Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

St.meld. nr. 26 (2008-2009)

Om offentleg rettshjelp— Rett hjelp

Til innhaldsliste

1 Bakgrunn og samandrag

1.1 Bakgrunn og arbeidsform

Det er snart ti år sidan rettshjelpsordninga vart undergitt ei brei drøfting i St.meld. nr. 25 (1999-2000) Om fri rettshjelp.

I Soria Moria-erklæringa av 13. oktober 2005 som er regjeringa sin politiske plattform for perioden 2005 til 2009 står det om rettshjelpsordninga:

«Regjeringen vil:

  • heve inntektsgrensene for fri rettshjelp. Rettshjelpsordningen skal gjennomgås og forbedres.

  • i dialog med interesseorganisasjonene utrede en ordning der domstolene fastsetter maksimaltimepris eller stykkprissats i utvalgte sivile saker som barnefordeling og forbrukersaker.»

Stortinget har òg bede regjeringa om å utgreie gjeldande rettshjelpsordning, blant anna i lys av den finske rettshjelpsordninga, jf. Budsjett-innst. S. nr. 4 (2004-2005).

Justisdepartementet har engasjert Direktoratet for forvaltning og IKT (DIFI) (tidlegare Statskonsult) til å kartleggje rettshjelps- og konfliktløysingstilbodet i Noreg. DIFI leverte rapporten «Kartlegging av rådgivnings- og konfliktløsningstilbudet i Norge», Rapport 2008:1 (heretter DIFI-rapporten) i februar 2008.

For å imøtekomme oppmodinga frå Stortinget har departementet òg engasjert det finske forskingsinstituttet National Research Institute of Legal Policy (Oikeuspoliittinen tutkimuslaitos, forkortet OPTULA), til å kartleggje den finske rettshjelpsordninga. Rapporten «Legal Aid and Legal Services in Finland», Research report 237, vart overlevert departementet 28. mai 2008.

Professor Jon T. Johnsen ved Universitetet i Oslo (UiO) har deretter på oppdrag frå departementet utført ein samanliknande studie av den finske og den norske rettshjelpsordninga. Rapporten «Hva kan vi lære av finsk rettshjelp? En sammenlikning av rettshjelpsordningene i Norge og Finland» (heretter Finland-rapporten) er trykt som særskilt vedlegg til denne meldinga. Rapporten byggjer blant anna på DIFI-rapporten og OPTULAs kartlegging av finsk ordning.

Med jamne mellomrom har det dei seinare åra blitt drøfta om stadig høgare advokatutgifter og meir kostbare, omfattande og tidkrevjande rettssaker i praksis hindrar den enkelte innbyggjaren i å få konfliktane sine prøvde i rettsapparatet. Det er etter ein gjennomgang av tvisteløysingstilbodet sett i verk ei ny tvistelov som reformerer domstolsbehandlinga. Det er òg auka merksemd rundt bruk av alternative og enklare konfliktløysingstilbod utanfor domstolane. Vidare er konkurranseforholda for advokatar og problemet med høge advokatutgifter blitt vurderte, blant anna av Advokatkonkurranseutvalet i NOU 2002: 18 Rett til rett.

Departementet har i arbeidet med denne meldinga særleg sett til forarbeida til ny tvistelov (NOU 2001: 32, NOU 2001: 33 og Ot.prp. nr. 51 (2004-2005)) og Advokatkonkurranseutvalet si innstilling i NOU 2002: 18.

I tillegg til dei nemnde dokumenta har departementet innhenta oppdaterte tal og statistikk og gjennomført ein del nye undersøkingar. I samband med kartlegginga av forbruket av rettshjelp og som bakgrunn for analysane av administrative og økonomiske konsekvensar er det dels brukt tidlegare utrekningar og dels henta inn oppdaterte tal frå Statistisk sentralbyrå, fylkesmennene, domstolane og særskilte rettshjelpstiltak.

Departementet har òg sett til eldre forskingsrapportar og andre relevante analysar på feltet rettshjelp og tilgrensande område.

Temagrupper

Hausten og vinteren 2007/2008 inviterte departementet til deltaking i fire temagrupper for å få innspel til arbeidet med stortingsmeldinga. Det vart halde to heildagsmøte i kvar gruppe. Gruppene hadde følgjande hovudtema: Gruppe 1: «Rettshjelpsbehov og samfunnets ansvar». Gruppe 2: «Alternative rådgivnings- og konfliktløsningstilbud, herunder internasjonale trender.» Gruppe 3: «Mer rettshjelp for hver krone – hva kan gjøres bedre og for hvem?» Gruppe 4: «Etterkontroll og evaluering av loven». Deltakarane vart inviterte til å halde innlegg om eit valfritt tema innanfor gruppa sitt hovudtema med påfølgjande diskusjon. Det vart utarbeidd referat som det var semje om frå møta. Gruppene var breitt samansette med aktørar frå både offentleg og privat sektor. Advokatforeningen var representert i alle temagrupper. Dei andre deltakarane var frå Domstoladministrasjonen, domstolane, Regjeringsadvokaten, Sivilombodsmannen, Arbeids- og velferdsforvaltninga (NAV), Forbrukarrådet, Juristforbundet, Gatejuristen, Det juridiske fakultet (UiO), Institutt for Statsvitskap (UiO), Sekretariatet for konfliktrådene, Arbeids- og inkluderingsdepartementet, Rettshjelpernes juristforening, Fafo, Juss-Buss, Statskonsult, 1 Senter for statlig økonomistyring (SSØ), Statistisk sentralbyrå (SSB), Oslo kommune Fri Rettshjelp, Fylkesmannen i Oslo og Akershus og Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.

Møte, konferansar og reiser

Departementet har hatt møte med ei rekkje aktørar i samband med arbeidet med meldinga, og har i samanheng med møta motteke ei rekkje skriftlege innspel. I 2008 vart det halde seks møte med representantar for Advokatforeningen. Elles har det vore møte med representantar for Domstoladministrasjonen, Statens sivilrettsforvaltning (tidlegare Justissekretariata), Statistisk sentralbyrå, Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Juss-Buss, ­Juridisk rådgivning for kvinner (JURK), Jussformidlingen i Bergen, Gatejuristen, Sekretariatet for konfliktrådene, Barne- og likestillingsdepartementet, Kommunal- og regionaldepartementet, Organisasjonen mot offentlig diskriminering (OMOD), Likestillings- og diskrimineringsombodet, KS (kommunesektorens interesse- og arbeidsgivarorganisasjon) og Forum for offentlig service.

Departementet har besøkt Oslo kommune Fri Rettshjelp og det kommunale servicekontoret i Nes kommune som i dag tilbyr rettshjelp til innbuarane i kommunen.

Departementet har delteke på fleire konferansar om aktuelle tema, blant anna Juristforbundets årskonferanse om rettshjelp i 2008.

Vidare har departementet hatt møte med representantar for Justitiedepartementet i Sverige, Justitsministeriet i Danmark og Oikeusministeriö i Finland. Frå desse er det òg motteke skriftlege innspel. Skriftlege innspel er òg mottekne frå justisstyresmaktene i Storbritannia og Nederland.

I samband med forskingsoppdraget i Finland vart det halde fleire møte i Helsinki der representantar frå Universitetet i Oslo, det finske Justisdepartementet og forskingsinstituttet OPTULA var til stades. Departementet har òg besøkt eitt av dei to offentlege rettshjelpskontora i Helsinki.

