Rundskriv om endringar i gravplassforskrifta (urnevegg osb.)

1  Oversikt

Hovudtema i dette rundskrivet er forskriftsendringane Barne- og familiedepartementet fastsette ved forskrift 14. desember 2021 nr. 3560. Desse endringane var på høyring sommaren og hausten 2021, og tok til å gjelde 1. januar 2022. I punkt 8 informerer departementet om enkelte andre spørsmål.

Høyringsnotatet sommaren og hausten 2021 drøfta ikkje alle forslaga i NOU 2014: 2 Lik og likskap eller alle innspel som kom i høyringa av utgreiinga. Departementet vil arbeide vidare med sikte på at gravplasslovgivinga legg til rette for fleire alternativ i møte med eit meir mangfaldig samfunn og i møte med ein venta auke i talet på dødsfall dei neste tiåra. Eit tema departementet tek sikte på å vurdere i den samanhengen, er reglane om oskespreiing.

Departementet vil kome attende til spørsmålet om å endre reglane i forskrifta om namneflytting. Departementet arbeider vidare med lovendringane som var på høyring.

2  Endring i gravplassforskrifta § 5 andre ledd om å stengje permanent for kistegravlegging

På norske gravplassar er fredningstida minimum 20 år. Dette er den tida det normalt tek før leivningane er brotne ned i jord med god drenering. Ei utfordring på mange gravplassar er at nedbrytinga i kistegraver tek lengre tid enn dette. Dette er problematisk ved gjenbruk av kistegraver. Det bryt med arbeidsmiljølova om dei tilsette på gravplassane blir utsette for ikkje-nedbrotne leivningar ved opning av graver. I tillegg bryt det med gravplassforskrifta § 12 tredje ledd som seier at det berre skal vere grove knoklar og bein igjen etter tidlegare gravlegging dersom grava skal gjenbrukast. Vi viser til rettleiaren frå KA Når er det greit å gjenbruke en kistegrav? Veileder for gjenbruk av kistegraver (november 2021).

Gravplasstyresmakta har plikt til å forvalte gravplassen «med den orden og verdighet som dens egenart tilsier», jf. gravplassforskrifta § 1. Det er sjølvsagt at ein skal etterleve gravplasslova og gravplassforskrifta, men å følgje desse føresegnene skal også medverke til å oppfylle plikta i § 1. Nedbryting av kister og urner er ei uuttalt forventning bak ei rekkje av føresegnene i lova og forskrifta. Dette dreier seg ikkje berre om gjenbruk av graver, men likeså mykje om ei forventning hos menneske om å gå tilbake til naturen og ikkje bli oppbevart over lang tid under jorda som meir eller mindre nedbrotne leivningar. Det dreier seg altså om verdigheit. Gravplasstyresmakta har plikt til å leggje til rette for nedbryting av kister og urner, mellom anna gjennom å etterleve gravplasslova og gravplassforskrifta.

Slik departementet forstår situasjonen, finst det gravplassar der utfordringane ikkje er knytte til at «gravstørrelse, jorddybde eller grunnvannsstand ikke samsvarer med forskriftens krav», og der «nytt gravkart, oppfylling av jord, eller drenering omkring et utsatt gravfelt», ikkje vil hjelpe. Dette gjeld gravplassar der jordkvaliteten ikkje er eigna til nedbryting av kister, typisk leirjord. Forlenga fredingstid er ikkje alltid nok. Heimelen til å stengje for kistegravlegging har no blitt utvida med eit nytt andre punktum slik at heile eller delar av gravplass kan stengjast permanent for kistegravlegging på grunn av jordbotnstilhøve (endringar i kursiv):

Dersom gravstørrelse, jorddybde eller grunnvannsstand ikke samsvarer med forskriftens krav, kan enkeltgrav, deler av en gravplass eller hele gravplassen stenges permanent for kistegravlegging. Dersom gjenbruk av kistegraver ikke er mulig på grunn av jordbunnsforholdene på gravplassen, jf. § 12 tredje ledd første setning, kan deler av eller hele gravplassen stenges permanent for kistegravlegging. Berørte rettighetshavere skal så langt det er mulig varsles skriftlig i god tid og senest tre uker før permanent stenging for kistegravlegging iverksettes. Gravplassmyndigheten kan vedta permanent stenging av enkeltgrav for kistegravlegging. Permanent stenging av hele eller deler av gravplassen for kistegravlegging må fastsettes i vedtektene for gravplassen.

