Sats for berekning av statstilskot til trus- og livssynssamfunn 2022

Satsen som skal nyttast for berekning av statstilskot til trus- og livssynssamfunn utanom Den norske kyrkja i 2022, er 1 353 kroner per medlem.

Satsen er fastsett i samsvar med forskrift om registrering av og tilskot til trus- og livssynssamfunn (trussamfunnsforskrifta) § 8, jf. lov om trus- og livssynssamfunn (trussamfunnslova) § 5 fjerde ledd.

Berekningsgrunnlaget for satsen utgjer 4 767 286 134 kroner. Beløpet består av ein statleg og ein kommunal del. Den statlege delen utgjer 2 322 378 376 kroner og den kommunale delen 2 444 907 758 kroner. Det er 3 524 779 medlemmer i Den norske kyrkja per 1. januar 2022.

Vedlagt følgjer ei nærare utgreiing om fastsettinga av satsen.

Med helsing

Ellen Ur (e.f.)

avdelingsdirektør

 

 

Geir Telstø

seniorrådgjevar

Dokumentet er signert elektronisk og har derfor ikkje handskrive signaturar.