Departementet har halde fleire møte med professor Jon T. Johnsen i samband med rapporten om den finske rettshjelpsordninga.

Departementet har hatt regelmessig kontakt med Statens sivilrettsforvaltning, som i dag har ansvaret for å behandle klager over fylkesmannen sine avgjerder i medhald av lov om fri rettshjelp.

1.2 Historikk

1.2.1 Framveksten av offentleg rettshjelp

Ordningane med fri sakførsel er gradvis bygd ut dei siste hundre åra. Etter at ei advokatnæring var blitt etablert, utvikla det seg ein praksis med at fattige kunne søkje statthaldaren, seinare kongen, om å få oppnemnt ein advokat. Ein søknad kunne innvilgast dersom saka vart funnen verdig for offentleg støtte. Støtta dekte gebyr og advokatsalær. Fattigbevillinga var meint for dei spesielt utsette og hjelpelause, som utan eiga skuld var ute av stand til å tene til livsopphaldet.

Civilprosesskommisjonen foreslo i 1907 at tvistemålslova på den tida skulle ha eit eige kapittel om heil eller delvis «Fri rettergang» for

«Personer der ikke uden følelig Savn for eget eller familiens nødtørftige underhold kan avse de med førelsen af en Retssag forbundne Udgifter…».

Dei offentlege utgiftene var likevel ikkje meint å dekkje saker som

«findes aabenbart ugrundet eller haabløs eller af ringe betydning for ham eller hvor han har vist seg uvillig til en rimeleg ordning». 2

Også utanfor rettargang kom det rettshjelpstilbod for dei fattige, og i 1893 vart det første rettshjelpskontoret i landet oppretta. Føremålet var å gi gratis rettshjelp til fattige med hovudvekt på korte, munnlege konsultasjonar.

I 1954 vart det nedsett ein komité som skulle utgreie staten sitt ansvar for å sikre befolkninga nødvendig rettshjelp, der reformforslaga var ideologisk knytte til dei sosiale sikringssystema på den tida, som lovbestemte trygder og stønadsordningar. Hjelpa vart av praktiske og sosiale grunnar avgrensa til å gjelde dei «som ikke selv makter å betale utgiftene». Frå 1961 var den alminnelege «fritt rettsrådsordninga» som omfatta både rettsråd og sakførsel etablert.

1.2.2 Rettshjelpsbehov og -reform

Rettshjelpspolitikken kan i nyare tid delast inn i ein reformfase, ein innstrammingsfase og ein utvidingsfase.

Frå starten av 1970-talet auka interessa for rettshjelpsspørsmål blant studentar og nyutdanna juristar, og det vart gjennomført fleire rettssosiologiske undersøkingar om rettshjelpsbehovet i befolkninga. Undersøkingane konkluderte jamt over med at det fanst eit stort udekt rettshjelpsbehov. Sjølv om undersøkingane er blitt kritiserte, særleg på grunn av problem knytte til å definere behov basert på empiriske undersøkingar, har det sidan 1980-talet vore vanleg å gjere rettspolitiske vurderingar av ordninga med fri rettshjelp i lys av folks rettshjelpsbehov. Det betyr at ei oversikt over førekomsten av juridiske problem i befolkninga i stor grad har vore styrande for dei reformpolitiske hovudsynspunkta som tidlegare har blitt lagt fram.

Reformfasen i norsk rettshjelpspolitikk seiast å ha starta med at Advokatforeningen i 1970 nedsette eit utval som skulle vurdere behovet for fri rettshjelp og om rettshjelpsordningane burde forbetrast. 3 I 1973 vart det oppnemnt eit offentleg rettshjelpsutval som avleverte innstilling i NOU 1976: 38 Fri rettshjelp i Norge. Utvalet ønskte blant anna å utvide retten til offentleg rettshjelp, slik at det ikkje lenger berre var dei aller fattigaste som fall inn under ordninga. Det var òg ein prinsipiell diskusjon om organiseringa av den offentlege rettshjelpa, og kor vidt ein skulle nytte offentlege rettshjelpskontor eller basere hjelpa på bruk av privatpraktiserande advokatar. Rettshjelpslova, som tredde i kraft i 1981, var i hovudsak ei lovfesting av tidlegare ordningar med fritt rettsråd og fri sakførsel. Offentlege rettshjelpskontor vart ikkje prioriterte.

Ressursbruken har vore eit viktig tema etter at rettshjelpslova tredde i kraft. Utgiftene til fri rettshjelp auka betydeleg, og utgiftsoverslaget som vart gjort før lova kom vart overskride. Utgiftsauken kan blant anna forklarast med ein auke av den offentlege salærsatsen, heving av økonomiske grenser, at sakene vart stadig meir omfattande og at eigendelane reduserte dei offentlege utgiftene mindre enn ein først hadde rekna med. I budsjettforslaget for 1984 vart det uttrykt bekymring over utgiftsutviklinga, og det vart same året innført endringar som tok sikte på å avgrense kostnadene ved fri rettshjelp.

I samband med Stortingets behandling av endringar i rettshjelpslova i 1995, uttalte Justiskomiteen at utviklinga i retning av at stadig færre vart omfatta av ordninga, og utgiftsveksten, gjorde det nødvendig å gjennomføre ei nærare vurdering av ordninga, under dette å drøfte alternative modellar for organisering av rettshjelpsverksemda. 4 Komiteen refererte i denne samanhengen til alternative modellar som vart foreslått i St.meld. nr. 16 (1989-1990) Om offentlig rettshjelp, som tidlegare hadde blitt trekt tilbake. Komiteen meinte at det største innsparingspotensialet var på rettsrådstadiet, og at det var nødvendig å utgreie alternativ til gjeldande reglar. Spesielt vart etablering av forsøksverksemd med alternative og mindre kostbare rådgivingstilbod framheva. Vidare nemnde komiteen at det var behov for å få ein plan for utbygging av eit forsvarleg rettshjelpstilbod over heile landet, ikkje minst i distrikta.

Stortinget vedtok i 1998 å be regjeringa fremje ei stortingsmelding om fri rettshjelp med ein fullstendig gjennomgang av heile ordninga. I St.meld. nr. 25 (1999-2000) Om fri rettshjelp som vart fremja av regjeringa Bondevik I, vart det drøfta ei rekkje utvidingar av rettshjelpsordninga. I innstillinga frå Justiskomiteen vart fleire av forslaga tiltredde. 5 Fleire av forslaga til utviding er likevel ikkje blitt følgde opp.

1.3 Gjeldande rettshjelpsordning

1.3.1 Lov om fri rettshjelp

Reglane om fri rettshjelp er gitt ved lov 13. juni 1980 nr. 35 om fri rettshjelp, med seinare endringar. Lova er supplert ved forskrift 12. desember 2005 nr. 1443 til lov om fri rettshjelp, forskrift 3. desember 1997 nr. 1441 om salær fra det offentlige til advokater m.v. og forskrift 12. desember 2005 nr. 1442 om salær fra det offentlige til advokater m.fl. etter faste satser (stykkprissatser) ved fri rettshjelp og i straffesaker. I Justisdepartementets rundskriv G-12/05 og G-13/05 er det gjort nærare greie for korleis departementet forstår regelverket.

Reglane om juridisk bistand i straffesaker går fram av straffeprosesslova og vil ikkje bli omtala i denne meldinga.