Endringa vil setje gravplasstyresmaktene betre i stand til å ta hand om HMS-ansvaret og grensene sette i forskrifta § 12 tredje ledd. Departementet har gjort enkelte redaksjonelle endringar etter høyringa.

Etter høyringa har departementet kome til at ein ikkje går vidare med framlegget om å innføre forskriftsreglar som stiller krav til massar ved lukking av opna kistegrav. Gravplasslovgivinga stiller ikkje uttrykkjelege krav til jorda eller massane på gravplassar, men det er ein underliggjande føresetnad at jorda skal bryte ned urner og kister.

Den nye heimelen til å stengje for kistegravlegging gjeld ikkje enkeltgraver, men heile eller delar av gravplassen. Behovet for å stengje for kistegravlegging på grunn av jordbotnstilhøve vil normalt gjelde fleire graver og dermed heile eller delar av gravplassar. Uansett er det ikkje høve til å gravleggje i tidlegare nytta grav når det finst meir enn grove knoklar og kisterestar etter tidlegare gravlegging, jf. gravplassforskrifta § 12 tredje ledd. Å ikkje lenger gravleggje kister på eit gravfelt, kan vere naudsynt for å unngå at dei tilsette opnar graver med ikkje-nedbrotne leivningar. Redusert kapasitet for kistegravlegging er ein konsekvens av å ta omsyn til HMS og til forskrifta § 12 tredje ledd.

Stenging for kistegravlegging bryt med forventningane innbyggjarane har. Gravplasstyresmakta bør derfor kommunisere tidleg til festarar og ansvarlege for graver om utfordringane med kistegravlegging på det aktuelle feltet, slik at dei kan ta utsiktene til mogleg stenging med i vurderingane når eit feste skal fornyast eller nokon skal gravleggjast. Den enkelte festar eller ansvarlege må seinast tilskrivast direkte i samband med høyringa av endringa i gravplassvedtektene der stenging skal fastsetjast, jf. forvaltningslova § 16 om førehandsvarsel. Sjølv om avgjerd om stenging er ei forskrift og inngår i forskrift om gravplassvedtekter, er avgjerda eit enkeltvedtak ovanfor den enkelte ansvarlege eller festar, jf. forvaltningslova § 2 første ledd bokstav b.

Stenging av gravplass eller gravfelt for kistegravlegging utløyser ikkje krav på erstatning, jf. gravplassforskrifta § 5 fjerde ledd, som viser til § 11 første ledd: «Det kan ikke kreves erstatning for rettigheter som faller bort som følge av at gravplass eller deler av den blir nedlagt.» Dette omfattar også festa grav ved sidan av fri grav som ikkje kan nyttast til kistegravlegging.

Dersom tilhøva kan rettast innanfor fornuftige rammer, kan det ikkje stengast for kistegravlegging. Det er ikkje meininga at gravplasstyresmakta skal stengje eit gravfelt for kistegravlegging berre fordi det kostar mindre enn å forlenge fredingstida, oppfylle massar eller andre tiltak for å forbetre nedbrytinga. Departementet har i rundskriv P-12/2012 slått fast at «Stenging skal bare kunne skje når det foreligger slike tungtveiende grunner som er listet opp i § 5 annet ledd, og slike forhold ikke kan utbedres ved utarbeidelse av nytt gravkart, oppfylling av jord, eller drenering omkring et utsatt gravfelt». Dette vil gjelde framover òg.

3  Ny § 15b i gravplassforskrifta om urnevegg

Den nye føresegna følgjer opp Prop. 86 L (2019–2020) med nærare reglar om korleis gravlegging i urnevegg skal skje. Stortingskomiteen føresette i innstillinga si, slik departementet gjorde i proposisjonen, at det skal vere ei fredingstid i nisjen i urneveggen, men òg at det ikkje inneber brot på gravfreden når urna blir teken ut av nisjen og gravlagd, sjå Innst. 313 L (2019–2020): «Denne formen for gravlegging i to omganger – første gang ved innsetting i urneveggen og andre gang ved nedsetting i jorden – innebærer ikke brudd på gravfreden.»

