Historisk arkiv

Regjeringa vil gje kommunane meir gjennomslag i namnesaker

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kulturdepartementet

Regjeringa foreslår endringar i stadnamnlova som vil gje kommunane større gjennomslag i stadnamnsaker.

- Endringane vil vareta omsynet til stadnamn som språklege kulturminne og sikre god forvalting av både norske, samiske og kvenske stadnamn. Samstundes gir vi kommunane større fridom, seier kultur- og likestillingsminister Trine Skei Grande.

Lovforslaget vil innfri kommunale ønske på fleire område. Det vil bli mogleg å vedta fleire dialektformer i skrivemåten av stadnamn. Forslaget opnar også for at eldre og tradisjonsrike skrivemåtar kan brukast noko meir enn i dag. I lovframlegget foreslår regjeringa å gje kommunane lovfesta rett til å velje stadnamn.

Reglane om namnevern blir vidareførte uendra, men dersom namnebruken har endra seg lokalt og over tid, kan ein tillate å byte ut eit namn med eit anna utan at det vil vere brot på namnevernet. I slike saker skal kommunane sitt syn på namnevernet tilleggjast vekt.

- Stadnamn er blant dei eldste kulturminna vi har. Noreg har ein lang og rik språkkultur på norsk, samisk og kvensk som bidrar til lokal og språkleg identitet, samstundes som det er ein del av vår felles kulturarv, seier Skei Grande.

Regjeringa foreslår å lovfeste at Språkrådet blir stadnamnteneste for norske og kvenske stadnamn. Språkrådet skal uttale seg om namneskikk, namnevern og skrivemåte før kommune og stat tek namna i bruk. Sametinget skal framleis ha samisk stadnamnsteneste.

Forslaget er også at Fylkesmannen blir klageinstans i dei tilfella kommunane ikkje tek i bruk eller brukar vedtekne stadnamn feil. Det er ei kjent utfordring at særleg samiske stadnamn, som er vedtekne etter reglane i lova, ikkje nødvendigvis blir tekne i bruk på skilt.

- Stadnamna gir familieidentitet, lokal identitet og språkleg identitet. Difor vekkjer stadnamn stort engasjement både lokalt og nasjonalt. Eg er glad for at vi med dette framlegget styrkjer innverknaden frå lokalsamfunna, avsluttar Skei Grande.