Utgifter

Dei offentlege utgiftene til fri rettshjelp blir førde på kapittel 470 Fri rettshjelp i statsbudsjettet og statsrekneskapen. Utgiftene til fri rettshjelp omfattar fritt rettsråd, fri sakførsel, fritak for rettsgebyr og tilskot til særskilte rettshjelpstiltak. Med unntak av tilskot til særskilte rettshjelpstiltak er utgiftene regelstyrte, noko som inneber at regjeringa ved behov kan fremje forslag om endringar på postane i samband med samleproposisjonen om omprioriteringar og tilleggsløyvingar på statsbudsjettet gjeldande budsjettår.

I 2007 var dei offentlege utgiftene til fri rettshjelp i sivile saker 573,6 mill. kroner. Det vart nytta 384,8 mill. kroner til fri sakførsel og 160,2 mill. kroner til fritt rettsråd. Vidare vart det nytta 24 mill. kroner på særskilte rettshjelpstiltak og 4,6 mill. kroner til dekning av utgifter til sakkunnige og meddomarar i fri sakførselssaker.

Figur 1.1 viser ein nedgang i kostnadene til fritt rettsråd etter 2005. Truleg er hovudårsaka til denne utviklinga ein nedgang i talet utlendingssaker med fritt rettsråd. Ei regelverksendring med verknad frå 1. januar 2005 avgrensa høvet til å gi fritt rettsråd i asylsaker til berre å gjelde ved negativt vedtak. Vidare er kostnadene blitt reduserte som følgje av at talet på klager over negativt vedtak om asyl er gått ned sidan 2004. I tillegg kan kostnadene ha blitt påverka av ei lovendring som med verknad frå 1. januar 2006 inneber at fri rettshjelp i trygdesaker først gis frå og med klage.

Figur 1.1 Oversikt over utgifter til fri rettshjelp i perioden 1985 til 2007.1
  Utgiftene til «særskilte rettshjelpstiltak», jf. 1.3.2 er i grafen inkluderte i kurva som viser dei totale utgiftene.

Figur 1.1 Oversikt over utgifter til fri rettshjelp i perioden 1985 til 2007.1 Utgiftene til «særskilte rettshjelpstiltak», jf. 1.3.2 er i grafen inkluderte i kurva som viser dei totale utgiftene.

1 Meirverdiavgift på advokattenester vart innført i 1. juli 2001.

Føremål

Føremålet som er vedteke for rettshjelpslova er innteke i § 1 og lyder:

«Fri rettshjelp etter denne lov er en sosial støtteordning med formål å sikre nødvendig juridisk bistand til personer som ikke selv har økonomiske forutsetninger for å kunne ivareta et rettshjelpsbehov av stor personlig og velferdsmessig betydning.»

Det går fram av Ot.prp. nr. 91 (2003-2004) Om lov om endringer i lov 13. juni 1980 nr. 35 om fri rettshjelp m.m. at den politiske målsetjinga med lova er å vere ei sosial støtteordning i saker av stor velferdsmessig betydning. Fastsetjinga av føremålet er meint å vere eit hjelpemiddel ved bruken av regelverket, spesielt i spørsmål om det skal givast rettshjelp til tvistar som ligg utanfor dei rettsområda rettshjelpslova prioriterer.

Det er berre nødvendige utgifter som kan dekkjast under rettshjelpsordninga.

Lova sin subsidiære karakter

Hjelp etter rettshjelpslova er subsidiær i forhold til andre høve til dekning som rettshjelpssøkjaren måtte ha. Dette subsidiaritetsprinsippet gjeld både tilfelle der andre enn søkjaren betaler for hjelpa og tilfelle der den juridiske hjelpa er gitt vederlagsfritt, for eksempel av det offentlege eller etter andre ordningar. Dei mest praktiske ordningane er nemnde i § 5, for eksempel private rettshjelpsforsikringar og dekning av sakskostnader etter forvaltningslova § 36. Dette er nemnt som døme, og er ikkje meint å vere uttømmande. Lova sin subsidiære karakter går etter føresetnadene òg fram av kravet om at saka skal vere nødvendig ifølgje lova si føremålsføresegn i § 1.

Føresegnene om rettshjelpslova sin subsidiære karakter vart tekne inn ved ei lovendring som tredde i kraft 1. januar 2006. Før dette gjekk den subsidiære karakteren av lova direkte fram berre når det gjaldt ordningar for privat rettshjelpsforsikring, mens prinsippet elles vart sett på som gjeldande som følgje av rettshjelpslovas system, sjå Ot.prp. nr. 91 (2003-2004) kapittel 5. Dette medførte noko ulik praksis med omsyn til korleis regelverket vart tolka. Ved å bringe den subsidiære karakteren av lova tydelegare fram, ønskte ein å klargjere rettstilstanden og leggje til rette for ein meir einsretta praksis.

Kva er omfatta?

Fri rettshjelp blir ytt som fritt rettsråd, fri sakførsel og fritak for rettsgebyr. Grensa mellom fritt rettsråd og fri sakførsel følgjer i prinsippet grensa mellom saker i og utanfor rettargang. Fri rettshjelp blir som hovudregel ikkje ytt i straffesaker.

Økonomiske vilkår i saker med behovsprøving

Som hovudregel blir fri rettshjelp berre gitt til personar som har bruttoinntekt og nettoformue under bestemte grenser. I Soria Moria-erklæringa slo regjeringa fast at den ønskte å heve inntektsgrensa for fri rettshjelp, og dette vart foreslått i regjeringas forslag til statsbudsjett for 2009. Stortinget vedtok forslaget i endeleg budsjettvedtak 3. desember 2008. Inntektsgrensa for einslege er frå 1. januar 2009 246 000 kroner, mens den for ektefellar og andre som lever saman med felles økonomi er 369 000 kroner. Grensa for nettoformue er 100 000 kroner.

Det kan løyvast fri rettshjelp sjølv om inntekts- og formuesgrensa er overskriden. Hovudvilkåret for å dispensere frå dei økonomiske vilkåra er at utgiftene til juridisk hjelp blir betydelege sett i forhold til søkjaren sin økonomiske situasjon.

Kva slag sakstypar er omfatta?

I rettshjelpslova er det skilt mellom prioriterte saker utan økonomisk behovsprøving, prioriterte saker med økonomisk behovsprøving og uprioriterte saker.

Prioriterte saker utan økonomisk behovsprøving er sakstypar som er av særleg inngripande karakter, for eksempel barnevernssaker som er behandla av fylkesnemnda for barnevern og sosiale saker og saker for kontrollkommisjonen for psykisk helsevern.

Prioriterte saker med økonomisk behovsprøving er blant anna saker om ekteskap, skifte og barnefordeling, personskade, oppseiing frå bustad eller arbeid, valdsoffererstatning og trygdeklager.

I andre sakstypar, dei såkalla uprioriterte sakene, kan det unntaksvis givast fri rettshjelp dersom dei økonomiske vilkåra er oppfylte og saka objektivt sett påverker søkjar i særleg sterk grad. Ved denne vurderinga skal det leggjast vekt på om saka har likskapstrekk med dei prioriterte sakene.

Kven avgjer søknaden?

I sakstypar som er unnatekne behovsprøving kan advokaten eller rettshjelparen sjølv innvilge fritt rettsråd innanfor visse grenser (eigeninnvilging). Dette gjeld òg i dei prioriterte sakene som krev behovsprøving og der klienten oppfyller krava til inntekt og formue. Alle andre søknader om fritt rettsråd blir avgjorde av fylkesmannen.