Etter den nye § 15b blir urna sett i ei lukka nisje i minst 20 år (fredingstid). Namn osb. på avlidne står på utsida av nisjen. Nisjen kan festast etter fredingstida. Fleire urner kan stå i same nisje dersom dei etterlatne ønskjer det, men dette blir regulert i lokale vedtekter. Etter fredings- og festetida, blir oska frå den haldbare urna som stod i nisjen, flytta til ei som let seg bryte ned. Denne urna blir gravlagd anonymt på ein gravplass i kommunen.

15b lyder:

Med urnevegg forstås vegg eller byggverk på gravplass med plass til askeurne i lukkede nisjer. § 4 annet ledd annet og tredje punktum og § 14 gjelder ikke i urnevegg. Urne i urnevegg skal tåle oppbevaring i minst 100 år.

På urnevegg påføres navn og data på den gravlagte utenpå den enkelte nisje. Nærmere bestemmelser gis i vedtektene for gravplassen.

I urnevegg kan grav festes når det har gått 20 år etter gravleggingen. Etter festetidens utløp eller dersom graven ikke festes etter fredningstiden, omlegges aske fra urnevegg i urne i samsvar med § 31 og gravlegges anonymt på gravplass i kommunen. Nærmere bestemmelser gis i vedtektene for gravplassen.

Departementet har gjort endringar etter høyringa. Den viktigaste er at reglane om urnevegg er samla i éi føresegn. For det andre er det gitt ein uttrykkeleg regel om at oska må omleggjast til ei urne som let seg bryte ned, før anonym gravlegging på gravplass i kommunen. Det er gravplasstyresmakta som betaler for den nye urna som blir gravlagd. (Den tomme urna som stod i urneveggen, vil den ansvarlege for grava eller festaren ha rett til å hente, jf. gravplasslova § 18 andre ledd.) For det tredje er det i § 15b gjort unntak for SOSI-standarden i forskrifta § 4. Urneveggen er vertikal og då vil koordinat vere til lita hjelp. For det fjerde er det lagt til ei presisering i andre og tredje ledd om at gravplasstyresmakta kan gi nærare føresegner i vedtektene for gravplassen.

3.1 Om etablering av urnevegger

  • Det er opp til den enkelte gravplasstyresmakta å avgjere om ein ønskjer å etablere urnevegg eller ikkje. Ny urnevegg vil vere ei vesentleg endring av gravplass som må godkjennast av Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark.
  • Gravplasslova § 21 gir heimel til å få dekt ein del av kostnadene frå dei etterlatne. Avgifta blir fastsett av kommunen etter framlegg frå gravplasstyresmakta.
  • Urnevegg kan setjast opp på eige gravfelt eller som del av eit gravfelt. Det gjeld ikkje nasjonale reglar om storleiken på nisjane. Gravplasstyresmakta har fridom til å utforme nisjane, mellom anna til å gi reglar i vedtektene om at fleire urner kan plasserast i same nisje.
  • Urnevegg skal stå på gravplass, jf. gravplasslova § 1. Dersom urnevegg skal stå innomhus, til dømes i kyrkje, tempel eller seremonirom, må det først kome søknad om å etablere gravplass etter gravplasslova § 4 eller trussamfunnslova § 21.
  • Urnene skal ikkje vere tilgjengelege. Derfor skal nisjane vere lukka. Gravplasstyresmakta kan gi reglar om korleis platene som lukkar nisjane, skal utformast. På same vis som i namna minnelund vil det vere høve til å setje opp symbol eller minneord i samsvar med dei lokale gravplassvedtektene. Nasjonale reglar stiller ikkje krav om godkjenning av platene som lukkar nisjane før dei blir sette opp. Det er ikkje plikt til å påføre namn og data utanpå nisjen i urneveggen.

