Sats for berekning av statstilskot til trus- og livssynssamfunn 2021

Satsen som skal nyttast for berekning av statstilskot til trus- og livssynssamfunn utanom Den norske kyrkja i 2021, er 1.310 kroner per medlem.

Det samla tilskotet frå staten og kommunane til Den norske kyrkja i 2021 er berekna til å utgjera 4 647 881 734 kroner. Medlemstalet for Den norske kyrkja som inngår i berekningsgrunnlaget for satsen, er 3 546 761.

Satsen er fastsett i samsvar med forskrift om registrering av og tilskot til trus- og livssynssamfunn (trussamfunnsforskrifta) § 21, jf. lov om trus- og livssynssamfunn (trussamfunnslova) § 23 første ledd.

Vedlagt følgjer ei nærare utgreiing om fastsettinga av satsen.


Med hilsen

Ellen Ur (e.f.)

avdelingsdirektør

Geir Telstø

seniorrådgiver

 

Dokumentet er elektronisk signert og har difor ikkje handskrevne signaturar.