Fri sakførsel i prioriterte saker blir innvilga av den domstolen som har saka til behandling. Visse domstolsliknande forvaltningsorgan, for eksempel fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker, er gitt tilsvarande mynde. I uprioriterte saker blir søknaden avgjort av fylkesmannen.

Boks 1.1 Elektronisk behandling av rettshjelpsøknader

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har med støtte frå blant anna Fornyings- og administrasjonsdepartementet og Justisdepartementet utvikla ei elektronisk skjemaløysing for sikker oversending av søknader om rettshjelp frå advokatar og rettshjelparar til fylkesmennene. Løysinga blir òg nytta til innsending av arbeidsoppgåve for honorering i dei sakene der advokatar og rettshjelparar har eigeninnvilga fritt rettsråd. Bruk av smartkort sikrar legitimasjon av advokat eller rettshjelpar, og syter for sikker sending til fylkesmennene.

Fleire av dei opplysningane som er nødvendige for fylkesmannens saksbehandling blir henta inn automatisk av den elektroniske skjemaløysinga, ved at det blir gjort oppslag i eksterne informasjonskjelder som for eksempel Det sentrale folkeregisteret, Tilsynsrådet for advokatverksemd, likningsopplysningar og Einingsregisteret i Brønnøysund. Skjemaløysinga sparer dermed advokat eller rettshjelpar og klient for mykje av arbeidet med å skaffe fram dokumentasjon som er nødvendig for søknaden.

Løysinga gir fordeler også for fylkesmennene. Den krev langt mindre ressursar til arkivhandtering, fordi sak blir oppretta og registrert automatisk i fylkesmennenes arkivsystem. Manuelle arkivhandteringar ved registrering og journalføring er dermed ikkje nødvendig. Statistikk utarbeidd av Statens sivilrettsforvaltning viser at fylkesmennene i 2007 mottok nær 25 000 søknader om rettshjelp og krav om honorar etter eigeninnvilging frå advokatar og rettshjelparar. Ei automatisering av arkivrutinane gir derfor store innsparingar dersom den tradisjonelle arkivbehandlinga kan reduserast til eit minimum. Ressursinnsparingar blir òg oppnådde på saksbehandlarnivå, blant anna fordi skjemaet ikkje tillet oversending til fylkesmannen før dei nødvendige opplysningane er blitt utfylte. Advokatar og rettshjelparar som nyttar elektronisk skjema vil derfor ikkje kunne sende mangelfullt dokumenterte søknader, noko som medfører at fylkesmennene langt sjeldnare enn før må etterspørje dei manglande opplysningane.

Frå november 2008 var alle fylkesmenn i stand til å ta imot søknader og honorarkrav elektronisk. I overkant av 500 advokatar hadde på dette tidspunktet nytta ordninga, og 4781 saker var i løpet av året blitt sende inn på denne måten.

Eigendel

Det blir ikkje betalt eigendel i saker utan økonomisk behovsprøving. Mottakarar av økonomisk behovsprøvd rettshjelp som har ei årleg bruttoinntekt på 100 000 kroner eller meir, skal betale ein eigendel av utgiftene til fri rettshjelp. For fritt rettsråd utgjer eigendelen ein gong den offentlege salærsatsen (870 kroner). For fri sakførsel er eigendelen 25 prosent av utgiftene, avgrensa oppover til fem gonger den offentlege salærsatsen. Det er ikkje høve til å få ettergitt eller redusert eigendelen. Eigendelen blir kravd inn av advokaten eller rettshjelparen.

Kva dekkjer det offentlege?

Fritt rettsråd

Fritt rettsråd som er innvilga av advokat eller rettshjelpar er avgrensa til fastsette stykkprisar etter stykkprisforskrifta. 6 Dette inneber at advokat eller rettshjelpar ikkje kan innvilge hjelp ut over stykkprissatsen. Utgangspunktet er at stykkprisen skal vere tilstrekkeleg til å dekkje nødvendig juridisk hjelp i ei gjennomsnittleg sak.

Dersom faktisk samla timeforbruk i ei sak er eller vil bli over det dobbelte av fastsett stykkpris, kan advokaten eller rettshjelparen søkje fylkesmannen om ei utviding. Dette gjeld både i prioriterte og uprioriterte saker, det vil seie både i saker med eigeninnvilging frå advokat eller rettshjelpar og i saker der det må søkjast fylkesmannen om fritt rettsråd. Det må godtgjerast at det ligg føre særlege omstende ved oppdraget som grunngir ein timebruk ut over det dobbelte av stykkprisen.

I fritt rettsrådssaker blir salæret fastsett av fylkesmannen.

Fri sakførsel

Den domstolen eller det forvaltningsorganet som har saka til behandling, fastset godtgjering til prosessfullmektig og eventuelle sakkunnige. Det er dermed retten som skal fastsetje salæret også i dei tilfella der fylkesmannen har innvilga fri sakførsel.

Sakskostnader

Fri sakførsel kan etter søknad heilt eller delvis utvidast til òg å omfatte dekning av sakskostnader til motparten. Dette er ei unntaksføresegn som tek sikte på å hindre urimelege resultat i enkelttilfelle. Det må liggje føre særlege grunnar for å utvide ei bevilling til fri sakførsel til òg å omfatte motparten sine sakskostnader. Det er ført ein restriktiv praksis i desse sakene.

Boks 1.2 Om ord og omgrep på rettshjelpsområdet

Fritt rettsråd: Offentleg dekt hjelp frå advokat eller rettshjelpar i sak utanfor rettargang.

Fri sakførsel: Offentleg dekt hjelp frå advokat eller rettshjelpar i sak i samband med rettargang (dvs. i samband med behandling i domstolane, fylkesnemnda og visse andre organ).

Prioriterte saker: Dei sakstypane der ein har krav på rettshjelp dekt av det offentlege. Det er to typar prioriterte saker: Saker med behovsprøving , dvs. sakstypar der rettshjelp berre blir gitt dersom ein har bruttoinntekt og nettoformue under bestemte grenser, og saker utan behovsprøving , dvs. sakstypar som er rekna for å vere av særleg inngripande karakter, der rettshjelp blir gitt uavhengig av søkjaren si bruttoinntekt og nettoformue.

Uprioriterte saker: Sakstypar der det unntaksvis blir gitt fri rettshjelp dersom dei økonomiske vilkåra er oppfylte og saka objektivt sett vedgår søkjaren i særleg sterk grad. I vurderinga skal det leggjast vekt på om saka har likskapstrekk med dei prioriterte sakene.

1.3.2 Særskilte rettshjelpstiltak

1.3.2.1 Innleiing

Regjeringa er særleg oppteken av rettstryggleiken til utsette grupper i samfunnet, og løyver derfor midlar til organisasjonar og institusjonar som yter rettshjelp til grupper med særskilte rettshjelpsbehov. Slike tilbod treffer målgruppa og medverkar til å avhjelpe juridiske problem på ein rask og effektiv måte. Det er òg eit viktig tiltak i kampen mot fattigdom å gi rettshjelp til dei som har det aller vanskelegast i samfunnet. Når ein kanaliserer rettshjelp til dei med særlege behov må ein kunne rekne med at hjelpa gir positive effektar for velferda for den enkelte, blant anna når det gjeld å sikre krav på lovfesta offentlege ytingar.

I tillegg blir det ytt tilskot til enkelte kommunar som har etablert prøveprosjekt med gratis juridisk hjelp ved det kommunale servicekontoret.