3.2 Om bruk av urnevegger

  • Ved ny gravlegging av fleire urner i same nisje innanfor fredingstida, vil gravplassforskrifta § 16 innebere at det blir ny periode utan festeavgift.
  • Heller ikkje for urnevegg gjeld nasjonale reglar om maksimal festetid. Dette kan regulerast i lokale vedtekter dersom det skulle vere behov for det. Urna kan bli ståande i nisjen også etter 20 år dersom dei etterlatne festar nisjen i urneveggen eller dersom gravplasstyresmakta vel ikkje å frigjere nisjen.
  • Urnevegg kan unntaksvis vere endeleg gravlegging dersom behovet er religiøst, til dømes for buddhistmunkar, jf. Innst. O. nr. 46 (1995–1996) side 31.
  • Dei vanlege reglane for anonym gravlegging vil gjelde etter tida i urneveggen. Dei etterlatne deltek ikkje ved denne gravlegginga og har ingen innverknad på kvar og kva tid oska blir gravlagd. Urne med oska frå urnevegg skal gravleggjast anonymt på ein gravplass i kommunen, jf. gravplassforskrifta § 15 første ledd. Gravplasstyresmakta vil kunne opplyse om gravplassen og gravfeltet der urna er gravlagd, utan å bryte teieplikta.
  • Når ei urne har stått ut fredingstida, kan ho gravleggjast for å gi plass til fleire urner. Sjå § 15b tredje ledd om omleggjing av oska.

4  Endring i gravplassforskrifta § 19 første ledd om registrering av opplysningar om graver som ikkje kan gjenbrukast osb.

Gravplasstyresmakta er ansvarleg for sitt eige HMS-arbeid i samsvar med generelle reglar. Gravplassforskrifta § 19 første ledd har fått ei tredje setning om at avvik skal registrerast: Opplysninger om enkeltgraver som ikke tilfredsstiller forskriftens krav, skal registreres.

Føresegna stiller krav om registrering av avvik, til dømes at gravplasstyresmakta merker seg opna graver med ikkje-nedbrotne leivningar eller graver med for høg grunnvasstand, jf. forskrifta §§ 8 og 12. Dette bør vere ein systematisk praksis som set gravplasstyresmakta i stand til å skjerme dei etterlatne og dei tilsette for konsekvensane av eigenskapane ved jord, grunnvatn osb. Å registrere avvik vil krevje arbeidsinnsats og opplæring. Registreringa av avvika set gravplasstyresmakta betre i stand til å følgje opp eit allereie gjeldande HMS-ansvar.

Det kan vere behov for at fagsystema i gravplassektoren må utviklast for at avvik i enkeltgraver kan registrerast. Inntil dette skjer kan gravplasstyresmaktene innrette seg med skriftlege eller andre system for å registrere avvik.

5  Endring i gravplassforskrifta § 21 første ledd om at tekst osb. på minnesmerke og urnevegg skal vere sømmeleg

Gravplassforskrifta 21 første ledd har lenge regulert tekst, fotografi, dekor og symbolbruk på ordinært gravminne. Kravet er at tekst, fotografi, dekor og symbolbruk skal vere sømmeleg. Forskrifta er no endra slik at dette kravet òg gjeld ved utforminga av minnesmerke og urneveggar og ved utforminga av namneplatene som blir festa på desse.

Gravplassvedtektene kan fastsetje at det ikkje kan vere symbol i tillegg til namn og data. Vedtektene kan vidare ha reglar om utforminga av plata som lukkar nisjen.

Om stavemåten for namn viser vi til Gravplassrettleiaren: «Det er videre krav om at navn som settes på gravminne skal være identisk med navnet på den som er gravlagt. Det betyr ikke at navn på gravminne må være identisk med det navnet som står i folkeregisteret. For eksempel kan kallenavn og tidligere etternavn benyttes.»

6  Endring i gravplassforskrifta § 21 tredje ledd om betaling for fjerning av gravminne

Dersom festarar og ansvarlege for frigraver ønskjer å overta gravminnet på ei sletta grav til eige bruk, betaler dei for fjerninga og transporten. Er ikkje gravminnet fjerna innan seks månader, jf. lova § 18 andre ledd, fell det tilbake til den lokale gravplasstyresmakta.

Lov og forskrift har ikkje vore harmoniserte i spørsmålet om dei etterlatne skal betale for fjerning av gravminne på graver som blir sletta. Ved å oppheve gravplassforskrifta § 21 tredje leddet første punktum, blir det tydeleg at dei etterlatne slepp å betale for å fjerne gravminnet når ei grav blir sletta.

7  Redaksjonelle endringar

Nemninga «gravplassmyndighetene» er endra til «gravplassmyndigheten» i gravplassforskrifta § 15 første ledd, § 15a andre ledd, § 21 tredje ledd og § 36 andre ledd. Endringa har ikkje materiell betydning.

