroner som følge av at det ikkje blir utbetalt tilskot til meir fleksible og tilpassa opplæringsløp, jf. omtale under post 71.

Samla foreslår departementet å auke løyvinga med 2,8 mill. kroner.

Post 75 Private skular for funksjonshemma elevar, overslagsløyving

Departementet foreslår å auke løyvinga med 44 mill. kroner som følge av høgare elevtal enn lagt til grunn for Saldert budsjett for 2022.

Departementet foreslår å auke løyvinga med 0,3 mill. kroner som følge av at skulane har teke inn elevar utan rett til opplæringa, mot ein tilsvarande reduksjon under kap. 225, post 69.

Departementet foreslår å redusere løyvinga med 0,4 mill. kroner som følge av at det ikkje blir utbetalt tilskot til meir fleksible og tilpassa opplæringsløp, jf. omtale under post 71.

Samla foreslår departementet å auke løyvinga med 43,9 mill. kroner.

Post 76 Andre private skular, overslagsløyving

Departementet foreslår å redusere løyvinga med 0,5 mill. kroner som følge av lågare elevtal enn lagt til grunn for Saldert budsjett for 2022.

Departementet foreslår å redusere løyvinga med 77 000 kroner som følge av at det ikkje blir utbetalt tilskot til meir fleksible og tilpassa opplæringsløp, jf. omtale under post 71.

Samla foreslår departementet å redusere løyvinga med 0,5 mill. kroner.

Post 77 Den tysk-norske skolen i Oslo, overslagsløyving

Departementet foreslår å auke løyvinga med 0,2 mill. kroner som følge av høgare elevtal enn lagt til grunn for Saldert budsjett for 2022.

Post 78 Kompletterande undervisning

Departementet foreslår å redusere løyvinga med 0,8 mill. kroner som følge av at det er utbetalt tilskot for færre elevar enn elevtaket for ordninga.

Post 81 Elevutveksling til utlandet

Departementet foreslår å redusere løyvinga med 1,1 mill. kroner som følge av at berre 32 elevar blei sendt på utveksling frå skulane som inngår i ordninga i skuleåret 2021–22.

Post 85 Kompensasjon for meirutgifter knytt til covid-19

Det er lagt til grunn at private skular skal kompenserast for økonomiske konsekvensar av covid-19-pandemien på om lag same nivå per elev som offentlege skular. Departementet foreslår å løyve 70 mill. kroner som kompensasjon for dei økonomiske konsekvensane av pandemien i første halvår av 2022. Ordninga omfattar private grunnskular og vidaregåande skular som er godkjende med heimel i privatskulelova, Den tysk-norske skolen i Oslo, Den franske skolen i Oslo og United World College i Fjaler.

Kap. 256 Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse

Post 01 Driftsutgifter

I 2022 har Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) større inntekter frå EU til administrasjon av programmet Erasmus+ enn det som er lagt til grunn i budsjettet. På denne bakgrunn foreslår Kunnskapsdepartementet at løyvinga på posten blir auka med 38 mill. kroner og ein tilsvarande auke i inntekter over kap. 3256, post 02.

HK-dir har i 2022 hatt ein del vakansar i samband med etableringa av den nye organisasjonen og fleire tilsette enn vanleg har slutta i løpet av året. Effekten av rekruttering av nye medarbeidarar vil ikkje slå inn for fullt før i 2023, og det er derfor venta at driftsutgiftene i 2022 mellombels blir noko lågare enn det som er lagt til grunn i budsjettet. Samstundes vil Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT) ha noko høgare behov for omstillingsmidlar i 2022 i samband med førebuingar og overføring av ansvaret for godkjenning av utanlandsk utdanning til HK-dir frå 1. januar 2023. Kunnskapsdepartementet foreslår derfor at løyvinga på posten blir redusert med 5 mill. kroner mot ein tilsvarande auke over kap. 271, post 01.

Kap. 3256 Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse

Post 02 Salsinntekter o.a.

I 2022 har Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) større inntekter frå EU til administrasjon av programmet Erasmus+ enn det som er lagt til grunn i budsjettet. På denne bakgrunn foreslår Kunnskapsdepartementet at løyvinga på posten blir auka med 38 mill. kroner og ein tilsvarande auke i utgifter over kap. 256, post 01.

Kap. 257 Kompetanseprogrammet

Post 70 Tilskot, kan overførast

Gjeldande løyving på posten er 275,9 mill. kroner, medan det er overført 424,9 mill. kroner frå 2021 til 2022. Departementet foreslår å redusere løyvinga med 160 mill. kroner. Mindrebehovet skuldast i hovudsak mindreforbruk til prosjekt som har fått tilsegn om tilskot under covid-19-pandemien innanfor ordningane Kompetansepluss og bransjeprogram. Dette gjeld kurs som ikkje har blitt gjennomført og kurs som har blitt gjennomført med færre deltakarar enn planlagt.