1.3.2.2 Gjeldande organisering

Departementet tek stilling til fordeling av dei samla midlane som er sette av til særskilte rettshjelpstiltak etter søknader frå kommunar, ulike organisasjonar og tiltak. Det er ein føresetnad for tildeling av slike midlar at tilskotet hovudsakleg blir nytta til rettshjelp.

Tabell 1.1 Oversikt over fordelinga av tilskot for 2007 i kroner:1

Tiltak Innvilga 2007
Studenttiltak totalt 10 500 000
Rettshjelpskontoret Indre Finnmark 1 283 226
Oslo kommune Fri Rettshjelp 6 000 000
Norsk Organisasjon for Asylsøkere – NOAS 375 000
Organisasjonen Mot Offentlig Diskriminering – OMOD 375 000
Prostituertes interesse­organisasjon – PION 400 000
Kommunale servicekontorer 903 000
Kirkens Bymisjon Oslo – Gatejuristen 1 800 000
Kirkens Bymisjon Trondheim – Rett på gata 200 000
Advokatvakt på krisesentre og Dixisentre 500 000
LLH (tidlegare Landsforeningen for lesbisk og homofil frigjøring) og Menneskerettsalliansen 750 000

1 Det er i tillegg gitt støtte til enkelte andre tiltak og prosjekt.

Det vart løyvd 23,9 mill. kroner til dei særskilte rettshjelpstiltaka i 2007.

Studentrettshjelpstiltaka – Juss-Buss, Juridisk Rådgivning for Kvinner (JURK), Jussformidlingen, Jushjelpa i Midt-Norge og Jusshjelpa i Nord-Norge – er drivne av jusstudentar i Oslo, Bergen, Trondheim og Tromsø. Dei yter gratis juridisk rådgiving og behandlar eit betydeleg tal saker. I 2007 behandla Juss-Buss 4417 saker, JURK 2468 saker, Jussformidlingen 4943 saker, Jushjelpa i Midt-Norge 1104 saker, mens Jusshjelpa i Nord-Norge behandla 1456 saker.

Som den einaste av kommunane i landet mottek Oslo kommune tilskot til drift av eit kommunalt rettshjelpskontor; Oslo kommune Fri Rettshjelp. Talet saker i 2007 var 4956. Sjå nærare omtale i 5.3.2.

Vidare mottek Rettshjelpskontoret Indre Finnmark tilskot. Kontoret skal ta vare på dei særskilte behova som gjer seg gjeldande hos den samisktalande befolkninga. I 2007 mottok kontoret 178 skriftlege saker og hjelpte med rådgiving ved 245 munnlege førespurnader. Sjå nærare omtale i 5.3.3.

I 2002 etablerte departementet eit prøveprosjekt med gratis juridisk hjelp ved offentlege servicekontor i fleire kommunar. Prøveprosjektet held fram, og er utvida med fleire kommunar, sjå nærare omtale i 5.3.1. Vidare etablerte departementet eit prøveprosjekt i 2007 med gratis juridisk hjelp ved krisesentre og Dixisentre (senter for valdtektsutsette). Departementet har i 2008 tatt initiativ til å utvide denne ordninga til å omfatte alle krisesentre og Dixisentre i Noreg. Vidare er det gitt tilskot til ei advokatvaktordning ved Pro Senteret. Også PION (Prostituertes interesseorganisasjon) mottek støtte frå departementet.

Gatejuristen i Oslo og Rett på gata i Trondheim er drivne av Kirkens Bymisjon og er lågterskeltilbod til rusavhengige. Tilboda yter gratis, oppsøkjande rettshjelp. Gatejuristen behandla 395 saker i 2007, mens Rett på Gata behandla ca. 250 saker i 2007, av dette var 80 registrerte skriftlege saker. Vidare vart det i 2008 starta eit nytt gatejuristprosjekt i Tromsø, og også dette mottek tilskot frå departementet.

1.4 Andre rådgivings- og konfliktløysingstilbod

Tilbodet om juridisk rådgiving og konfliktløysing utanfor rettshjelpslova varierer svært mykje i form, omfang og innhald – frå enkle råd over skranke eller telefon, til advokathjelp under domstolsbehandling.

I det offentlege rådgivingstilbodet utanfor rettshjelpslova er forvaltninga si alminnelege informasjons- og rettleiingsplikt eit grunnleggjande element. I tillegg finst ei rekkje offentlege spesialordningar, for eksempel ombodsordningane, Forbrukarrådet og Rådgivningskontorene for kriminalitetsofre. Det private rådgivingstilbodet omfattar blant anna fagforeiningar og arbeidstakarorganisasjonar, og andre medlems- eller interesseorganisasjonar og frivillige organisasjonar som gir rettshjelp til medlemmer eller målgrupper.

På konfliktløysingsstadiet finst ei rekkje offentlege og private tilbod som supplerer domstolane, og som gjerne er etablerte for å gi befolkninga eit tilbod som er rimelegare og raskare enn dei alminnelege domstolane. I DIFI-rapporten er det skilt mellom offentlege konfliktløysingsorgan i form av namsmenn, forliksråd, konfliktråd, fylkesnemnder, Husleigetvistutvalet, særskilte klagenemnder og familievernkontor, og private løysingsorgan i form av bransjevise forbrukarklagenemnder (Bankklagenemnda, Forsikringsklagenemnda, Reklamasjonsnemnda for pakkereiser mfl.), advokatmeklarar og Røde Kors sitt gatemeklingsprosjekt.

I DIFI-rapporten heiter det i punkt 2.3:

«Rettshjelps- og konfliktløsningstilbudet som eksisterer er omfattende, både i antallet ulike typer tilbud og i antallet innenfor det enkelte type tilbud (f.eks. antallet advokater). Domstoler, advokater, ombud, forbrukerkontorene, frivillige organisasjoner og alternative konfliktløsningstilbud som konfliktrådene er alle deler av det totale rettshjelpstilbudet».

For ei meir omfattande oversikt over rådgivings- og konfliktløysingstilbodet i Noreg visest det til DIFI-rapporten og Finland-rapporten.

1.5 Endringar under regjeringa Stoltenberg II

Som ledd i kampen mot menneskehandel og for å medverke til at fleire saker om menneskehandel blir anmelde, fekk offer for menneskehandel frå 2007 rett til advokathjelp i inntil fem timar før eventuell melding til politiet. Frå same tidspunktet fekk valdtektsutsette òg rett til advokathjelp i inntil tre timar i samband med vurdering av om valdtekta skal meldast til politiet. Vidare vart stykkprisen til bistandsadvokatar oppjustert for å styrkje ofra si stilling.

Med verknad frå 1. juli 2008 er retten til advokathjelp til fornærma ved vurderinga av politimelding utvida til å gjelde alle sakstypar der fornærma vil ha krav på bistandsadvokat i medhald av straffeprosesslova § 107 a første ledd bokstav a og b.

Regjeringa har styrkt støtta til lågterskeltilbodet for dei som søkjer rettshjelp. Regjeringa har etablert ei ordning med advokatvakt ved krisesenter og Dixi-sentre og har utvida ordninga med rettshjelp i offentlege servicekontor og auka støtta til gatejuristprosjekta.

Det offentlege gir utstrekt hjelp i samband med separasjon og skilsmisse. Regjeringa foreslo derfor med verknad frå 1. januar 2008 at rettshjelp som utgangspunkt ikkje lenger skal innvilgast i slike saker, fordi slik hjelp er sett på som unødvendig ved sida av den rettleiinga som blir gitt frå det offentlege.