8  Andre tema

8.1  Høyring og kunngjering av lokale gravplassvedtekter

8.1.1 Saksførebuing og høyring

Forvaltningslova § 37 første ledd krev at saka er så godt opplyst som mogleg før avgjerda blir teken. Forvaltningslovutvalet peika på grunnar til å bruke tid på å førebu forskrifter, sjå NOU 2019: 5 punkt 31.5.2.1:

Avhengig av saksfeltet og forskriftens innhold kan en forskrift ha minst like stor betydning og være like bestemmende for en enkeltperson som mange enkeltvedtak. I tillegg inngår forskrifter ofte som et ledd i samfunnsmessig styring for å nå bestemte mål.

Også ved forskrifter er bruken av tid og ressurser et mothensyn mot en omfattende utredningsplikt. At en forskrift vil gjelde for mange, gjør likevel at det er rimelig å bruke mer tid og ressurser på å utrede en forskrift enn et enkeltvedtak med tilsvarende innhold.

Departementet legg til grunn at gravplasstyresmaktene greier ut og gjer vurderingar av kva det er behov for å regulere og korleis. Det vil ikkje vere tilstrekkeleg å sende utkastet til mal på høyring. Det må gjerast eigne vurderingar for kvar kommune av kva det er nødvendig å regulere. Ikkje alle endringar vil være like store og viktige, og kravet om høyring bør derfor etter departementes syn gjelde vesentlege endringar. Terskelen for kva som er vesentleg, vil vere opp til den lokale gravplasstyresmakta å avgjere.

Forvaltningslova § 37 seier at dei som forskrifta skal gjelde for, eller som ho elles får særlege verknader for, skal få uttale seg i forkant. Forvaltningslovutvalet skriv: «Høringen skal tjene til å opplyse saken, forberede berørte på hva som kan bli vedtatt, gi berørte mulighet for å påvirke saksutfallet, og bidra til å samordne regelverk og andre offentlige tiltak.» (NOU 2019: 5 punkt 31.5.3.2.) Forvaltningslova gir forvaltningsorganet fridom når det gjeld korleis dette skal gå føre seg, og kva fristen for å uttale seg skal vere. Desse nokså runde formuleringane om mellom anna «forhåndsvarsling» gir grunnlag for at forvaltningslovutvalet samanfattar gjeldande rett slik at det gjeld ei plikt til høyring (NOU 2019: 5 punkt 31.5.3.1):

Etter forvaltningsloven har forvaltningsorganet som hovedregel plikt til å foreta høring før en forskrift blir fastsatt, endret eller opphevd (§ 37 annet ledd). […] I praksis skjer høringen på grunnlag av et forslag til forskrift med kommentarer, og høringsfristen varierer. Vanligvis er høringen skriftlig, men forvaltningsorganet kan samtykke i muntlige uttalelser eller at høringen skal foregå i et møte (§ 37 femte ledd).

Dei lokale forskriftene for gravplassane i kommunane er avgjerande for spørsmål som før eller seinare blir viktige for dei fleste. Derfor er det viktig at forskriftene er kjende og blir drøfta når dei skal endrast. Mellom anna kan spørsmålet om kva for gravplass ulike delar av kommunen høyrer til, dersom forskriftene har slike reglar, vere viktig for folk. Høyringa gir òg høve til å spreie informasjon i forkant av at gravfelt eller gravplassar blir stengde for kistegravlegging.

Fordi det meste av gravplassvedtektene vil ha karakter av forskrift, jf. forvaltningslova § 2, er det oftast tenleg at heile førebuinga og vedtaket følgjer krava i forvaltningslova kapittel VII. Når vedtektene for gravplassane blir vedtekne, bør saksframlegget gjere greie for og drøfte synspunkta som kom fram i høyringa.

8.1.2 Kunngjering på Lovdata

Hovudregelen er at forskrifter skal kunngjerast på Lovdata, jf. forvaltningslova § 38. Dette gjeld også lokale forskrifter. Forvaltningslovutvalet seier det slik (NOU 2019: 5 punkt 31.5.5.2): «Det er grunnleggende i en rettsstat at de rettsregler som anvendes, skal være kjent og tilgjengelige for allmennheten. Kunngjøringsplikten bidrar til å sikre dette.»

