Rundskriv V-9/N/2009 Utnemning av biskop i Stavanger

I samband med at det skal utnemnast ny biskop i Stavanger bispedøme oppmodar Kultur- og kyrkjedepartementet soknerådet om å gi stemme til dei tre personane som rådet reknar for mest skikka til å bli utnemnt til bispeembetet.

Til sokneråda i Stavanger bispedøme

 

 

 

Nr.

Vår ref

Dato

V-9N/2009

200805641 KIA AEL

26.02.2009

 

Utnemning av biskop i Stavanger

I samband med at det skal utnemnast ny biskop i Stavanger bispedøme oppmodar vi soknerådet om å gi stemme til dei tre personane som rådet reknar for mest skikka til å bli utnemnt til bispeembetet, i prioritert rekkjefølgje.

 

Stavanger bispedømeråd har i møte 20. februar 2009 nominert desse kandidatane:

 

Prost Ludvig Bjerkreim
Domprost Øystein Bjørdal
Sokneprest Erling Johan Pettersen
Prost Svein Arne Theodorsen
Generalsekretær Kjetil Aano
 

Kandidatane er nemnde i alfabetisk orden. Vita deira følgjer vedlagt. Bispedømerådets forslag er ikkje bindande for dei som har røysterett. Det er også høve til å røyste på biskopar i embete.

 

Røystinga i soknerådet skjer ved vanlig fleirtalsvotering. Først voterer soknerådet over kven som skal stå som kandidat nr. 1, deretter kven som skal stå som nr. 2, og til sist kven som skal stå som nr. 3. I fall ingen av kandidatane får fleirtal (meir enn halvparten av røystene), skal soknerådet røysta om att. I denne runden skal den reknast for valt som har fått flest røyster. Før omrøystinga kan rådet gjera vedtak om at valet berre skal stå mellom to eller fleire av dei som fekk flest røyster i den første runden. Om valet enno er uavgjort fordi fleire kandidatar har fått like mange røyster, skjer avgjerda ved loddtrekning.

 

Røystinga i soknerådet er hemmeleg. Prestar, kateketar og diakonar i offentleg kyrkjeleg stilling som er medlem av soknerådet, deltar ikkje i røystinga.

 

Resultatet av røystinga med opplysningar om stemmetal eller i tilfelle vedtak om at erklæring ikkje blir avgitt, skal førast inn i møteboka. Stadfesta utskrift av møteboka skal sendast direkte til Kultur- og kyrkjedepartementet, Postboks 8030 Dep., 0030 Oslo så tidleg at utskrifta kan vere i departementet innan 27. april 2009.

 

 

Med helsing

 

 

Ingrid Vad Nilsen e.f.
ekspedisjonssjef

Thom M. Rafoss
avdelingsdirektør

 

Vedlegg i pdf-format:

Prost Ludvig Bjerkreim

Domprost Øystein Bjørdal

Sokneprest Erling Johan Pettersen

Prost Svein Arne Theodorsen

Generalsekretær Kjetil Aano