For at fleire skal omfattast av ordninga har regjeringa med verknad frå 2009 oppjustert inntektsgrensene for fri rettshjelp, frå 230 000 kroner til 246 000 kroner for einslege og frå 345 000 kroner til 369 000 kroner for ektefellar og andre som lever saman med felles økonomi.

1.6 Samandrag av meldinga

Kapittel 1

Kapittel 1 inneheld ei utgreiing av bakgrunnen for meldinga. Soria Moria-erklæringa er den politiske plattforma for regjeringa Stoltenberg II. I 1.2 er gitt ei kort historisk oversikt over framveksten av offentleg rettshjelp dei siste hundre åra. I 1.3 er framstilt gjeldande regelverk etter lov om fri rettshjelp av 13. juni 1980 nr. 35 og ordninga med offentlege tilskot til særskilte rettshjelpstiltak. I 1.4 er det gitt ei kort oversikt over rådgivings- og konfliktløysingstilbodet elles, utanfor rettshjelpslova. I 1.5 er det gjort greie for dei viktigaste endringane som er innført av regjeringa Stoltenberg II på området rettshjelp.

Kapittel 2

I kapittel 2 er gjort greie for nokre hovudprinsipp for ei god rettshjelpsordning. Det visest til at det offentlege ansvaret for rettshjelpsordninga må vurderast i lys av rådgivings- og konfliktløysingstilbodet elles i samfunnet. Det blir stilt spørsmål ved om gjeldande ordning har svake sider som særleg rammar dei med minst ressursar, og det blir peika på at den ikkje i tilstrekkeleg grad medverkar til ei effektiv og rask avklaring av juridiske problem og konfliktar. Noreg er eit av dei landa i Europa som brukar mest offentlege midlar på rettshjelp. Det blir stilt spørsmål ved om midlane blir nytta på ein best mogleg måte. Utviklinga på statsbudsjettet viser ein auke i posten for fri sakførsel fram til 2006 og ein nedgang i posten for fritt rettsråd i same tidsrom. I 2007 brukte det offentlege 384,8 mill. kroner på fri sakførsel og 160,2 mill. kroner på fritt rettsråd. Noko av utviklinga kan truleg forklarast med at reglane for fri sakførsel medverkar til at fleire saker enn nødvendig blir bringa inn for domstolane og at rettshjelpsmottakaren blir sett i ein betre økonomisk posisjon enn den som betaler rettshjelpa sjølv. Departementet meiner det bør vere eit hovudprinsipp, også for saker med offentleg betalt rettshjelp, at alle saker skal løysast så tidleg som mogleg.

I kapitlet er diskutert enkelte samfunnsrammer og utviklingstrekk som har betydning for rettshjelpsordninga – blant anna framveksten av velferdssamfunnet (2.2.1), rettsleggjering (2.2.2), auka internasjonalisering (2.2.3), enklare og raskare tvisteløysing i domstolane (2.2.4) og meir utanrettsleg konfliktløysing og mekling (2.2.5). Departementet meiner at prinsippet i rettshjelpslova § 1 om at rettshjelpsordninga er ei sosial støtteordning skal førast vidare. Det same gjeld prinsippet om at rettshjelpsordninga er subsidiær. Departementet meiner det er eit overordna mål at ei ny rettshjelpsordning står fram som lett tilgjengeleg, og at den betrar tilgangen til nødvendig juridisk hjelp, samtidig som den legg til rette for eit enklare og billegare konfliktløysingsalternativ enn det gjeldande modell gjer.

I 2.3 er drøfta rekkevidda av det offentlege ansvaret for rettshjelp. Rettshjelpsordninga må ikkje overta det ansvaret som i dag er omfatta av forvaltninga si tradisjonelle opplysnings- og rettleiingsplikt. Enkelte tilfelle av særleg stor velferdsmessig betydning for den enkelte, og som vanlegvis er dekt av rettleiingsplikta, bør likevel vurderast omfatta av rettshjelpsordninga sitt saklege dekningsområde. Prinsippet om den subsidiære karakteren av rettshjelpa inneber at ein ikkje får offentleg betalt rettshjelp dersom hjelpa kan dekkjast gjennom andre ordningar. Departementet meiner at dette prinsippet bør førast vidare. Det bør òg vurderast andre avgrensingar i høvet til å få rettshjelp, basert på ei vurdering av om rettshjelp er rimeleg og nødvendig i den konkrete saka.

I 2.4 er omtalt informasjonssamfunnet si betydning for rettshjelpsordninga.

I 2.5 er drøfta korleis rettshjelpsordninga kan betrast. Innleiingsvis er det stilt spørsmål ved om ressursane til rettshjelp i dag blir nytta på rett måte. 34 prosent av kostnadene til rettshjelp (på rettsråd og sakførselsstadiet) kan knytast til saker om barnefordeling. Desse sakene er særskilt drøfta i eit eige kapittel. Målsetjinga for rettshjelpsordninga i framtida er formulert slik: Ordninga skal i best mogleg grad treffe den gruppa menneske som har størst behov for juridisk hjelp, hjelpa skal givast på dei saksområda som er av størst velferdsmessig betydning og på ein måte som medverkar til å løyse problemet effektivt og rett for den enkelte og for samfunnet. For å sikre høg kvalitet på den rettshjelpa som blir gitt er det er ønskeleg å kanalisere fleire offentlege rettshjelpsoppdrag til ein avgrensa krets av rettshjelpstilbydarar. Vidare er skissert ein modell for endra økonomiske vilkår i form av heva inntektsgrense og innføring av graderte eigendelar. Til sist er oppgitt eit forbetringspotensial i å løyse saker på eit så tidleg stadium som mogleg, samtidig som det er peikt på behov for betre samordning mellom rettshjelpsordninga og rådgivings- og konfliktløysingstilbodet elles.

Kapittel 3

I kapittel 3 er gjort greie for hovudtrekka i det offentlege rettshjelpstilbodet i Finland, Sverige, Danmark, Nederland og England og Wales.

Kapittel 4

Professor Jon T. Johnsen har gjennomført ein samanliknande studie av den finske og den norske rettshjelpsordninga. Heile rapporten «Hva kan vi lære av finsk rettshjelp? En sammenlikning av rettshjelpsordningene i Norge og Finland» er trykt som særskilt vedlegg til meldinga. I kapittel 4 er gitt ei kortfatta oversikt over hovudfunn i rapporten om korleis ordningane fungerer i dei to landa og eit samandrag av dei reformpolitiske konklusjonane som er omtala. Vidare er drøfta i kva grad element frå den finske ordninga og funna i Finland-rapporten er følgde opp i meldinga.

Kapittel 5

I dette kapitlet drøfter departementet ei mogeleg etablering av ei førstelinjeteneste innan rettshjelp. Med dette er det sikta til ei ordning der alle, uavhengig av inntekt og formue, får tilgang til ein gratis førstegongskonsultasjon på inntil ein time.

I 5.2 og 5.3 er det gjort greie for historiske og notidige erfaringar med offentlege førstelinjemodellar.

I 5.6 gir departementet ei retning for innhald og funksjon i ei framtidig førstelinjeteneste. Førstelinjetenesta bør bestå av eit tilbod om inntil ein times personleg møte med advokat eller rettshjelpar, der publikum skal få ei vurdering av rettsstillinga si, svar på enkle juridiske spørsmål og informasjon om høve til å gå vidare med saka, under dette informasjon om hjelpetilbod eller alternative konfliktløysingsorgan. Førstelinjetenesta kan òg avklare om vilkåra for ytterlegare offentleg rettshjelp er oppfylt.