Sjølv om forvaltningslova ikkje vil gjelde direkte for dei kyrkjelege fellesråda som organ etter 1. januar 2021, vil reglane i forvaltningslova gjelde når det blir dei som «treffer enkeltvedtak eller utferdiger forskrift», jf. forvaltningslova § 1.

For «kirkegårdsvedtekter» blei det i 1973 gjort unntak frå kunngjeringsplikta, jf. brev 31. juli 1973 frå Statsministerens kontor til Kyrkje- og undervisningsdepartementet. (Kompetansen til å gjere unntak frå kunngjeringsplikta i forvaltningslova § 38 ligg i dag til Justis- og beredskapsdepartementet.) Det var tilstrekkeleg med kunngjering «i den eller de aviser hvor det er nødvendig for at vedtektene skal bli alminnelig kjent i vedkommende distrikt. Kunngjøringen kan begrenses til en kort omtale av vedtektene med opplysning om hvor de i sin helhet kan fåes eller finnes». Bakgrunnen for unntaket var truleg at vedtektene var relativt standardiserte, og at kunngjering i Norsk Lovtidend innebar nokså mykje arbeid og papir.

Statsministerens kontor har 24. mars 2021 stadfesta overfor departementet at «føringene gitt i brev 31. juli 1973 fra Statsministerens kontor til Kirke- og undervisningsdepartementet, ikke lenger er relevante». Departementet legg etter dette til grunn at gravplassvedtekter skal kunngjerast i samsvar med hovudreglane i forvaltningslova.

Departementet legg vidare til grunn at plikta til å kunngjere gravplassvedtekter på Lovdata vil gjelde for alle nye og endra vedtekter i samsvar med forvaltningslova § 38. Vedtektene skal vere godkjende av Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark før dei blir kunngjorde. Der berre delar av vedtektene blir endra, bør den lokale gravplasstyresmakta likevel sørgje for at heile vedtekta blir vurdert av statsforvaltaren før kunngjeringa. Dermed kan ein unngå at eldre feil eller manglar blir kunngjorde på Lovdata.

Departementet oppmodar den lokale gravplasstyresmakta til å leggje ut dei lokale gravplassforskriftene på nettsidene sine og å informere om viktige reglar og endringar der. Også nettsidene til kommunen kan nyttast for å informere, sjå kommunelova § 4-1.

Departementet ser for seg at det vil kunne vere praktisk å ha éi forskrift om gravplassane i kommunen, i motsetning til eigne forskrifter for kvar gravplass.

Forvaltningslova seier at ei forskrift skal kallast forskrift ved kunngjeringa, jf. fvl. § 38 første ledd bokstav d. Ved kunngjeringa skal tittelen vere «Forskrift om gravplassvedtekter, Lillevik kommune, Austland». Gravplassvedtektene blir då kunngjorde slik ein gjer med politivedtektene: «Forskrift om politivedtekt, [kommune], [fylke]». Tittelen på forskrifta kan ikkje vere «Gravplassvedtekt» eller «Vedtekter for gravplassar i Lillevik kommune».

8.2 Gravminne utan ansvarleg

Gravplasslova §§ 15 og 19 er tydelege på at det må vere ein ansvarleg (eller ein festar) før eit gravminne blir sett opp. Dersom festaren døyr, vil festaren kunne bli gravlagd i grava, jf. gravplasslova § 15 andre ledd, men ingen har plikt til å overta rolla som festar. Også i andre situasjonar kan det hende at ei grav i fredingstida ikkje lenger har nokon som er ansvarleg for ho eller for gravminnet. I slike tilfelle vil ikkje gravplasstyresmakta ha noka plikt til å fjerne gravminnet, men det vil vere gravplasstyresmakta som må ta ansvar for det. (Noko ansvar for stell har gravplasstyresmakta ikkje.) Det er rimeleg at eit gravminne som står godt, får stå fredingstida ut, men gravplasstyresmakta er ikkje forplikta til å ta på seg store kostnader for å rette opp eller vedlikehalde eit gravminne når ingen etterlatne vil ta ansvar for grava.