Kap. 260 Universitet og høgskular

Post 50 Statlege universitet og høgskular

I 2022 har Stortinget løyvd midlar til 1 000 nye studieplassar som følge av situasjonen i Ukraina, jf. Innst. 270S (2021–2022) og Prop. 78 S (2021–2022). Midlane blei løyvde over kap. 260, post 50 til statlege universitet og høgskular, men kunne også tildelast private høgskular. 86 av plassane blei fordelte til private høgskular. Kunnskapsdepartementet foreslår derfor at løyvinga på posten blir redusert med 4,1 mill. kroner mot ein tilsvarande auke over kap. 260, post 70.

Post 70 Private høgskular

Kunnskapsdepartementet foreslår å auke løyvinga på posten med 4,1 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon over kap. 260, post 50 for midlar til nye studieplassar. Sjå òg omtale under kap. 260, post 50.

Kap. 270 Studentvelferd

Post 75 Tilskot tilbygging av studentbustadar, kan overførast

Utbetaling av tilskot til studentsamskipnadene som har fått tilsegner til byggeprosjekt blir gjort i tråd med framdrifta i prosjekta. Frå 2021 til 2022 blei det overført 494,7 mill. kroner på kap. 270, post 75 fordi fleire prosjekt blei forsinka mellom anna som følgje av covid-19-pandemien. I 2022 er det dermed 975,2 mill. kroner disponible på posten. Prognosane frå Husbanken viser at utbetalingane av tilskot vil vere 479,2 mill. kroner i 2022. Kunnskapsdepartementet foreslår å redusere det disponible budsjettet på posten med 480,5 mill. kroner til 494,7 mill. kroner. Endringa i løyvingsbehovet fører til at det er behov for å auke tilsagnsfullmakta med 20,7 mill. kroner, frå 1 045 mill. kroner til 1 065,7 mill. kroner, jf. forslag til vedtak II.

Kap. 271 Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga

Post 01 Driftsutgifter

Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT) vil ha noko høgare behov for omstillingsmidlar i 2022 i samband med førebuingar og overføring av ansvaret for godkjenning av utanlandsk utdanning til Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) frå 1. januar 2023. Vidare er det venta at driftsutgiftene HK-dir i 2022 mellombels blir noko lågare enn det som er lagt til grunn i budsjettet. Kunnskapsdepartementet foreslår derfor at løyvinga på posten blir auka med 5 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon over kap. 256, post 01. Sjå òg omtale under kap. 256, post 01.

Kap. 272 Tiltak for internasjonalisering og høgare utdanning

Post 71 Tilskot til tiltak for internasjonalisering, kan overførast, kan nyttast under post 51

Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) betaler årleg Noregs godtgjering til dei andre nordiske landa for den nordiske avtalen om gjensidig tilgang til høgare utdanning. HK-dir har i 2022 fått tildelt 69,4 mill. kroner til føremålet. På grunn av valutaendringar foreslår Kunnskapsdepartementet en reduksjon på posten med 11,1 mill. kroner.

Kap. 273 Kunnskapssektorens tenesteleverandør

Post 50 Kunnskapssektorens tenesteleverandør

Kunnskapssektorens tenesteleverandør (Sikt) betaler årleg Noregs kontingent til NORDUnet AS. NORDUnet AS organiserer samarbeidet mellom dei nordiske forskingsnetta. Kunnskapsdepartementet har tildelt Sikt 41,2 mill. kroner på posten i 2022. Sikt betaler kontingenten kvartalsvis, og utbetalinga for fjerde kvartal i 2022 står att. På grunn av valutaendringar må beløpet justerast. Sikt har betalt om lag 26,4 mill. kroner hittil for kontingenten i 2022, og det står att å betale om lag 8,9 mill. kroner. Kunnskapsdepartementet foreslår derfor å redusere kap. 273, post 50 med 5,9 mill. kroner.

Kap. 285 Noregs forskingsråd

Noregs forskingsråd har anslått at rådet vil ha negative avsetningar samla sett på om lag 300 mill. kroner ved utgangen av 2023 og 900 mill. kroner ved utgangen av 2024. Regjeringa foreslår å auke løyvinga på kap. 285 med 1,64 mrd. kroner for å vesentleg redusere dei negative avsetningane for Kunnskapsdepartementets løyvingar til Forskningsrådet og for å unngå ein kraftig reduksjon i planlagde utlysingar.