Med unntak for saker som har sitt utspring i næringsverksemd, og saker om straff, bør førstelinjetenesta vere universell, det vil seie at den som utgangspunkt omfattar alle sakstypar. Også enkelte sakstypar etter straffegjennomføringslova bør omfattast. Det bør vurderast om førstelinjetenesta skal gjerast obligatorisk.

Ordninga med førstelinjeteneste bør vere fleksibel og tilpassast lokale behov. Departementet meiner likevel at det vil vere føremålstenleg å byggje vidare på modellen med rettshjelp i offentlege servicekontor og at kommunal infrastruktur bør utnyttast i størst mogleg grad.

Tilknytingsform for advokatar og andre rettshjelparar i førstelinjetenesta bør vurderast konkret. Det bør leggjast til rette for at ein kan kombinere arbeidet som fast rettshjelpsadvokat med ein privat praksis som advokat eller rettshjelpar ved sida av.

Departementet tilrår i 5.7 at rettshjelpa etter førstelinjetenesta i hovudsak blir organisert som i dag. Dersom klienten økonomisk og sakleg kvalifiserer til rettshjelp ut over tilbodet som blir gitt i førstelinjetenesta, kan advokaten eller rettshjelparen som yter hjelp under førstegongskonsultasjonen vise vedkommande til juridisk rådgiving hos offentleg godkjent advokat eller rettshjelpar. Prinsippet om det frie advokatvalet tilseier at klienten bør kunne velje ein advokat utanfor kretsen av godkjente rettshjelpsadvokatar. Føresetnaden er då at vedkommande først har vore innom førstelinjetenesta.

For ytterlegare å betre tilgjenget til førstelinjetenesta, vil departementet som omtalt i 5.8 leggje til rette for at det blir sett ned ei gruppe som får til mandat å utgreie ein modell for rettshjelpstelefonteneste, eventuelt kombinert med ei nettbasert rettshjelpsteneste.

Departementet tilrår i 5.10 at førstelinjetenesta startar som ei prøveordning som blir evaluert etter ei tid.

Kapittel 6

Kvalitetssikring av advokatar og andre rettshjelparar bør vere eit sentralt element i ei ny rettshjelpsordning. Departementet meiner derfor at kretsen av advokatar som yter hjelp etter rettshjelpsordninga bør innsnevrast. Samtidig er det ønskeleg å bidra til at dei advokatane som vel offentlege rettshjelpsoppdrag skal få eit jamt tilfang av slike oppdrag.

Departementet meiner det bør vurderast å etablere ei ordning der advokatar og rettshjelparar som ønskjer å ta på seg rettshjelpssaker må søkje om godkjenning eller oppnemnast som fast rettshjelpstilbydar. Klienten vil då kunne velje mellom ein krets av advokatar og rettshjelparar som er godkjente av det offentlege, og som er vurderte som særleg eigna til å ta offentlege rettshjelpsoppdrag.

Kapittel 7

I kapittel 7 er det drøfta kven som skal innvilge den offentleg støtta rettshjelpa. Ordninga gir i dag fleire instansar kompetanse til å innvilge rettshjelp. I dette ligg ein fare for at praksis blir lite einsarta. Departementet drøfter i 7.5.3 om det bør leggjast til rette for å byggje vidare på gjeldande modell med at advokatar har høve til eigeninnvilging.

For å sikre einsarta behandling av sakene drøfter departementet i 7.5.4 om det bør vurderast om innvilgingskompetansen på sakførselsstadiet bør samlast hos fylkesmennene, eventuelt hos nokre utvalte fylkesmannsembete. Alle avgjersler om rettshjelp som blir trefte av fylkesmennene bør kunne påklagast til Statens sivilrettsforvaltning.

Den nærare fastsetjinga av salæret bør framleis liggje hos den domstolen eller det forvaltningsorganet som har saka til behandling, jf. rettshjelpslova § 22 siste ledd. Gjeldande system med at domstolen si salærfastsetjing kan ankast til overordna rettsinstans er tilrådd ført vidare.

Kapittel 8

I kapittel 8 er drøfta dei økonomiske vilkåra for dei behovsprøvde sakene i ny rettshjelpsordning. Under førstegongskonsultasjonen skal det ikkje stillast krav til søkjaren sin økonomi. Ved rettshjelp etter førstegongskonsultasjonen meiner departementet det framleis bør stillast krav om at søkjaren har inntekt og formue under bestemte grenser. I 8.2.4 er det ei oversikt over modellar for økonomiske vilkår i Finland og andre land.

I 8.2.5 er drøfta den nærare fastsetjinga av inntekts- og formuesgrensene. I dag er grensa for behovsprøvd juridisk hjelp 246 000 kroner for einslege og 369 000 kroner samla for ektefellar og andre som lever saman med felles økonomi (økonomisk identifikasjon). Departementet meiner ein bør ta sikte på å oppjustere inntektsgrensene. Formuesgrensene av i dag bør førast vidare.

I 8.2.6 er drøfta reglane om økonomisk identifikasjon mellom dei som lever saman med felles økonomi. Dei som blir identifiserte vil bli vurderte etter ei inntektsgrense på 369 000 kroner, som er 1,5 gonger høgare enn grensa på 246 000 kroner. Departementet meiner at den fordelen som ligg i å ha felles økonomi med ein annan framleis bør takast omsyn til, men at regelen i dag er uforholdsmessig ugunstig for parhushald. Regelen bør derfor vurderast justert noko.

I 8.3 er drøfta ein frådragsbasert modell for utrekning av inntekt. Rettferdsvurderingar talar for at rettshjelpsordninga i større grad enn i dag bør tilpassast den enkelte si reelle betalingsevne. Dette kan gjerast ved at inntektsgrensa blir knytt til ei disponibel inntekt. Det blir tilrådd å vurdere eit standardisert frådrag for dei som har forsytaransvar for barn, og frådrag for utgifter i samband med sjukdom.

8.4 handlar om eigendelar. I ordninga i dag blir det betalt ein eigendel tilsvarande ein gong offentleg salærsats (870 kroner) for hjelp på rettsrådsstadiet og 25 prosent av kostnadene (maksimalt fem gonger offentleg salærsats) for hjelp på sakførselsstadiet. I 8.4.2 er det gitt ei oversikt over utviklinga av systemet for betaling av eigendelar frå 1981, og i 8.4.3 er presentert den finske ordninga med graderte eigendelar. I 8.4.4 er drøfta innføring av graderte eigendelar. Med graderte eigendelar er meint at søkjar betaler ein del av kostnadene med saka på bakgrunn av vedkommande si inntekt, etter eventuelle frådrag. I rettshjelpsordninga i dag har mottakaren lite økonomisk interesse i å medverke til at saka blir løyst så tidleg som mogleg, i motsetnad til den som må betale rettshjelpa sjølv. Departementet meiner at eigendelsystemet må tilpassast den økonomiske bereevna til den enkelte rettshjelpsbrukaren, i større grad enn det gjeldande ordning legg opp til. Departementet meiner at det bør vurderast ei ordning der klienten blir belasta med ein prosentsats av kostnadene som er knytte til saka, og at prosentsatsen blir gradert etter inntekt, etter at eventuelle frådrag er gjort. Ordninga i dag der dei med lågast inntekt ikkje betaler eigendel, bør førast vidare.