8.3 Endringar økonomiforskrifta for Den norske kyrkja lokalt

I november 2021 blei det gjort mindre endringar i forskrift om økonomiforvaltningen i sokn i Den norske kirke. Mellom anna blei det gjort rettingar i tabellane.

Foreininga for God kommunal rekneskapsskikk har oppdatert notatet Regnskapsføring av transaksjoner mellom kommunene og sokn i den norske kyrkje. Overføringar til gravplassføremål er også omtalte.

8.4 Rundskriv Q-06/2020

I desember 2020 sende Barne- og familiedepartementet og Klima- og miljødepartementet ut rundskriv Q-06/2020 Forvaltning av kirke, gravplass og kirkens omgivelser som kulturminne og kulturmiljø. Rundskrivet gir rettleiing og tilrådingar om forvaltninga av mellom anna gravplassane og gravminne som kulturminne og kulturmiljø.

8.5 Digitaliseringa av livshendinga Dødsfall og arv

Som ledd i oppfølginga av digitaliseringsstrategien har departementet sett i gang eit forprosjekt for digitalisering av prosessen etter dødsfall. Prosjektet Digital gravferdsmelding er ein del av Digitaliseringsdirektoratet sitt arbeid med å digitalisere livshendinga dødsfall og arv (DOA) og vil innebere at ein ikkje lenger treng fylle ut det såkalla begjæringsskjemaet. Digital gravferdsmelding skal handtere dei innleiande prosessane regulerte i gravplasslovgivinga. Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark har fått ansvar i utviklings- og driftsfasen. Arbeidet skjer i samarbeid med Digitaliseringsdirektoratet.

Prosjektet Oppgjør etter dødsfall er også knytt til livshendinga dødsfall og arv. Dette prosjektet skal hjelpe innbyggjaren ved arveoppgjer.

Målet med digitaliseringa er at innbyggjaren skal oppleve tenestene i denne livshendinga som samanhengande. Det skal vere lett å skilje mellom dei ulike rollene etterlatne kan ha; å vere ansvarleg for gravferda, å vere ansvarleg for grava og å vere arving. Tenesta skal vere livssynsuavhengig og ta hand om behovet for respekt og verdigheit.

Digital gravferdsmelding vil gjere det enklare å gjere val knytte til gravferda, både for seg sjølv og som ansvarleg for gravferda til ein avliden. Brukaren skal vere i sentrum. Tenesta skal opplevast som heilskapleg. Innbyggjaren skal sleppe å gi opplysningar som allereie ligg i andre offentlege register. Personopplysningar vil bli skjerma. Teksten i tenesta skal ha eit enkelt og klart språk. Digitalisering skal ikkje erstatte den menneskelege kontakten i møte med døden, og prosjektet vil ta omsyn til at ikkje alle er digitale.

Brukartesting av nokre delar av Digital gravferdsmelding vil skje tidleg i 2022, med ei mogleg utrulling av første versjon i 2023.

8.6 Kremering av hjarteimplantat osb. Gravplassforskrifta § 33

8.6.1 Gjeldande rett

Gravplassforskrifta § 33 første ledd første setning lyder: "Før kremasjon finner sted, skal hjertestimulator («pacemaker») og tilsvarende implantat være operert ut av kroppen." Obduksjonslova § 13 lyder: "Nødvendig uttak av implantat før kremasjon skal utførast av helsepersonell. Slikt uttak krev ikkje samtykke." I Prop. 38 (2014-2015) punkt 11.5 grunngir Helse- og omsorgsdepartementet dette slik:

Implantat som kan eksplodere vil kunne skade kremasjonsovnar. Dei må derfor fjernast før kremasjonen finn stad. Av omsyn til avdøde, og pårørande til avdøde, må fjerning av implantat gjerast på ein forsvarleg måte. Departementet støttar forslaget frå utvalet om at nødvendig uttak av implantat før kremasjon skal utførast av helsepersonell.

8.6.2 Bakgrunn

Varmen i kremasjonsomnen fører til at batteriet i implantatet svulmar opp og det skjer ein trykkutlading. Dette kan gi lyd og skade omnen.

