Prop. 65 L (2018–2019)

Endringar i stadnamnlova (organisering av stadnamntenesta m.m.)

I proposisjonen legg departementet fram forslag til ny organisering av stadnamntenesta. Departementet foreslår å lovfeste retten kommunen har til å velje namn på dei namneobjekta som kommunen etter stadnamnlova vedtek skrivemåten av. Det bli samtidig foreslått at klage på manglande bruk eller feilbruk av stadnamn i kommunane, skal rettast til Fylkesmannen. Ei viktig oppfølging av NOU 2016: 18 Hjertespråket -- Forslag til lovverk, tiltak og ordninger for samiske språk er forslaget om at namn på eit reinbeitedistrikt skal vedtakast etter reglane i stadnamnlova.

Les dokumentet

Følg proposisjonen på Stortinget