Departementet vil som omtalt i 8.5 leggje til rette for at hovudregelen om sakskostnader blir ført vidare. Den som er innvilga fri sakførsel får i dag i utgangspunktet ikkje dekt idømte sakskostnader.

Kapittel 9

I kapittel 9 er vurdert behovet for utvidingar i det saklege dekningsområdet for rettshjelpsordninga på stadiet etter førstelinjetenesta. Etter førstelinjetenesta meiner departementet at retten til offentleg dekning av hjelpa framleis bør knytast til utvalde sakstypar. Det bør likevel gjerast endringar i og ei utviding av saksområda som er omfatta av ordninga. Sentralt i vurderinga av nye saksområde står prinsippet som følgjer av rettshjelpslova § 1 om at rettshjelpsordninga er ei sosial støtteordning. Ein bør òg sjå til rettshjelpsordninga si rolle som bidragsytar til kampen mot fattigdom. Departementet meiner det bør takast sikte på å føre vidare det skjønnsmessige høvet til i særlege tilfelle å innvilge rettshjelp også i andre saker enn dei prioriterte.

I 9.3.3 vurderer departementet aktuelle saksområde. Departementet vil vurdere om rettshjelpsordninga bør utvidast til å omfatte

  • gjeldssaker (9.3.3.1)

  • hjelp til å vurdere om det skal innleverast ei klage og eventuelt til å utarbeide klage i helse- og sosialsaker (9.3.3.2)

  • hjelp til å vurdere om det skal innleverast klage i trygdesaker (9.3.3.3)

  • enkelte arbeidsrettslege sakstypar (9.3.3.4)

  • saker der motparten bringer avgjersler frå Forbrukertvistutvalget inn for domstolen for å unngå at vedtaket skal bli bindande og rettskraftig (9.3.3.5)

  • hjelp i barnebortføringssaker (9.3.3.7)

  • rettshjelp til den private parten i saker der søksmål er tilrådd av Likestillings- og diskrimineringsombodet (9.3.3.8)

Departementet tek sikte på å føre vidare ordninga med tilskot til særskilte rettshjelpstiltak.

Departementet skriv i 9.3.4 at retten til offentleg dekt rettshjelp på rettsråds- og sakførselsstadiet i saker som gjeld felleseigeskifte og økonomisk oppgjer mellom sambuarar, bør vurderast avgrensa til saker som gjeld retten til felles bustad der partane har felles barn under 18 år.

Kapittel 10

Departementet ønskjer å styrkje høvet til å avslå søknader om rettshjelp basert på ei konkret heilskapsvurdering av om det er rimeleg og nødvendig at det offentlege betaler for juridisk hjelp i saka. I kapittel 10 er vurdert ei generell føresegn som gir høve til å prøve kva saker som skal kunne fremjast med offentleg betalt rettshjelp, både på rettsråds- og sakførselsstadiet.

Kapittel 11

Barnefordelingssakene utgjer ein betydeleg del av sakene der det offentlege yter rettshjelp, både på rettsråds- og sakførselsstadiet. Av innvilga søknader om fri sakførsel er barnefordelingssakene den klart største enkeltsaksgruppa. Ifølgje Justisdepartementets eigne utrekningar har den eine eller begge partane rettshjelp i heile 75 prosent av barnefordelingssakene i domstolane (2007). Både talet og delen barnefordelingssaker i domstolane har auka sidan 2002. I 2007 utgjorde barnefordelingssakene ca. 17 prosent av alle innkomne sivile saker (totalt 13 307) ved tingrettane.

I kapitlet er gitt ei oversikt over saksbehandlingsreglane for barnefordelingssaker i domstolane som tredde i kraft 1. april 2004, og over ei nyleg gjennomført evaluering av reglane, gjort av psykolog Katrin Koch på oppdrag frå Barne- og likestillingsdepartementet.

I kapitlet er drøfta tiltak som skal medverke til at barnefordelingssaker blir løyste så tidleg som mogleg, med barnet sitt beste som utgangspunkt. Enkelte barnefordelingssaker er så pass kompliserte, for eksempel på grunn vald, psykisk helse eller rusrelaterte problemstillingar, at domstolsbehandling, og ofte hovudforhandling og dom, er det einaste rette. Det er derfor viktig å syte for at det blir lagt til rette for at desse sakene kjem raskt til domstolane. Departementet meiner òg det er viktig at det blir sett i verk tiltak som vil avgrense talet gjentekne saksanlegg i barnefordelingssaker.

I 11.4.2 er det vist til at fleire av tiltaka som er vurderte i meldinga for rettshjelpsordninga generelt òg vil ha effekt for barnefordelingssakene. Dette gjeld blant anna førstelinjetenesta, ordninga med graderte eigendelar, ei eiga godkjennings- eller oppnemningsordning for rettshjelpsadvokatar og endring av regelen om økonomisk identifikasjon.

I 11.4.3 er drøfta verkemiddel for barnefordelingssaker spesielt. Av omsyn til barnet sitt beste, bør høvet til mekling utanfor domstolane utnyttast betre, med sikte på utanrettsleg semje mellom partane. At ein ikkje har møtt til mekling ved familievernkontoret bør vere eit moment i vurderinga av kva som er rimeleg og nødvendig, og som talar mot å innvilge søknad om rettshjelp.

Kapittel 12

I kapitlet er drøfta behovet for samordning og koordinering mellom rettshjelpstilboda i og utanfor rettshjelpslova. Rettshjelpslova byggjer på prinsippet om at tilboda etter lova først trer i funksjon etter at alternative tilbod er forsøkt utnytta (subsidiaritetsprinsippet). Samtidig står dei andre tilboda i stor grad fritt til å avvise saker som er omfatta av rettshjelpslova. Det blir brukt betydelege offentlege beløp òg på rettshjelpstilboda utanfor rettshjelpslova.

Departementet meiner at det er behov for betre samordning og koordinering mellom rettshjelpstilboda i og utanfor rettshjelpslova. Dette vil gi ei betre og meir effektiv ressursutnytting. Det vil òg gjere det enklare for publikum å finne fram i dei tilboda som finst. Betre samordning vil òg medverke til at fleire vil kunne få hjelp på ein meir effektiv måte, fordi sakene blir raskare kanalisert dit dei høyrer heime.

I 12.2 er omtalt nokre av dei tiltaka som er drøfta i meldinga som vil kunne medverke til å nå målsetjinga om ei betre samordning og koordinering av alle rettshjelpstilboda.

Kapittel 13

I kapittel 13 er det gjort greie for dei økonomiske og administrative konsekvensane av tiltaka som er vurderte i meldinga. Regjeringa vil komme tilbake med forslag om konkretisering og iverksetjing av moglege endringar og tiltak i denne meldinga når desse er nærare gjennomgått, under dette budsjettkonsekvensar, i samband med dei årlege budsjettforslaga.

Fotnotar

1.

No Direktoratet for forvaltning og IKT (DIFI).

2.

Jon T. Johnsen, Retten til juridisk bistand, TANO 1987, kapittel 2, IV.

3.

Jon T. Johnsen, Retten til juridisk bistand, TANO 1987, kapittel 3, II.

4.

Innst. O. nr. 42 (1994-1995).

5.

Innst. S. nr. 181 (1999-2000).

6.

Forskrift 12. desember 2005 nr. 1442 om salær fra det offentlige til advokater m.fl. etter faste satser (stykkprissatser) ved fri rettshjelp og i straffesaker.

Til toppen
Til forsida av dokumentet