Å operere ut hjartestimulator og andre implantat krev tida til helsepersonell og krev køyring av kister. Departementet har blitt spurd om behovet for å operere ut implantet. KA fekk derfor tilskot til eit prosjekt med prøvebrenning av implantat for å få erfaringar som kunne utdype den svenske rapporten fra 2016 som tydde på at kremasjonsomnen ikkje tok skade og at lydane var begrensa. Vestfold krematorium IKS gjennomførte prosjektet for KA ved å kremere 21 implantat utan kiste og 29 kister der det var opplyst at det var implantat. Rapporten deira konkluderer slik:

Konklusjonen etter at alle forsøkene er gjennomført, er at vi ikke ser noen umiddelbar fare for at kremering av pacemakere kan gjøre skade på det krematorietekniske utstyret. Imidlertid medfører det noe støy i form av karakteristisk smell som kan være emosjonelt utfordrende. Ut ifra et miljøperspektiv og mulighet for gjenvinning av metall, utgjør det liten forskjell om pacemaker tas ut før kremasjon eller samles sammen etter kremasjon.

Spørsmålet om utoperering av implantat vil bli meir aktuelt framover ettersom talet på avlidne vil auke, kremasjonsprosenten truleg vil halde fram å auke og teknologiutviklinga kan gjere det mogleg å nytte nye typar implantat ved fleire helsetilstandar. Departementet har motteke to etiske vurderingar forfatta av forskaren Carl Tollef Solberg ved Senter for medisinsk etikk ved Universitet i Oslo. Rapportane har eit brett perspektiv, og vi kan ikkje her gjere greie for moment og vurderingar i dei. Departementet meiner at grunngivinga for å operere ut implantat før kremasjon, primært er teknisk (av omsyn til omnen) og av omsyn til tilsette og etterlatne som kan oppleve plutseleg lyd. Å kremere utan å operere ut implantat er ikkje uetisk, sjølv om spørsmålet er samansett og bør vere ope for drøfting og refleksjon.

8.6.3 Departementet vil handsame søknadar frå krematorium om dispensasjon frå kravet om å operere ut hjartestimulator («pacemaker») og tilsvarande

Vi viser til at kremering utan å operere ut hjartestimulator og andre implantat, vil spare tid for helsepersonell og redusere køyringa av kister. Departementet har heimel i gravplassforskrifta § 39 til å dispensere frå krav i forskifta. Departementet vil handsame søknadar frå krematorium om dispensasjon frå kravet om å operere ut hjartestimulator («pacemaker») og tilsvarande før kremasjon. Dispensasjonen vil gjelde det enkelte krematorium. Krematoriet vil ha ansvar for å informere gravplasstyresmakter, gravferdsbyrå og helseinstitusjonar dei har kontakt med om dispensasjonen.

Dispensasjonen opphevar plikta til å operere ut implantatet. Det ligg fast at ev. uttak av implantat før kremasjon skal utførast av helsepersonell, jf. obduksjonslova § 13. Krematoriet må i søknaden om dispensjon gjere greie for rutinar for kva dei gjer dersom dei etterlatne gir til kjenne ovanfor gravplasstyresmakta eller krematoriet eit ønske om at implantat som kan medføre trykkutlading, skal vere operert ut før kremasjonen, jf. regelen gravplassforskrifta.

Ein søknad om dispensasjon må gjere greie for korleis ev. lyd frå trykkutladinga vil opplevast i krematoriet og korleis kremasjonen kan skje med respekt og verdigheit når etterlatne observerer kremasjonen. Søknaden må gjere greie for rutinar for å informere etterlatne som vil observere kremasjonen om mogleg lyd. Søknaden må vidare gjere greie for dialog med dei tilsette om søknaden og om ev. lyd frå trykkutladinga i omnsrommet. Krematoriet må sjølv ta ansvar for om omnen toler trykkutladinga og rekkevidda av ev. garantiane frå leverandøren av omnen.

8.7 Ikkje høve til å delegere kommunens myndigheit etter gravplasslova § 9 tredje og fjerde ledd til andre

Kommunelova har i § 5-4 ei føresegn om delegering av myndigheit til andre til å fatte vedtak i saker om lovpålagde oppgåver. Departementet meiner at gravplasslova § 9 tredje og fjerde ledd ikkje gir haldepunkt for at kommunestyret kan delegere til andre å gjere vedtak etter denne føresegna. Det er med andre ord kommunen som skal gjere vedtaka etter gravplasslova § 9 tredje og fjerde ledd.