Post 52 Langsiktig, grunnleggande forsking

Regjeringa foreslår å auke løyvinga på kap. 285, post 52 med 670 mill. kroner. Midlane skal nyttast til tildelingar og utbetalingsforpliktingar knytte til Fri prosjektstøtte (FRIPRO).

Post 53 Sektoroverskridande og strategiske satsingar

Regjeringa foreslår å auke løyvinga på kap. 285, post 53 med 730 mill. kroner. Midlane skal nyttast til utbetalingsforpliktingar til allereie tildelte prosjekt.

Post 54 Forskingsinfrastruktur av nasjonal, strategisk interesse

Regjeringa foreslår å auke løyvinga på kap. 285, post 54 med 240 mill. kroner. Midlane skal nyttast til utbetalingsforpliktingar til allereie tildelte prosjekt.

Kap. 288 Internasjonalt samarbeid

Post 72 Internasjonale grunnforskingsorganisasjonar

Kunnskapsdepartementet foreslår å auke løyvinga med 2,6 mill. kroner. Auken skriv seg frå endringar i valutakurs.

Post 73 EUs rammeprogram for forsking og innovasjon

Kunnskapsdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 67,2 mill. kroner. Reduksjonen skriv seg frå endringar i valutakurs.

Post 74 EUs utdannings-, opplærings-, ungdoms- og idrettsprogram

Kunnskapsdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 21,3 mill. kroner. Reduksjonen skriv seg frå endringar i valutakurs.

Kap. 2410 Statens lånekasse for utdanning

Post 50 Avsetning til utdanningsstipend, overslagsløyving

Våren 2021 blei det gitt tilbod om eit tilleggslån på 26 000 kroner for studentar og vaksne elevar i vidaregåande opplæring, som hadde tapt inntekt som følge av covid-19-pandemien. Av tilleggslånet kunne 40 pst. gjerast om til stipend. Omgjeringa av tilleggslånet til stipend for våren 2021 er no gjennomført. På grunnlag av dette foreslår departementet å redusere løyvinga med 48 mill. kroner.

Post 70 Utdanningsstipend, overslagsløyving

Utviklinga i talet på mottakarar av flyktningstipend gir grunnlag for å redusere løyvinga med 100 mill. kroner. Anslaget for utgifter til foreldrestipend er auka med 10 mill. kroner, medan utgiftene til sjukestipend er venta å auke med 20 mill. kroner i høve til gjeldande budsjett. Det er utbetalt 29 mill. kroner meir i straumstipend enn det som vart lagt til grunn i revidert budsjett for 2022.

Barnestipend, tilleggsstipend for personar med nedsett funksjonsevne og flyktningstipend for vaksne støttemottakarar, blir behovsprøvd mot inntekt, trygd og formue. Behovsprøvinga i 2022, som gjeld stipendtildeling i 2021, tilseier at omgjeringa til lån blir høgare enn tidlegare lagt til grunn. Departementet foreslår derfor å redusere løyvinga med 20 mill. kroner.

Samla foreslår departementet å redusere løyvinga med 61 mill. kroner.

Post 71 Andre stipend, overslagsløyving

Statistikk for tildeling viser at det hausten 2022 er fleire studentar som vel å studere i land med høge skulepengar enn i dei to føregåande studieåra. Basert på faktisk utbetaling av stipend til studentar i utlandet hittil i år, foreslår departementet å auke løyvinga på posten med 53,5 mill. kroner. Det er i tillegg grunnlag for å auke anslaget for språkstipend med 5,5 mill. kroner. Samla foreslår departementet å auke løyvinga med 59 mill. kroner.

Post 72 Rentestøtte, overslagsløyving

Departementet foreslår å redusere løyvinga med 153,6 mill. kroner som følge av at den flytande renta på utdanningslån for 2022 blei 0,22 prosenteiningar lågare enn lagt til grunn i revidert budsjett for 2022.

Post 73 Avskrivingar, overslagsløyving

Utviklinga hittil i 2022 gir grunnlag for å auke anslaget for avskrivingar med 4,9 mill. kroner. Departementet foreslår å auke løyvinga tilsvarande.

Post 74 Tap på utlån

Den observerte utviklinga så langt i år tyder på at omfanget av permanent overføring til Statens innkrevingssentral (Skatteetaten) av misleghalde gjeldskrav blir lågare enn lagt til grunn i revidert budsjett for 2022. Departementet foreslår derfor å redusere løyvinga med 98 mill. kroner.

Post 90 Auka lån og rentegjeld, overslagsløyving

Departementet foreslår å auke løyvinga med 20,1 mill. kroner. Dette skuldast i hovudsak behovsprøvinga av enkelte stipend mot inntekt, trygd og formue i 2022, jf. omtale under post 70.

Kap. 5310 Statens lånekasse for utdanning

Post 04 Refusjon av ODA-godkjende utgifter

Departementet foreslår å auke løyvinga med 5,7 mill. kroner som følge av høgare anslag for avskriving av utdanningsgjeld for kvotestudentar frå utviklingsland enn tidlegare anslått.

Post 90 Redusert lån og rentegjeld

Regnskapstal per 30. september tilseier at innbetalte avdrag på studielån blir høgare enn tidlegare lagt til grunn. Andre anslagsendringar på posten reduserer løyvingsbehovet. Samla foreslår departementet å auke løyvinga med 144,7 mill. kroner.

Kap. 5617 Renter frå Statens lånekasse for utdanning

Post 80 Renter

Departementet foreslår å redusere løyvinga med 630 mill. kroner. Dette skuldast i hovudsak at den vekta flytande renta på utdanningslån for 2022 blei 0,21 prosenteiningar lågare enn lagt til grunn i revidert budsjett for 2022.

Andre saker

Ny kostnadsramme for byggeprosjektet nytt Vikingtidsmuseum ved Universitetet i Oslo

Planane for Vikingtidsmuseet ved Kulturhistorisk museum ved Universitetet i Oslo tek utgangspunkt i eit behov for oppgradering av uakseptable bygningsmessige forhold og utviding av areal for å ta vare på den unike vikingtidssamlinga på ein forsvarleg måte. Det viktigaste sikringstiltaket er å få på plass eit nybygg der samlinga trygt kan takast vare på. Det blei i 2020 gitt startløyving til rehabilitering og utbygging av Vikingtidsmuseet. Gjeldande kostnadsramme for byggeprosjektet er 2 237 mill. kroner (prisnivå per 1. juli 2022). I regjeringas forslag til revidert budsjett for 2022, jf. Innst. 450 S (2021–2022), Prop. 115 S (2021–2022) blei Stortinget orientert om at kostnadsramma for Vikingtidsmuseet er truga og at regjeringa ville kome tilbake til Stortinget med forslag til ny kostnadsramme. Sikring av den unike vikingtidssamlinga har aller høgste prioritet. For å redusere forseinkingar og ivareta tryggleiken til samlinga har Statsbygg og universitetet utført nødvendig arbeid med mellombels sikring av skip og sleder, samt grunnarbeid.

Før sommaren 2022 konkluderte regjeringa med at eit nedskalert alternativ skal leggast til grunn for det vidare arbeidet. Prosjektet som no ligg til grunn for gjennomføring er justert for å halde kostnadene under kontroll, og å unngå ytterlegare forseinkingar for flytting av samlingane til nytt bygg. Dette inneber at nokre av funksjonane som ikkje påverkar tryggleiken til samlinga er tekne ut av prosjektet. Etter planen skal museet vere ferdig i 2027.

Statsbygg har hausten 2022 utarbeidd kostnadsestimat for det reviderte omfanget og utført ein ny usikkerheitsanalyse av kostnadene. Dette underlaget har gjennomgått ekstern kvalitetssikring. Rapporten frå ekstern kvalitetssikrar tilrår å ta sterkare omsyn til at prosjektet inneber nybrottsarbeid når det gjeld flytting og sikring av museumsgjenstandar. Det inneber mellom anna å legge inn ein større usikkerheitsmargin i kostnadsramma. På bakgrunn av det kvalitetssikra kalkylene tilrår regjeringa at kostnadsramma for byggeprosjektet blir auka til 3 770 mill. kroner (prisnivå per september 2022). Regjeringas forslag til ny kostnadsramme tek høgde for den usikkerheita som til no er identifisert.

Tilskot til folkehøgskular med høge straumutgifter i 2022

Departementet vil ikkje utbetale tilskot til Jeløy Folkehøyskole frå 1. juli 2022 fordi skulen ikkje hadde søkarar for inneverande skuleår. Tilskotet til skulen for hausten 2022 er rekna til 5,5 mill. kroner. Departementet vil fordele midlane til folkehøgskular som har hatt høge straumutgifter i 2022, og som ikkje får straumstøtte gjennom ordninga for frivillige organisasjonar og lag under Kultur- og likestillingsdepartementet. Tilskotet blir gitt innanfor gjeldande budsjettramme for kap. 253, post 70.

Til forsida av dokumentet